Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Drikkevatn i Noreg

Vassforsyninga har blitt kraftig forbetra dei siste tiåra. Men framleis er det fare for at vatnet kan bli forureina før det når forbrukaren. Utskiftinga av gamle rør går seint.

Illustrasjon
Èin av ti får vatn frå private brønnar og andre små anlegg. Ni av ti får drikkevatn frå vassverk som tek regelmessige prøvar, blant anna for E. coli-bakteriar. Men dersom vassleidningen er i dårleg stand, kan drikkevatnet bli forureina på vegen fram til forbrukar. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet

Hopp til innhold

Hovudpunkt

  • Talet på vassverk som leverer tilfredsstillande drikkevatn, har blitt kraftig forbetra dei siste 20 åra.
  • Cirka 90 prosent av befolkninga (4,6 millionar) får vatn frå vassverk som er godkjenningspliktige, og som er registrerte i Vassverksregisteret ved Folkehelseinstituttet
  • Vi har mangelfulle opplysningar om private brønnar og andre små ikkje-godkjenningspliktige anlegg. Desse leverer vatn til om lag 525 000 innbyggjarar.
  • I 2016 var det 3800 lekkasje-reparasjonar på drikkevassleidningar. Slike brot aukar risikoen for mage- og tarmsjukdom.
  • Problemet med forureina drikkevatn kjem truleg til å auke i åra framover dersom ikkje gamle leidningar blir reparert eller skifta ut raskare enn no.

Vassverka i Norge - status og utvikling

Noreg har god tilgang på gode vasskjelder som kan vernast mot forureining. Nivået av miljøgifter, plantevernmiddel, tungmetall og andre uønskte stoff i vasskjeldene er lågt. 

Vi har to grupper vassverk:

1. Vassverk som forsyner minst 50 personar

Desse vassverka skal godkjennast av Mattilsynet. Vassverka kan vere kommunale, interkommunale eller private. Totalt har vi registrert 1500 slike anlegg i landet, og det er desse som er omfatta av vassverksstatistikken (FHI, 2016a). Rapportane viser at dei i all hovudsak leverer vatn med god kvalitet.

Mattilsynet samlar inn årlege vassverksdata via skjematenesta MATS. Opplysningane om dei godkjenningspliktige vassverka blir overført til vassverksregisteret i Folkehelseinstituttet, der opplysningane vert lagra.

2. Mindre vassverk og enkeltforsyningar som leverer drikkevatn til færre enn 50 personar

Desse vassverka skal ikkje godkjennast. Til saman leverer slike små vassverk vatn til cirka  525 000 personar (vel 10 prosent av befolkninga). Vi har ikkje oversikt over kvaliteten på desse vassverka.

9 av 10 får vatn frå godkjenningspliktige vassverk

I 2014 fekk 90 prosent av innbyggjarane i Noreg (tilsvarande 4,6 millionar personar) drikkevatn frå eit av dei 1500 godkjenningspliktige vassverka (FHI, 2016a). Blant desse anlegga var 10 prosent av leveransane frå grunnvasskjelder og 90 prosent av leveransane frå innsjøar, tjern, elvar og bekkar.

Grunnvatn kan i visse høve vere hygienisk trygt i seg sjølv, men vatn frå overflatevasskjelder må alltid  desinfiserast. Per 2015 var det berre 2000 personar i Noreg som fekk ikkje-desinfisert vatn frå overflatevasskjelder, frå i alt cirka 15 godkjenningspliktige vassverk. Sjå Figur 1. 

Betring dei siste 20-30 åra

Vassbehandlingsanlegga i Noreg har blitt mykje betre dei siste 20-30 åra. Spesielt i perioden 1995–2001 såg vi effektane av det statlege programmet for vassforsyning. Gjennom dette programmet vart det mellom anna gitt økonomisk tilskot til utbetring  av vassverk.

I starten av programmet var det om lag 1000 vassverk som ikkje oppfylte krava i den gjeldande drikkevassforskrifta (Sosial- og helsedepartementet, Forskrift om vannforsyning og drikkevann m.m., Nr 68 I-9/95). Desse vassverka forsynte 1,3 millionar menneske i Noreg. I løpet av seks år blei vassforsyninga frå 350 vassverk, tilsvarande 800 000 menneske, utbetra.

Figur 1 viser at talet på vassverk som distribuerer udesinfisert overflatevatn, har blitt kraftig redusert sidan 1994. Nedgangen var spesielt stor fram til og med 2001. Også i åra etter har det skjedd ein jamn nedgang i talet på vassverk som ikkje desinfiserer vatnet. 

FHR_figur1_drikkevatn.jpg

Figur 1: Trend – tal på vassverk/personar forsynt med udesinfisert overflatevatn i perioden 1994–2015. Figuren gjeld godkjenningspliktige vassverk. I tillegg får om lag 10 prosent av befolkninga vatn med ukjend kvalitet frå ikkje-godkjenningspliktige vassverk. Datakjelde: Folkehelseinstituttet (FHI, 2014, 2016a).  

Mange gamle vassleidningar

Sjølv om vassbehandlingsanlegga har blitt mykje betre, har leidningsnettet framleis store svakheiter. Om lag ein femtedel av leidningsnettet vart bygd i gjenreisingstida etter andre verdskrig. Erfaringar frå kommunane tyder på at leidningar som vart lagt i denne perioden, har fleire leidningsbrot enn leidningar lagt i andre periodar.

  • I 2016 blei det rapportert om lag 3800 lekkasje-reparasjonar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB, 2016).
  • Andelen leidningar som har blitt skifta ut, er både i noverande og førre treårsperiode om lag 0,7 prosent for landet totalt sett, men det kan vere store variasjonar frå kommune til kommune.
  • Med noverande utskiftingstakt er det estimert at det kjem til å ta cirka 145 år før heile leidningsnettet er utbetra og har tilfredsstillande kvalitet.

Fylkesforskjellar

I Norge måler vi kvaliteten på drikkevatn (frå godkjenningspliktige vassverk) ved å sjå på om innbyggarane i kommunen får vatn frå eit vassverk som leverer trygt drikkevatn. Indikatorar på trygt drikkevatn er førekomsten av E.coli-bakteriar i vatnet og leveringsstabiliteten.

Drikkevassforsyninga blir vurdert som «god» dersom det ikkje er påvist E.coli-bakteriar i drikkevatnet i minst 95 prosent av 12 eller fleire prøver, og at det årleg er mindre enn 30 minuttar ikkje-planlagde avbrot i vassforsyninga.

Det er forskjell mellom fylka når det gjeld  kvaliteten på norsk vassforsyning.

Figur 2 viser ein geografisk oversikt over andelen av befolkninga i fylka som har god drikkevassforsyning. Det betyr at dei får drikkevatn av god  hygienisk kvalitet frå eit godkjenningspliktig vassverk, og at leveringsstabiliteten er god. Figuren viser også andelen av befolkninga som får vatn frå slike vassverk.

Ifølgje desse kriteria, har meir enn 92 prosent av befolkninga i Noreg god vassforsyning. 

Diagram
Folkehelseinstituttet

Figur 2: Andelen av befolkninga som får vatn frå godkjenningspliktige vassverk (grøn farge) og andelen som har god drikkevassforsyning gjennom eit slikt vassverk (gul farge). «God drikkevassforsyning» betyr at drikkevatnet er levert av eit godkjenningspliktig vassverk som leverer vatn av god hygienisk kvalitet, og at leveringsstabiliteten er god. Kjelde: Folkehelseinstituttet, Kommunehelsa statistikkbank.

Oslo, Telemark og Aust-Agder er dei fylka der høgast andel av befolkninga har «god drikkevassforsyning».

Oppland og Sogn og Fjordane er dei fylka der den største andelen av befolkninga får drikkevatn frå små, ikkje-godkjenningspliktige vassverk eller frå brønnar og andre enkeltvassforsyningar. I Kommunehelsa statistikkbank finn du tal for din kommune, Vel indikatoren Drikkevannsforsyning under Miljø i venstre meny:

Statistikkbanker

Bakterieforureina drikkevatn kan gi mage- og tarmsjukdom

Sjølv om drikkevatnet generelt er av god kvalitet, har vassforsyninga i Noreg spesielle utfordringar ved at vi har ein spreidd busetnad med mange små vassverk, omfattande bruk av overflatevatn og stort behov for oppgradering av gamalt eller dårleg leidningsnett.

Vi har lite informasjon om kor mange totalt som blir sjuke på grunn av forureina  drikkevatn, men nokre større utbrot er registrerte. Sidan 2000 har vi hatt to større sjukdomsutbrot forårsaka av drikkevatn: 

    • giardiautbrotet i Bergen i 2004 med om lag 6000 sjuke
    • campylobacter-utbrotet i Røros i 2007 med om lag 1500 sjuke.

I tillegg blir det kvart år registrert eit varierande tal små utbrot forårsaka av drikkevatn frå enkelthusanlegg eller små fellesforsyningar. I perioden 2003–2012 blei det registrert 28 slike utbrot med til saman 8060 sjuke (Guzman-Herrador, 2016). I perioden 2011-2015 blei det registrert 13 utbrot med til saman 248 sjuke (FHI, 2016b).

Sjå òg kapittelet Mat og vassborne infeksjonar

For mykje fluor og radon nokre stader  

Enkelte stader er det fluor og radon i høge konsentrasjonar i grunnvatnet. Derfor har enkelte grunnvassbrønnar for enkelthusanlegg og små fellesanlegg noko høge verdiar av radon og/eller fluorid. Vi har ikkje oversikt over kor mange dette gjeld.

Drikkevatn som har for høgt radonnivå, kan forureine innelufta og bør derfor luftast for radon før det blir teke inn i huset. Radon er forbunde med auka risiko for lungekreft.

Høgt fluoridnivå i drikkevatn kan verke inn på danninga av tenner, og slikt drikkevatn bør derfor ikkje brukast til matlaging eller drikke for spedbarn og gravide.

Dårleg leidningsnett eit stort problem

Leidningsnettet er i dag det svake punktet til vassverka. Om lag ein tredjepart  av alt vatnet lekk ut før det når forbrukarane. Det er langt meir enn i dei fleste land vi elles samanliknar oss med.

Fordi drikkevassleidningen vanlegvis ligg i same grøft som avløpsleidningen, som òg lekk ganske mykje, er det stor fare for forureining ved leidningsbrot eller reparasjonar. Når trykket i vassleidningen fell, kan grøftevatn som er forureina av kloakk, bli soge inn i leidningen. I Canada har dei påvist at rundt 14 til 40 prosent av alle tilfella av magetarmsjukdom kom av denne typen problem med drikkevatnet (Payment, 1997).

Arbeidet med å skifte ut og reparere dårlege vassleidningar går så seint at problemet med forureina drikkevatn truleg kjem til å auke i åra framover. I tillegg vil store nedbørsmengder og auka fare for flom og ras som følgje av klimaendringane, auke faren for brot på vassleidningane. Av ulike årsaker blir som regel ikkje utbrot av sjukdom forårsaka av dårlege leidningar oppklarte, men forsking har vist at det er ein altfor stor førekomst av akutt mage- og tarmsjukdom etter forbigåande fall i vasstrykket (Nygard, 2007).    

Nye studiar skal kartlegge situasjonen

For å få et betre heilheitsbilete av korleis drikkevatn bidrar til sjukdom i Norge, skal Folkehelseinstituttet gjennomføre ein studie som ser på samanhengen mellom vasskonsum og førekomst av gastroenteritt (mage- og tarmsjukdom) i eit utval av den norske befolkninga. Dette skal skje ved hjelp av telefonintervju, web-spørjeskjema og ein månadleg SMS-undersøking gjennom et heilt år.

Folkehelseinstituttet har òg fått støtte frå Noregs forskningsråd til prosjektet «Effekt av klimaendringer på sammenhengen mellom ekstreme værhendelser og vannbåren sykdom». Prosjektet skal blant anna sjå på samanhengen mellom ekstreme værhendingar, hydrologi og rå- og reintvasskvalitet ved utvalde vassverk. Ein vil òg kunne sjå kor robuste vassverka er til å stå i mot klimaendringar.

Ny forskrift og beredskapsteneste

Ny drikkevassforskrift gjeld frå 1. januar 2017. Forskrifta stiller krav om sikker levering av tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn. Vatnet skal vere klart og utan avvikande lukt, smak og farge. Den nye forskrifta kan vere med på å trygge drikkevassforsyninga, blant anna gjennom tydelegare krav om drift og vedlikehald av leidningsnettet. 

I januar 2017 oppretta Folkehelseinstituttet ei døgnbemanna rådgivingsteneste. Dersom det oppstår akutte hendingar som kan påverke vassforsyninga, skal denne tenesta støtte vassverk som treng råd og hjelp til å løyse problema.

Rådgivinga skal prioritere vurderingar av smitterisiko ved mikrobiologisk forureining og akutt helsefare ved kjemikalieforureining. Kollegial støtte frå personar med erfaring frå vassverksdrift og krisehendingar skal også kunne stillast til rådighet. Tenesta kan samle erfaringar som kan nyttast til å styrke tryggleiken ved norske vassverk.

Vatn i naturen ikkje alltid trygt

Tularemi (harepest) er ein sjukdom som kan smitte via vatn. Dette skjer særleg i «lemenår» når mange smågnagarar døyr i naturen. Ei anna smittekjelde for tularemi er brønnvatn, for eksempel på hytta, der vatnet ikkje har vore tilstrekkeleg verna mot forureining frå gnagarar, kombinert med at ein ikkje desinfiserer vatnet.

 

Internasjonale forskjellar

Internasjonalt er forureina drikkevatn ei av dei viktigaste kjeldene til dårleg helse. FN har rekna ut at om lag 663 millionar menneske manglar tilgang på trygt drikkevatn, og at 2,3 milliardar menneske ikkje har tilfredsstillande sanitære forhold. WHO estimerer at 842 000 personar døyr årleg av diarésjukdom som følgje av utrygt drikkevatn og dårlege hygiene- og sanitære forhold. Over 40 prosent av tilfella gjeld barn under 5 år, og det tilsvarar om lag 1000 dødsfall dagleg (WHO, 2016a).

Berre i Europa bur det 62 millionar menneske i ein heim utan innlagt vatn. Ein reknar med at det dagleg er 14 dødsfall i WHO sin Europaregion som følgje av utrygt drikkevatn og dårlege hygiene- og sanitærforhold (WHO, 2016b). 

Referansar 

FHI. (2014). Vannrapport 121: Rapport fra Vannverksregisteret – Drikkevannsstatus (data 2009 og 2010) [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet.

FHI. (2016a). Vannrapport 124: Drikkevann. Rapport til Mattilsynet 2016 [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/publ/2016/vannrapport-124.-drikkevann.-rapport-til-mattilsynet-2016/

FHI. (2016b). Utbrudd av smittsomme sykdommer i Norge i 2015: Vevbasert system for utbruddsvarsling (Vesuv) (Årsrapport) [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/publ/2016/arsrapport.-utbrudd-av-smittsomme-sykdommer-i-norge-i-2015/

Guzman-Herrador, B., de Blasio, B. F., Lund, V., MacDonald, E., Vold, L., Wahl, E., et al. (2016). Vannbårne utbrudd i Norge i perioden 2003 –12. Tidsskr Nor Laegeforen, 136(7), 612-616.

Nygard, K., Wahl, E., Krogh, T., Tveit, O. A., Bohleng, E., Tverdal, A., et al. (2007). Breaks and maintenance work in the water distribution systems and gastrointestinal illness: a cohort study. Int J Epidemiol, 36(4), 873-880.

Payment, P., Siemiatycki, J., Richardson, L., Renaud, G., Franco, E., & Prevost, M. (1997). A prospective epidemiological study of gastrointestinal health effects due to the consumption of drinking water. International Journal of Environmental Health Research, 7(1), 5-31.

SSB. (2016). Kommunal vannforsyning 2015. [nettside]. Oslo: Statistisk Sentralbyrå. Hentet 20. juni 2016, fra https://www.ssb.no/natur-og-miljo/statistikker/vann_kostra

WHO. (2016a). Drinking-water Fact Sheet. [nettdokument]. World Health Organization. Hentet 27. januar 2017, fra http://www.who.int/mediacentre/factsheets/fs391/en/

WHO. (2016b). Water and sanitation. [Nettside]. Copenhagen, Denmark: World Health Organization. Hentet 27. januar 2017, fra http://www.euro.who.int/en/health-topics/environment-and-health/water-and-sanitation

Relaterte artiklar

Relaterte dokumenter