Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Vasspipe - berre kos?

Vasspiper har vore nytta i Afrika og Asia i fleire hundre år. Dei siste åra er vasspiper blitt teke i bruk over heile verda. Mange vasspiperøykjarar trur at denne typen røyking er mindre farleg, men det er sannsynlegvis ikkje tilfelle. Røyken frå vasspiper inneheld talrike giftige samanbindingar som er kjent for å kunne bidra til/gi lungekreft, hjartesjukdom og andre sjukdommar, åtvarar Folkehelseinstituttet.

Vasspiper med tobakk

- Vasspiper er mange stader blitt introdusert for å redusere helserisikoen ved tobakksbruk. Det er sagt at tobakksrøyk skulle bli harmlaus ved å passere gjennom eit vassreservoar før inhalasjon. WHO viser i ein rapport at tobakksrøyk også frå vasspiper i tillegg til nikotin inneheld fleire stoff som blant anna er kreftframkallande eller kan skade hjarte-kar systemet. Samtidig har ein berekna at vasspiperøykjarar brukar lengre tid med å røykje vasspipa si og får på den måten i seg mykje større mengder av både avhengighetsskapande nikotin og andre skadelege stoff samanlikna med andre røykjarar. Ein har berekna at ein vasspiperøykjar vil kunne inhalere like mykje røyk som ein som røykjer over 100 sigarettar, seier seniorforskar Rune Becher ved Folkehelseinstituttet.

Sjølv om vatnet vil absorbere noko av nikotinet, vil vasspiperøykjarar bli eksponerte for ei tilstrekkeleg mengd nikotin til at dei blir avhengige.

Nikotininntak er ein viktig regulator for tobakksbruk. Det er vist at mange sigarettrøykjarar vil inhalere inntil dei har fått den mengda nikotin som er nødvendig for å stille det suget dei er avhengige av. Redusert innhald av nikotin i vasspiperøyk kan derfor føre til at vasspiperøykjarar inhalerer større mengd røyk for å få den nikotinmengda dei treng.

Ved vasspiperøyking blir det også forbrent kol som i tillegg til dei skadelege innhaldsstoffa i tobakksrøyken vil føre til høg eksponering for karbonmonoksid (CO) og metall.

- Tek vi alle desse forholda i betraktning, er det lite sannsynleg at vasspiperøykjarar som røykjer tobakkshaldige produkt får i seg mindre mengder av helsefarlege samanbindingar enn ved vanleg tobakksrøyking, seier Becher.

Vasspiper med urteblandingar

Mange vasspiperøykjarar brukar urteblandingar utan tobakk eller nikotin. Dette gjer ikkje saka nødvendigvis noko særleg betre.

Ved røyking vil innhaldsstoffa bli utsette for temperaturar på mellom 600 og 900 grader Celsius. Dette fører til at dei vil kunne fordampe og bli omdanna til karbondioksid, nitrogenoksid, svoveldioksid og vatn.

I tillegg vil det ved ufullstendig forbrenning bli danna ei lang rekkje såkalla pyrolyseprodukt der fleire kan vere potensielt kreftframkallande. Desse komponentane vil kunne bli inhalert og kan direkte skade luftvegane. I tillegg kjem også skadelege komponentar frå brenning av kol.

Tilsette sukker og beslekta kjemiske tilsetjingar dannar aldehyd under forbrenningsprosessen. I tillegg til at nokon av desse er kreftframkallande, vil dei også kunne irritere slimhinnene. Irritasjonseffektar på slimhinnene i luftvegane kan føre til at effekten av andre kreftframkallande stoff blir forsterka.

Det er vidare verdt å merkje seg at det blant anna frå Sverige er rapportert enkelte tilfelle der mykje bruk av vasspipe har ført til alvorleg CO (karbonmonooksid) forgifting. Alvorlig CO- forgifting er ein behandlingskrevjande tilstand med risiko for permanente nevrologiske skadar. Dei høge nivåa av CO som kan finnast i røyk frå vasspiper, skuldast ufullstendig forbrenning av karbon (organisk materiale) på grunn av låg forbrenningstemperatur og langsam luftstrøm.

- Samla sett fører dette til at også røyking av urteblandingar utan tobakk eller nikotin inneber ein helserisiko, seier Becher.

Passiv røyking

Bruk av vasspiper fører også til at omgivnadene blir utsette for passiv røyking ved at brukarane av vasspipene pustar ut røyk i tillegg til røyk frå forbrenningskjelda til vasspipa.

- Så vidt vi har kjennskap til, ligg det føre få data som seier noko om nivåa av forureining i den omgivande lufta ved bruk av vasspiper. På generelt grunnlag er det likevel rimeleg å rekne med at det fører til ein helserisiko for omgivnadene uansett om produktet som blir røykja, inneheld tobakk/nikotin eller ikkje, seier Becher.

Relaterte dokumenter

Eksterne lenker