Hopp til innhold

Arbeid og helse i Noreg

Publisert Oppdatert

Arbeid kan vere ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Derfor kan arbeid vere helsefremmande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og belastningar i arbeidsmiljøet.

Arbeid kan vere ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Derfor kan arbeid vere helsefremmande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og belastningar i arbeidsmiljøet.


illustrasjon ulike arbeidsplasser
Arbeid gir identitet, sosial kontakt, personleg vekst og økonomisk tryggleik. I Noreg er om lag sju av ti vaksne del av arbeidsstyrken. Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktige for å førebygge overgang til uføretrygd. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/fetetyper.no

Hovudpunkt

  • Arbeid gir tilgang til sosiale relasjonar, identitet,  personleg vekst,  økonomisk tryggleik og andre helsefremmande ressursar.
  • I Noreg er om lag sju av ti vaksne del av arbeidsstyrken. Sysselsettinga i Noreg er blant dei høgaste i OECD-landa.
  • Samanlikna med andre medlemsland i OECD, har Noreg eit relativt høgt sjukefråvær.
  • Flest sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar som angst og depresjon.
  • Faktorar som er knytte både til helse og arbeid har betydning for  om ein arbeidstakar med  helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje.
  • Grunnlaget for effektiv førebyggande aktivitet er kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein har i spesifikke yrke, bransjar eller næringar.
  • Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktige for å førebygge overgang til uføretrygd.

For dei fleste vaksne er arbeid ein stor og viktig del av livet. Dei som er i arbeid, har i gjennomsnitt betre helse enn dei som står utanfor arbeidslivet. Dette skuldast både at sviktande helse fører folk ut av arbeidslivet, og at dei med større helsevanskar møter fleire hindringar på veg inn i arbeidslivet («seleksjon»).

Arbeidslivet i Noreg i dag

I Noreg er det brei semje om at deltaking i arbeidslivet skal vere mogeleg for så mange vaksne som mogeleg (Dahl, 2014). Dei fleste vaksne er registrert i arbeidsstyrken. Personar i arbeidsstyrken består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 15–74 år (tal og definisjon ved Statistisk sentralbyrå). Desse kan ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet, for eksempel på grunn av oppseiingar og helsevanskar.

  • Ved utgangen av 2015 vart 70,7 prosent av befolkninga i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken. Desse fordelte seg på 2 642 000 sysselsette og 135 000 arbeidsledige (SSB, 2016).

Andelen som ikkje er i arbeid

Uføretrygda står utanfor arbeidsstyrken. I tillegg er ein andel borte frå arbeid grunna kortvarig eller langvarig sjukdom. Først og fremst er det langtidssjukmeldte som har auka risiko for å gå ut av arbeidsstyrken og over på uføretrygd.

  • Uføretrygd: Per Juni 2016 fekk 317 700 personar uføretrygd, som tilsvarar 9,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år (NAV, 2016).

Figur 1 viser legemeldt sjukefråvære for perioden 2007-2016. Det legemeldte sjukefråværet var 5,4 prosent i 3. kvartal i 2016. 

Figur 1

Figur 1. Legemeldt sjukefråvære i prosent 3. kvartal 2007-2016. Kjelde: basert på tal frå NAV (Sykefraværsstatistikk, publisert 15.12.2016).

 

Årsaker til fråvær: Flest sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar som angst og depresjon.

Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette:

  • Arbeidsinnhald og –miljø påverkar helse og motivasjon.
  • Funksjonsevne, kompetanse og dei krava som jobben stiller, har betydning for om den enkelte kan utføre arbeidet.
  • Teknologiutvikling og organisasjonsformer påverkar arbeidsinnhald og krav til kompetanse.
  • Økonomiske konjunkturar og andre endringar påverkar næringsstruktur, sysselsetting og kor mange som blir sjukmelde og uføretrygda. Oppdaterte tal på dette finn ein på SSB og NAV.

Utvikling over tid

Andelen som er i arbeid, talet på sjukmelde og andelen som får uføretrygd, varierer over tid. Brå endringar har i hovudsak samanheng med strukturelle endringar.

Det har over tid vore ei auke i talet på uføretrygda, og særleg i unge uføre. Dette heng dels saman med at tidsbegrensa uførestønad (TU) vart avvikla i 2010. Avviklinga førte til at over 50 000 mottakarar blei overførte til arbeidsavklaringspengar (AAP). Dei som ikkje er i arbeid når AAP perioden er over, blir overførte til uføretrygd. Då TU særleg var retta mot unge, har dette i ei tid medført at fleire unge no får uføretrygd enn det som var tilfelle med gamal ordning (NAV, 2016).

Skilnadar i befolkninga

Alder

Sjukefråværet stig med aukande alder for både menn og kvinner.  

Kjønn

Figur 1 viser skilnaden i sjukefråvær blant kvinner og menn. Over tid er skilnaden stabil. Menn og kvinner følgjer i hovudsak dei same svingingane i sjukefråværet. 

Det er utilstrekkeleg kunnskap om kva som kan forklare skilnadane i sjukefråvære mellom menn og kvinner, og kva som kan vere effektive tiltak for å redusere skilnaden (FHI, 2013). Aktuelle faktorar som kan forklare skilnadane er:

  • Både i Noreg og i andre land i Europa er det framleis store skilnader når det gjeld yrka til menn og kvinner, sjå figur 2.
  • Det er fleire menn enn kvinner i leiande stillingar (European Commission, 2014).
  • Psykososiale arbeidslivsfaktorar forklarar meir enn 20 prosent av skilnaden i sjukefråvær mellom menn og kvinner (Sterud, 2014a). Det er likevel ikkje klart i kva grad ulike yrkestilhøve kan belyse skilnadane i sjukefråvær mellom menn og kvinner (Laaksonen, 2010; Mastekaasa, 2012).
  • Menn og kvinner er ulike når det gjeld helse. Muskel og skjelettlidingar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og er den mest brukte diagnosen i sjukefråværsstatistikken (FHI, 2014). 

 

Figur 2. Andel kvinner blant sysselsette i 30 utvalde yrke. 1996 og 2010. Kjelde: NOU 2012:15. 

Sosioøkonomiske skilnadar

Det er sosioøkonomiske skilnader i sjukefråvær og uføretrygd.

  • Uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettlidingar er til dømes langt vanlegare blant lågt utdanna enn høgt utdanna (Bruusgaard, 2010). Skilnaden kan dels forklarast med at risikofaktorar for sjukefråvær og uføretrygd er hyppigare i jobbar med lågare løn og låge krav til utdanning (Falkstedt, 2014). Dette gjeld til dømes hardt fysisk arbeid, tunge løft med vriding av ryggen, krevjande arbeidsstillingar, heilkroppsvibrasjonar, monotont arbeid, lite kontroll over arbeidsoppgåvene og lite fleksibilitet i arbeidstida (Foss, 2011; Haukenes, 2011; Sterud, 2013b).
  • Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarte meir enn 40 prosent av skilnaden i langtidssjukefråværet mellom høgt og lågt utdanna arbeidstakarar, viser ei nyare norsk studie (Sterud, 2014c).
  • På arbeidsplassar med lågare krav til utdanning vil det oftare vere vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen til helsevanskar (Johansson, 2009).
  • Arbeidstakarar med lågare utdanning kan òg ha større vanskar med å finne nytt arbeid dersom helsevanskar krev eit skifte av arbeidsoppgåver. 

Internasjonalt

Sysselsettinga i Noreg er blant dei høgaste i OECD-landa, det gjeld alle aldersgrupper og begge kjønn (OECD, 2014). Sjå figur 3.

 

Figur 3. Arbeidsdeltakinga i Noreg og OECD  i tre aldersgrupper for åra 2005 og 2011. Prosent. Kjelde: Basert på tal frå OECD (2016).  

Det er stor variasjon i korleis dei ulike europeiske landa organiserer arbeidslivet. Samanlikna med gjengs standard i Europa er det i norsk arbeidsliv fleire tilsette i offentlig sektor, fleire har faste arbeidskontraktar, eit robust vern mot oppseiing og full lønn under sjukefråvær.  

Arbeidsledigheit

Psykiske helseplager er vanlegare blant arbeidsledige enn blant dei som er i arbeid. Ei rekke studiar viser at å miste arbeidet gir auka psykiske helseplager, mens den psykiske helsa kan bli betre når ein kjem i arbeid (McKee-Ryan, 2005; Murphy, 1999; Paul, 2009; Reneflot, 2014).

Vanskane som er knytt til arbeidsledigheit heng saman med kor lenge arbeidsledigheita har vart. Gode velferdsordningar er eit sikkerheitsnett som reduserer risikoen for at arbeidsledigheita skal gi forringa psykisk helse (Ferrarini, 2014).

Men biletet er samansett: det er også vist at overgangen frå arbeidsledigheit til jobb heng saman med forverra psykisk helse – dersom arbeidsmiljøet er ugunstig. Fleire studiar viser at psykososiale og organisatoriske forhold på arbeidsplassen heng saman med den psykiske helsa hos arbeidstakarane (Finne, 2014; Johannessen, 2013; Stansfeld, 2006).

Arbeid som helsefremjande faktor

Arbeid gir først og fremst økonomisk tryggleik. Når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, kan også arbeidet i seg sjølv vere positivt for helsa.

  • Arbeid er for mange ei viktig kjelde til økonomisk tryggleik, helsefremmande sosiale relasjonar og personleg vekst (Dahl, 2014).
  • Arbeid strukturerer kvardagen, gir meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl, 2014).

Fleire studiar tyder på at tap av arbeid gir dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar den psykiske helsa i positiv retning (van der Noordt, 2014). Studier som har undersøkt om overgangen frå arbeidsliv til alderspensjon har betydning for helsa, rapporterer imidlertid om sprikande funn (Wang, 2011). Pensjonering kan bidra til betre helse dersom jobben er belastande (Westerlund, 2009). Desse døma understrekar at forholdet mellom helse og arbeid er samansett.

Arbeid og helserisiko

Arbeidsplassen kan også vere ei kjelde til skadar, sjukdom og helsevanskar. Mange av desse faktorane har samanheng med risikoen for sjukefråvær og uføretrygd (Aagestad, 2014; Foss, 2011; Labriola, 2009; Stattin, 2005; Sterud, 2013a, 2014b; Wang, 2014). STAMI har nyleg gjennomgått kunnskapsstatus for arbeidsmiljøfaktorar som bidrar til sjukefråvær (Knardahl, 2016).

Fleire kjende arbeidsmiljøfaktorar kan auke risikoen for sjukdom og uføretrygd (STAMI, 2015):

  • Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som gir høgare risiko for angst, depresjon og muskel- og skjelettlidingar.
  • Organisatoriske faktorar som skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsskadar.
  • Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar.
  • Vibrasjonar, støy og andre fysiske arbeidsmiljøfaktorar.
  • Inhalering av støv, røyk, gass og damp, hudkontakt med kjemikaliar og andre kjemiske arbeidsmiljøfaktorar.
  • Skadar og ulykker.

Ulykker på arbeidsplassen rammar ofte unge arbeidstakarar og kan få store konsekvensar for livsløpet deira. Talet på arbeidsulykker og dødsfall som følge av arbeidsskadar har vore ganske stabilt i dei seinare åra (Arbeidstilsynet, 2015; Gravseth, 2010). Ei gjennomgang av hendingane tyder likevel på at det framleis er potensiale for å førebygge ulykker i arbeidslivet (Arbeidstilsynet, 2015). 

Arena for førebyggande folkehelsearbeid

Sidan dei fleste vaksne er i arbeid, er arbeidsstaden også ein viktig arena for førebyggande arbeid gjennom sosial påverknad og gjennom arbeidsgjevar sitt HMS-arbeid (Meld. St. 19, 2014). Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) 2014-2018 og Folkehelsemeldinga (Meld. St. 19, 2014) har også i større grad enn tidlegare lagt vekt på arbeidsstaden som arena for førebygging.

Tiltak for å sikre høg arbeidsdeltaking og låg uføretrygding

Det er grunn til å tru at låg arbeidsledigheit, høg yrkesdeltaking og redusert risiko i arbeidsmiljøet er med på å fremme folkehelsa.

Det blir gjort ein kontinuerlig innsats for å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, gjennom både rådgjeving og tilsyn frå Arbeidstilsynet. Arbeidsmiljølova lovfestar dette arbeidet, og både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter er forplikta til å bidra.

Det er ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid betyr noko for om ein arbeidstakar med helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje. 

Kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein står overfor i spesifikke yrke, bransjar eller næringar ligg til grunn for effektive førebyggande aktivitetar. Det er stadig behov for å utvikle meir og betre kunnskap om kva som verkar inn på arbeidshelsa og sjukefråværet (Odeen, 2013), og korleis vi betre kan førebygge utvikling av helsevanskar på arbeidsplassen (van Oostrom, 2009).

Utover det primærførebyggande arbeidet trengst det også gode og effektive tiltak for dei som utviklar sjukdom og får vanskar med arbeidsdeltaking. Arbeidslivet er til dømes ein viktig arena for førebygging av helseskadeleg alkoholbruk (Ames, 2011).

For dei som ikkje er i arbeid, er det viktig med gode og treffsikre velferdsordningar for å redusere belastningane ved å stå utanfor arbeidslivet (Ferrarini, 2014). 

Referanser

Om artikkelen / endringshistorikk