Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Fysisk aktivitet i Noreg

Fysisk aktivitet i Noreg, kvinner og menn, barn og unge. Utvikling over tid og forskjellar mellom grupper i befolkninga. Kva fysisk aktivitet har å seie for helsa, konsekvensar og helserisiko ved inaktivitet.

Hopp til innhold

Hovudpunkt

  • Reduksjonen i fysisk aktivitetsnivå startar allereie tidleg i barneåra.
  • Om lag 90 prosent av seksåringane tilfredsstiller tilrådingane om fysisk aktivitet, men blant vaksne er andelen redusert til om lag 30 prosent.
  • Blant barn er det fleire gutar enn jenter som tilfredsstiller tilrådingane om fysisk aktivitet, mens det blant vaksne er motsett kjønnsforskjell.
  • Vaksne bruker i gjennomsnitt 9 timar per dag på stillesitting.

Om fysisk aktivitet og stillesitting

Fysisk aktivitet er definert som ein kvar kroppsleg bevegelse initiert av skjelettmuskulatur som resulterer i ein auke i energiforbruket utover kvilenivå.

Fysisk aktivitet blir ofte delt inn i lett, moderat og hard intensiv fysisk aktivitet, etter kor stor energiomsetning aktiviteten krev.

Stillesittande åtferd vil vere i den enden av skalaen der ein bruker minst energi (sjå figur 1), og kan definerast som den delen av den vakne tida ein sit eller ligg, og der mesteparten av muskulaturen i kroppen er i kvile.

Fysisk aktivitet er ei kompleks åtferd det er vanskeleg å måle. Vi treng derfor både aktivitetsmålarar og spørjeskjema når vi skal kartleggje fysisk aktivitetsnivå i befolkninga. Aktivitetsmålarar er viktig for å kartleggje mengda fysisk aktivitet og stillesitting, og spørjeskjema gir nyttig informasjon om mellom anna type aktivitet og i kva kontekst aktiviteten blir utøvd.

nerhus
nerhus

Figur 1. Energiforbruket under fysisk aktivitet utgjer eit kontinuum der enkelte aktivitetar krev lite energi, mens andre krev ei mangedobling av energiforbruket.Forholdet mellom energiforbruket under kvile og under fysisk aktivitet kallar vi MET (metabolic equivalent). Kjelde:Nerhus 2011.Trykk på figuren for å sjå ein større versjon.Fysisk aktivitet - Fig1

Fysisk aktivitet i ulike aldersgrupper

Barn og unge

Barn har eit unikt aktivitetsmønster som ofte er kjenneteikna av periodiske og spontane aktivitetar.

Tal frå kartlegginga av fysisk aktivitet blant barn og unge i 2011 inkluderte målingar frå 6-, 9- og 15-åringar. Dette var første gong 6-åringane blei inkluderte. Fysisk aktivitet i denne studien blei registrert med aktivitetsmålarar (Kolle, 2012).

Tabell 1 viser gjennomsnittleg tal på minuttar brukt på inaktivitet, lett, moderat og hard fysisk aktivitet dagleg.

  • Barn: I gjennomsnitt bruker 6-årige jenter og gutar høvesvis 73 og 91 minutt på moderat fysisk aktivitet dagleg, mens 9-årige jenter og gutar i gjennomsnitt bruker 64 og 82 minutt.
  • Unge: 15-årige jenter og gutar er i gjennomsnitt moderat aktive i høvesvis 52 og 60 minutt dagleg.

I alle aldersgruppene bruker gutar meir tid på fysisk aktivitet totalt sett (lett, moderat og hard samanlagt) enn jenter. Innanfor dei ulike aldersgruppene er det elles stor variasjon i gjennomsnittleg tal på minutt brukt på inaktivitet og fysisk aktivitet.

Blant 6-åringane bruker jenter og gutar like mange minutt på hard fysisk aktivitet.

I gjennomsnitt bruker 15-åringane mest tid på inaktivitet målt i tal på minutt per dag.

Tabell 1. Gjennomsnittleg tid brukt på inaktivitet, lett, moderat og hard fysisk aktivitet per dag, fordelt på kjønn og aldersgrupper. SD = standardavvik i parentes. n= antal. Totalt antal 3218 (Kolle, 2012).

 

6-åringar

9-åringar

15-åringar

 

Jenter
n=507

Gutar
n=486

Jenter
n=686

Gutar
n=637

Jenter
n=449

Gutar
n=453

Inaktivitet (min/dag)

392 (48,9)

376 (50,4)

470 (53,8)

450 (59,3)

571 (61,1)

558 (71,3)

Lett FA (min/dag)

247 (34,4)

254 (33,9)

223 (34,6)

225 (34,9)

148 (32,3)

164 (37,9)

Moderat FA (min/dag)

73 (17,4)

91 (21,4)

64 (18,2)

82 (23,3)

52 (18,6)

60 (21,9)

Hard FA (min/dag)

9,7 (7,4)

9,6 (7,5)

7,3 (6,2)

9.3 (8,1)

5,5 (5,7)

8,3 (7,3)

Tilrådingar: Helsedirektoratet tilrår at barn og unge bør delta i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt kvar dag. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitetar med høg intensitet minst tre gonger i veka, inkludert aktivitetar som gir større muskelstyrke og styrkjer skjelettet (Helsedirektoratet, 2014a).

Status for tilrådingane: Om lag 90 prosent av seksåringane, 80 prosent av niåringane og halvparten av 15-åringane oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet. I alle tre aldersgruppene er det fleire gutar enn jenter som oppfyller tilrådingane, sjå figur 2 (Kolle, 2012).

Helsedirektoratet
Helsedirektoratet

Figur 2:Delen av 6-, 9- og 15-åringar som tilfredsstiller tilrådingane om 60 minutt moderat fysisk aktivitet dagleg fordelt på kjønn.Kjelde: Kolle, 2012. Trykk på figuren for å sjå ein større versjon. Fysisk aktivitet - Fig2.

Vaksne

Tilrådingar: Helsedirektoratet tilrår at vaksne er moderat fysisk aktive i minst 150 minutt per veke. Det vil seie å utføre aktivitetar som gir raskare pust enn vanleg, for eksempel ved rask gange. Tilrådinga kan òg oppfyllast med minst 75 minutt aktivitet med høg intensitet per veke, eller ein kombinasjon av moderat og høg intensitet. Det er vidare tilrådd å redusere tida ein bruker i ro, og unngå langvarig stillesitting (Helsedirektoratet, 2014a).

Status for tilrådingane: Om lag 30 prosent av vaksne oppfyller dei nye tilrådingane når fysisk aktivitet er registrert med ein aktivitetsmålar. Denne prosentdelen er lågare enn tal frå studiar som har registrert fysisk aktivitet ved hjelp av spørjeskjema (50 prosent) (Helsedirektoratet, 2014b).

Vaksne bruker i gjennomsnitt ni timar per dag på stillesitting. Menn bruker i snitt meir tid på stillesittande aktivitetar enn kvinner (Anderssen, 2009).

Gravide

Tilrådingar: Friske gravide blir tilrådde å delta i fysisk aktivitet av moderat intensitet i minst 150 minutt i veka dersom dei ikkje var fysisk aktive før svangerskapet. Kvinner som har vore regelmessig fysisk aktive før svangerskapet, bør halde fram med å delta i fysisk aktivitet på omtrent same nivå, eventuelt med tilpassingar (Helsedirektoratet, 2014a).

Status for tilrådingane: Vi manglar tal som viser kor mange gravide kvinner i Noreg som oppfyller dagens tilrådingar om fysisk aktivitet. Ein norsk studie frå 2012 viste at om lag 15 prosent av kvinnene var moderat fysisk aktive i minst 60 minutt i veka i første del av svangerskapet (Gjestland, 2013). Fysisk aktivitet blei her registrert ved hjelp av spørjeskjema, og prosentdelen gravide som oppfylte tilrådingane kan derfor vere endå lågare. Aktivitetsnivået ser òg ut til å minske frå før ein blir gravid og fram til siste delen av svangerskapet (Owe, 2009).

Utvikling over tid

Tal frå både undersøkingar ved hjelp av spørjeskjema og undersøkingar der fysisk aktivitet blir målt ved hjelp av aktivitetsmålarar, viser at

  • vi blir mindre fysisk aktive dess eldre vi blir
  • vi bruker stadig meir tid på stillesittande aktivitetar i bilen, på jobb eller heime framfor ein skjerm (Anderssen, 2009)
  • færre har kroppsarbeid no enn tidlegare (Graff-Iversen, 2001)

Barn: Blant 9- og 15-åringar fann ein inga endring i total fysisk aktivitet frå 2005/2006 til 2011, men 9- og 15-åringar sat meir stille i løpet av dagen i 2011 (Kolle, 2012).

Vaksne: Det finst ikkje gode nok data i dag til å kunne seie noko om utviklinga i fysisk aktivitet og stillesitting blant vaksne over tid. Ei ny landsomfattande kartlegging av fysisk aktivitetsnivå blant vaksne og eldre er sett i gang, og denne kan gi oss viktig informasjon om utviklinga i fysisk aktivitetsnivå blant vaksne. Gravide inngår ikkje i denne kartlegginga, og vi manglar data for å kunne seie om gravide kvinner er meir eller mindre aktive no enn tidlegare, eller om aktivitetsmønsteret hos gravide har endra seg dei seinare åra.

Forskjellar i befolkninga

Aldersforskjellar

Blant vaksne er 30-åringane minst aktive og 60-åringane mest aktive. Både kvinner og menn reduserer aktivitetsnivået etter 70-årsalderen, og for kvinner er denne reduksjonen spesielt tydeleg etter fylte 75 år (Anderssen, 2009).

Sjå over for å finne forskjellar mellom barn i ulike aldrar.

Kjønnsforskjellar

Hos barn er gutane meir fysisk aktive enn jentene. Dette går fram av figur 2, som viser prosentdelen gutar og jenter som oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet (Kolle, 2012). Kjønnsforskjellen i gjennomsnittleg aktivitetsnivå er størst blant 9-åringane (20 prosent) og minst blant 6-åringane (12 prosent).

Fleire kvinner (35 prosent) enn menn (28 prosent) i alderen 20–64 år oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet, men kjønnsforskjellen er nesten viska ut blant eldre over 65 år (28 og 29 prosent) (Helsedirektoratet, 2014b).

Geografiske forskjellar

Tal frå 2008 viste at den vaksne delen av befolkninga i Nord-Noreg har lågare totalt aktivitetsnivå enn vaksne i Trøndelag og på Aust- og Vestlandet (Anderssen, 2009).

Sosioøkonomiske forskjellar

Vaksne med minst 4 års høgskule- eller universitetsutdanning har eit høgare gjennomsnittleg aktivitetsnivå enn personar med berre grunnskuleutdanning. Samtidig bruker personar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning mindre tid på inaktivitet samanlikna med personar som har minst 4 års utdanning ved høgskule eller universitet.

Etniske forskjellar

Barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn er mindre fysisk aktive enn barn med vestleg bakgrunn. Det er derimot ingen forskjell i tal på skritt per dag mellom vestlege og ikkje-vestlege barn og unge, viser tal frå 2011 (Kolle, 2012).

Ettersom vi manglar data, kan vi ikkje seie noko om korleis fysisk aktivitet hos vaksne varierer med etnisk bakgrunn.

Internasjonal samanlikning

Barn:

  • Norske 9-åringar er noko meir aktive enn barn på same alder i Europa og USA.
  • Norske 15-åringar har eit aktivitetsnivå tilsvarande det ein ser hos jamaldrande europearar, og noko høgare enn 12–19-åringar i USA (Kolle, 2012). 

Vaksne:

  • Norske kvinner og menn i alderen 20 til 69 år har tilnærma same fysisk aktivitetsnivå som svenske menn og kvinner (Anderssen, 2009).
  • Amerikanske menn i alderen 20 til 50 år har eit høgare gjennomsnittleg aktivitetsnivå enn norske menn på same alder. Frå 60-årsalderen er norske menn derimot meir aktive enn dei amerikanske.
  • Norske kvinner har eit høgare aktivitetsnivå enn amerikanske, og forskjellen aukar med alderen.

Kva fysisk aktivitet har å seie for folkehelsa

Både mengda fysisk aktivitet og mengda stillesitting verkar inn på helsa.

Det er i dag godt dokumentert at fysisk aktivitet fremjar helse, gir overskot og kan brukast til førebygging og behandling av over 30 ulike diagnosar og tilstandar (Bahr, 2009).

Helsegevinstar ved tilstrekkeleg aktivitet

Helsegevinstane ved å vere i regelmessig fysisk aktivitet gjeld for alle aldersgrupper.

  • Fysisk aktivitet gir fleire leveår med god helse (kvalitetsjusterte leveår), både lengre levetid og auka livskvalitet, samanlikna med inaktivitet. Dersom vi aukar aktivitetsnivået utover tilrådingane, kan det gi oss endå fleire kvalitetsjusterte leveår (Helsedirektoratet, 2014c).
  • Mindre total tid med inaktiv åtferd og hyppige, korte bolkar med ståing, samt fysisk aktivitet mellom inaktive periodar, gir helsegevinst. Dette gjeld òg for personar som allereie er fysisk aktive.

Fysisk aktivitet nødvendig for at barn skal vekse og utvikle seg

Regelmessig fysisk aktivitet er nødvendig for å oppnå normal vekst og utvikling, og for å kunne utvikle motorisk kompetanse, muskelstyrke og kondisjon.

For barn er det vist at TV-titting før fylte 3 år kan vere negativt for merksemda, språkutviklinga og den kognitive utviklinga til barna ved skulestart (Tremblay, 2010).

Fysisk aktivitet i barneåra positivt for helsa i vaksen alder

Fysisk aktivitet er viktig for yteevna og helsa i unge år og seinare.

Fleire studiar har vist at regelmessig fysisk aktivitet i barneåra er viktig for om ein blir regelmessig fysisk aktiv som vaksen, sjølv om aktivitetsnivået varierer noko frå barn til ungdom og frå ungdom til vaksen (Telema, 2009).

Konsekvensar og helserisiko ved inaktivitet

Fysisk inaktivitet er ein sjølvstendig risikofaktor for å få dårleg helse. Verdas helseorganisasjon (WHO) har slege fast at fysisk inaktivitet (her definert som å ikkje oppfylle dagens tilrådingar for fysisk aktivitet) er den fjerde største risikofaktoren for ikkje-smittsame sjukdomar, og at inaktivitet er ein større risikofaktor enn høgt blodtrykk og høgt blodsukker (Lee, 2012).

Lengre periodar med inaktivitet eller stillesitting er sterkt knytte til dette:

  • fedme
  • diabetes
  • metabolsk syndrom
  • enkelte former for kreft
  • hjarte- og karsjukdomar
  • tidleg død

Det er òg vist at det er ein samanheng mellom stillesitting og funksjonsnedsetting hos heimebuande over 60 år (Dunlop, 2014).

Tal frå Helseundersøkelsene i Nord-Trøndelag (HUNT) har vist at total tid brukt på stillesittande aktivitetar er knytt til høgare dødelegheit av alle dødsårsaker og dødelegheit som kjem av hjarte- og lungesjukdomar (Chau, 2012).

Det er urovekkjande at ein stor del av befolkninga i dag, uavhengig av alder, er i ro store delar av dagen og ikkje bruker tilstrekkeleg med tid på fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet må aukast for å redusere stillesittinga, noko som vil vere svært viktig for folkehelsa generelt.

Risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom minskar med aukande fysisk aktivitet. Sjølv dei som ikkje oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet, men som er noko aktive, har ein redusert risiko samanlikna med dei som er heilt inaktive (Sattelmair, 2011).

Dersom vi får jamna ut forskjellane med omsyn til prosentdelen som er fysisk aktive, kan det truleg òg bidra til å jamne ut sosiale forskjellar når det gjeld livsstilssjukdomar som kan tilskrivast manglande fysisk aktivitet.

Utfordringar når det gjeld å fremje fysisk aktivitet

Det er viktig å leggje til rette for meir fysisk aktivitet og mindre stillesitting. Gode aktivitetsvanar som varer, tileigner vi oss i barneåra, og barn er derfor ei viktig målgruppe.

Det finst i dag mykje kunnskap om helseeffektane av fysisk aktivitet for alle aldersgrupper og kjønn. Vi har mindre kunnskap om korleis vi bør gå fram for å auke aktivitetslysta og aktivitetsnivået, spesielt hos dei som er inaktive eller ikkje tilstrekkeleg fysisk aktive.

Ein rapport frå Kunnskapssenteret viser at både befolkningsretta og individretta tiltak kan auke det fysiske aktivitetsnivået. Eksempel på befolkningsretta tiltak er tiltak som gjer det enklare for alle å vere fysisk aktive, for eksempel å ta trappa i staden for heisen eller rulletrappa. Eksempel på individretta tiltak er rådgiving, trening og andre tiltak som er retta mot enkeltpersonar (Denison, 2010).

Referansar

Anderssen, S. Fysisk aktivitet blant voksne og eldre i Norge: resultater fra en kartlegging i 2008 og 2009. IS-2183. Oslo, Helsedirektoratet. (2009).

Bahr, R. (red). Aktivitetshåndboken: fysisk aktivitet i forebygging og behandling. Oslo, Helsedirektoratet. (2009).

Chau, J. Y., A. Grunseit, K. Midthjell, J. Holmen, T. L. Holmen, A. E. Bauman and H. P. Van der Ploeg (2013). Sedentary behaviour and risk of mortality from all-causes and cardiometabolic diseases in adults: evidence from the HUNT3 population cohort. Br J Sports Med.

Denison, E. Effekter av tiltak utenfor helsetjenesten for å øke fysisk aktivitet hos voksne: systematisk kunnskapsoversikt. Oslo, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten. 19-2010: 68 s. : digital, PDF-fil. (2010).

Dunlop, D., J. Song, E. Arnston, P. Semanik, J. Lee, R. Chang and J. M. Hootman (2014). Sedentary Time in U.S. Older Adults Associated With Disability in Activities of Daily Living Independent of Physical Activity. J Phys Act Health. DOI: http://dx.doi.org/10.1123/jpah.2013-0311.

Gjestland, K., K. Bo, K. M. Owe and M. Eberhard-Gran (2013). Do pregnant women follow exercise guidelines? Prevalence data among 3482 women, and prediction of low-back pain, pelvic girdle pain and depression. Br J Sports Med 47(8): 515-520.

Graff-Iversen, S., S. Skurtveit, A. Nybo and G. B. Ross (2001). [Trends when it comes to occupational physical activity among Norwegians aged 40-42 years during the period 1974-94]. Tidsskr Nor Laegeforen 121(22): 2584-2588.

Helsedirektoratet. Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet. Oslo, Helsedirektoratet. (2014 a).

Helsedirektoratet. Fysisk aktivitetsnivå blant voksne og eldre i Norge. Oppdaterte analyser basert på nye nasjonale anbefalinger i 2014. Oslo, Helsedirektoratet (2014 b) IS-2183.

Helsedirektoratet. Kunnskapsgrunnlag fysisk aktivitet: innspill til departementets videre arbeid for økt fysisk aktivitet og redusert inaktivitet i befolkningen. Oslo, Helsedirektoratet. (2014 c).

Kolle, E. Fysisk aktivitet blant 6-, 9- og 15-åringer i Norge: resultater fra en kartlegging i 2011. Oslo, Helsedirektoratet. (2012).

Lee, I. M., E. J. Shiroma, F. Lobelo, P. Puska, S. N. Blair and P. T. Katzmarzyk (2012). Effect of physical inactivity on major non-communicable diseases worldwide: an analysis of burden of disease and life expectancy. Lancet 380(9838): 219-229.

Nerhus, K. A. (2011). Sentrale begreper relatert til fysisk aktivitet : forslag til bruk og forståelse  Norsk epidemiol 20(2): 149-152

Owe, K. M., W. Nystad and K. Bo (2009). Correlates of regular exercise during pregnancy: the Norwegian Mother and Child Cohort Study. Scand J Med Sci Sports 19(5): 637-645.

Sattelmair, J., J. Pertman, E. L. Ding, H. W. Kohl, W. Haskell and I. M. Lee (2011). Dose Response Between Physical Activity and Risk of Coronary Heart Disease A Meta-Analysis. Circulation 124(7): 789-U784.

Sosial- og helsedirektoratet. Fysisk aktivitet og helse: anbefalinger. Oslo, Sosial- og helsedirektoratet: 80 s. : diagr. (2002).

Telama, R. (2009). Tracking of physical activity from childhood to adulthood: a review. Obes Facts 2(3): 187-195.

Tremblay, M. S., R. C. Colley, T. J. Saunders, G. N. Healy and N. Owen (2010). Physiological and health implications of a sedentary lifestyle. Appl Physiol Nutr Metab 35(6): 725-740.

Relaterte dokumenter