Få varsel ved oppdateringer av «Tetramorium caespitum»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Tetramorium caespitum
Tetramorium caespitum
Tetramorium caespitum har ikkje norsk namn, men kallast for «grästorvmyra» på svensk og «pavement ant» på engelsk. Han finst naturleg ute i Noreg, og går berre unntaksvis inn i bustader.

Tetramorium caespitum har ikkje norsk namn, men kallast for «grästorvmyra» på svensk og «pavement ant» på engelsk. Han finst naturleg ute i Noreg, og går berre unntaksvis inn i bustader.
Innhold på denne siden
Korleis ser mauren ut?
Arbeidarane har ein storleik på 2,5-4 mm. Dronningene er betydeleg større (frå 6-8 mm). Maurane er svartbrune og nokon gangar litt lysare. Maurane har to ledd i det tynnaste kroppspartiet og det første av desse har ein kraftig innsving. Samanlikna med eitermaur (Myrmica sp.) er «tornane» på bryststykket korte.
Kvar finn vi mauren?
Mauren er utbreidd over store delar av verda. I Noreg finn vi ho nord til Trøndelagsfylkene.
Korleis lever mauren?
Tetramorium caespitum har reir i jord, gjerne med inngang under steinar. Han kan òg ha reir i små holrom. Han kan ha store koloniar med opptil 10 000 arbeidarar, men det er vanlegvis berre éi dronning. Svermingen føregår i juni-juli, seinast i først halvdel av august. Maurane lever av frø, plantar, honningdugg frå bladlus på røter og av ulike leddyr.
Kva skade gjer mauren?
I USA er den ein av dei vanlegaste maurene som anlegg reir inne i bustader. Han et på både søte og feite matvarer og kan vera til stor irritasjon. Ved sverming kan det vera store mengder med flygemaur, noko som er plagsamt medan det pågår.
Det er ikkje kjent at T. caespitum kan gjera skade på bustader. Det er berre kjent nokon få tilfelle av at T. caespitum har slått seg til innandørs i Noreg.
Korleis kjempa mot Tetramorium caespitum?
Det vil normalt ikkje vera nødvendig med bekjempelse av denne arten i Noreg. I USA har forgifta åte laget av maiskorn og soyaolje gitt gode resultat.