Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Kosthald

I kva grad oppfyller norsk kosthald tilrådingane frå Helsedirektoratet når det gjeld måten det er samansett på? Om inntaket av feitt, salt og sukker, behovet for tilskot med folat, D-vitamin, jarn og jod.Livsstilssjukdomar som kan førebyggjast gjennom kosthaldet.

Hopp til innhold

Hovudpunkt

  • Norsk kosthald inneheld framleis for mykje metta feitt, sukker og salt og for lite grove kornprodukt, grønsaker, frukt og fisk.
  • Det er framleis eit altfor høgt brusforbruk i den norske befolkninga.
  • Kosttilskot med D-vitamin, folat og jarn kan vere nødvendig for å sikre næringsstoffinntaket for enkelte grupper i befolkninga.
  • Det er teikn til at særleg unge kvinner får mindre jod gjennom kosthaldet enn tidlegare.
  • Vi ser ein samanheng mellom utdanningslengd og kosthald.
  • Forskjellane mellom kosthaldet i Noreg og andre europeiske land er truleg mindre i dag enn for berre nokre tiår sidan.  
  • Livsstilssjukdomar kan førebyggjast med eit meir plantebasert kosthald.

Dei nasjonale kostråda

I 2011 publiserte Helsedirektoratet nye nasjonale kostråd som byggjer på ein systematisk gjennomgang av ei rekkje forskingsresultat. Desse råda gjeld spesielt for førebygging av ikkje-smittsame sjukdomar, men vi har òg teke omsyn til at ein skal førebyggje ernæringsmanglar og miljøbelastingar. Råda er oppdaterte og samsvarer med dei felles nordiske kosthaldstilrådingane frå 2013.  

I det vidare presenterer vi statusen for norsk kosthald med omsyn til kostråda og tilrådingane for dagleg inntak av vitamin og mineral samt statusen for miljøgifter i norsk kost.

  • Råd 1: Vi tilrår eit kosthald som hovudsakleg er plantebasert, og som inneheld mykje grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk og lite mengder raudt kjøt, salt, tilsett sukker og energirike matvarer.
  • Råd 2: Vi tilrår å sørgje for å ha balanse mellom energiinntak og energiforbruk.
  • Råd 3: Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag.
  • Råd 4: Et minst fire porsjonar fullkornprodukt kvar dag.
  • Råd 5: Et fisk tilsvarande 2–3 middagsporsjonar i veka.
  • Råd 6: Vi tilrår å innta magre meieriprodukt dagleg.
  • Råd 7: Vi tilrår å velje magert kjøt og magre kjøtprodukt og ete mindre raudt kjøt og bearbeidd kjøt.
  • Råd 8: Vi tilrår å velje matoljer, flytande margarin eller mjuk margarin.
  • Råd 9: Vi tilrår vatn som drikke.
  • Råd 10: Reduser inntaket av tilsett sukker.
  • Råd 11: Reduser inntaket av salt.
  • Råd 12: Kosttilskot kan vere nødvendig for å sikre næringsstoffinntaket for enkelte grupper i befolkninga.
  • Råd 13: Vi tilrår at alle dagleg er i fysisk aktivitet i minst 30 minutt.  

Status og utvikling for norsk kosthald

Vi tilrår eit kosthald som hovudsakleg er plantebasert, og som inneheld mykje grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk og lite mengder raudt kjøt, salt, tilsett sukker og energirike matvarer (nøkkelråd 1). I tillegg har vi utforma nøkkelråd for ulike matvaregrupper (nøkkelråd 2–12).

Status for kosthaldet i Noreg med omsyn til kostråda:

  • Det gjennomsnittlege inntaket av grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk er langt lågare enn ønskjeleg.
  • Forbruket av feite, salte og søte matvarer med låg ernæringskvalitet er langt høgare enn ønskjeleg.
  • Trass i fleire positive utviklingstrekk dei siste åra har kosthaldet til store delar av befolkninga framleis klare ernæringsmessige svakheiter som bidreg til utvikling av hjarte- og karsjukdomar, kreft, overvekt, type 2-diabetes, forstopping, tannråte og jarnmangel (Helsedirektoratet, 2013).

Feitt

Feittet i kosten er ei viktig energikjelde og dessutan heilt nødvendig for at kroppen ska ta opp dei feittløyselege vitamina A, D, E og K.

Vi tilrår at den totale mengda energi som kjem frå feitt, utgjer mellom 25 og 40 energiprosent, og av dette bør ikkje det harde feittet (metta feitt og transfeitt) utgjere meir enn 10 energiprosent. For transfeitt er det sett ei ny grense på 2 prosent av feittet i ei matvare.

For å nå dette målet tilrår vi å velje magre meieriprodukt, magre kjøtprodukt og å velje matoljer, flytande margarin eller mjuk margarin (nøkkelråd 6, 7 og 8).

Status for inntak av feitt: I 2012 blei 16 prosent av energibehovet i det norske kosthaldet dekt gjennom hardt feitt.  Dette er det same høge inntaket som vi hadde i 1975. I år 2000 var energiinntaket frå metta feitt det lågaste i nyare tid, på 14,7 prosent, men etter dette har forbruket auka igjen, mest fordi vi har ete meir kjøtvarer og feite ostar (Helsedirektoratet, 2013).

Det er derfor langt igjen før det gjennomsnittlege feittforbruket i Noreg er nede på det tilrådde nivået, som er 10 energiprosent frå metta feitt. Energiinntaket frå transfeitt har sidan 2000 lege stabilt på cirka 0,7 prosent av energibehovet.

Andel av energiinntaket som kommer fra mettet fett. FHI
Andel av energiinntaket som kommer fra mettet fett. FHI

Figur 1: Energiinntak frå metta feitt sidan år 2000.Kjelde:Helsedirektoratet, 2013. Klikk på figuren for stor versjon. Kosthold - Fig1

 

Ei positiv utvikling i norsk kosthald er at vi har begynt å bruke meir raps- og olivenolje, både i margarinprodukt og som olje i matlaging. Desse oljetypane inneheld lite metta feitt.

Sukker

Vi tilrår at sukker utgjer maksimalt 10 prosent av energiinntaket. For å kunne nå dette målet tilrår vi å velje vatn som drikke og redusere inntaket av tilsett sukker (nøkkelråd 9 og 10).

Status: Brus og godteri er dei største sukkerkjeldene i kosthaldet. Dette er dessutan matvarer som inneheld svært lite andre næringsstoff, og som derfor kan fjernast frå kosthaldet utan at det får uheldige ernæringsmessige følgjer.

Forbruket av sukker og sukkervarer på engrosnivå har minska kvart år sidan 2001 og minska òg i 2012 (sjå figur 2). I 2012 var forbruket av sukker per innbyggjar på 29 kg per år. Tilsvarande tal i 1999 var 44 kg (Helsedirektoratet, 2013). I same periode blei innhaldet av tilsett sukker i kosten redusert frå 17 til 13 prosent av det totale energiinnhaldet i kosten. Dette er likevel framleis høgare enn det tilrådde nivået på maksimalt 10 energiprosent. Med tilsett sukker meiner vi sukker som blir tilsett i for eksempel brus, godteri, yoghurt, is og ketsjup.  

Omsetninga av sukkerhaldig brus auka frå 1970-åra til det var på det høgaste nivået i 1997, med 93 liter per innbyggjar per år. Omsetninga har minska dei to siste åra og var i 2012 på 59 liter per innbyggjar (Helsedirektoratet, 2013).

  • Det er framleis eit altfor høgt brusforbruk i den norske befolkninga.

Forbruket av sjokolade og anna godteri har auka kraftig over lang tid og var på det høgaste nivået, 15 kg per innbyggjar, i 2008. Forbruket har etter dette gått litt ned og var i 2012 på 14 kg per innbyggjar (Helsedirektoratet, 2013). Nedgangen blir vist i figur 2, der ein ser korleis nedgangen i inntaket av sukker blir synleg i mengd energiprosent frå sukker.

Andel av enrgiinntaket som kommer fra tilsatt sukker per år.. FHI
Andel av enrgiinntaket som kommer fra tilsatt sukker per år.. FHI

Figur 2. Energiprosent frå sukker per person per år. Kjelde: Helsedirektoratet, 2013. Klikk på figuren for stor versjon. Kosthold - Fig2

 

Høgare sukkerinntak blant barn og unge

Konsumet av sukkerhaldige drikkevarer er i stor grad høgare blant unge i alderen 16–24 år enn i andre aldersgrupper (Helsedirektoratet, 2013).

Salt

Vi tilrår å vere forsiktig med inntaket av salt (nøkkelråd 11).

Status: Det gjennomsnittlege saltinntaket i Noreg er estimert til ca. 10 gram per person per dag (Helsedirektoratet, 2013). Dette er dobbelt så høgt som tilrådd. Ein reknar med at omtrent tre firedelar av saltet kjem frå ferdigmat.

Fullkorn, frukt og grønsaker og fisk

Vi tilrår å ete minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag (nøkkelråd 3), minst fire porsjonar fullkornprodukt kvar dag (nøkkelråd 4), fisk tilsvarande 2–3 middagsporsjonar i veka (nøkkelråd 5), og at magre meieriprodukt inngår i det daglege kosthaldet (nøkkelråd 6).

Status: Norkost 3 er ei landsomfattande kosthaldsundersøking blant menn og kvinner i alderen 18 til 70 år. Kosthaldet blei kartlagt i eit utval med 862 menn og 925 kvinner i løpet av 2010 og 2011. Denne undersøkinga kan seie noko om konsumet av matvaregrupper på individnivå (Helsedirektoratet, 2012). Det er viktig å nemne at det er noko usikkerheit knytt til prosentdelane, ettersom utrekningane er baserte på berre 2 dagars registrering per person:

  • Rundt ein fjerdedel av deltakarane åt grønsaker, frukt, bær og fullkorn i samsvar med kostråda.
  • Omtrent ein tredjedel av deltakarane låg innanfor tilrådinga for inntak av fisk.

Den norske mor og barn-undersøkinga gir unik innsikt i korleis gravide i Noreg et. I eit utval på 47 000 deltakarar (von Ruesten, 2014) kom det fram at

  • under 10 prosent av dei gravide kvinnene hadde eit inntak av grønsaker i tråd med tilrådingane
  • omtrent ein tredjedel åt nok frukt
  • omtrent 60 prosent åt fullkorn i tilrådd mengd
  • berre 22 prosent åt nok fisk under graviditeten

Forskjellar blant folket

Sosioøkonomiske forskjellar når det gjeld kosthald

Utdanning og økonomi er viktig for kva kosthald vi har, viser fleire undersøkingar:

  • Ein djupnestudie av 11-åringar frå Oslo-området viste at utdanningslengda til foreldra heng saman med barna sitt forbruk av sukkerhaldige drikkevarer (Totland, 2013).
  • I ein studie av over 9000 vaksne i Oslo blei det funne at dess lengre utdanning, dess større inntak av sunn mat (Kjollesdal, 2010). Personar med høg utdanning hadde høgare konsum av frukt og grønsaker enn personar med låg utdanning (Helsedirektoratet, 2013).
  • Blant gravide som deltek i Den norske mor og barn-undersøkinga, er det òg vist at kvinner med lang utdanning og høg inntekt har sunnare kosthald (Englund-Ogge, 2012).

Kva kosthaldet har å seie for utvikling av ikkje-smittsame sjukdomar

Kosthaldet er viktig både for å førebyggje sjukdom og fremje god helse.

Eit balansert og fullverdig kosthald i tråd med dei offisielle kostråda kan redusere risikoen for utvikling av ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte- og karsjukdomar, diabetes, enkelte kreftsjukdomar, overvekt, forstopping, tannråte og jarnmangel.  

Ernæring og kosthald er òg avgjerande når det gjeld vekst og utvikling både i fosterlivet, spedbarnsalder og barne- og ungdomsåra. I tillegg har kosthaldet i barnealderen mykje å seie for helsa og risikoen for å få kroniske sjukdomar seinare i livet.

Konsekvensar av høgt inntak av hardt feitt: Det er ein klar samanheng mellom høgt inntak av hardt feitt og utvikling av hjarte- og karsjukdomar. Høgt inntak av hardt feitt aukar innhaldet av kolesterol i blodet.

Konsekvensar av høgt sukkerinntak: Sukker som er tilsett i matvarene, gir auka energitettleik og er med på å auke risikoen for å få kroniske sjukdomar, spesielt overvekt og fedme. I tillegg aukar sukker og søte drikkar risikoen for å få karies og tannerosjon.

Konsekvensar av høgt saltinntak: Høgt saltinntak aukar risikoen for høgt blodtrykk og bidreg dermed til større risiko for hjarte- og karsjukdomar.

Moglegheiter for å førebyggje ikkje-smittsame sjukdomar gjennom kosthaldet

Kosthaldsundersøkingar viser at nordmenn sitt kosthald har stort potensial for å bli betre, og kunnskapsoppsummeringar konkluderer eintydig med at det er mogleg å førebyggje kroniske sjukdomar ved å betre kosthaldet.

Dersom vi følgjer tilrådingane og aukar forbruket av fullkornprodukt, frukt, grønsaker og fisk, kan vi redusere risikoen for dei fleste ikkje-smittsame sjukdomar. Den største ernæringspolitiske utfordringa i tida framover er å klare å doble forbruket av frukt og grønsaker, redusere inntaket av metta feitt og salt samt å redusere inntaket av sukker blant barn og unge (Helsedirektoratet, 2013).

Verdas helseorganisasjon (WHO) har estimert at endringar i kosthald, fysisk aktivitet og røykjevanar kan førebyggje 80 prosent av hjarteinfarkt, 90 prosent av type 2-diabetes og over 30 prosent av kreft (WHO, 2003) (Fund/ & Research, 2007). 

Treng vi spesielle diettar?

Kosthald og livsstil er eit tema som får større merksemd i media no enn nokon gong tidlegare, og vi blir dagleg utsette for ulike råd og påverknader. Det har blitt vanskeleg å vite kva ein bør ete. Råda frå styresmaktene og ulike ekspertar går ofte på tvers av kvarandre. Ofte blir resultat frå enkeltundersøkingar slegne stort opp, og tilsynelatande motstridande funn skaper usikkerheit om kva vi veit og ikkje veit.

Det som kjenneteiknar dagens motediettar, er at dei blir marknadsførde og motiverte ut frå faglege spekulasjonar henta frå genetikk, biokjemi, fysiologi, immunologi og/eller epidemiologi. Dei oppstår gjerne hos enkeltpersonar eller grupper som står i utkanten eller på sida av det etablerte fagmiljøet. Enkelte populære retningar, for eksempel den som er basert på glykemisk indeks, har eit betre vitskapeleg fundament og har vakt stor interesse i mange fagmiljø. Det er likevel eit godt stykke fram til at det denne teorien eventuelt har å seie, kan få konsekvensar for generelle kosthaldstilrådingar.

Dei fleste motediettar og populære teoriar har derimot til felles at dei fører til eit sunnare kosthald for mange av dei som er villige til å endre livsstil. At folk føler seg betre, er derfor ikkje uventa, men i seg sjølv ikkje noko kriterium som kan danne grunnlag for offisielle tilrådingar (Meltzer, 2004).

Inntak av vitamin og mineral – ernæringsmanglar

Eit kosthald i tråd med helsestyresmaktene sine tilrådingar gjer at dei fleste får i seg det dei treng av næringsstoff, inkludert vitamin og mineral, gjennom maten dei et.

For enkelte grupper av befolkninga eller i enkelte delar av livet kan kosttilskot likevel vere nødvendig for å dekkje behovet for enkelte næringsstoff. Personar som et lite, som ikkje toler eller av andre grunnar utelèt viktige matvaregrupper frå kosthaldet, kan òg ha nytte av kosttilskot.

Kosttilskot er produkt som gir ei konsentrert tilføring av eitt eller fleire næringsstoff, for eksempel vitamin og mineral. Nedanfor omtaler vi dei vitamina og minerala som det oftast oppstår mangel på i Noreg.

D-vitamin

Tilrådd dagleg inntak av D-vitamin i dei nordiske landa er 10 µg (400 IE) for barn og vaksne opp til 74 år, og 20 µg (800 IE) for vaksne på 75 år og eldre (Nordisk råd, 2012). Etter tilråding frå Helsedirektoratet blir smør og margarin tilsett D-vitamin.

Status: Syntese i huda ved soleksponering og feite fiskeprodukt er dei viktigaste kjeldene til D-vitamin. Feite fiskeprodukt bidreg med 40 prosent av D-vitamin i norsk kosthald.

Smør og margarin er tilsett D-vitamin, og desse matvarene bidreg med 30 prosent av D-vitamin i det norske kosthaldet (Helsedirektoratet, 2012; 2013).

Den norske gjennomsnittskosten består av mindre D-vitamin enn tilrådd (Helsedirektoratet, 2012).

Unge jenter, institusjonaliserte eldre samt ikkje-vestlege innvandrarar er i risikogruppene for å kunne mangle D-vitamin, og mange nordmenn har låge nivå i vinterhalvåret (Helsedirektoratet, 2013); (Holvik, 2008).

Konsekvensar av lågt inntak: Kronisk alvorleg D-vitaminmangel gir rakitt hos barn og osteomalaci hos vaksne med alvorlege konsekvensar for skjelettet, mens låge nivå av D-vitamin òg er ein risikofaktor for osteoporose (sjå kapittelet Muskel- og skjelettsjukdomar og -plager). Låg D-vitaminstatus er forbunde med høgare dødelegheit (Chowdhury, 2014). I mange tilfelle kan D-vitaminmangel vere ein markør for dårleg helse og ikkje direkte årsak til sjukdom.

For risikogruppa unge jenter, institusjonaliserte eldre samt ikkje-vestlege innvandrarar kan kosttilskot vere nødvendig for å klare å dekkje D-vitaminbehovet. Personar som får lite sol, og/eller som et lite fisk og matvarer tilsett D-vitamin, kan òg ha behov for D-vitamintilskot.

Folat

Tilråding for gravide: Helsedirektoratet tilrår at kvinner som planlegg å bli gravide, eller som kan rekne med å bli gravide, tek eit tilskot på 400 µg folat dagleg. Tilskotet skal takast siste månaden før graviditet og dei første 2–3 månadene i graviditeten (Helsedirektoratet, 2004).

Status: Tal frå Medisinsk fødselsregister viser at berre 27 prosent av norske kvinner tek tilskot av B-vitaminet folat før dei blir gravide.

Konsekvensar av lågt inntak: Folat er eit B-vitamin som er spesielt viktig før og i starten av graviditeten. Tilskot av folat kan førebyggje ryggmargsbrokk og andre liknande alvorlege medfødde misdanningar (De-Regil, 2010).

Kvart år blir om lag 60 kvinner gravide med eit barn som har ryggmargsbrokk eller ein annan alvorleg nevralrøyrsdefekt. Talet kan truleg halverast dersom kvinner tek folattilskot allereie før dei blir gravide, og held fram med det i starten av svangerskapet (FHI, faktaark folat).

Forsking basert på Den norske mor og barn-undersøkinga tyder på at det å ta folattilskot i vekene før og i starten av svangerskapet også kan redusere risikoen for utviklingsforstyrringar hos barna (FHI, faktaark folat).

Jod

Tilrådd dagleg inntak er 150 µg/dag for vaksne (Helsedirektoratet, 2014). Alle som ikkje får i seg mjølkeprodukt og fisk, eller som får i seg lite mjølkeprodukt og fisk i kosthaldet, bør ta tilskot som inneheld jod. Det gjeld spesielt kvinner som planlegg å bli gravide (Brantsaeter, 2013).

Status: Mjølk og mjølkeprodukt er den viktigaste kjelda til jod i det norske kosthaldet, fordi jod som er tilsett i kraftfôr, går over i mjølka (Dahl, 2004). Eit kosthald med fisk 2–3 gonger i veka og dagleg inntak av mjølkeprodukt dekkjer behovet for jod.

I Noreg har ein til no vurdert det slik at eit vanleg kosthald gir nok jod. No ser vi derimot teikn på at vi får i oss mindre jod gjennom kosthaldet enn før, og dette gjeld spesielt unge kvinner.

Konsekvensar av lågt inntak: Jod er eit grunnstoff som er sentralt for at skjoldbruskkjertelen skal fungere normalt. I mange land kan jodmangel vere ei årsak til nedsett mental utvikling hos barn.

Jarn

Tilrådd dagleg inntak av jarn er avhengig av alder og er høgare for kvinner (15 mg/dag) enn menn (9 mg/dag) (Helsedirektoratet, 2014).

Status: 15 prosent av norske kvinner i fertil alder har tomme jarnlager (Borch-Iohnsen, 2005).

Konsekvensar av lågt inntak: Jarn er eit grunnstoff som er spesielt viktig for oksygentransporten i blodet, men har òg ei rekkje andre funksjonar i kroppen. Jarnmangel, eller anemi, er ein tilstand som utgjer eit alvorleg helseproblem i store delar av verda. I utviklingsland kjem jarnmangel hovudsakleg av underernæring, men infeksjonssjukdomar, spesielt HIV-infeksjon og gastrointestinale infeksjonar, og mange barnefødslar kan føre til store jarntap. I industrialiserte land er ikkje desse problemstillingane særleg aktuelle. Likevel kan spesielt yngre kvinner ha låg jarnstatus, fordi dei får i seg lite jarn og mister blod ved menstruasjon.  

Kvinner med store menstruasjonsblødingar, gravide og ammande kan vere utsette for jarnmangelanemi, men òg små barn og eldre som får i seg lite kaloriar, vegetarianarar samt personar med einsidig kosthald eller personar som slankar seg, står i faresona for å utvikle alvorleg jarnmangel.

Treng vi andre typar kosttilskot?

Andre typar kosttilskot er produkt som blir hevda å verke slankande eller å bidra til auka muskelmasse og prestasjonsevne. Det finst derimot ingen vitskapelege haldepunkt for at slike kosttilskot verkar slik det blir hevda, eller at det å få i seg næringsstoff frå kosttilskot over lang tid reduserer risikoen for sjukdomar som hjarte- og karsjukdomar og kreft. Tvert imot er det funne at høgt inntak av tilskot kan gi helseskader (Helsedirektoratet, 2014). Norske styresmakter åtvarar spesielt mot å kjøpe kosttilskot via Internett (Statens legemiddelverk, 2014).

Miljøgifter

I dag blir barn fødde med fleire hundre framandstoff i blodet som dei får overført frå mora under svangerskapet. Via morsmjølka blir barn ytterlegare eksponerte for miljøgifter.

Sjølv om nivåa er låge og for mange stoff har gått ned dei siste tiåra, dukkar det stadig opp nye stoff som vi ikkje veit korleis verkar inn på helsa (Meltzer, 2013).

Befolkningsstudiar i Noreg har vist at grupper i befolkninga som et utsette matvarer, for eksempel fiskelever og måkeegg, har høgare risiko for å få i seg for mykje av desse stoffa (Birgisdottir, 2012).

Dersom vi skal få betre oversikt over befolkninga si helse, føreset det at vi kjenner til kva slags helseskadelege sambindingar som finst i miljøet, og i kva grad menneske blir eller kan bli eksponerte for dei. Folkehelseinstituttet skal frå 2014 leie eit overvakingsprogram for miljøgifter i den norske befolkninga, der merksemda blir retta spesielt mot miljøgifter vi får i oss gjennom kosthaldet.

Norsk kosthald i eit internasjonalt perspektiv

Tidlegare har det vore vanskeleg å samanlikne kosthald mellom land på grunn av ulike metodar for innhenting av data og liten standardisering. Men i dag er samordninga komme langt innanfor Europa, og ei rekkje samanliknande studiar kjem truleg til å bli publiserte i åra framover.

Så langt har dei viktigaste samanliknande studiane komme frå den store EPIC-studien (the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition), der ti ulike land inngår. Her har ein kunna studere forskjellar i kostmønster mellom europeiske land med same metodikk. Dette er det ein har sett:

  • Dei skandinaviske landa skil seg frå land lengre sør i Europa ved at vi har eit mykje høgare konsum av kaffi og margarin.
  • Det norske kosthaldet utmerkjer seg ved at vi får i oss mykje leskedrikkar, poteter og fisk, særleg mager fisk og fiskeprodukt, og ved at det har blant dei lågaste inntaka av frukt, grønsaker, vegetabilske oljer og belgvekstar (Freisling, 2010; Slimani, 2002).

Dei fleste publikasjonane som samanliknar kosthaldet i landa innanfor EPIC, er derimot over ti år gamle, og dei norske dataa omfattar berre kvinner. Det skjer endringar i kosthaldet heile tida, og som omtala i tidlegare avsnitt har det norske konsumet av sukra leskedrikkar gått kraftig ned dei siste åra, mens forbruket av for eksempel vegetabilske oljer har auka.

  • I framtidige samanliknande studiar kjem vi med høgt sannsyn til å finne mindre forskjellar mellom europeiske land enn for berre nokre tiår sidan.  

Utfordringar

Kosthaldet er viktig for å førebyggje fleire kroniske sjukdomar. Vi treng både systematiske tiltak retta mot heile befolkninga, tiltak retta mot spesielle grupper samt individuelle tiltak for at befolkninga skal kunne sikrast eit balansert kosthald utan ernæringsmessige manglar.

Vi må overvake mengda helseskadelege miljøstoff i matvarene, slik at det kan utformast råd også på dette området.

Referanser

Birgisdottir, B. E., Brantsaeter, A. L., Kvalem, H. E., Knutsen, H. K., Haugen et al. (2012). Fish liver and seagull eggs, vitamin D-rich foods with a shadow: results from the Norwegian Fish and Game Study. Mol Nutr Food Res, 56(3), 388-398. Doi: 10.1002/mnfr.201100395

Borch-Iohnsen, B., Sandstad, B., & Åsberg, A. (2005). Iron status among 3005 women aged 20-55 years in Central Norway: the Nord-Trondelag Health Study (the HUNT Study). Scand.J.Clin.Lab.Invest., 65(1), 45-54.

Brantsaeter, A. L., Abel, M. H., Haugen, M., & Meltzer, H. M. (2013). Risk of suboptimal iodine intake in pregnant Norwegian women. Nutrients, 5(2), 424-440. Doi: 10.3390/nu5020424

Chowdhury, R., Kunutsor, S., Vitezova, A., Oliver-Williams, C., Chowdhury, S. et al. (2014). Vitamin D and risk of cause specific death: systematic review and meta-analysis of observational cohort and randomised intervention studies. BMJ, 348, g1903. Doi: 10.1136/bmj.g1903

Dahl, L., Johansson, L., Julshamn, K., & Meltzer, H. M. (2004). The iodine content of Norwegian foods and diets. Public Health Nutr, 7(4), 569-576.

De-Regil, L. M., Fernandez-Gaxiola, A. C., Dowswell, T., & Pena-Rosas, J. P. (2010). Effects and safety of periconceptional folate supplementation for preventing birth defects. Cochrane Database Syst Rev(10), Cd007950. Doi: 10.1002/14651858.CD007950.pub2

Englund-Ogge, L., Brantsaeter, A. L., Haugen, M., Sengpiel, V., Khatibi, A. et al. (2012). Association between intake of artificially sweetened and sugar-sweetened beverages and preterm delivery: a large prospective cohort study. Am J Clin Nutr, 96(3), 552-559. Doi: 10.3945/ajcn.111.031567

Freisling, H., Fahey, M. T., Moskal, A., Ocke, M. C., Ferrari, P. et al. (2010). Region-specific nutrient intake patterns exhibit a geographical gradient within and between European countries. J Nutr, 140(7), 1280-1286. Doi: 10.3945/jn.110.121152

Fund/, W. C. R., & Research, A. I. f. C. (2007). Food, Nutrition, Physical Activity, and the Prevention of Cancer: a Global Perspective. Washington DC: AICR.

Helsedirektoratet. (2004). Folat. Oslo, Norge: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet. (2012). Norkost 3. En landsomfattende kostholdsundersøkelse blant menn og kvinner i Norge i alderen 18 - 70 år, 2010-11. Oslo: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet. (2013). Utviklingen i norsk kosthold. Oslo: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet. (2014). Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet. Oslo, Norge: Helsedirektoratet.

Holvik, K., L. Brunvand, M. Brustad & H. E. Meyer. (2008). Vitamin D status in the Norwegian population. Oslo, Norway: The Norwegian Academy of Science and Letters.

Kjollesdal, M. R., Holmboe-Ottesen, G., Mosdol, A., & Wandel, M. (2010). The relative importance of socioeconomic indicators in explaining differences in BMI and waist:hip ratio, and the mediating effect of work control, dietary patterns and physical activity. Br J Nutr, 104(8), 1230-1240. Doi: 10.1017/s0007114510001868

Meltzer, H. M., Brandtzæg, P., Knutsen, H. K., Løland, B. F., Odland, J. O. et al. (2013). Benefit and risk assessment of breastmilk for infant health in Norway - opinion of the Steering Committee of the Norwegian Scientific Committee for Food Safety Vitenskapskomiteen for mattrygghet, 299.

Meltzer, H. M., Meyer, H. E., & Klepp, K.-I. (2004). Fra hypotese til kostråd - veier, snarveier og blindveier. Tidsskr Nor Lægeforen, 124(9), 30-32.

Nordisk ministerråd (2012). Nordic Nutrition Recommendations. København, Denmark.

Slimani, N., Fahey, M., Welch, A. A., Wirfalt, E., Stripp, C. et al. (2002). Diversity of dietary patterns observed in the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC) project. Public Health Nutr., 5(6B), 1311-1328.

Statens legemiddelverk. (2014). Kjøp av medisiner på internett. Tilgjengelig på Legemiddelverket.no 

Totland, T. H., Lien, N., Bergh, I. H., Bjelland, M., Gebremariam, M. K. et al. (2013). The relationship between parental education and adolescents' soft drink intake from the age of 11-13 years, and possible mediating effects of availability and accessibility. Br J Nutr, 110(5), 926-933. Doi: 10.1017/s0007114512005946

von Ruesten, A., Brantsaeter, A. L., Haugen, M., Meltzer, H. M., Mehlig et al. (2014). Adherence of pregnant women to Nordic dietary guidelines in relation to postpartum weight retention: results from the Norwegian Mother and Child Cohort Study. BMC Public Health, 14(1), 75. doi: 10.1186/1471-2458-14-75

WHO. (2003). Diet, nutrition and the prevention of chronic diseases. Geneva.

Relaterte saker

Relaterte dokumenter