Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Klimaendringar og helse

Kapittelet beskriv korleis klimaendringar kan påverke helsetilstanden i Noreg. Det kan skje direkte ved meir ekstremvêr og aukande temperaturar og indirekte ved for eksempel auka utbreiing av skadedyr og insekt og lengre pollensesongar.

Hopp til innhold

Hovedpunkt

  • Klimaendringar i form av temperaturauke og forureiningar påverkar helsa vår både direkte og indirekte.
  • I Noreg kan temperaturauke påverke utbreiinga av flåttborne sjukdomar.
  • Endringar i utbreiinga av pollenproduserande plantar kan påverke førekomsten av pollenallergi.
  • Når polisen smeltar, kan det frigjere miljøgifter og auke mengda miljøgifter i fisk og skaldyr.
  • Klimaendringane bidreg til auka sjukdomsbyrde på global basis.

Om klimaendringar

Klimaendringar kan gi auka temperatur og auka luftforureining. Klimaendringane har stor innverknad på helse og trivsel. Helsa kan påverkast både direkte og indirekte.

I den nyaste rapporten beskriv Intergovernmental Panel on Climate Change korleis endringar i klima fortset å utvikle seg (IPCC, 2014). Temperaturen globalt har auka omtrent i takt med CO2-konsentrasjonen og enkelte andre gassar i atmosfæren, og ein reknar med at han vil auke i kommande tiår dersom ikkje utsleppa blir reduserte. Nokre område på kloden kan bli ubebuelege.

Klimaendringar og direkte følger for folkehelsa

Klimaendringar kan påverke helsa direkte gjennom auka dødelegheit, skader, sjukdomar og helseplager som følge av:

  • hetebølgjer
  • tørkeperiodar
  • ekstremvêr

Den observerte auka av naturkatastrofar, for eksempel ekstremvêr i samband med auka temperaturar, er i tråd med modellane til forskarane (IPCC, 2014). Det er forventa at effektane blir forsterka når temperaturen stig ytterlegare.

Befolkningsendringar

Som følge av at nokre område kan bli ubebuelege, kan ein vente auka migrasjon av befolkningsgruppene. Vi reknar med at dette får liten innverknad på Noreg (NOU 2010:10  kap. 11.3.2 Migrasjon).

Indirekte effektar av klimaendringar

I Noreg kan klimaendringar:

  • Endre vilkåra for skadedyr som flått, som igjen kan auke førekomsten av flåttborne sjukdomar, sjå nedanfor
  • Påverke utbreiinga av eksisterande og nye pollenproduserande planter, som kan auke førekomsten av pollenallergi, sjå nedanfor.

Klimaendringane kan også auke førekomsten av infeksjonar og gjennom meir ekstremvêr forverre vilkåra for matproduksjonen og drikkevassforsyninga.

Flåttborne infeksjonar

I åra framover vil temperaturauke truleg påverke livsvilkåra for flått og dermed auke førekomsten av  sjukdomar som blir overførte av flått.

Noreg utgjer den nordlege utbreiingsgrensa i Europa for flåtten Ixodes ricinus. Nyleg publiserte studiar (Jore, 2011) viser likevel at flått no finst både lengre nord og høgare opp i fjellet enn tidlegare. Dette betyr auka fare for smitte og sjukdom hos menneske og dyr i nye område av landet. 

Borreliose: Kvart år blir det meldt mellom 250 og 300 tilfelle av Lyme borreliose i Noreg, sjå tabell 1. Sjukdomen er vanlegast i kystområda på begge sider av Ytre Oslofjord, Telemark, Agderfylka og Vestlandet. Lyme borreliose er ein bakteriesjukdom som kan gi langvarige og alvorlege nevrologiske plager. Sjukdomen kan behandlast med antibiotika. Det finst ingen vaksine.

Skogflåttencefalitt har sidan 1998 etablert seg i kystområda i Agderfylka, Telemark, Vestfold og Østfold. Kvart år blir det meldt om 6–14 tilfelle av skogflåttencefalitt, sjå tabell 1 (MSIS, 2014). Skogflåttencefalitt er ein virussjukdom som kan gi infeksjon i sentralnervesystemet. Ein kan ta ein vaksine som kan førebygge sjukdomen.

Tabell 1. Meldte tilfelle av flåttborne infeksjonar i Noreg, 2008–2013. Kjelde: MSIS

Diagnose

2008

2009

2010

2011

2012

2013

IR 2013*

Smitta i Noreg 2013

Lyme borreliose

346

273

288

247

256

315

6,2

78 %

Skogflåttencefalitt (TBE)

11

10

11

14

7

6

0,1

83 %

 *IR = Insidensrate; talet op tilfelle per 100 000 innbyggarar.

Andre infeksjonar som blir overførte via insekt

Ved klimaendringar kan også nye insektoverførte sjukdomar etablerast i Noreg.

  • Vestnilfeber blir overført av mygg som finst i Noreg, men med dagens klima klarer ikkje viruset å modnast lenger nord enn Mellom-Europa.
  • Asiatisk tigermygg spreier seg raskt i Europa. Med dei forventa klimaendringane kan myggen etablere seg i kystområde i Sør-Noreg. Han kan spreie ei rekke ulike virus, blant anna sjukdomane denguefeber og chikungunyafeber.
  • Sandfluger, som kan spreie leishmaniose.
  • Dagens klima gjer at også malaria kan etablere seg på våre breiddegradar.  Dagens helsetilbod er likevel tilstrekkeleg til å halde befolkninga fri for smitte.

Vatn- og matborne infeksjonar

Andre infeksjonssjukdommar vil truleg ikkje auke, kanskje med unntak av visse mage- og tarmsjukdomar som salmonellose og campylobacteriose, for eksempel som følge av varmare somrar med meir utegrilling. Bakteriane blir overførte når steikt kjøtt blir lagt tilbake på same tallerken som det rå stykket kom frå. Sjå kapittel om mat- og vannborne sjukdomar.

Pollenallergi

Temperaturauke vil endre vekstvilkåra for pollenproduserande tre og planter. Dette kan føre til at pollensesongen blir forlenga og at planter etablerer seg i område der dei ikkje veks i dag. Ein reknar derfor med at klimaendringar vil gi auka førekomst av kjente pollenallergiar.

Nye planteartar kan også føre til endringar i pollentypar og dermed også endringar i førekomsten av "nye" allergiar. Forureiningar kan i tillegg forsterke allergiplager (Eriksson, 2004; Madsen, 2005; Signs of climate change in Nordic Nature, 2009; D’Amato, 2013).

Pollenallergi inneber både høysnue og pollenrelatert matallergi (såkalla kryssreaksjonar). Kryssreaksjoner kjem av at allergena i pollen liknar på proteina i maten.

Les meir i kapittel om luftforureining og kapittel om astma og allergi.

webfigur - Klimasoner 1961-1990 og 2071 – 2100. Metrologisk institutt
webfigur - Klimasoner 1961-1990 og 2071 – 2100. Metrologisk institutt

Kartet til venstre viser lengda på vekstsesongen i perioden 1961-90. Utbreiinga til flåtten i dag samsvarar med ein vekstsesong på 176-180 døger, markert på kartet med oransje til raud farge.
I modellen Hadley A2 er vekstsesongen framskriven til 2071-2100. Ifølgje desse berekningane vil stort sett alle låglandsområda i Noreg ha ein vekstsesong på 176 - 180 døger i 2071-2100. unntaket er områda lengst i nord. Kartet er produsert av Meteorologisk institutt, Oslo. Klikk på kart for større versjon. Klima og Helse - Figur 1

Auka luftforureining

Komponentar i luftforureininga som ozon og sotpartiklar bidreg til klimaendringar, men klimaendringar kan også bidra til auka luftforureining. Klimaendringar kan for eksempel gi høgare nivå av ozon, som i sin tur kan gi forverring av sjukdom (luftveis- og hjertekarlidingar) og auka førekomst av for tidleg død i befolkninga. Luftforureiningar kan utløyse astmaanfall og forsterke kroppens reaksjonar på luftvegsallergen hos personar som allereie har astma eller høysnue (rhinitt).

Frigjering av miljøgifter

Med auka nedsmelting i Arktis ventar ein å få auka frigjering av miljøgifter, som igjen vil kunne føre til auka forureining av fisk og skaldyr. Auka inntak av miljøgifter via matvarer kan auke belastninga av slike stoff i befolkninga, og det kan gi auka førekomst av sjukdom. 

Førebygging og overvaking

Prognosar for utslepp av klimagassar gjer det lite truleg at vi kan nå målet om ei begrensa temperaturauke på 2 gradar. Den viktigaste utfordringa er å få til globale kutt i utslepp av klimagassar. 

Ein kan førebygge og lindre helseplager og sjukdom gjennom overvaking og varsling/informasjon til befolkninga:

  • Ozonnivåa blir overvaka på ei rekke stasjonar i forskjellige delar av landet. Når nivåa overskrid visse grenser, skal befolkninga informerast/varslast.
  • Folkehelseinstituttet overvaker flåttførekomst og flåttborne infeksjonar, samt førekomsten av andre infeksjonar.
  • Eit matallergiregister registrerer førekomsten av alvorlege allergiar.
  • Førekomsten av miljøgifter i befolkninga blir følgt gjennom oppbygginga av ein human miljøbiobank.

Referansar

Castello et al, The Lancet 2009;373:1693-1733

D'Amato, G., C. E. Baena-Cagnani, L. Cecchi, I. Annesi-Maesano, C. Nunes, I. Ansotegui, M. D'Amato, G. Liccardi, M. Sofia and W. G. Canonica (2013). Climate change, air pollution and extreme events leading to increasing prevalence of allergic respiratory diseases. Multidisciplinary Respiratory Medicine 8.

Eriksson, N. E., C. Moller, S. Werner, J. Magnusson, U. Bengtsson and M. Zolubas (2004). Self-reported food hypersensitivity in Sweden, Denmark, Estonia, Lithuania, and Russia. J Investig Allergol Clin Immunol 14(1): 70-79

IPCC; Intergovernmental Panel on Climate Change (2014). 5 th Assessment report.

Jore, S., Viljugrein, H., Hofshagen, M., Brun-Hansen, H., Kristoffersen, A.B, Nygard, K., Brun. E, Ottesen, P., Saevik, B.K. & Ytrehus, B. (2011). Multi-source analysis reveals latitudinal and altitudinal shifts in range of Ixodes ricinus at its northern distribution limit. Parasites & Vectors 4:84. http://www.parasitesandvectors.com/content/4/1/84

Madsen, C. (2005). Prevalence of food allergy: an overview. Proc Nutr Soc 64(4): 413-417

MSIS; Meldingssystem for smittsomme sykdommer. Folkehelseinstituttet. Tilgjengelig på www.msis.no

NOU 2010:10 kap. 11.3.2 Migrasjon

Nordic council of ministers. Signs of Climate Change in Nordic Nature, Nordic council of ministers: 48. (2009).

 

 

Relaterte dokumenter