Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Støy

Trafikkstøy og andre typar støybelastningar kan gi helseplager. Nokre typar støy kan også gi høyrseltap og plager med øyresus (tinnitus).

Hopp til innhold

Hovedpunkt

  • 25 prosent er utsette for støy frå vegtrafikk og annan støy over det tilrådde nivået ved bustaden sin. Ein halv million er svært plaga.
  • Delen av befolkninga som bur i område med støy over anbefalt nivå, auka med 22 prosent frå 1999 til 2011.
  • Søvnforstyrringar bidreg mest til sjukdomsbyrda i befolkninga som følge av støy.
  • God og heilskapleg arealplanlegging kan førebygge støyplager.
  • Langvarige og kraftige støybelastningar eller svært høge kortvarige lydimpulsar kan gi permanente høyrselsskader.
  • Høyrselstap kan gi øyresus. Om lag 15 prosent av befolkninga over 20 år oppgir at dei er plaga av øyresus, viser undersøkingar i Nord-Trøndelag.

Kva er støy

Støy er definert som uønskt lyd og lyd som kan gi helseskade.

Dei viktigaste kjeldene til støy i samfunnet er samferdsel, tekniske installasjonar, industri, naboaktivitetar og bygge- og anleggsverksemd.

Langvarige og kraftige støybelastningar eller svært høge kortvarige lydimpulsar kan gi permanente høyrselsskader.

Tilrådde grenser

For å unngå sterk støyplage er det anbefalt at støynivå frå trafikk ikkje bør overstige 55 dB utanfor bustader (WHO, 1999).

Fare for høyrselsskader oppstår ved langvarig eksponering av lydnivå over 80–85 dB eller ved eksponering av impulslyd som smell fra eksplosjonar, slaglyd, skot frå gevær, spikerpistol og liknande med støytoppar over 130–140 dB.

Førekomst av støyplager i Noreg i dag

Helseskadeleg støy

Støy rammar mange menneske i Norge. Om lag 25 prosent av befolkninga er utsette for gjennomsnittleg utandørs støynivå på over 55 dB ved bustaden sin, og ein halv million menneske er svært plaga (Miljødirektoratet, 2013). Støy frå vegtrafikk er den klart dominerande kjelda til støyplager i samfunnet. Mellom 3 og 5 prosent oppgir at dei har problem med søvnen på grunn av støy.

Støy som kan gi høyrselstap

Støy i arbeidslivet utgjer den største risikoen for høyrselstap i befolkninga. Høyrselsskade som kjem av støy på arbeidsplassen, toppar Arbeidstilsynets statistikk over melde arbeidsrelaterte skader.

Av eksponering på fritida er det sannsynlegvis knytt større risiko til støy frå skyting og annan impulslyd enn til støy frå musikk og bruk av øyretelefonar.

Utvikling over tid

Støyplager i samfunnet

Vegtrafikk stod for i overkant av 80 prosent av støyplagene i 2011. Talet på folk som bur i bustader som er utsette for vegtrafikkstøy over det tilrådde nivået på 55 dB, auka med om lag 22 prosent frå 1999 til 2011. Årsaka til denne auka er hovudsakleg trafikkvekst og ein auka prosentdel tungtrafikk, i tillegg til befolkningsvekst i støyutsette område. Støy frå jernbane og luftfart gjekk noko ned frå 1999 til 2006, men har etter dette samla sett auka på nytt (SSB, 2013).

Den tidlegare nedgangen i støy kom av meir stillegåande tog og fly, og ein nedgang i både gods- og persontrafikk for tog. Etter 2006 har persontrafikken auka på nytt, og det er særleg større trafikk på baner gjennom folketette område som bidreg til at prosentdelen støyutsette frå tog har auka på nytt. Auka i støyutsette frå luftfart kjem også av befolkningsvekst i nær flyplassane (SSB, 2013).

På lengre sikt er det forventa at meir støysvake dekk og veidekke vil føre til mindre støyplager frå vegtrafikken. Men førebels har vi fått svært lite støyreduksjon som følge av slike tiltak. Nyare støykjelder, for eksempel nærmiljøanlegg, vindkraftanlegg og ventilasjonsanlegg, kan føre til auke i støyplager, også i område som i dag er lite støybelasta.

Høyrselstap

Talet på høyrselshemma vil i framtida sannsynlegvis auke, fordi befolkninga blir stadig eldre. Befolkningsstudiar viser at den viktigaste risikofaktoren for høyrselstap er auka alder.

Vi veit ikkje i kva grad ein reduksjon av støy i arbeidslivet og ei eventuell endring i eksponering for andre faktorar påverkar høyrselsutviklinga i befolkninga. Derfor er det behov for oppdaterte data over utbreiinga av høyrselstap i befolkninga og nye studiar av moglege risikofaktorar.

Forskjellar mellom grupper i befolkninga

Varleik for støy. Det er store individuelle forskjellar i varleik for støy, og helseverknadene av støy vil vere avhengig av ei rekke andre faktorar enn sjølve støyen. Problem knytt til støy i bumiljø, er størst i folketette område av landet, og dei som bur i område med spreidd busetnad, er minst plaga.

Høyrselstap. Førekomst av permanent høyrselstap aukar med alderen, men det er store individuelle aldersforskjellar ved start, progresjon og alvorsgrad. Høyrselstap har til ein viss grad samband med yrke, spesielt for menn over 45 år. Ei undersøking frå Folkehelseinstituttet viser at menn som er bygg- og anleggsarbeidarar, verkstadmekanikarar, linjemontørar, trearbeidarar, gruvearbeidarar, sjømenn (dekkmannskap), maskin- og motorreparatørar og offiserar har dårlegast høyrsel (Engdahl & Thambs, 2010).

Nedsett høyrsel er vanlegare i ressursfattige delar av befolkninga enn blant folk med høg utdanning og inntekt.

Helseskader og -plager som følge av støybelastning

Støybelastningar har fleire helseeffektar:

  • Støy kan gi fysiologiske endringar som er typiske for stress.
  • Støy kan også påverke det fysiologiske søvnmønsteret.
  • Opplevinga av å bli forstyrra under kvile, søvn og avkopling, i samtale eller i ein arbeidssituasjon, bidreg til mistrivsel, redusert velvære og helseplager.
  • Nyare forsking tyder på ein samanheng mellom langvarig eksponering for trafikkstøy og auka risiko for høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdom. Høge nivå av flystøy ved skular har vist å ha ein negativ innverknad på barns minne og leseferdigheiter (Basner, 2014).

Høyrselstap og øyresus (tinnitus)

Støyeksponering kan skade sneglehuset i det indre øyret. Langvarige og kraftige støybelastningar eller svært høge kortvarige lydimpulsar kan gi permanente høyrselsskader. Dette er godt dokumentert.

Støy på jobben er ein viktig årsak til høyrselstap for mange middelaldrande og eldre menn, men ikkje blant yngre menn eller kvinner. Impulsstøy (smell), særleg fra skyting, har gjort nesten like mykje skade på høyrsla i befolkninga som arbeidsstøy, viser Helseundersøkelsene i Nord-Trøndelag. Støy skader høyrselsevna for lyse lydar mest.

Høyrselsskadeleg støy førekjem også i fritida.

Høyrselstap kan gi øyresus og psykiske plager:

  • Høyrselstap kan gi øyresus, eller tinnitus, og dette oppfattast ofte som eit like stort problem som sjølve høyrselssvekkinga. Om lag 15 prosent av befolkninga i Nord-Trøndelag over 20 år oppgir at dei er plaga av øyresus.
  • Høyrselstap kan føre til sosial isolasjon, gi vanskar i jobb og fritid og påverke livskvaliteten. Forsking ved Folkehelseinstituttet viser likevel at høyrselstap har forholdsvis lite å seie for opplevinga av angst og depresjon, sjølvkjensle og livstilfredsheit.

Internasjonalt

Ifølge WHO bidreg støy i samfunnet med minst 1 million helsetapsjusterte leveår (DALY) årleg i Vest-Europa (WHO, 2011). Det største bidraget kan tilskrivast støyrelaterte søvnforstyrringar, sjå figur 1. Også spesifikke estimat for Noreg viser at det er søvnforstyrringar som bidreg til den største delen av tapte funksjonsfriske leveår som kan tilskrivast støy (Aasvang, 2012). Vidare har WHO estimert at om lag 10 prosent av verdas befolkning er utsette for potensielt høyrselsskadelege støynivå (Oishi, 2011).

Figur 1 Kapittel støy i Folkehelserapporten 2014. FHI
Figur 1 Kapittel støy i Folkehelserapporten 2014. FHI

Figur 1. Estimert sjukdomsbyrde (DALYs) som følge av støy i Vest-Europa. Kjelde: WHO, 2011. Klikk på figur for større versjon. Støy - Fig1.

Førebygging og tiltak

Støyplager. God og heilskapleg arealplanlegging er nødvendig for å unngå nye støykonfliktar i bustadområde og for å førebygge helseplager på grunn av støy. Dette er spesielt viktig i pressområde med stor befolkningsvekst. Moglege tiltak er å sørge for at nye bustader har ein stille side der soveromma er, for å unngå søvnforstyrringar. Vidare er det viktig at grøn infrastruktur blir bevart for å gi moglegheit til restitusjon i nærmiljøet.

Høyrselsskader. Trass ei rekke tiltak for å førebygge høyrselssvekking i befolkninga, er støyeksponering framleis den vanlegaste årsaka til høyrselstap – når vi ser bort frå høyrselstap som følge av aldring. For å unngå støyinduserte høyrselsskader er det viktig å unngå eksponering for høge impulslydar og langvarig kraftig støybelastning, for eksempel ved å bruke høyrselvern. Men ein skal hugse at det er store individuelle variasjonar når det gjeld faren for å få støyskader.

Det finst førebels ingen gode metodar for å fastsette kven som har lettskadeleg høyrsel, men arv spelar ei viss rolle.   

Referansar

Basner, M, Babisch, W, Davis, A, Brink, M, Clark, C et al. Auditory and non-auditory effects of noise on health. The Lancet 2014; 383(9925): 1325-32.

Engdahl, B & Tambs, K. Occupation and the risk of hearing impairment--results from the Nord-Trøndelag study on hearing loss. Scand J Work Environ Health 2010; 36(3): 250-7. Type of occupation and the risk of hearing loss.

Engelien, E, Steinnes, M & Haagensen, T. Støyeksponering og støyplage i Norge 1999-2011; Flere støyutsatte. SSB 2013.

Folkehelseinstituttet: GM Aasvang. Helsebelastning som skyldes veitrafikkstøy i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2012.

Miljødirektoratet. 2013. Flere utsatt for støy. [hentet 04.06.2014].

Oishi, N & Schacht, J. Emerging treatments for noise-induced hearing loss. Expert Opin Emerg Drugs 2011; 16(2): 235-45.

WHO. Burden of disease from environmental noise. Quantification of healthy life years lost in Europe. Copenhagen, Denmark: WHO Regional office for Europe; 2011.

WHO: B Berglund, T Lindvall and DH Schwela. Guidelines for Community Noise. Geneva, Switzerland: World Health Organization; 1999. 

 

Relaterte dokumenter