Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Vaksinar i førebygging av infeksjonar

Barnevaksinasjonsprogrammet har ført til at mange av sjukdomane som det blir vaksinert mot, nesten er blitt borte i Noreg. For å halde desse sjukdommane under kontroll også i framtida, er det viktig med høg vaksinasjonsdekning.

Illustrasjon
Vaksinar gir både individuell beskyttelse og flokkbeskyttelse. Dersom dei fleste er vaksinerte mot dei mest smittsame sjukdommane, vil dei få som av ulike grunnar ikkje kan vaksinerast, bli beskytta av flokken . Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/Fetetyper.no

Hopp til innhold

Hovedpunkt

  • Meir enn 9 av 10 barn følger det norske barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Etter at barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert, har blant anna meslingar, raude hundar, difteri og polio nesten blitt borte i Noreg.
  • Når ein stor del av befolkninga får vaksinasjon mot ein sjukdom, får også ikkje-vaksinerte indirekte vern mot sjukdommen (flokkvern). Godt flokkvern krev høg vaksinasjonsdekning.
  • Nye vaksinar er innført i barnevaksinasjonsprogrammet sidan 2009; vaksine mot virus som gir livmorhalskreft (HPV), magetarm-sjukdom (rotavirus) og leverbetennelse (hepatitt B).
  • Influensavaksine kan redusere dødsfall og alvorleg sjukdom i risikogruppene. Vaksinasjonsdekninga er i dag for låg i desse gruppene.

Om vaksinar i folkehelsearbeidet

Vaksinasjon har to hovudmål; å førebygge sjukdom hos enkeltpersonar og å utrydde eller endre førekomsten av sjukdommen.

For å påverke førekomsten av sjukdommen er det nødvendig med eit vaksinasjonsprogram. I Noreg er det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet etablert for å få kontroll med svært smittsame sjukdomar og enkelte andre alvorlege sjukdommar som det finst vaksinar mot. Vaksinar i dette programmet er gratis.

Individuelt vern. Barn som er vaksinerte får betydeleg redusert risiko. For kikhoste blir risikoen redusert med cirka 85 prosent dei første åra etter vaksinering, for difteri-, tetanus- og polio blir risikoen redusert med nærare 100 prosent. 

Flokkvern. Når ein stor del av befolkninga er vaksinerte mot ein sjukdom, får også personar som ikkje er vaksinerte, eit indirekte vern mot sjukdom. Dette kallar vi flokkvern. Årsaka er at det blir færre individ som kan bli sjuke og dermed færre som kan smitte andre og føre sjukdommen vidare.

For nokre sjukdommar vil smittestoffet slutte å sirkulere når tilstrekkeleg mange er beskytta.

For å få ein sjukdom under kontroll i befolkninga gjennom eit slikt flokkvern, må det vere ei vaksinasjonsdekning på 80–95 prosent, avhengig av kor lett sjukdomen smittar mellom menneske. Dersom vaksinasjonsdekninga blir for låg, kan sjukdommar som vi i dag har kontroll over, komme tilbake.

Vaksinasjonsdekning

Alle barn som oppheld seg i Noreg, skal få tilbod om vaksinar som ein del av det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Programmet inkluderer no vaksinar mot 12 forskjellige sjukdomar.

Oppslutninga om det norske barnevaksinasjonsprogrammet blir følgt gjennom Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK). Tal frå registeret viser at det er stor oppslutning (FHI, 2016a). For dei fleste vaksinane er dekninga over 90 prosent, sjå figur 1 som viser vaksinasjonsdekninga mot difteri, raude hundar, poliomyelitt, hemophilus influenzae-infeksjon og pneumokokksjukdom.

Diagram
Folkehelseinstituttet

Figur 1. Vaksinasjonsdekning i Noreg. Prosentdel av 2-åringar som har fått anbefalte vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet 2000–2016. Kjelde: SYSVAK. 

Dekninga for HPV-vaksine, som blir gitt for å førebygge livmorhalskreft, er vist i figur 2. Denne vaksinen vart innført i vaksinasjonsprogrammet i 2009. I 2016 var dekninga for 3 doser til 16-årige jenter auka til 81 prosent.

Diagram
Folkehelseinstituttet

Figur 2. Prosentdel 16-årige jenter som har fått HPV-vaksine, etter fødselsår (1997-2000). Datakjelde: SYSVAK. Sjå fleire tal i Norgeshelsa statistikkbank. For kommunar i Kommunehelsa statistikkbank.

Vaksine mot rotavirussjukdom (mage-tarminfeksjon) vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet hausten 2014. I desember 2015 var vaksinasjonsdekninga 89 prosent for éin dose og 82 prosent for fullvaksinering.

Nye vaksinasjonstilbod etter 2014

Hepatitt B

For barn som er fødde frå og med 1. november 2016, vil hepatitt B-vaksine inngå i det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinen vil vere ein del av kombinasjonsvaksinen som blir tilbode ved 3-, 5-, og 12-månadersalder.

Vaksinasjonen vil starte i 2017, sjå temaside Hepatitt B-vaksine

Hepatitt B-vaksinen blir tilbode allereie i spedbarnsalderen fordi barn som blir smitta med hepatitt B-virus i spedbarnsalderen, har stor risiko for å få kronisk infeksjon med viruset. Kronisk infeksjon gir risiko for å utvikle skrumplever (levercirrhose) og leverkreft, og for å smitte andre. Sjå og rapporten Anbefalinger for bruk av hepatitt B-vaksine i Norge.  

HPV-vaksine mot livmorhalskreft 

Frå hausten 2016 har alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare fått tilbod om gratis HPV-vaksine, enten gjennom barnevaksinasjonsprogrammet i sjuande klasse (der HPV-vaksine vart innført i 2009) eller gjennom eit midlertidig opphentingsprogram i 2016-2018.

Studiar frå land der det har vore tilbod om HPV-vaksine for kvinner opp til 25-26 år gjennom eigne opphentingsprogram, viser  ein nedgang i førekomsten av alvorlige forstadiar til kreft (Side 41-43 i FHI, 2016b).

I Noreg får kvart år rundt 300 kvinner livmorhalskreft og om lag 70 kvinner døyr av sjukdommen. I tillegg blir cirka 3 000 norske kvinner kvart år operert for alvorlege forstadiar til livmorhalskreft, sjå statistikk hos Kreftregisteret. Med vaksinen er det mogeleg å hindre 70 prosent av krefttilfella og over halvparten av forstadia. Fordi utvikling av kreft tar tid, vil det framleis gå mange år før vi kan sjå resultat av HPV-vaksinering i Noreg.

Folkehelseinstituttet tilrådde i 2016 at HPV-vaksinasjon òg blir gitt som eit tilbod til gutar i 12-årsalderen, på bakgrunn av nyare kunnskap som syner at HPV-viruset òg spelar ei viktig rolle i utvikling av ulike kreftformer hos menn (FHI, 2016c). Regjeringa vil på eit seinare tidspunkt ta stilling til tilrådinga.

Oppfrisking av vaksinar i vaksen alder

I vaksen alder er det også behov for vaksinane som blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet, sjå kapittel om vaksinasjon av vaksne i FHI, 2016d.

  • Barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert på 1950-talet. Personar som er fødde før dette, kan derfor mangle vern. Folkehelseinstituttet tilrår grunnvaksinasjon med barnevaksinane til vaksne som ikkje fekk vaksinane som barn.
  • For fleire av vaksinane som blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet, blir vernet etter kvart redusert. Derfor treng ein etter ei tid oppfriskingsdosar for å halde ved like tilstrekkeleg immunitet. Folkehelseinstituttet tilrår derfor:
    • Oppfrisking av vaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste cirka 10 år etter førre vaksinasjon.
    • Vaksne personar som ikkje veit om dei har fått MMR-vaksine eller har gjennomgått dei aktuelle sjukdomane, blir anbefalt MMR-vaksine.
    • Oppfriskingsdose mot polio ved reise til land der det førekjem poliosmitte.

Det er ikkje etablert noko nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Det finst heller inga god oversikt over omfanget av vaksne som ikkje er grunnvaksinerte mot barnesjukdommane eller kor mange som følger råda om oppfriskingsvaksinasjon. 

Status og utvikling for enkelte andre vaksinar

Vaksine mot influensa

Vanlegvis blir mellom fem og ti prosent av befolkninga sjuke av influensa i løpet av ein vintersesong, og ein reknar med at influensa forårsakar i gjennomsnitt 900 dødsfall per år i Noreg (FHI, 2016e).

Det blir kvart år utforma råd om influensavaksine til grupper som har risiko for å få ei spesielt alvorleg sjukdomsutvikling. Dette gjeld blant anna gravide, enkelte grupper kronisk sjuke og personar over 65 år. I tillegg er det nokre grupper som blir tilrådd influensavaksine for å verne andre, spesielt  helsepersonell som har pasientkontakt.

For influensa har vaksinasjonsdekninga i dei ulike risikogruppene i Noreg vore på mellom 20 og 27 prosent sidan 2014. WHO har ei målsetting om vaksinasjonsdekning på meir enn 75 prosent i den eldre delen av befolkninga (WHO, 2012a). Sjølv om det er usikkerheit rundt dei norske estimata, er det langt igjen før WHO-målet er nådd i Noreg.

Folkehelseinstituttet jobbar målretta for å nå målet til WHO. Det er nærare omtalt i kapittel om Infeksjoner i Norge i Folkehelserapporten. 

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom)

Noreg hadde ein meningokokk B-epidemi som begynte på 1970-talet og avtok gradvis i 1990-åra. Årleg var det fleire hundre tilfelle.

I seinare år har det stort sett vore meldt under 40 tilfelle totalt av meningokokksjukdom i året, og i 2015 blei det til saman meldt berre 19 tilfelle. Meningokokk gruppe B og Y har vore dei vanlegaste serogruppene de siste åra (FHI, 2016f).

Sjølv om førekomsten av meningokokksjukdom i Noreg no er lav, blir ungdom i alderen 16-19 år anbefalt å vurdere å vaksinere seg mot sjukdomen. Vaksine blir også tilrådd som reisevaksine før reiser til nokre område og til personar utan miltfunksjon og personar med visse immunsvikttilstander (FHI, 2014).

Statistikk om vaksinasjon kan hentast frå statistikkbankane, sjå i venstre meny under Helse og sykdom:

Kommunehelsa og Norgeshelsa statistikkbanker

Når vi folkehelsemåla i vaksinasjonsarbeidet?

Vaksinasjon er eit svært effektivt førebyggande tiltak. Etter at barnevaksinasjonsprogrammet blei etablert i Noreg, har dei fleste sjukdomane som det blir vaksinert mot nesten blitt borte. Noreg har kontroll over infeksjonssjukdomar som polio, meslingar og difteri, sjølv om det i befolkninga framleis førekjem sporadiske tilfelle blant ikkje-vaksinerte (FHI, 2016a).

Kikhostevaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet har vore eit effektivt tiltak for å hindre sjukdom hos dei minste barna. Likevel er førekomsten av kikhoste høg i befolkninga. Forklaringa kan vere at vaksinen gir meir begrensa og kortvarig vern, at ein er svært merksam på kikhostesymptom og at diagnostisering av sjukdommen derfor er høg. I motsetning til i andre europeiske land og USA har det i Noreg dei siste åra ikkje vore auke i talet på tilfelle eller innleggingar i sjukehus i aldersgruppa 0-1 år (FHI, 2016g). Det er heller ikkje rapportert dødsfall etter kikhoste i denne aldersgruppa dei siste 10 åra.

Vaksine mot pneumokokksjukdom (ein bakterie som forårsakar blant anna luftvegsinfeksjonar og hjernehinnebetennelse) vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet i 2006 (FHI, 2016a). Etter at vaksinen blei innført, har førekomsten av alvorleg (invasiv) pneumokokkinfeksjon gått ned, også blant eldre, sjå figur 3. Nedgangen hos eldre er eit eksempel på effektiv flokkvern.

FHR_figur3_vaksine.jpg

Figur 3. Invasiv pneumokokksjukdom (IPD) i Noreg 1977–2015 i ulike aldersgrupper. Diagrammet viser antall tilfelle per 100 000. Kjelde: Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS). 

Utfordringar

Det mest ambisiøse målet for eit vaksinasjonsprogram er å utrydde sjukdommen. Dette er WHO sitt mål for polio. I Europa er det også eit mål å stoppe spreiinga av meslingar og raude hundar (WHO, 2012b). For at verda skal kunne nå desse måla, er det viktig at alle land følger opp med vaksinasjonsprogram.

Polio – intensivert overvaking

Europa blei erklært poliofritt i 2002. I løpet av dei siste åra har det vore meldt om poliotilfelle i Midtausten, Afrika og Asia som følgje av manglande vaksinering, spesielt i konfliktområde. Sidan mai 2014 har derfor WHO erklærte at poliovirus er ein trussel mot internasjonal folkehelse (WHO, 2016a). Noreg har derfor tydeliggjort sine råd om overvaking og vaksinasjon mot polio.

Meslingar – krev høg vaksinasjonsdekning

Meslingar er ein alvorleg barnesjukdom og ein av dei mest smittsame sjukdomane våre. Fleire andre land, både i og utanfor Europa, har stadig store meslingutbrot, og sjukdomen er ennå ei viktig dødsårsak for barn.

I 2014 reknar WHO med at om lag 115 000 barn døydde av meslingar, dei fleste i låginntektsland (WHO, 2016b).

Sidan meslingar er svært smittsamt, krevst det ei høg vaksinasjonsdekning med to vaksinedosar for å nå målet. I Noreg er det derfor tilbod om ei kombinasjonsvaksine mot meslingar, kusma og raude hundar til personar som ikkje har hatt sjukdomane eller ikkje er vaksinerte. Vaksinen blir også sterkt tilrådd for personar som skal reise til land som har meslingutbrot (FHI, 2016d).

Etter at vaksine mot meslingar blei ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, har vi hatt svært få tilfelle av sjukdommen i Noreg. På grunn av høg vaksinasjonsdekning har dei få tilfella vi har sett det siste tiåret, vore knytt til smitte i andre land (FHI, 2016a). 

Raude hundar – høg immunitet i befolkninga er viktig

Raude hundar (rubella) kjem av rubellavirus. Sjukdomen er vanlegvis mild, men kan hos gravide  føre til abort eller alvorleg fosterskade. Infeksjon i første trimester av svangerskapet gir cirka 90 prosent risiko for abort eller fostermisdanning som døvheit, blindheit, hjartefeil, hjerneskade og anna (medfødd rubellasyndrom)(FHI, 2016d).

Vaksine mot raude hundar blei innført i det norske barnevaksinasjonsprogrammet i 1978. Det primære målet med vaksinasjon er å unngå medfødd rubellasyndrom som følge av infeksjon under svangerskapet.

Frå 1983 har det vore brukt ei kombinert vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR-vaksine). Gravide som ikkje kan dokumentere at dei har fått to doser MMR-vaksine, bør undersøkast for antistoff mot raude hundar. Antistoff er teikn på vaksinasjon eller tidlegare gjennomgått sjukdom. Dersom antistoff ikkje kan påvisast, er det tilrådd at barselavdelinga eller helsestasjonen vaksinerer kvinna kort tid etter fødselen (FHI, 2016h).

Vaksinasjon har gjort raude hundar til ein sjeldan sjukdom i Noreg. Denne gunstige situasjonen kan vi berre halde ved lag dersom vi har så høg immunitet i befolkninga at virus ikkje får moglegheit til å sirkulere (FHI, 2016a).

Kontinuerleg overvaking og vurdering

Folkehelseinstituttet overvakar vaksinasjonsdekninga gjennom Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Smittesituasjonen blir overvaka gjennom Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS) og internasjonalt overvakingssamarbeid.

Instituttet vurderer fortløpande om det er behov for endringar i vaksinasjonsprogram og -råd. I løpet av dei siste åra har vaksineanbefalingar blitt tekne ut eller lagde til i programmet, anbefalingar om tidspunkt for vaksinasjon har blitt endra og råd om oppfriskingsdosar er lagde til.  

Med omfattande reising mellom land er smittsame sjukdomar ei global utfordring.

Statens legemiddelverk overvaker biverknader etter vaksinasjon i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Dei fleste meldingane etter vaksinar som er gitt i barnevaksinasjonsprogrammet, gjeld milde og kortvarige hendingar og samsvarer med det som allereie er kjent av biverknader for desse vaksinane, slik som ømheit rundt sprøytestikket og lett feber.

Sjølv om antibiotikaresistens foreløpig er eit begrensa problem i Noreg, er bakteriar som er resistente mot antibiotika eit alvorlig og aukande problem i heile verda. Vaksinar kan bidra til redusert antibiotikabruk og dermed også til å førebygge resistensutvikling. Vaksinasjonsprogrammet mot pneumokokksjukdom er eit eksempel på dette.

Når kjennskap til og kunnskap om sjukdomane og konsekvensane deira forsvinn, kan forståinga for vidare vaksinasjon bli redusert, sjå Holdninger til vaksinasjon  (FHI, 2016d). Det er avgjerande for ein fortsatt høg vaksinasjonsdekning at befolkninga har kunnskap om kor viktig det er å vaksinere, og at dei har tillit til vaksinasjonsprogramma. Slik vil førekomsten av smittsame sjukdomar kunne haldast låg også i framtida.

Mine vaksiner-tjenesten

Se hvilke vaksiner du har fått:
Logg inn på Mine vaksiner - helsenorge.no 

Brukerstøtte tlf: 800 43 573, mandag-fredag 08.00-15.30

Mine vaksiner er en tjeneste som leveres av Folkehelseinstituttet. Innlogging skjer via helsenorge.no, som er den offentlige helseportalen for innbyggere i Norge. 

Referansar 

FHI. (2014). Meningokokksykdom i Norge og anbefalinger for bruk av meningokokkvaksiner [Rapport]. (2014:5). Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå  https://www.fhi.no/globalassets/migrering/dokumenter/pdf/meningokokksykdom-i-norge-pdf.pdf

FHI. (2016a). Barnevaksinasjonsprogrammet i Norge [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå https://www.fhi.no/contentassets/c4ee1b929ac345e4a17e8d55809fb5df/barnevaksinasjonsprogrammet-i-norge-rapport-2015.pdf

FHI. (2016b). Humant Papillomavirus (HPV), HPV-relatert kreft og HPV-vaksine [rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå  https://www.fhi.no/contentassets/3655479d231d434a847b2ceff8c37476/hpv-faktahefte-2016.pdf

FHI. (2016c). Vaksine mot humant papillomavirus (HPV) [Rapport]. (2016:2). Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå  https://www.fhi.no/publ/2016/vaksine-mot-humant-papillomavirus-h-/

FHI. (2016d). Vaksinasjonsveilederen (Vaksinasjonsboka) [Nettpublikasjon]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen/

FHI. (2016e). Vaksineanbefalinger influensasesongen 2016-2017. [nettdokument]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta 15.november 2016, frå https://www.fhi.no/sv/influensa/sesonginfluensa/influensavaksine/

FHI. (2016f). Invasive infeksjoner. Årsrapport for 2015 [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/publ/2016/invasive-infeksjoner/

FHI. (2016g). Situasjonen for kikhoste blant barn under 1 år i Norge [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå  https://www.fhi.no/globalassets/migrering/dokumenter/pdf/situasjonen-for-kihoste-blant-barn-pdf.pdf

FHI. (2016h). Immunitet mot rubella (røde hunder) – en litteraturgjennomgang med anbefalinger [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Henta frå  https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/rubella-immunitet_300616.pdf

WHO. (2012a). Background paper on influenza vaccines and immunization. SAGE Working Group, World Health Organization. Henta frå  http://www.who.int/immunization/sage/meetings/2012/april/1_Background_Paper_Mar26_v13_cleaned.pdf

WHO. (2012b). Global measles and rubella strategic plan : 2012-2020. [nettdokument]. Geneva, Switzerland: who.int. Henta 15.november 2016, frå http://apps.who.int/iris/bitstream/10665/44855/1/9789241503396_eng.pdf?ua=1

WHO. (2016a). Global Polio Eradication Initiative. [nettside]. Geneve, Sveits: World Health Oranization. Henta 2. februar 2017, frå http://polioeradication.org/polio-today/polio-now/public-health-emergency-status/

WHO. (2016b). Measles Fact Sheet. [nettdokument]. World Health Organization. Henta 14. november 2016, frå http://www.who.int/mediacentre/factsheets/fs286/en/  

Relaterte artiklar og tema