Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Vaksinar i førebygging av infeksjonar

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet har ført til at mange av sjukdomane som det blir vaksinert mot, nesten er blitt borte i Noreg. For å halde desse sjukdommane under kontroll også i framtida, er det viktig med høg vaksinasjonsdekning.

Illustrasjon
Vaksinar kan gi både individuell beskyttelse og flokkbeskyttelse. Dersom dei fleste er vaksinerte mot dei mest smittsame sjukdommane, kan dei få som av ulike grunnar ikkje kan vaksinerast, bli beskytta av flokken . Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/Fetetyper.no

Hopp til innhold

Hovedpunkt

  • Meir enn 9 av 10 barn følgjer det norske barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Etter at barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert, har blant anna meslingar, raude hundar, difteri og polio nesten blitt borte i Noreg.
  • Når ein stor del av befolkninga får vaksinasjon mot éin sjukdom, kan også ikkje-vaksinerte få indirekte vern mot sjukdommen (flokkvern). Godt flokkvern krev høg vaksinasjonsdekning.
  • Nye vaksinar er innført i barnevaksinasjonsprogrammet sidan 2014; vaksine mot virus som gir magetarm-sjukdom (rotavirus) og vaksine mot leverbetennelse (hepatitt B).
  • Vaksine mot HPV-virus, som kan føre til livmorhalskreft og enkelte andre kreftformer, vart innført som tilbod for jenter i 7. klasse i 2009. Frå hausten 2018 vil både gutar og jenter på 7. trinn få tilbod om HPV-vaksine, formålet er å førebygge kreft som skuldast dette viruset.
  • Influensavaksine kan redusere dødsfall og alvorleg sjukdom i risikogruppene. Vaksinasjonsdekninga er i dag for låg i risikogruppene, men er på veg opp.

Om vaksinar i folkehelsearbeidet

Vaksinasjon har to hovudmål; å førebygge sjukdom hos enkeltpersonar og å utrydde eller endre førekomsten av sjukdomen. For å påverke førekomsten av sjukdomen i befolkninga er det nødvendig med eit vaksinasjonsprogram. I Noreg omfattar det nasjonale vaksinasjonsprogrammet blant anna barnevaksinasjon og influensavaksinasjon. Desse er omtalt i avsnitta under. 

Barnevaksinasjonsprogrammet

Det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet er etablert for å få kontroll med fleire alvorlege infeksjonssjukdomar som det finst vaksinar mot. Vaksinar i dette programmet er gratis.

Individuelt vern. Barn som er vaksinerte får betydeleg redusert risiko. For kikhoste blir risikoen redusert med cirka 85 prosent dei første åra etter vaksinering, for difteri-, tetanus- og polio blir risikoen redusert med nærare 100 prosent. 

Flokkvern. Når ein stor del av befolkninga er vaksinerte mot ein sjukdom, kan også personar som ikkje er vaksinerte få eit indirekte vern mot sjukdom. Dette kallar vi flokkvern. Årsaka er at det blir færre individ som kan bli sjuke og dermed færre som kan smitte andre og føre sjukdommen vidare.

For nokre sjukdommar vil smittestoffet slutte å sirkulere når tilstrekkeleg mange er beskytta.

For å få ein sjukdom under kontroll i befolkninga gjennom eit slikt flokkvern, må det vere ei vaksinasjonsdekning på 80–95 prosent, avhengig av kor lett sjukdomen smittar mellom menneske, og kor effektiv vaksinen er. Dersom vaksinasjonsdekninga blir for låg, kan sjukdomar som vi i dag har kontroll over, komme tilbake.

Vaksinasjonsdekning

Alle barn som oppheld seg i Noreg, skal få tilbod om vaksinar som inngår i det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Programmet inkluderer no vaksinar mot 12 forskjellige sjukdomar.

Oppslutninga om det norske barnevaksinasjonsprogrammet blir følgt gjennom Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Tal frå registeret viser at det er stor oppslutning (FHI, 2017a).

For dei fleste vaksinane er dekninga over 90 prosent, sjå figur 1 som viser vaksinasjonsdekninga mot difteri, raude hundar, poliomyelitt, hemophilus influenzae-infeksjon og pneumokokksjukdom.

Diagram
Folkehelseinstituttet

Figur 1. Vaksinasjonsdekning i Noreg. Prosentdel av 2-åringar som har fått anbefalte vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet 2000–2016. Kjelde: SYSVAK. 

Dekninga for HPV-vaksine, som blir gitt for å førebygge livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft, er vist i figur 2. Denne vaksinen vart innført i vaksinasjonsprogrammet i 2009. I august 2017 var vaksinasjonsdekninga 89 prosent for éin dose og 83 prosent for fullvaksinering (tre dosar) i det siste årskullet som hadde fått tilbod om vaksinen (fødd 2004).

Vaksine_fig2_ny_feb2018_FHR.jpg

Figur 2. Vaksinasjonsdekning for HPV-vaksine per 31.08.2017:Prosentdel jenter på 7 trinn som har fått éin, to eller tre dosar (fullvaksinerte), etter fødselsår (1997-2004). Jenter som har blitt vaksinerte på et seinare tidspunkt gjennom opphentingsprogrammet, er ikkje inkludert i figuren. Datakjelde: SYSVAK. Sjå fleire tal i Norgeshelsa statistikkbank. Tal for kommunar i Kommunehelsa statistikkbank.

Vaksine mot rotavirussjukdom (mage-tarminfeksjon) vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet hausten 2014. I september 2017 var vaksinasjonsdekninga 92 prosent for éin dose og 87 prosent for fullvaksinering.

Nye vaksinasjonstilbod etter 2014

Hepatitt B-vaksine

Hepatitt B-vaksine inngår i det norske barnevaksinasjonsprogrammet for alle barn som er fødde frå og med 1. november 2016. Vaksinen er ein del av kombinasjonsvaksinen som blir tilbode ved 3-, 5-, og 12-månadersalder, sjå temaside Hepatitt B-vaksine

Hepatitt B-vaksinen blir tilbode tidleg fordi det er stor risiko for at barn som blir smitta med hepatitt B-virus i spedbarnsalderen, får kronisk infeksjon med viruset. Kronisk infeksjon gir risiko for å utvikle skrumplever (levercirrhose) og leverkreft og for å smitte andre. Etter fullvaksinering vil over 95 prosent av vaksinerte barn få langvarig vern mot hepatitt B-infeksjon, sannsynlegvis livsvarig. Sjå rapporten Anbefalinger for bruk av hepatitt B-vaksine i Norge.  

Utvida tilbod om HPV-vaksine

Langvarig infeksjon med humant papillomavirus (HPV) kan forårsake kreft i livmorhalsen og ytre kjønnsorgan hos kvinner. HPV kan òg forårsake kreft i munn, svelg og endetarmsåpning hos begge kjønn, og dessutan penis hos menn (FHI, 2016a).  I Noreg utgjer HPV-relatert kreft hos kvinner årleg cirka 400 tilfelle, der livmorhalskreft er vanlegast. Hos menn er det kvart år 110-150 tilfelle med HPV-relatert kreft. Sjå statistikk hos Kreftregisteret

I 2009 blei HPV-vaksine innført i barnevaksinasjonsprogrammet og tilbode jenter på 7. klassetrinn.

Frå hausten 2016 har alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, tilbod om gratis HPV-vaksine gjennom eit midlertidig opphentingsprogram i perioden 2016-2018.

Frå hausten 2018 vil òg gutar på 7. klassetrinn få tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Oppfrisking av barnevaksinar i vaksen alder

Også vaksne kan trenge vaksinar som blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet (FHI, 2018). 

  • Barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert på 1950-talet. Personar som er fødde før dette, kan derfor mangle vern. Folkehelseinstituttet tilrår grunnvaksinasjon med barnevaksinane til vaksne som ikkje fekk vaksinane som barn
  • For fleire av vaksinane som blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet, blir vernet etter kvart redusert. Derfor treng ein etter ei tid oppfriskingsdosar for å halde ved like tilstrekkeleg immunitet. Folkehelseinstituttet tilrår derfor:
    • Oppfrisking av vaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste cirka 10 år etter førre vaksinasjon.
    • Vaksne personar som ikkje veit om dei har fått MMR-vaksine eller har gjennomgått dei aktuelle sjukdomane, blir anbefalt MMR-vaksine.
    • Oppfriskingsdose mot polio ved reise til land der det førekjem poliosmitte.

Det er ikkje etablert noko nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Det finst heller inga god oversikt over omfanget av vaksne som ikkje er grunnvaksinerte mot barnesjukdomane, eller kor mange som følger råda om oppfriskingsvaksinasjon. 

Når vi måla i barnevaksinasjonsprogrammet?

Vaksinasjon er eit svært effektivt førebyggande tiltak. Etter at barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert i Noreg, har dei fleste sjukdomane som det blir vaksinert mot, nesten blitt borte. Noreg har kontroll over infeksjonssjukdomar som polio, meslingar og difteri, sjølv om det i befolkninga framleis førekjem sporadiske tilfelle blant ikkje-vaksinerte (FHI, 2017a).

Kikhostevaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet har vore eit effektivt tiltak for å hindre sjukdom hos dei minste barna. Likevel er førekomsten av kikhoste høg i befolkninga. Forklaringa kan vere at sjukdomen er svært smittsam, og at vaksinen vernar best dei første åra etter vaksinering. Ei delforklaring er også at helsetenesta er svært merksam på kikhostesymptom, og diagnostisering av sjukdomen er derfor høg.

Vaksinerte personar som blir sjuke, får som regel  mildare kikhoste-sjukdom enn uvaksinerte. I motsetning til i andre europeiske land og USA har det i Noreg dei siste åra ikkje vore auke i talet på tilfelle eller innleggingar i sjukehus i aldersgruppa 0-1 år (FHI, 2016b). Det er heller ikkje rapportert dødsfall etter kikhoste i denne aldersgruppa dei siste 10 åra.

Vaksine mot pneumokokksjukdom (ein bakterie som forårsakar blant anna luftvegsinfeksjonar og hjernehinnebetennelse) vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet i 2006 (FHI, 2017a). Etter at vaksinen blei innført, har førekomsten av alvorleg (invasiv) pneumokokksjukdom gått ned, også blant eldre, sjå figur 3.

Nedgangen hos eldre er eit eksempel på effektivt flokkvern. I 2016 såg vi for første gong ein svak auke i førekomsten av invasiv pneumokokksjukdom hos eldre. Auken var forårsaka av serotypar som ikkje inngår i vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet.

Vaksine_fig3_ny_feb2018_FHR.jpg

Figur 3. Invasiv pneumokokksjukdom (IPD) i Noreg 1977–2016 i ulike aldersgrupper. Diagrammet viser antall tilfelle per 100 000. Kjelde: Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS). 

Utfordringar i barnevaksinasjonsprogrammet

Det mest ambisiøse målet for eit vaksinasjonsprogram er å utrydde sjukdomen. Dette er WHO sitt mål for polio. I Europa er det også eit mål å stoppe spreiinga av meslingar og raude hundar (WHO, 2012). For at verda skal kunne nå desse måla, er det viktig at alle land følger opp med vaksinasjonsprogram. Med omfattande reising mellom land er smittsame sjukdomar ei global utfordring.

Polio – internasjonal situasjon krev intensivert overvaking

Europa blei erklært poliofritt i 2002. I løpet av dei siste åra har det vore meldt om poliotilfelle i Midtausten, Afrika og Asia som følgje av manglande vaksinering, spesielt i konfliktområde. Sidan mai 2014 har WHO erklært at poliovirus er ein trussel mot internasjonal folkehelse (WHO, 2016). Noreg har derfor tydeliggjort råd om overvaking og vaksinasjon mot polio.

Meslingar og raude hundar - høg vaksinasjonsdekning særleg viktig

Meslingar

Meslingar er ein alvorleg barnesjukdom og ein av dei mest smittsame sjukdomane våre. Fleire andre land, både i og utanfor Europa, har stadig store meslingutbrot, og sjukdomen er enno ei viktig dødsårsak blant barn.

I 2016 rekna WHO med at om lag 90 000 barn døydde av meslingar, dei fleste i låginntektsland (WHO, 2018).

Sidan meslingar er svært smittsamt, krevst det ei høg vaksinasjonsdekning med to vaksinedosar for å nå målet. I Noreg er det derfor tilbod om ei kombinasjonsvaksine mot meslingar, kusma og raude hundar til personar som ikkje har hatt sjukdomane, eller som ikkje er vaksinerte. Vaksinen blir også sterkt tilrådd for personar som skal reise til land som har meslingutbrot (FHI, 2018).

Etter at vaksine mot meslingar blei ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, har vi hatt svært få tilfelle av sjukdomen i Noreg. På grunn av høg vaksinasjonsdekning har dei få tilfella vi har sett det siste tiåret, vore knytt til smitte i andre land (FHI, 2017a). 

Raude hundar

Raude hundar (rubella) kjem av rubellavirus. Sjukdomen er vanlegvis mild, men kan hos gravide føre til abort eller alvorleg fosterskade. Infeksjon i første trimester av svangerskapet gir cirka 90 prosent risiko for abort eller fostermisdanning som døvheit, blindheit, hjartefeil, hjerneskade og andre symptom (medfødd rubellasyndrom) (FHI, 2018).

Vaksine mot raude hundar blei innført i det norske barnevaksinasjonsprogrammet i 1978. Det primære målet med vaksinasjon er å unngå medfødd rubellasyndrom som følge av infeksjon under svangerskapet.

Frå 1983 har det vore brukt ei kombinert vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR-vaksine). Gravide som ikkje kan dokumentere at dei har fått to dosar MMR-vaksine, bør undersøkast for antistoff mot raude hundar. Antistoff er teikn på vaksinasjon eller tidlegare gjennomgått sjukdom. Dersom antistoff ikkje kan påvisast, er det tilrådd at barselavdelinga eller helsestasjonen vaksinerer kvinna kort tid etter fødselen (FHI, 2016c).

Vaksinasjon har gjort raude hundar til ein sjeldan sjukdom i Noreg. Denne gunstige situasjonen kan vi berre halde ved lag dersom vi har så høg immunitet i befolkninga at virus ikkje får moglegheit til å sirkulere (FHI, 2017a).

Å vedlikehalde kunnskap og tillit er avgjerande

Når kjennskap til og kunnskap om sjukdomane og konsekvensane deira forsvinn, kan forståinga for vidare vaksinasjon bli redusert, sjå Usikkerhet og motforestillinger  (FHI, 2018). Det er avgjerande for ei fortsatt høg vaksinasjonsdekning at befolkninga har kunnskap om kor viktig det er å vaksinere, og at dei har tillit til vaksinasjonsprogramma. Slik vil førekomsten av smittsame sjukdomar kunne haldast låg også i framtida.

Influensavaksinasjonsprogrammet

Vanlegvis blir mellom fem og ti prosent av befolkninga sjuke av influensa i løpet av ein vintersesong, og ein reknar med at influensa forårsakar i gjennomsnitt cirka 5000 sjukehusinnleggingar (FHI, 2017b) og 900 dødsfall per sesong i Noreg (Gran, 2010).

Det nasjonale influensavaksinasjonsprogrammet er etablert for å redusere risikoen for alvorleg sjukdom og død etter influensainfeksjon. Det blir kvart år utforma råd om influensavaksine til grupper som har risiko for å få ei spesielt alvorleg sjukdomsutvikling. Dette gjeld blant anna gravide, enkelte grupper kronisk sjuke og personar over 65 år. I tillegg er det nokre grupper som blir tilrådd influensavaksine for å verne andre, spesielt helsepersonell som har pasientkontakt.

Personar i risikogruppene må betale for vaksine og vaksinering sjølve, mens helsearbeidarar skal få utgiften dekt av arbeidsgivar.

Målet er å redusere risikoen for alvorleg sjukdom og død

Influensavaksinasjonsprogrammet har som hovudmål å verne særleg utsette grupper mot alvorlege konsekvensar av influensasjukdom, og baserer seg i første rekkje på individuelt vern mot sjukdom. I tillegg er vaksinering av helsearbeidarar og nærkontaktar anbefalt for å hindre smitte.

Influensa vil, i motsetning til mange av dei andre sjukdomane vi vaksinerar mot, ikkje slutte å sirkulere sjølv om vaksinasjonsdekninga blir høg. Dette er fordi influensavirus endrar seg, og oppdaterte vaksinar må settast kvart år (FHI, 2017c). I tillegg er influensa ein sjukdom som også finst hos dyr. Det er derfor ikkje mogleg å utrydda influensasjukdom sjølv om ein vaksinerar alle kvart år.

Vaksinasjonsdekninga for influensa bør auke

For influensa har vaksinasjonsdekninga i risikogruppene i Noreg vore mellom 21 og 28 prosent sidan 2014-2015. I den største risikogruppa, eldre over 65 år, har dekninga vore mellom 27 og 38 prosent.

Noreg deler målsettingane til WHO og EU om å oppnå ei vaksinasjonsdekning over 75 prosent i den eldre delen av befolkninga (ECDC, 2014; WHO, 2012). Sjølv om det er usikkerheit rundt dei norske estimata, er det langt igjen før målet er nådd i Noreg.

Vaksine_fig4_FHR.jpg

Figur 4: Vaksinasjonsdekning i ulike risikogrupper 2014-2015 til 2016-2017. Kjelde: SSB.

Folkehelseinstituttet arbeider målretta for å nå målet til WHO. Det er nærare omtala i kapittel om Infeksjonar i Noreg i Folkehelserapporten. 

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom)

Noreg hadde ein meningokokk B-epidemi som begynte på 1970-talet og avtok gradvis i 1990-åra. Årleg var det fleire hundre tilfelle.

I dei seinare år har det stort sett vore meldt under 40 årlege tilfelle totalt av meningokokksjukdom, og i 2017 blei det til saman meldt berre 18 tilfelle. Meningokokkgruppe B og Y har vore dei vanlegaste serogruppene dei siste åra (FHI, 2017d).

Sjølv om førekomsten av meningokokksjukdom i Noreg no er låg, blir ungdom i alderen 16-19 år og menn som har sex med menn tilrådde å vurdere vaksinasjon.

Vaksine blir òg tilrådd som reisevaksine før reiser til nokre område, for personar utan miltfunksjon og personar med visse immunsvikttilstandar (FHI, 2014). 

Vaksinar kan redusere antibiotikabruken

Sjølv om antibiotikaresistens førebels er eit avgrensa problem i Noreg, er bakteriar som er resistente mot antibiotika eit alvorleg og aukande problem i heile verda. Vaksinar kan bidra til redusert antibiotikabruk og dermed også til å førebygge resistensutvikling. Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom og influensa er eksempel på dette.

Kontinuerleg overvaking og vurdering

Folkehelseinstituttet overvakar vaksinasjonsdekninga gjennom Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. For influensavaksinasjon blir det i tillegg brukt data frå Statistisk sentralbyrå.

Finn oversikt over vaksinene dine på helseneorge.no

Vaksinetenesta på helsenorge.no gir deg oversikt over barnevaksinar, influensavaksinar og reisevaksinar som er registrert på deg. Dersom du har barn, finn du også vaksiner for barn under 16 år. 
Logg inn på Mine vaksiner - helsenorge.no 

Brukarstøtte tlf: 800 43 573, mondag-fredag 08.00-15.30

Vaksinetenesta er levert av Folkehelseinstituttet. Innlogging skjer via helsenorge.no, som er den offentlege helseportalen for innbyggarane i Noreg. 

Smittesituasjonen og sjukdomsførekomsten blir overvaka gjennom Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS), overvakingssystemet for influensa og internasjonalt overvakingssamarbeid.

Instituttet vurderer fortløpande om det er behov for endringar i vaksinasjonsprogram og -råd. I løpet av dei siste åra har vaksinar blitt tekne ut eller lagde til i programmet, anbefalingar om tidspunkt for vaksinasjon har blitt endra og råd om oppfriskingsdosar er lagde til.  

Statens legemiddelverk overvakar biverknader etter vaksinasjon i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Dei fleste meldingane etter vaksinar som er gitt i dei nasjonale vaksinasjonsprogramma, gjeld milde og kortvarige hendingar og samsvarer med det som allereie er kjent av biverknader for desse vaksinane, slik som ømheit rundt stikkstaden og lett feber.

Om artikkelen

Teksten er basert på tilsvarande kapittel i Folkehelserapporten 2014 og er sist oppdatert 26.2.2018 med ny statistikk og fagleg gjennomgang. 

Referansar 

ECDC. (2014) Implementation of the Council Recommendation on seasonal influenza vaccination (2009/1019/EU) [rapport]. Stockholm: European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC). 

FHI. (2014) Meningokokksykdom i Norge og anbefalinger for bruk av meningokokkvaksiner [Rapport 2014:5]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2016a) Vaksine mot humant papillomavirus (HPV) [Rapport 2016:2]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2016b) Situasjonen for kikhoste blant barn under 1 år i Norge [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2016c) Immunitet mot rubella (røde hunder) – en litteraturgjennomgang med anbefalinger [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017a) Barnevaksinasjonsprogrammet i Norge [rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017b) Delrapport 4 Smittsomme sykdommer I Norge: Influensasesongen i Norge 2016/17 [rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017c) Kunnskapsgrunnlag for influensavaksinasjon [nettpublikasjon]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017d) Invasive infeksjoner. Årsrapport 2016 [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2018) Vaksinasjonsveilederen (Vaksinasjonsboka) [Nettpublikasjon]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

Gran, J. M., Iversen, B., Hungnes, O., & Aalen, O. O. (2010). Estimating influenza-related excess mortality and reproduction numbers for seasonal influenza in Norway, 1975-2004. Epidemiol Infect, 138(11), 1559-1568.

WHO. (2012) Background paper on influenza vaccines and immunization. SAGE Working Group, World Health Organization. 

WHO. (2016) Global Polio Eradication Initiative. [nettside]. Geneve, Sveits: World Health Organization. Hentet 2. februar 2017.

WHO. (2018). Measles Fact Sheet. [nettdokument]. World Health Organization. Hentet 22. februar 2018.