Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Alkohol og andre rusmiddel

Bruk av alkohol og andre rusmiddel i Noreg. Utvikling over tid. Internasjonale forskjellar. Risiko for sjukdomar og skadar knytt til rusmiddelbruk.

Hopp til innhold

Hovedpunkt

  • I gjennomsnitt drikk nordmenn over 15 år cirka 8 liter rein alkohol per år.
  • Sidan tidleg på 1990-talet har alkoholforbruket auka med cirka 40 prosent, og mest blant kvinner og eldre.
  • Utanom alkohol er cannabis og amfetamin dei mest brukte rusmidla.
  • Nye syntetiske rusmiddel har til dels ukjende verknader og er ei utfordring for helsetenesta.
  • Talet på bilførarar som er tekne for køyring under påverknad av cannabis eller metamfetamin, har auka kraftig de siste fem åra.

Kva er eit rusmiddel? 

Som rusmiddel reknar vi alkohol, vanedannande legemiddel og ulovlege rusmiddel (narkotika) som blant anna cannabis, amfetamin, heroin og kokain.

Vanedannande legemiddel er hovudsakleg roande middel og sovemiddel av typen benzodiazepinar. Ein stor del av tablettane i den illegale marknaden er ikkje framstilte av godkjende legemiddelprodusentar. Ulovlege middel inneheld ofte ei høgare mengde verkestoff samanlikna med registrerte preparat som blir selde på apotek (Kripos, 2014).

Benzodiazepinar blir ofte misbrukte i kombinasjon med narkotiske stoff som blant anna amfetamin, cannabis og heroin.

Effekten av rusmiddel kan delast inn i tre hovudgrupper: Dempande, stimulerande og hallusinogene, sjå figur 1. Fleire rusmiddel har ei blanding av desse effektane, sjå for eksempel alkohol og ecstasy.

FHI
FHI

Figur 1. Rusmiddel kan vere dempande, stimulerande eller hallusinogene. Fleire rusmiddel har ei blanding av desse effektane. Figur: Folkehelseinstituttet. Les faktaboks med figur

Bruk av alkohol i Noreg

Nesten 8 liter alkohol per person i året

I 2012 blei det omsett 6,21 liter rein alkohol per innbyggjar over 15 år. I tillegg kjem uregistrert forbruk frå grensehandel med Sverige og avgiftsfri («tax free») handel på norske flyplassar, som er rekna ut til å vere 1,6 liter (Sirus, Rusmiddeltatistikk).

I tillegg til grensehandel og avgiftsfri handel på flyplassar omfattar det  uregistrerte forbruket også anna «turistimport», alkoholinntak under opphald i utlandet, heimeproduksjon av øl, vin og brennevin, og smugling.

Utrekningar av det uregistrerte forbruket gir usikre anslag, særleg for det forbruket som stammar frå heimeproduksjon, smugling, utanlandsopphald og turistimport utanom grensehandelen og den avgiftsfrie handelen på norske flyplassar.

Avgiftsfritt sal på flyplassar (taxfree).  I perioden 2010- 2012 auka det avgiftsfrie salet av alkohol på norske flyplassar med 29 prosent for både øl og svakvin og med 129 prosent for heitvin. Brennevinssalet gjekk ned med 11 prosent (SIRUS: Avgiftsfritt sal av alkohol).

Grensehandel. Utviklinga i grensehandelen med Sverige viser at salet var nesten åtte gonger større i 2011 samanlikna med 1995. Det viser ei kartlegging der ein tok for seg salet omrekna til rein alkohol. Auken var størst for øl og vin (SIRUS: Grensehandelen).         

Undersøkingar av alkoholforbruket

Ei nyare undersøking blant tilfeldige bilførarar i normal trafikk viser at 2 av 1000 førarar (0,2 prosent) er påverka av alkohol (Gjerde, 2013).

Undersøkinga “Ung i Oslo 2012” viser at cirka 45 prosent av elevane i 1. trinn på vidaregåande skule hadde drukke seg tydeleg rusa minst éin gong. For heile aldersgruppa (15–17 år) var talet 29 prosent. Det var ein høgare andel jenter enn gutar. Det var liten forskjell i alkoholbruk mellom unge i Oslo og unge i resten av landet (Øia, 2012).

Alkoholforbruket har auka med cirka 40 prosent på 20 år

Alkoholforbruket i Noreg aukar og er i dag cirka 40 prosent høgare enn forbruket tidleg på 1990-talet – dersom vi samanliknar registrert årleg forbruk tidleg på 1990-talet og registrert årleg forbruk dei siste åra (Sirus, 2013).

Uregistrert forbruk frå blant anna grensehandel og avgiftsfri handel på flyplassar kjem i tillegg og har i perioden sannsynlegvis auka meir enn det registrerte forbruket. Sjå avsnittet «bruk av alkohol».   

At alkoholforbruket aukar blant vaksne blir støtta av følgjande undersøkingar:

  • Menn drikk framleis meir enn kvinner, med unntak av vin, men det er fleire kvinner som drikk alkohol i dag enn for få år sidan (Sirus, 2013).
  • I løpet av perioden 1997–2008 auka andelen eldre over 70 år med problematisk alkoholforbruk frå under 0,5 prosent til 4,5 prosent (Støver, 2012).
  • Ein studie som omfatta sjølvrapportert alkoholforbruk i Noreg for perioden 1973–2004, viste både auke i talet på stordrikkarar og auka alkoholbruk i befolkninga generelt fram til 2004 (SIRUS; Rossow, 2014). Det er ikkje gjort tilsvarande undersøkingar dei siste 10 åra.

Alkoholbruken blant unge har derimot gått ned, sjå figur 2 (Øia, 2012). Det viser tal frå undersøkinga «Ung i Oslo 2012», samanlikna med tilsvarande undersøkingar i 1999 og 2006.

Endring av rusmiddelbruk blant ungdom i Oslo fra 1996, 2006 og 2012 (Øia 2012)..
Endring av rusmiddelbruk blant ungdom i Oslo fra 1996, 2006 og 2012 (Øia 2012)..

Figur 2. Endring av rusmiddelbruk blant ungdom i Oslo frå 1996 til 2006 og 2012 (Øia, 2012). Klikk på figuren for større versjon. Alkohol og andre rusmidler - FIG2

Forskjellar i befolkninga

Menn drikk mest

Menn drikk mest, mens kvinnene sitt alkoholforbruk aukar mest (Støver, 2012).

Mindre alkohol i nokre innvandrargrupper

Alkoholbruken blant unge med innvandrarbakgrunn er lågare enn hos andre elevar i første klasse i vidaregåande skule; 37 prosent mot 12 prosent. Det viser undersøkinga Ung i Oslo i 2012. Også alkoholbruken blant innvandrarforeldre er betydeleg lågare enn blant etnisk norske foreldre (Øia, 2012).

Bruk av andre rusmiddel enn alkohol

Cannabis og amfetamin er mest brukte illegale rusmidla

Beslag hos Kripos og analysar av blodprøver hos personar som er mistenkte for påverka køyring, gir eit bilete av kva rusmiddel som er vanlegast i Noreg i dag. Prøver frå tilfeldige bilførarar i normaltrafikk og arbeidstakarar i bedrifter gir i tillegg eit bilete av kor hyppig rusmiddelbruken er i den vaksne befolkninga.

Cannabis, metamfetamin og amfetamin er dei vanlegaste ulovlege rusmidla. Ecstasy har nesten vore borte frå marknaden, men Kripos melder om ein auke i beslag (Kripos, 2014).

Kokain blir hovudsakleg brukt i meir lukka miljø. I enkelte ungdomsmiljø har bruk av GHB vore populært dei siste 10 åra.

1-2 prosent av bilførarane er påverka

Blant tilfeldige bilførarar i normal trafikk reknar ein med at 0,6 prosent er påverka av narkotika og 1,3 prosent av legemiddel (Gjerde, 2013).

Analyse av spyttprøver frå bilførarar i normaltrafikk og arbeidstakarar i ulike bedrifter viser at cirka 1 prosent hadde brukt cannabis i løpet av dei siste to døgna. Blant menn under 30 år var talet 4 prosent (Gjerde, 2013).

Bruken av ulovlege rusmiddel aukar

Utviklinga i beslagstatistikk frå Kripos er den same som utviklinga i analysefunn knytt til mistanke om påverka køyring, valdsepisodar eller andre straffbare forhold (Kripos, 2014; FHI; Bogstrand, 2011a,b; Gjerde, 2014).

Trendar frå forskjellige studiar og årsstatistikk frå politiet viser at bruken av cannabis, amfetamin og kokain har auka, mens bruken av heroin har gått ned i perioden 2008/2009–2011/2013 (Kripos, 2014; Gjerde, 2011; FHI, 2013). Sjå figur 3, som viser ei markert auke i funn av cannabis, amfetamin og beroligande middel hos bilførarar som blir arresterte for påverka køyring.

 

Antall positive prøver fra bilførere arrestert for påvirket kjøring 2007-2012.
Antall positive prøver fra bilførere arrestert for påvirket kjøring 2007-2012.

Figur 3: Talet på positive prøver frå bilførarar som er arresterte for påverka køyring i perioden 2007 til 2012. Figuren viser dei fire vanlegaste stoffa utanom alkohol. Datakjelde: Folkehelseinstituttet. Klikk på figuren for større versjon. Alkohol og andre rusmidler - FIG3

Andre rusmiddel enn alkohol er oftare enn tidlegare i søkjelyset ved mistanke om påverka køyring. I 2013 gjaldt halvparten av sakene andre rusmiddel enn alkohol.

Mest narkotika i større byar

  • Ei samanlikning av rusmiddelbruk hos ungdom i Oslo med ungdom i same aldersgruppe frå distriktskommunar viser at bruk av cannabis og andre narkotiske stoff er mest vanleg i Oslo (Øia, 2012).

  • Bruk av narkotiske stoff er vanlegare i område rundt storbyane enn i distrikta (Gjerde, 2011). Det viser ei undersøking av rusmiddelbruk hos bilførarar i normaltrafikk frå område i Søraust-, Vest-, Midt- og Nord-Noreg.

  • I Oslo varierer bruken av cannabis mellom bydelane, frå cirka 11–16 prosent i sentrum og vestlege bydelar til 6–8 prosent i austlege bydelar (Øia, 2012). Andre narkotiske stoff er vanlegast i sentrumsbydelane (6–8 prosent) (Øia, 2012).

Sosioøkonomiske forskjellar i rusmiddelbruk

Alkoholbruk og hyppigheit for alkoholinntak aukar i takt med høgare utdanning og inntekt, men færre i denne gruppa blir alkoholavhengige enn i grupper med låg inntekt og utdanning (Clench-Aas, 2009). Personar som ikkje lever i parforhold, har også høgare alkoholforbruk enn personar med partnar (Clench-Aas, 2009).

Prosentdelen som rusar seg på hasj og tablettar, er høgast blant dei med låg sosioøkonomisk status. Rusmiddelbruk er også vanlegare i grupper med problemåtferd og for eksempel hos elevar som ofte skulkar skulen (Rødje, 2004).

Personar med høg sosial status har oftare prøvd narkotiske stoff enn personar med låg sosial status, mens langvarig misbruk er vanlegast hos den siste gruppa.

Internasjonal samanlikning

Den registrerte alkoholomsetninga i Noreg er lågare enn i dei fleste andre europeiske land, sjå figur 4 (WHO, 2011). Data frå WHO viser at alkoholbruken i fleire europeiske land har gått ned, mens omsetninga i Noreg har auka. Omfanget av uregistrert alkoholomsetning kan vere usikker og vanskeleg å samanlikne. 

OCED
OCED

Figur 4: Alkoholforbruk i ulike europeiske land. Datakjelde: OECD, 2010. Klikk på figuren for større versjon. Alkohol og andre rusmidler - FIG4

Konsekvensar av rusmiddelbruk

Bruk av alkohol og andre rusmiddel er forbunde med ei rekke sosiale og helsemessige konsekvenser i form av ssjukdommar, skadar og psykiske plagar og lidelser.

Både for alkohol og andre rusmiddel er dei sosiale og helsemessige konsekvensane generelt avhengige av type rusmiddel og dose, om dei er brukt éin gong eller over lengre tid.

Sjå også:

Det totale alkoholforbruket er ein viktig faktor (determinant) for alkoholrelaterte sjukdommar og skadar i befolkninga. Når det totale forbruket i samfunnet aukar, aukar både andelen storforbrukarar og andelen som ligg i «gråsona» mot eit helseskadeleg forbruk.

Risikoen for kroniske sjukdommar knytt til alkoholbruk aukar gradvis. Hos storforbrukarar er risikoen høg. For enkeltpersoner i «gråsone-gruppa» er risikoen lågare, men fordi denne gruppa er stor, vil den likevel bidra med mange personar til dei samla helseproblema i samfunnet.

Helseskadane ved alkohol blir først og fremst bestemt av den totale mengda alkohol som kroppen blir utsett for, sjå nedanfor. Alkoholskadar kan derfor utvikle seg sjølv om ein person ikkje har vore synleg berusa. Skadar som skuldast ulykker og vald er ofte knytt til sporadisk stordrikking, utan at det ligg føre eit generelt storforbruk.

Tilrådingar for inntak av alkohol

Helsedirektoratet tilrår at alkoholinntaket blir avgrensa og ikkje er høgare enn 10 gram (12,5 ml rein alkohol) om dagen for kvinner og ikkje meir enn 20 gram (25 ml) for menn. 10 gram svarar til litt under eit glas vin eller nesten 3 desiliter øl, sjå tabell 1 (Helsedirektoratet, 2014).

Gravide, kvinner som ammar, barn og ungdom blir rådde til å avstå heilt frå alkohol.

Tilrådinga er basert på at auka inntak av alkohol aukar risikoen for blant anna brystkreft, hjerneslag og fosterskadar, og at bruk av alkohol også har sosiale følgjer. Norske og nordiske ekspertrapportar ligg til grunn for tilrådingane.

Tabell 1. Mengda vin, øl, lettøl og brennevin som tilsvarar 10 g og 20 g alkohol per dag. *(Helsedirektoratet, 2014).

Anbefaling for alkoholinntak*

Tilsvarar i vin
(12 volum%)

Tilsvarar i øl, pils (4,5 volum%)

Tilsvarar i lettøl (1,5 volum%)

 

Tilsvarar i brennevin
(40 volum%)

Kvinner: bør ikkje overstige 10 g/dag

104 ml (1 dl)

278 ml (0,3 liter)

833 ml (0,8 liter)

31 ml (3 cl)

Menn: bør ikkje overstige 20 g/dag

208 ml (2 dl)

556 ml (0,6 liter)

1666 ml (1,7 liter)

62 ml (6 cl)

 

 

 

 

 

Alkoholrelaterte sjukdommar og skadar

Psykiske plager og lidingar. Eit langvarig og høgt alkoholforbruk kan auke risikoen for avhengigheit og andre psykiske lidingar.  

Kroppslege sjukdommar. Eit langvarig og høgt alkoholforbruk aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar, i tillegg til andre sjukdommar som leversvikt, betennelse i bukspyttkjertelen og lungesjukdommar (Parry, 2011).

Eit moderat alkoholforbruk aukar risikoen for kreft i fordøyelsesorgana, lever, bryst og enkelte andre  kreftformer. Talet på krefttilfelle som kan tilskrivast alkohol er ikkje estimert for Noreg. For Europa er slike estimat gjort. Ein fann at hos menn kan 10 prosent av krefttilfella tilskrivast alkohol, mens andelen hos kvinner er 3 prosent (Schutze, 2011).

Store enkeltinntak av alkohol gir auka risiko for hjerneslag og hjerteinfarkt, og risikoen aukar med frekvensen av slike episodar (Parry, 2011). Det er også haldepunkt for at alkoholbruk, allereie ved moderat forbruk, aukar risikoen for atrieflimmer (Larsson, 2014).

Høgt forbruk av medikament kombinert med alkohol er spesielt skadeleg (SIRUS, 2012).

Alkohol er ei medverkande årsak til meir enn 60 somatiske sjukdommar og den 3. største årsaka til sjukdom og tapte leveår i den vestlege verda (WHO, 2011).

Skadar og ulykker. 27 prosent av ulykkesrelaterte akuttinnleggingar ved Ullevål sjukehus i løpet av 1 år var alkoholrelaterte (Bogstrand, 2011b).

Legevakta i Bergen fant at 70 prosent av pasientane som blei behandlet for valdsskadar, var alkoholpåverka (Sten og Hundskar, 1997).

Innlegging på sjukehus. Talet på sjukehusinnleggingar med alkoholrelaterte hovuddiagnosar har auka betydeleg dei siste åra, frå 4 131 innleggingar i 2004 til  6 064 i 2012. Talet har vore vesentleg høgare for menn enn for kvinner. I 2012 var talet for innleggingar 4 083 for menn og 1 981 for kvinner (Helsedirektoratet).

Alkoholrelaterte dødsfall 

Totalt sett er talet på alkoholrelaterte dødsfall er betydeleg høgare enn det som blir registrert i Dødsårsaksregisteret.

  • Ifølgje data frå Dødsårsaksregisteret er det dei siste 15 åra årleg registrert cirka 320-420 dødsfall som skuldast direkte eller indirekte alkoholbruk. Dei høgaste enkelttala er knytt til ulike psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar, alkoholisk leversjukdom og alkoholforgifting (SSB).
  • Alkoholrelaterte dødsulykker i trafikken (Christophersen & Gjerde, 2014), alkoholrelaterte drukningsdødsfall og andre typar dødsulykker er ikkje med i oversikta frå Dødsårsaksregisteret. Sjå også kapittel om Skader og ulykker

Konsekvensar ved bruk av andre rusmiddel enn alkohol

Forbruk av andre rusmiddel enn alkohol gir også auka risiko for skadar og sjukdommar:

  • overdosar 
  • ulykker og skadar
  • smittsame sjukdommar som hepatitt og hiv ved sprøytebruk

Auken i rusmiddelbruk som vi har sett dei siste åra, fører også til auke i kriminalitet, vald og aggressiv åtferd. Over ein tredel av dødsulykkene i trafikken og mange av ulykkene med personskade skjer under påverknad av alkohol, illegale rusmiddel eller rusgivande legemiddel (Christophersen & Gjerde, 2014). Sjå kapittel Skader og ulykker.

Nye syntetiske rusmiddel har ukjende verknader

Utviklinga av rusmiddel har dei siste åra gitt mange nye stoff på den illegale marknaden, og dette kan bli ei utfordring for helsevesenet. Eksempel på nye rusmiddel er syntetiske cannabinoidar «spice», amfetamin- og ecstasy-liknande stoff og katinonar, sjå figur 1. Dei siste åra er det registrert mange titalls nye variantar av nye rusmiddel. Ofte blir fleire stoff kombinerte. Vi veit lite eller ingenting om dei helsemessige konsekvensane ved bruk av nye, syntetiske rusmiddel. Det er rapportert om følgjande:

  • Høgt blodtrykk og hjarteinfarkt hos tenåringar som har brukt syntetiske cannabinoider.
  • Tap av medvit, krampar, angst, agitasjon, akutte psykosar og forverring av tidlegere psykisk sjukdom.

De langsiktige verknadene veit vi ingenting om.

  • Dei nye stoffa kan også medføre dødsfall. Brukarane veit ikkje kva dei får i seg, stoffa har ukjent styrke og dei kan innehalde restar av kjemikaliar og blandingar av fleire liknande stoff.

Eit eksempel er PMMA, som dukka opp på marknaden i Noreg for 3–4 år sidan. Frå juli 2010 til og med august 2012 blei det registrert over 29 dødsfall der PMMA var hovudårsaka eller ei medverkande årsak (Al-Samarraie, 2013). I løpet av to år fann Folkehelseinstituttet PMMA i blodprøver frå 130 rusa bilførarar.

Risiko for fosterskadar under graviditeten

Både alkohol og andre rusmiddel kan skade fosteret i alle fasar av graviditeten.

  • Alkohol: Alkohol er skadeleg for fosteret gjennom heile fosterlivet, og ein kjenner ikkje til nokon trygg nedre grense for alkoholbruk i svangerskapet (O’Leary, 2013; Lewis, 2012; Willford, 2006). Ved stort alkoholbruk i svangerskapet aukar risikoen for føtalt alkohol syndrom (FAS) og føtal alkoholeffekt (FAE). Barn med FAS og FAE er født med dårleg fostervekst og hjerneskade, som gir psykomotoriske utviklingsforstyrringar og lærevanskar. Barn med FAS har også karakteristiske ansiktstrekk (Sosial- og helsedirektoratet, 2005; Cayetanot, 2009; Kuczkowski, 2007; Lewis, 2012; O’Leary, 2013; Willford, 2006).
  • Kokain, cannabis og amfetaminer: Risiko for morkakeløysing, fosterdød, redusert fostervekst, for tidleg fødsel, pusteproblem etter fødsel, krybbedød, og seinare oppmerksomheits- og atferdsvansker (Schempf, 2007; Accornero, 2007).
  • Beroligande/sovemiddel: Kan gi redusert fostervekst og abstinenssymptom etter fødsel (Jain, 2005).
  • Opiater/opioider: Auka risiko for morkakeløysing, fosterdød, redusert fostervekst, for tidleg fødsel og seinare konsentrasjons/åtferdsproblem. Ofte uttalte behandlingstrengande abstinenssymptom etter fødselen (Cayetanot, 2009, Shankaran, 2007). Nyare, norske studiar har vist at metadon- og buprenorfinbehandling i svangerskapet gir liten risiko for barnet. Kombinasjonen buprenorfin og naloxon (Suboxone) utgjer ikkje nokon spesiell risiko (Lund, 2012; Welle-Strand, 2013).

Sosiale problem

Høg alkoholbruk har samband med sosiale problem som ofte rammar andre enn dei som drikk. Sosiale problem inkluderer alt frå vanskar i arbeidslivet til kriminalitet, inkludert vald i nære relasjonar (Steen & Hunskår, 1997; Pape, 2003; Sirus 2009).

Moglegheiter for å førebyggje alkoholskadar

Vi kan førebyggje skadar av alkoholbruk ved å påverke pris og tilgjengelegheit. Ei systematisk oversikt viser at både strukturelle og individuelt retta tiltak har effekt. Eksempel kan vere alkoholavgifter, reklame,  promillegrenser og spesielle tiltak for personar med alkoholproblem (Anderson, 2009).

Kunnskap om rusmiddelbruk

For å følgje utviklinga i rusmiddelbruk over tid, både for dei mest kjende rusmidla og nye rusmiddel, er det  viktig å ha standardiserte protokollar for kartleggingsstudiar, nært samarbeid mellom dei ulike fagmiljøa og å bruke både biologiske prøver og spørjeskjema. I planlegginga av det førebyggande arbeidet er det spesielt viktig å få truverdige data som er baserte på flest mogleg deltakarar i kartleggingsstudiar (Gjerde, 2014).

Forfattarar

Asbjørg Christophersen (leiar av skrivegruppa), Hallvard Gjerde, Ragnar Nesvåg, Eyvind Ystrøm. Bidrag frå: Sidsel Graff-Ivsersen.

Referansar

Accornero, VH, Amado, AJ, Morrow, CE, Xue, L, Anthony, JC et al. Impact of prenatal cocaine exposure on attention and response inhibition as assessed by continuous performance tests. J Dev Behav Pediatr 2007; 28(3): 195-205.

Al-Samarraie, MS, Vevelstad, M, Nygaard, IL, Bachs, L & Morland, J. Forgiftning med  arametoksymetamfetamin. Tidsskr Nor Laegeforen 2013; 133(9): 966-9.

Anderson, P, Chisholm, D & Fuhr, DC. Effectiveness and cost-effectiveness of policies and programmes to reduce the harm caused by alcohol. Lancet 2009; 373(9682): 2234-46.

Bogstrand, ST, Middelkoop, G & Christophersen, AS. Trends in amphetamine and benzodiazepine use among drivers arrested for drug impaired driving in Norway 2000-2009. Norsk epidemiol 2011a; 21(1): 61-66.

Bogstrand, ST, Normann, PT, Rossow, I, Larsen, M, Morland, J et al. Prevalence of alcohol and other substances of abuse among injured patients in a Norwegian emergency department. Drug Alcohol Depend 2011b; 117(2-3):132-38.

Cayetanot, F, Larnicol, N & Peyronnet, J. Antenatal environmental stress and maturation of the breathing control, experimental data. Respir Physiol Neurobiol 2009; 168(1-2): 92-100.

Christophersen, AS & Gjerde, H. Prevalence of alcohol and drugs among car and van drivers killed in road accidents in Norway: an overview from 2001 to 2010. Traffic Inj Prev 2014; 15(6): 523-31.

Clench-Aas J, M Rognerud and OS Dalgard. Levekårsundersøkelsen 2005 : Psykisk helse i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2009, rapport: 2009:6.

FHI, Folkehelseinstituttet. Rusmiddelstatistikk: funn i blodprøver hos bilførere mistenkt for påvirket kjøring 2012. Folkehelseinstituttet, Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforskning; 2013.

FHI, Folkehelseinstituttet. Fakta om rusmidlenes virkning på hjernen - faktaark. Hentet: 30.04.2014 på www.fhi.no/faktaark

Gjerde, H. Bruk av alkohol, narkotika og trafikkfarlege legemiddel blant bilførarar i normal trafikk: norske og europeiske resultat frå DRUID-prosjektet. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2011, rapport: 2011:6.

Gjerde, H, Christophersen, AS, Normann, PT, Assum, T, Oiestad, EL et al. Norwegian roadside survey of alcohol and drug use by drivers (2008-2009). Traffic Inj Prev 2013; 14(5): 443-52.

Gjerde, H, Christophersen, AS, Øiestad, EL & Vindenes, V. Bruk av biologiske prøver til kartlegging av rusmiddelbruk: foredrag ved Forskningsrådets konferanse. I  Psykisk helse og rusmiddelforskning – Sammen om fremtidens forskning!”, Trondheim, 3-5. februar 2014., Forskningsrådet; 2014.

Helsedirektoratet. Alkoholrelaterte hoveddiagnoser ved  innleggelser og polikliniske konsultasjoner ved somatiske sykehus. Hentet 1.09.2014 fra www.helsedirektoratet.no.

Helsedirektoratet. Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet. Oslo: Helsedirektoratet; 2014, rapport: IS-2170.

Jain, AE & Lacy, T. Psychotropic drugs in pregnancy and lactation. J Psychiatr Pract 2005; 11(3): 177-91. Kripos. Narkotika- og dopingstatistikk. Oslo: Kripos; 2014.

Kuczkowski, KM. The effects of drug abuse on pregnancy. Curr Opin Obstet Gynecol 2007; 19(6): 578-85.

Larsson, SC, Drca, N & Wolk, A. Alcohol consumption and risk of atrial fibrillation: a prospective study and doseresponse meta-analysis. J Am Coll Cardiol 2014; 64(3): 281-9.

Lewis, SJ, Zuccolo, L, Davey Smith, G, Macleod, J, Rodriguez, S et al. Fetal Alcohol Exposure and IQ at Age 8:  Evidence from a Population-Based Birth-Cohort Study. PLoS One 2012; 7(11): e49407.

Lund, IO, Skurtveit, S, Sarfi, M, Bakstad, B, Welle-Strand, G et al. Substance use during and after pregnancy among a national cohort of pregnant women in opioid maintenance treatment and their partners. Journal of Substance Use 2012; 17(3): 277-86.

O’Leary, CM, Taylor, C, Zubrick, SR, Kurinczuk, JJ & Bower, C. Prenatal Alcohol Exposure and Educational Achievement in Children Aged 8–9 Years. Pediatrics 2013.

OECD. OECD Factbook 2013: Economic, Environmental and Social Statistics: Organisation for Economic Cooperation and Development; 2014.

Pape, H. Vold og krenkelser i unge menneskers parforhold. Tidsskr Nor Lægeforen 2003; 123(15): 2016-20.

Parry, CD, Patra, J & Rehm, J. Alcohol consumption and non-communicable diseases: epidemiology and policy implications. Addiction 2011; 106(10): 1718-24.

Rossow, I, Mäkeli, P & Kerr, W. Addiction. 2014.

Rødje, K, Clench-Ass, J, van Roy, B, Holmboe, O & Müller, AM. Helseprofil for barn og ungdom i Akershus: ungdomsrapport. Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten; 2004.

Schempf, AH. Illicit drug use and neonatal outcomes: a critical review. Obstet Gynecol Surv 2007; 62(11): 749-57.

Schutze, M, Boeing, H, Pischon, T, Rehm, J, Kehoe, T et al. Alcohol attributable burden of incidence of cancer in eight European countries based on results from prospective cohort study. BMJ 2011; 342: d1584.

Shankaran, S, Lester, BM, Das, A, Bauer, CR, Bada, HS et al. Impact of maternal substance use during pregnancy on childhood outcome. Semin Fetal Neonatal Med 2007; 12(2): 143-50.

SIRUS; Statens Institutt for Rusmiddelforskning. Avgiftsfritt salg av alkohol og tobakk på norske flyplasser i 2012. [hentet 1/9/2014].

SIRUS: EK Bye, EJ Amundsen and M Lund. Bruk av tobakk, rusmidler og vanedannende legemidler i Norge: hovedfunn fra SIRUS' befolkningsundersøkelse i 2012. Oslo: Statens Institutt for Rusmiddelforskning; 2013b. 

SIRUS; Statens Institutt for Rusmiddelforskning. Grensehandelen med sterke alkoholdrikker fra Sverige. [hentet 1/9/2014]. 

SIRUS: I Rossow, H Natvig and IS Moan. Nære pårørende av alkoholmisbrukere: hvor mange er de og hvordan berøres de? Oslo: Statens Institutt for Rusmiddelforskning; 2009, rapport: 9/2009.

SIRUS; Statens Institutt for Rusmiddelforskning. Rusmiddelstatistikk på nett. [hentet 28/4/2014]. 

SIRUS. Rusmidler i Norge. Oslo: Statens institutt for rusmiddelforskning; 2012, rapport: 978-82-7171-387-4.

Sosial- og helsedirektoratet. Alkohol og graviditet. Hva er farlig for fosteret? Hvordan forebygge og behandle? Rapport fra eksperetgruppe. Oslo: Helsedirektoratet; 2005, rapport IS-1284.

SSB; Statistisk sentralbyrå. Dødsfall som skyldes bruk av alkohol, narkotika og medikamenter, etter underliggende dødsårsak. [hentet 11/4/2014].

Steen, K & Hunskår, S. Vold i Bergen : et ettårsmateriale fra Bergen legevakt. Tidsskr Nor Laegeforen 1997; 17(2): 226-29.

Støver, M. Bruk av alkohol og medikamenter blant eldre (60+) i Norge: Helseundersøkelsen Nord-Trøndelag - rapport. Levanger: HUNT forskningssenter; 2012, rapport: 978-82-91725-09-3.

Welle-Strand, GK, Skurtveit, S, Jones, HE, Waal, H, Bakstad, B et al. Neonatal outcomes following in utero exposure to methadone or buprenorphine: a National Cohort Study of opioid-agonist treatment of Pregnant Women in Norway from 1996 to 2009. Drug Alcohol Depend 2013; 127(1-3): 200-6.

WHO. Global status report on alcohol and health. Geneve: World Health Organization; 2011.

Willford, J, Leech, S & Day, N. Moderate prenatal alcohol exposure and cognitive status of children at age 10. Alcohol Clin Exp Res 2006; 30(6): 1051-9.

Øia, T. Ung i Oslo 2012: nøkkeltall: Notat nr. 7/2012. Oslo: Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring; 2012.

Sjå referanseliste

Relaterte saker

Relaterte dokumenter