Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn
Ny studie:

Er det farleg mykje kvikksølv i maten?

Bruk av kvikksølv i ulike industriprosessar har auka mengda av kvikksølv som er tilgjengeleg i næringskjeda. Det meste av kvikksølvet vi får i oss, stammar frå maten – særleg frå fisk og sjømat. Trass i høgt fiskekonsum samanlikna med store delar av Europa, får dei aller fleste i Noreg ikkje i seg meir kvikksølv enn det som blir rekna som trygt. Dette kjem fram i ein studie frå Folkehelseinstituttet.

mat, laks, fisk
Foto: Colourbox.com

Den såkalla Fisk- og viltundersøkelsen ved Folkehelseinstituttet har rekruttert deltakarar med gjennomsnittleg og høgt konsum av fisk og annan sjømat. 

Total mengd av kvikksølv i blod og urin hos deltakarane er målt. 

  • Det er undersøkt kva for matvarer som bidreg mest til eksponeringa, og ein fann at sjømat bidrog med 95 % av det kvikksølvinntaket som kom frå kosten. Det aller meste av dette er metylkvikksølv. 
  • Det var ein sterk samanheng mellom kor mykje kvikksølv deltakarane fekk frå kosten, og dei målte kvikksølvmengdene i blodet.

Forskarane har sjekka kva som kan forklare den store variasjonen i deltakarane sine konsentrasjonar av kvikksølv i blod og urin. 

  • Kosthaldet var altså den viktigaste faktoren, men i tillegg hadde andre faktorar stor betyding. 
  • Deltakarane som budde ved kysten, hadde høgare kvikksølvinnhald i blodet enn dei som budde i innlandet, og det same hadde dei som åt mykje sjølvfanga fisk. 
  • Årsaka til dette er ikkje kjend, men dette kan tyde på at fisk som blir fanga nær kysten, inneheld meir kvikksølv enn den fisken som blir fanga lenger ut, og som er nytta som grunnlag ved berekning av kvikksølvinntaket.
  • Generelt var både inntaket av kvikksølv og dei målte blodnivåa låge, og ingen av deltakarane hadde berekna inntak som var høgare enn det som er tilrådd, heller ikkje etter at det tolerable inntaket per veke blei noko redusert av EFSA (European Food Safety Authority) rett før nyttår.

Kostråd

For å sikre at folk ikkje får i seg for mykje kvikksølv, har myndigheitene (Mattilsynet) gitt råd om kosthald for nokre artar av ferskvassfisk og stor rovfisk som lever i saltvatn og som det er kjent at kan innehalde mykje kvikksølv.

Les også: Matportalen sine råd om fisk og sjømat

Sidan høg eksponering for metylkvikksølv kan skade utviklinga av nervesystemet, er det viktig at gravide rettar seg etter kosthaldsråda. Samstundes er det viktig å huske på at fisk også har mange nyttige næringsstoff, og at folk flest et mindre fisk enn det som blir tilrådd av ernæringsekspertar.

– Sjølv om undersøkinga vår viser at kvikksølveksponeringa er låg også i befolkningsgrupper som har høgt konsum av fisk, var det få av deltakarane som hadde høgt konsum av dei fisketypane som er omfatta av kosthaldsråd. Undersøkinga kan derfor ikkje nyttast til å “friskmelde” desse artane, seier seniorforskar Helle Knutsen ved Folkehelseinstituttet.

Ny risikovurdering av kvikksølv på oppdrag frå EU-kommisjonen

EFSA (European Food Safety Authority) har vurdert inntak av kvikksølv på oppdrag frå EU-kommisjonen. Kommisjonen bad EFSA vurdere nye vitskaplege studiar av metylkvikksølv og uorganisk kvikksølv. Kommisjonen bad også EFSA om å vurdere dei eksisterande tolerable inntaka per veke av dei ulike formene for kvikksølv som FAO/WHOs ekspertkomité på tilsetjingsstoff (JECFA) fastsette i 2003 og 2010.

Resultatet av EFSA si risikovurdering av uorganisk kvikksølv er på linje med JECFA si vurdering frå 2010. For metylkvikksølv fastsette EFSA på bakgrunn av nye vitskaplege studiar eit noko lågare tolerabelt inntak per veke (1,3 mikrogram per kilo kroppsvekt) enn JECFA si vurdering frå 2003 (1,6 mikrogram per kilo kroppsvekt). Dei fiskeslaga som gjennomsnittleg bidrog mest til eksponering, var tunfisk, sverdfisk, torsk, kviting og gjedde. For barn var også hyse ei kjelde til metylkvikksølv.

Norsk deltaking i EFSA sitt arbeid

Seniorforskar Helle Knutsen ved Folkehelseinstituttet er medlem av EFSA sitt CONTAM-panel og har deltatt i EFSA si arbeidsgruppe som har utarbeidd risikovurderinga av uorganisk kvikksølv og metylkvikksølv.

Referanser