Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Folkehelserapporten

Kosthald

Generelt har både barn og vaksne eit variert kosthald med grønsaker, grove kornprodukt og fisk, men det er for få som et nok av desse matvarene. Nokre har mangel på D-vitamin, jod og jarn. Blant barn og vaksne er det også mange som et for mykje metta feitt, sukker og salt.

illustrasjon kosthold
Vi et meir "i farta" og meir ferdigmat enn for eit par tiår sidan. Stort sett har likevel både barn og vaksne eit variert kosthald, sjølv om vi burde ete meir grønsaker, grove kornprodukt og fisk. For mange blir det i staden for mykje metta feitt, sukker og salt. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet/fetetyper.no

Hopp til innhold

Hovudpunkt

  • Det er framleis eit for høgt sukker- og brusforbruk i den norske befolkninga.
  • Mange har eit variert kosthald, men inntaket av grove kornprodukt, grønsaker, frukt og fisk er ofte for lågt, og inntaket av metta feitt, salt og sukker for høgt.
  • Grupper med høg utdanning  har sunnare kosthald enn grupper med låg utdanning.
  • Lågt jodinntak ser ut til å vere vanleg blant unge kvinner, gravide og ammande. Dette heng mellom anna saman med lågt inntak av mjølkeprodukt og fisk.
  • Mange born og unge har eit lågare D-vitamin- og jarninntak enn tilrådd.

Om kosthald og helse

Gjennom kosthaldet skal vi få alle næringsstoffa vi treng;  vitaminar, mineralar og dei energigivande næringsstoffa protein, feitt og karbohydrat.

Ernæring og kosthald er avgjerande når det gjeld vekst og utvikling både i fosterlivet, spedbarnsalder og barne- og ungdomsåra.

Gjennom heile livet har kosthald og fysisk aktivitet betydning for god helse og førebygging av hjarte- og karsjukdomar, kreft, beinskjørhet, diabetes og fedme.

Kosthaldet kan også ha betydning for psykisk helse, og omvendt, psykisk helse kan påverke kosthald og fysisk aktivitet (FHI, 2017a; Helsedirektoratet, 2017a).

I dette kapitlet ser vi på om kosthaldet i befolkningen er i tråd med dei nasjonale kostråda og anbefalingene om inntak av næringsstoffer frå Helsedirektoratet.

Datagrunnlag                                                   

Kunnskap om kosthaldet er henta frå fleire kjelder:

Matforsyningsstatistikk på engrosnivå. Den årlege statistikken over  engrosforbruk av matvarer i Noreg gir eit grunnlag for å følgje utviklinga i kosthaldet på nasjonalt nivå. Engrosdata fangar opp trendar når det gjeld forbruk av ulike matvarer.

Forbruksundersøkingane frå Statistisk sentralbyrå, gjennomført i perioden 1975-2012, gir informasjon om mat og drikke som vert kjøpt inn i eit  hushald i ein tovekersperiode.

Kosthaldsundersøkingar på individnivå. Slike undersøkingar er gjennomført i landsrepresentative utval. Dei gir informasjon om inntaket av ulike matvarer og næringsstoff er i samsvar med tilrådingane når det gjeld ulike aldersgrupper, utdanningsgrupper, kvinner og menn:

  • Spedbarn: undersøkelse om amming og spedbarns kosthold (Helsedirektoratet, 2014a).
  • Småbarn: Den andre nasjonale kosthaldsundersøkinga blant små barn (Småbarnskost) blei gjennomført blant 2-åringer i 2007 (Helsedirektoratet, 2009).
  • Barn og unge: Den tredje nasjonale kosthaldsundersøkinga blant barn og ungdom (Ungkost 3) blei gjennomført i 2015 blant skuleelevar i 4. og 8. klasse, det vil seie 9- og 13-åringar (Universitetet i Oslo, 2016), og i 2016 blant 4-åringar (Universitetet i Oslo, 2017).

Metoden som blei brukt var ein fire dagars internettbasert matdagbok. Deltakinga var 55 prosent (n=636) blant fjerdeklassingar, 53 prosent (n=687) blant åttandeklassingar, men berre 20 prosent (n=399) for fire år gamle barn.

I alle aldersgruppene var det flest deltakarar frå familiar der foreldra sitt utdanningsnivå var høgare enn gjennomsnittet i befolkninga.

  • Vaksne: Den tredje nasjonale kosthaldsundersøkinga blant vaksne (Norkost 3) blei gjennomført i 2010-11 i aldersgruppa 18-70 år med 37 prosent deltaking (n=1787) (Helsedirektoratet, 2012). Metoden som blei brukt var to 24-timars kostintervju og eit matvaretendens-skjema. 

Levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå, som inneheld spørsmål om kosthald. 

Biologiske målingar. Vi har få større undersøkingar med biologiske målingar frå Noreg. I dei siste helseundersøkingane i Tromsø og Nord-Trøndelag vart det imidlertid undersøkt for D-vitamin i blodet og natrium (salt) i urinen i eit utval av deltakarane.

Måling av natrium i døgnurin er ein internasjonalt akseptert og tilrådd metode for å få eit mål på saltinntaket. I den sjuande Tromsø-undersøkinga i 2015-2016 vart det samla inn døgnurin i eit tilfeldig utval på om lag 500 personer. Dette var eit delprosjekt i Tromsøundersøkinga og vart gjennomført av Folkehelseinstituttet, sjå avsnittet om salt. 

Forsking i helseundersøkinger, slik som mellom anna den Den norske mor og barn-undersøkinga og Tromsøundersøkinga, gir òg kunnskap om kosthaldet.

Kosthaldet sett i høve til nasjonale kostråd

Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald som hovudsakeleg er plantebasert og som inneheld mykje grønsaker, frukt, bær, grove fullkornprodukt og fisk og avgrensa mengder bearbeida kjøt, raudt kjøt, salt og, tilsett sukker og energirike matvarer (nøkkelråd kostråd 1).

Anbefalingane er baserte på Nordiske ernæringsanbefalingar (Nordic Council of Ministers, 2014) og rapporten Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer, utgitt av Nasjonalt råd for ernæring (Nasjonalt råd for ernæring, 2011).  

Dei nasjonale kostråda

Dei 12 offisielle norske kostråda frå Helsedirektoratet (Helsedirektoratet, 2016) er som følgjer:

  1. Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder bearbeida kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
  2. Ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet.
  3. Spis minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær kvar dag. Ein porsjon tilsvarer 100 gram og halvparten bør være grønsaker.
  4. Spis grove kornprodukt kvar dag. Dei grove kornprodukta bør til samen gi 70-90 gram sammalt mjøl eller fullkorn per dag.
  5. Spis fisk til middag to til tre gonger i veka. Det tilsvarer mellom 300-450 gram rein fisk i veka, 200 gram bør være feit fisk som laks, makrell og ørret. Bruk òg gjerne fisk som pålegg.
  6. Velg magert kjøt og magre kjøttprodukt. Avgrens mengda bearbeida kjøt og raudt kjøt til 500 gram per veke.
  7. La magre meieriprodukt være ein del av det daglege kosthaldet. Med eit dagleg inntak av magre meieriprodukt menes tre porsjoner, av desse bør to være mjølk, syrna mjølk eller yoghurt.
  8. Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin, framfor hard margarin og smør.
  9. Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlagning og på maten.
  10. Unngå mat og drikke med mykje sukker til hverdags.
  11. Vel vatn som tørstedrikk.
  12. Vêr fysisk aktiv i minst 30 minutter hver dag.

Status for kosthaldet i Noreg med omsyn til dei nasjonale kostråda:

  • På nasjonalt nivå er det gjennomsnittlege forbruket av feite, salte og søte matvarer med låg ernæringskvalitet langt høgare enn ønskjeleg (Helsedirektoratet, 2017a).
  • Det gjennomsnittlege inntaket av grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk er  lågare enn ønskjeleg, men det er positivt at grønsaksforbruket aukar. I løpet av dei siste ti åra har det auka med cirka 25 prosent. Forbruket av frukt og bær har også auka i perioden, men i mindre grad enn for grønsaker (Helsedirektoratet, 2017a; Universitetet i Oslo, 2016, 2017). 
  • På nasjonalt nivå har det vore overgang frå feite til magrare mjølketypar, men det samla forbruket av mjølk har gått ned over mange år. Forbruket av mjølkeprodukt i form av ost har imidlertid auka betydeleg over lang tid, men då først og fremst i form av feite ostetypar.
  • Det gjennomsnittlege forbruket av kjøt er høgare enn ønskjeleg (Helsedirektoratet, 2017a), sjå figur nedanfor.

Kostens innhald av transfeitt har minska betydeleg over tid, og har sidan 2005 vore på tilrådd nivå. Ei positiv utvikling er at matvarer i all hovedsak ikkje lenger blir tilsett industrielt transfett. Dette er i tråd med forskrift om transfeittsyrer i næringsmiddel (HOD, 2014) som forbyr at transfeitt utgjer meir enn 2 prosent av feittet i ei matvare.

Innhaldet av metta feitt i kosthaldet er framleis vesentleg høgare enn tilrådd. Kjøtt- og  mjølkeprodukt, margarin og smør er dei viktigaste kjeldene. Næringslivsgruppa (sjå avsnitt om salt nedanfor) arbeider også med å redusere innhaldet av metta feitt i matvarer der dette er relevant.

I hushaldet kan metta feitt reduserast ved å bruke matoljer og mjuk margarin framfor smør, byte ut feite meieriprodukt med magrare variantar, ete mindre av feite kjøtprodukt og heller auke inntaket av fisk.

Dei ernæringsmessige svakheitene  ved kosthaldet  kan medverke til utvikling av hjarte- og karsjukdomar, kreft, fedme, type 2-diabetes, forstopping, tannråte og mangeltilstandar (Helsedirektoratet, 2017a).

I nasjonal handlingsplan for betre kosthald 2017-2021 (HOD, 2017) er det sett eit  mål om at forbruket av følgjande matvaregrupper skal auke med 20 prosent innan 2021: grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og fisk.

Vi et for mykje sukker

Sukker som er tilsett i matvarene, gir auka energitettleik og er med på å auke risikoen for å få kroniske sjukdomar, spesielt overvekt og fedme. I tillegg aukar sukker og søte drikkar risikoen for karies og tannerosjon hos barn og unge.

Folkehelserapporten har eit eiget kapittel om overvekt og fedme

Helsedirektoratet tilrår at sukker utgjer mindre enn 10 prosent av energiinntaket.

Sukkerinntaket er på veg ned. Det viser dei nasjonale engrostala for perioden 2000-2016. Mengda tilsett sukker i kosten blei då redusert frå 17 til 12 prosent, målt som andel av det totale energiinnhaldet i kosten, sjå figur 1 (Helsedirektoratet, 2017a). I antall kilo per person per år er forbruket redusert fra 43 til 27 kilo.

Brus er ei viktig sukkerkjelde. Det er positivt at omsetninga har gått ned frå 63 til 54 liter per innbyggjar frå 2010 til 2016 (Helsedirektoratet, 2017a). Omsetninga av sukkerhaldig brus auka på 1970-talet og framover. I 1997 var toppen nådd, med 93 liter per innbyggjar per år.

Godteri er også ei viktig sukkerkjelde. Forbruket av sjokolade og anna godteri auka fram til 2008 då det var på det høgaste med 15 kg per innbyggjar. Forbruket er framleis nesten på same nivå; 14-15 kg per innbyggjar (Helsedirektoratet, 2017a).

Godteri og brus som er kjøpt inn gjennom grensehandel er ikkje med i desse tala.

Trass nedgang i brusforbruket, er sukkerinntaket framleis for høgt. Godteri og kaker er saman med brus dei største sukkerkjeldene, særleg blant barn (Universitetet i Oslo, 2016). Dette er dessutan matvarer som inneheld svært lite andre næringsstoff, og som kan fjernast frå kosthaldet utan at det får uheldige ernæringsmessige følgjer.

I den nasjonale handlingsplanen for betre kosthold 2017-2021 (HOD, 2017) er det sett eit mål om redusert innhold av tilsett sukker i kosten  til 11 prosent av energien innan 2021. Med tilsett sukker meiner vi husholdningssukker (reint sukker som farin, sirup og liknande) og sukker som blir tilsett i for eksempel brus, godteri, yoghurt, is og andre matvarer.

Kosthold_figur1_FHR2018.jpg

Figur 1. Energiprosent (E%) frå tilsett sukker i perioden 1980-2016. Stiplet linje viser mål for reduksjon innan 2021. Kjelde: Helsedirektoratet 2017c. Engrostal - matforsyning (Matf).

Vi et òg for mykje salt

Høgt saltinntak aukar risikoen for høgt blodtrykk og bidreg dermed til større risiko for hjarte- og karsjukdomar.

Saltinntaket i befolkninga er anslått til om lag 10 gram per person per dag (Helsedirektoratet, 2017a). Foreløpige resultat frå Tromsøundersøkinga i 2015-2016 stadfestar dette. Ein analyse av døgnurin for om lag 500 deltakarar (FHI, 2017b) tyder på at dagleg saltinntak ligg på om lag 10 gram hos menn og 7,5 gram hos kvinner.

Inntaket er klart høgare enn dei norske tilrådingane på maksimum 6 gram per dag, men er på nivå med inntaket i land som Finland, Danmark, Storbritannia og Irland.

I den nasjonale handlingsplanen for betre kosthald 2017-2021 (HOD, 2017) er det sett eit mål om at saltinntaket skal reduserast med 22 prosent innan 2021 og med 30 prosent innan 2025, i samsvar med Verdas Helseorganisasjon (WHO) sitt globale mål for reduksjon.

Ungkostundersøkingane i 2015-2016 viser at også 4-, 9- og 13-åringar et dobbelt så mykje salt (Universitetet i Oslo, 2016, 2017) som tilrådd. For barn mellom 2 og 10 år er tilrådinga maks 3-4 gram om dagen (Helsedirektoratet, 2015a).

Ein reknar med at omtrent tre firedelar av saltet kjem frå industribearbeida mat. 

Eit partnarskap mellom Helsedirektoratet  og virksemder i matvareindustri, serveringsbransje, bransje- og næringsorganisasjoner, forskningsmiljø og interesseorganisasjona har som målsetting å stimulere produsentane til å redusere saltinnhaldet i matvarer og servert mat, og å auke merksemda om salt og helse i befolkninga (Helsedirektoratet, 2015b).

Kosthaldet hos vaksne

Kosthaldsundersøkingar kan fortelje meir om kosthaldet i grupper i befolkninga enn det dei nasjonale engrostala kan. Den nyaste kosthaldsundersøkinga blant vaksne er frå 2010-2011 (Norkost 3). Denne viser at dei fleste vaksne et variert med frukt og grønsaker, grove kornprodukt og fisk, men inntaket av desse matvarene er ofte for lågt, slik dei nasjonale engrostala tyder på. I 2010-2011 var det berre om lag ein firedel av deltakarane som åt like mykje frukt og grønsaker, og grove kornprodukt som tilrådd i dei nasjonale kostråda (Helsedirektoratet, 2012).

Ifølge engrostala aukar kjøtforbruket, mens fiskeforbruket er redusert, sjå figur 2.

Fleire menn enn kvinner drikk sukkerhaldig drikke kvar dag. I aldersgruppa 16-79 år drikk  21 prosent menn og 10 prosent kvinner sukkerhaldig drikke kvar dag (SSB, 2016; FHI, 2017c). 

Kosthold_figur2_FHR2018.jpg

Figur 2. Forbruk av kjøtt og fisk, i perioden 1953-2016 for kjøtt og 2003-2016 for fisk. Kjelde: Helsedirektoratet 2017c. Engrostal.

Vaksne og eldre kan ha for lågt inntak av enkelte vitaminar og mineralar, sjå nedanfor.

Kosthald hos eldre - sjå kapittel Aldring og eldres helse.

Kosthaldet blant gravide

Den norske mor og barn-undersøkinga gir innsikt i kosthaldet til gravide. I eit utval på 47 000 deltakarar (von Ruesten, 2014) kom det fram at:

  • Ni av ti åt mindre grønsaker enn tilrådingane, det vil seie mindre enn to-tre porsjoner dagleg.
  • Om lag ein tredel åt den tilrådde mengda frukt (to porsjonar dagleg).
  • Om lag 60 prosent åt fullkorn i tilrådd mengd, det vil seie at 40 prosent  åt mindre fullkorn enn to grove brødskiver per dag eller tilsvarande.
  • Berre to av ti (22 prosent) åt fisk til varme måltid to gonger i veka, eller tilsvarande mengde som pålegg.

Jarn. Gravide treng  meir jarn enn andre (Helsedirektoratet, 2018a). Risikoen for jarnmangel aukar dersom kosthaldet er fattig på kjøtt og fisk og andre jarnrike matvarer.

Om lag 10-15 prosent av norske gravide har jarnmangel (Hagve, 2013). I mange land blir gravide tilrådde å ta tilskot med jarn. I Noreg seier derimot retningslinene at gravide ikkje rutinemessig skal tilrådast jarntilskot (Helsedirektoratet, 2005). Det er i staden rutine å ta blodprøve og tilrå jern på individuelt grunnlag (Helsedirektoratet, 2018b).

Jod. Helsedirektoratet tilrår at gravide kvinner får i seg 175 mikrogram jod dagleg. For dei som ikkje har eit tilstrekkeleg inntak gjennom kosthaldet er det tilrådd å ta eit tilskot på 150 mikrogram dagleg (Helsedirektoratet, 2018a).

Ein rapport frå Nasjonalt råd for ernæring viser at mange unge kvinner har for lågtjodinntak (Nasjonalt råd for ernæring, 2016). Dette er særleg bekymringsfullt fordi forsking tyder på at sjølv mild og moderat jodmangel kan ha negative konsekvensar for utviklinga av hjernen til barnet dersom kvinna blir gravid.  Sjå faktaboks om jod.

Folat. Helsedirektoratet tilrår at kvinner som planlegg å bli gravide, eller som kan rekne med å bli gravide, tek eit tilskot på 400 µg folat dagleg. Tilskotet skal takast siste månaden før graviditet og dei første 2–3 månadene i graviditeten (Helsedirektoratet, 2004).

Tal frå Medisinsk fødselsregister viser at i 2016 var det berre 33 prosent av norske kvinner som tok tilskot av B-vitaminet folat før dei blir gravide (FHI, 2017d).

Folat er eit B-vitamin som er spesielt viktig før og i starten av graviditeten. Tilskot av folat kan førebyggje ryggmargsbrokk og andre liknande alvorlege medfødde misdanningar (De-Regil, 2010).

Kvart år blir om lag 40-50 kvinner gravide med eit barn som har ryggmargsbrokk eller ein annan alvorleg nevralrøyrsdefekt (FHI, 2017d). Talet kan truleg reduserast dersom alle kvinner tek folattilskot allereie før dei blir gravide, og held fram med det i starten av svangerskapet. Folkehelseinstituttet har eit eiget faktaark om folat og graviditet.

Kosthaldet hos barn og unge

Det første leveåret

Helsedirektoratet tilrår fullamming fram til seks månaders alder. Med fullamming meiner ein at barnet berre får morsmjølk. I dei seks første levemånadene gir morsmelk all næring og væske barnet treng, med unntak av D-vitamin som bør gis som tilskot frå barnet er fire veker gammalt. Barn som ikkje kan få morsmelk, bør få morsmelkerstatning (Helsedirektoratet, 2017b).

Ein mindre del av spedbarna (17 prosent) vert fullamma så lenge som seks månader, men det er likevel ein svært stor del av barna som blir amma; 98 prosent av barna vert amma i kortare eller lengre tid. Berre 2 prosent får aldri morsmjølk i løpet av det første leveåret (Helsedirektoratet, 2014a).

Eitt av tre barn får morsmjølk i kombinasjon med anna ernæring fram til 12 månaders alder (Helsedirektoratet, 2014a). 

Barn og unge

Fleirtalet av barn og unge har eit variert kosthald og et både frukt og grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Men for mange er inntaket av desse matvarene for lågt. Samtidig er det mange som har eit kosthald med for mykje salt og sukker (Universitetet i Oslo, 2016, 2017).

Desse resultata kjem frå kostundersøkingar der mange av deltakarane kjem frå familiar der foreldra har middels eller høg utdanning. Vi har mindre kunnskap om kosthaldet til barn i familiar der foreldra har låg utdanning og dårleg økonomi.

Sjå også avsnittet om sukker ovanfor.

Når det gjeld vitaminar og mineralar er det ei utfordring for barn og unge i Noreg å få nok D-vitamin, jern og jod, sjå nedanfor.

D-vitamin, jarn og jod – mange barn og unge får for lite

Fleire kosthaldsundersøkingar viser at mange barn og unge får for lite D-vitamin og jarn, og i nokre tilfelle også for lite kalsium (dersom dei ikkje drikk mjølk).

Jarn- og D-vitaminbehovet er spesielt høgt gjennom den intense vekstperioden i dei første leveåra.

D-vitamin

Alle barn bør få D-vitamintilskot frå fire vekers alder i form av D-vitamindropar eller  tran, slik at inntaket av D-vitamin blir tilstrekkeleg (Helsedirektoratet, 2017c). Det har dei siste åra vore enkeltrapportar om mangeltilstandar hos barn som ikkje har fått kosttilskot. Ein nasjonal analyse basert på Norsk pasientregister viser låg førekomst av diagnostisert D-vitaminmangel i form av rakitt blant barn i Noreg, med totalt 42 tilfelle i femårsperioden 2008-2012 (Meyer, 2017).

Kosthaldundersøkingane frå 2007 og 2015 tyder på at inntaket av D-vitamin blant småbarn, barn og unge er nærare anbefalingane når kosttilskot (som vitamintilskot og tran) vert inkludert (Universitetet i Oslo, 2016, 2017). Ungdom og born av innvandrarforeldre frå Asia, Afrika og Midtausten er risikogrupper for D-vitaminmangel (Helsedirektoratet, 2015c; Holvik, 2008; Madar, 2009). For desse gruppene kan kosttilskot vere nødvendig for å klare å dekkje D-vitaminbehovet. Særleg er det behov for tilskot dersom barna ikkje et fisk og ikkje margarin, smør og mjølk som er tilsett D-vitamin, sjå faktaboksen.

Det er sett i verk tiltak for å førebyggje vitamin D-mangel hos sped- og småbarn. Spedbarn født av foreldre med bakgrunn frå blant anna Afrika og Asia, har de seinare åra fått utdelt vitamin D-dråpar gratis på helsestasjonen. I tillegg er morsmjølkerstatning og barnegraut berika med vitamin D, og helsesøstrene gjer eit betydeleg informasjonsarbeid for å førebyggja vitamin D-mangel. Tal frå 2015 tyder på at vitamin D-status blant barn med innvandrarbakgrunn synest å ha betra seg noko over tid (Madar, 2017).

Ungdom utan innvandrarbakgrunn er òg utsett for risiko. Måling av blodverdiar hos ungdom i Tromsø viser at over halvparten av 15-18-åringar får for lite D-vitamin. Éin av seks (16,5 prosent) har så låge verdiar at det kan karakteriserast som klar D-vitaminmangel (Öberg, 2014).

D-vitaminmangel

D-vitamin er nødvendig for utvikling av tenner og skjelett.

  • D-vitaminmangel påverkar utvikling og vedlikehald av skjelettet. Alvorleg mangel gir rakitt hos barn og osteomalaci hos vaksne.
  • Låge nivå av D-vitamin er ein risikofaktor for osteoporose (beinskjørhet) hos eldre (sjå kapittelet Muskel- og skjeletthelse ).
  • Låg D-vitaminstatus er forbunde med høgare dødelegheit (Chowdhury, 2014).
  • I mange tilfelle kan D-vitaminmangel vere ein markør for dårleg helse og ikkje direkte årsak til sjukdom.

D-vitamin blir danna i huda i sommarhalvåret. I kosthaldet er det berre feit fisk som har eit naturleg høgt inntak av D-vitamin. Feite fiskeprodukt bidreg med 40 prosent av D-vitamin i  kosthaldet blant vaksne (Helsedirektoratet, 2012) og 26–30 prosent blant barn og unge (Universitetet i Oslo, 2016, 2017).

Smør, margarin og lettmelk blir tilsett D-vitamin. Smør og margarin bidreg med om lag 30 prosent av D-vitamin i det norske kosthaldet (Universitetet i Oslo, 2016, 2017; Helsedirektoratet, 2012).

Sped- og småbarn, ungdom, eldre på institusjon og innvandrarar med bakgrunn frå Afrika, Asia og Midtøsten er i risikogruppene for D-vitaminmangel, og mange nordmenn har låge nivå i vinterhalvåret (Helsedirektoratet, 2017a; Holvik, 2008). Tilskot er derfor tilrådd for desse gruppene (Helsedirektoratet, 2017b).

I Nasjonal handlingsplan for betre kosthold 2017-2021 vil norske helsemyndigheter prioritere tiltak for å sikre vitamin D-status i befolkninga (HOD, 2017) (side 56-57). Tilrådd inntak vart auka i 2014. Eitt av de lanserte tiltaka er å utvide ordninga med utdeling av gratis vitamin D-dråpar til spedbarn og småbarn som er fødde av foreldre med ikkje-vestleg bakgrunn til å omfatte barn opp til tre års alder.

Jarn

Jarnmangel i dei to første leveåra er forbunde med forseinka mental og motorisk utvikling (Hay, 2004). Jarn er spesielt viktig for oksygentransporten i blodet, men har òg ei rekkje andre funksjonar i kroppen. Hos unge jenter aukar jarnbehovet når dei kjem i puberteten, og menstruasjonen fører til eit auka jerntap frå kroppen. Høgdeveksten held fram etter at menstruasjonen har komme, og dette aukar jernbehovet endå meir Gjennomsnittleg alder for første menstruasjon i Noreg er 13,2 år (Júlíusson, 2009).

Andre risikogrupper for jarnmangel er små barn, eldre og andre som får i seg lite kaloriar og  personar med einsidig kosthald,. Også barn av innvandrarforeldre frå Afrika og Asia har høgare risiko (Hagve, 2013). 

Hos norske barn er det påvist jernmangelanemi hos 1-5 prosent av eittåringar, og hos om lag 15 prosent av norske kvinner i fertil alder (Hay, 2004). Bakgrunnen for jarnmangel kan vere underliggande sjukdom, manglande opptak frå tarmen, menstruasjonsblødningar og/eller mangelfullt kosthald.

Mange får for lite jod

Lågt jodinntak ser ut til å vere vanleg blant norske kvinner. Halvparten av deltakarane i Den norske mor og barn-undersøkinga fikk i seg mindre jod enn tilrådd (Abel, 2017). Årsaka er at mange kvinner et for lite meieriprodukt og/eller sjømat og heller ikkje tar kosttilskot med jod. Nye studier stadfestar utilstrekkeleg jodinntak hos gravide (Henjum, 2018; Berg, 2017), ammande kvinner (Henjum, 2017), unge kvinner, eldre og veganarar (Brantsæter, 2018). Inntaket var tilstrekkeleg hos småbarn og unge fordi dei drikk mjølk (Brantsæter, 2018).

Vaksne menn har derimot tilnærma tilstrekkeleg jodinntak, viser tidlegare kosthaldsundersøkingar (Norkost 2 og Norkost 3) (Nasjonalt råd for ernæring, 2016). Ein analyse av inntak og jodutskillelse i 24-timersurin blant vaksne somaliske menn og kvinner i Oslo tyder på mild jodmangel i denne gruppa i henhold til kriteriene frå Verdens helseorganisasjon (Madar, 2018).

Helsedirektoratet og Mattilsynet har sett i gong eit arbeid for å utgreie auka jodtilsetting i bordsalt og salt i brødproduksjon.

 

Jodmangel

Jod er heilt sentralt for utviklinga av nervesystemet og hjernen hos fosteret og små barn og for energiomsetninga gjennom heile livet. I tillegg til gravide og spedbarn er derfor unge kvinner ei spesielt sårbar gruppe når det gjeld jodmangel (Velasco, 2018).

Jodmangel og struma var vanleg blant barn og vaksne i innlandet i Noreg fram til 1950-talet. Årsaka var lågt jodinntak over lang tid. Då kyr begynte å få kraftfór berika med jod, blei det også høgare jodinnhald i mjølka, og struma forsvann som folkesjukdom.

Dei viktigaste jodkjeldene i kosthaldet i dag er mjølk og mjølkeprodukt, fisk og fiskeprodukt, spesielt kvit fisk og egg (Dahl, 2004). Alle andre matvaregrupper inneheld lite jod. Jodert salt har ikkje betydning for jodinntaket i Noreg fordi jodkonsentrasjonen i berika salt er svært låg. Helsemyndighetene vurderer å auka jodkonsentrasjonen i salt og mulig bruk av jodberika salt i enkelte matvarer (HOD, 2017).

Tilrådd dagleg jodinntak er 150 µg/dag for vaksne, 175 µg/dag for gravide og 200 µg/dag for ammande (Helsedirektoratet, 2014b). Det totale daglege jodinntaket bør ikkje overskride 600 µg/dag. Tørka tang- og taretilskot bør brukast med varsemd fordi jodinnhaldet kan være svært høgt i slike produkt (Helsedirektoratet, 2018a).

Alle som ikkje får i seg nok mjølkeprodukt (mindre enn 3 porsjoner dagleg, av dei minst 2 porsjoner mjølk/yoghurt) og fisk, spesielt kvit fisk, bør ta tilskot som inneheld jod. Det gjeld spesielt kvinner som planlegg å bli gravide (Nasjonalt råd for ernæring, 2016).

Både alvorleg og moderat jodmangel er eit ernæringsproblem i mange land i verda. I mange land er jodmangel i svangerskapet årsak til nedsett mental utvikling hos barn, men talet på land med alvorleg jodmangel er redusert betydeleg dei siste 30 åra. Europa er framleis den regionen i verda med høgast førekomst av moderat jodmangel (Velasco, 2018). 

Sosiale forskjellar 

Samanlikna med grupper som har høgare sosioøkonomisk posisjon, har befolkningsgrupper med lågare utdanning og yrkesposisjon

  • høgare inntak av sukkerhaldig drikke og salt mat (Dahl, 2014; Totland, 2013).
  • lågare inntak av frukt, bær og grønsaker (Dahl, 2014).

Blant gravide som deltek i Den norske mor og barn-undersøkinga ser vi at kvinner med lang utdanning og høg inntekt har sunnare kosthald (Englund-Ogge, 2012).

Kvinner med lang utdanning fullammer lengre enn kvinner med kort utdanning (Helsedirektoratet, 2014a).

Norsk kosthald i eit internasjonalt perspektiv

Tidlegare har det vore vanskeleg å samanlikne kosthald mellom land på grunn av ulike metodar for datainnsamling og liten standardisering. I dag er samordninga komen langt innanfor Europa, og ei rekkje samanliknande studiar kjem truleg til å bli publiserte i åra framover.

Så langt har dei viktigaste samanliknande studiane kome frå den store EPIC-studien (the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition), der ti ulike land deltek. Her har ein kunna bruke same metodikk for å studere forskjellar i kostmønster mellom europeiske land.

Data frå 2002 og 2010 viser at folk i dei skandinaviske landa skil seg frå land lengre sør i Europa ved at dei her har eit mykje høgare forbruk av kaffi og margarin. Det norske kosthaldet utmerker seg også med høgt inntak av sukkerhaldig drikke, poteter og fisk, særleg mager fisk. Inntaket av frukt, grønsaker, vegetabilske oljar og belgvekstar er blant det lågaste i Europa (Freisling, 2010; Slimani, 2002).

Internasjonalt er det aukande interesse for det nordiske kostholdet ­- «the New Nordic Diet». Dette blir vurdert å vere bra for helsa, miljøvennleg og smakfullt. Kosthaldet inneheld sunne matvarer som kan dyrkast i det nordiske klimaet, slik som fullkorn, rotgrønsaker, kål, bær, nokre fruktsortar, poteter, samt rapsolje, fisk og vilt. Dietten liknar på middelhavskosthaldet, (Bjørnarå, 2015).

Kosthald, helse og miljø

Sjukdom knytt til kosthaldet

Verdas helseorganisasjon (WHO) har estimert at endringar i kosthald, fysisk aktivitet og røykjevanar kan førebyggje 80 prosent av hjarteinfarkt, 90 prosent av type 2-diabetes og over 30 prosent av kreft (WHO, 2003; WCRF/AICR, 2007). 

I resultata frå det norske sjukdomsbørprosjektet er røyking rangert som den viktigaste blant dei kjente risikofaktorar for tidleg død (før fylte 70 år) og usunt kosthald som den nest viktigaste (FHI, 2017e).

Kosthald og psykisk helse

Vi veit meir om samanhengen mellom kosthald og fysisk helse enn om kosthald og psykisk helse, men kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg til å hevde at kostråda som er utforma for å betre den fysiske helsa, også kan bidra til betre psykisk helse (FHI, 2017a).

Kosthaldet kan påverke den psykiske helsa gjennom biologiske mekanismar.

I tillegg kan kosthaldet og forholdet til mat og måltid samverke med psykologiske og sosiale forhold, slik som trivsel, sosialt fellesskap og meistring.

Trivsel og matglede

Kosthold er meir enn næringsstoffer og energibalanse. Kosthold er også mat- og måltidsglede (HOD, 2017).

Trivsel ved måltida har betydning for at barn og unge skal kunne etablere gode kost- og måltidsvanar. For barn og unge er det også viktig at foreldre og andre vaksne stimulerer dei til å smake på forskjellig mat slik at dei blir inspirerte til å ete variert variert (HOD, 2017).

Mat- og måltidsglede har stor betydning for menneske i alle livsfasar, både for friske og for menneske med sjukdom og helseplager (HOD, 2017).

Kosthald, miljø og klima

Miljø- og klimadimensjonen ved matproduksjon og -forbruk er i dag blitt en faktor som motiverer mange til å ete mindre kjøt, og for nokre til å fjerne alle animalske matvarer frå kosthaldet.

Den globale matproduksjonen fører til høgare klimagassutslepp og kan forverre miljøet gjennom avskogning, erosjon, redusert biologisk mangfold og redusert grunnvassnivå. Kva for matvarer vi vel å kjøpe, påverkar utviklinga direkte.

Nasjonalt råd for ernæring publiserte ein rapport i november 2017 der dei norske kostråda blei vurderte i eit berekraftperspektiv (Nasjonalt råd for ernæring, 2017). Ein viktig konklusjon var at det er stort overlapp mellom det kostholdet som er best for helsa og det kosthaldet som er best for klima og miljø.

Rapporten tilrår følgjande for dei nasjonale kostråda: auke rådet om frukt og grønsaker frå fem til sju porsjonar om dagen, oppretthalde rådet om høgt forbruk av fullkornsprodukt, gjerne gi råd om å inkludere meir belgvekster (erter, bøner og linser) i kosthaldet og gjerne redusere inntaket av raudt kjøt. Tilrådingane i rapporten er på line med kva andre land har kome fram til, land som har lagt berekraft inn som ein del av grunnlaget for offisielle kostråd.

Nokre vel å svare på miljøutfordringane ved å gå over til eit vegetarisk kosthald. Eit variert samansett vegetarisk kosthald kan være like sunt som et kosthold i tråd med kostrådane. Veganarar, det vil seia personar som utelèt alle animalske produkt frå kosthaldet, bør imidlertid ha god kosthaldskunnskap for å sikra tilstrekkeleg inntak av protein, kalsium, sink, jod og vitamin B2 og B12. Helsenorge.no har meir informasjon om vegetarisk kosthald.

Utfordringar

Dei største ernæringspolitiske utfordringane i tida framover er å redusere inntaket av sukker, særleg blant barn og unge, auke forbruket av frukt og grønsaker, samt redusere inntaket av metta feitt og salt (Helsedirektoratet, 2017a).

Regjeringa har slutta seg til WHO sine mål om å redusere førekomsten av ikkje-smittsame sjukdomar innan 2025. Dette gjeld hjarte- og karsjukdom, kreft, kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols), diabetes. To av måla er å redusere saltinntaket med 30 prosent og fysisk inaktivitet med 10 prosent samanlikna med 2010 (FHI, 2017b). Eit anna mål er å stanse auken i diabetes, overvekt og fedme blant ungdom og vaksne.

Vi lever i eit samfunn som legg til rette for fysisk inaktivitet, og som har eit stort og freistande mattilbod. Dette er to forhold som aukar risikoen for usunt kosthald, overvekt og fedme. Barn og unge er spesielt utsette og prisgitt omgivnadene; familien, barnehagen, skulen og nærmiljøet.

Noreg har allereie ei særavgift på sukker, og helseministeren har knytt til seg ei gruppe med aktørar frå matvarebransjen og næringslivet der målet er å sette i verk tiltak som kan betre kosthaldet i befolkninga (HOD, 2016).

Det er behov for nye kosthaldsundersøkingar for å følgje med på kosthaldet til barn og unge. Blant anna manglar vi kunnskap om kosthaldet blant førskulebarn i ulike sosioøkonomiske grupper, inkludert innvandrargrupper.

Når det gjeld førskulebarn, var det berre eitt av fem inviterte barn (20 prosent, 399 deltakarar) som deltok i Ungkost 3-undersøkinga i 2016, som er den nyaste kosthaldsundersøkinga i denne aldersgruppa (Universitetet i Oslo, 2017).

Om kapitlet

Kapitlet er skrive av Helle Margrete Meltzer (leder av skrivegruppa), Anne Lise Brantsæter, Kristin Holvik, Linn Bøhler og Hanna Hånes. Kapitlet er gjennomgått og revidert med nye tal og oppdatert tekst 5. mai 2018. Takk til Helsedirektoratet for figurar og gjennomlesing av kapitlet.  

Referanser

Abel, M.H.; Caspersen, I.H.; Meltzer, H.M.; Haugen, M.; Brandlistuen, R.E.; Aase, H.; Alexander, J.; Torheim, L.E.; Brantsaeter, A.L (2017). Suboptimal maternal iodine intake is associated with impaired child neurodevelopment at 3 years of age in the Norwegian Mother and Child Cohort Study. J Nutr, 147 (7): 1314-1324.

Berg, V., Nost, T. H., Skeie, G., Thomassen, Y., Berlinger, B., Veyhe, A. S., et al. (2017). Thyroid homeostasis in mother-child pairs in relation to maternal iodine status: the MISA study. Eur J Clin Nutr, 71(8), 1002-1007.

Bjørnarå, H. B., Hillesund, E. R., Torstveit, M. K., Stea, T. H., Øverby, N. C., & Bere, E. (2015). An assessment of the test-retest reliability of the New Nordic Diet score. Food Nutr Res, 59, 28397.

Brantsæter, A. L., Knutsen, H. K., Johansen, N. C., Nyheim, K. A., Erlund, I., Meltzer, H. M., et al. (2018). Inadequate Iodine Intake in Population Groups Defined by Age, Life Stage and Vegetarian Dietary Practice in a Norwegian Convenience Sample. Nutrients, 10(2).

Chowdhury, R., Kunutsor, S., Vitezova, A., Oliver-Williams, C., Chowdhury, S., Kiefte-de-Jong, J. C., et al. (2014). Vitamin D and risk of cause specific death: systematic review and meta-analysis of observational cohort and randomised intervention studies. BMJ, 348, g1903.

Dahl, E., Bergsli, H., & van der Wel, K. A. (2014) Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt (Hovedrapport). Oslo: Høgskolen i Oslo og Akershus. 

Dahl, L., Johansson, L., Julshamn, K., & Meltzer, H. M. (2004). The iodine content of Norwegian foods and diets. Public Health Nutr, 7(4), 569-576.

De-Regil, L. M., Fernandez-Gaxiola, A. C., Dowswell, T., & Pena-Rosas, J. P. (2010). Effects and safety of periconceptional folate supplementation for preventing birth defects. Cochrane Database Syst Rev, (10), Cd007950.

Englund-Ogge, L., Brantsaeter, A. L., Haugen, M., Sengpiel, V., Khatibi, A., Myhre, R., et al. (2012). Association between intake of artificially sweetened and sugar-sweetened beverages and preterm delivery: a large prospective cohort study. Am J Clin Nutr, 96(3), 552-559.

FHI. A. L. Brantsæter, M. Haugen, S. Øverland, & H. M. Meltzer. (2017a) Kostholdets betydning for fysisk og psykisk helse - ny kunnskap. [rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017b) Indikatorer for ikke-smittsomme sykdommer (NCD) [nettpublikasjon]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

FHI. (2017c) Levevaner - kosthold. [database]. Oslo, Norgeshelsa statistikkbank: Folkehelseinstituttet. Hentet 23. november 2017.

FHI. (2017d) Medisinsk fødselsregister. [database]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet 12. mai 2017.

FHI. A. K. Knudsen, M. C. Tollånes, Ø. A. Haaland, J. M. Kinge, V. Skirbekk, & S. E. Vollset. (2017e) Sykdomsbyrde i Norge 2015. Resultater fra Global Burden of Diseases, Injuries, and Risk Factors Study 2015 (GBD 2015) [Rapport]. Oslo: Folkehelseinstituttet. 

Freisling, H., Fahey, M. T., Moskal, A., Ocke, M. C., Ferrari, P., Jenab, M., et al. (2010). Region-specific nutrient intake patterns exhibit a geographical gradient within and between European countries. J Nutr, 140(7), 1280-1286.

Hagve, T. A., Lilleholt, K., & Svendsen, M. (2013). Jernmangelanemi-tolking av biokjemiske og hematologiske funn. Tidsskr Nor Laegeforen, 133(2), 161-164.

Hay, G., Sandstad, B., Whitelaw, A., & Borch-Iohnsen, B. (2004). Iron status in a group of Norwegian children aged 6-24 months. Acta Paediatrica, 93(5), 592-598.

Helsedirektoratet. (2018a) Kosthold for gravide. [nettside]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 19. mars 2018.

Helsedirektoratet. (2018b) Screening og rutineundersøkelser i svangerskapet. [nettside]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 23. mars 2018.

Helsedirektoratet. (2017a) Utviklingen i norsk kosthold 2017 [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet. (2017b) Nasjonal faglig retningslinje for spedbarnsernæring. [nettside]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 20. juni 2017.

Helsedirektoratet. (2017c) Nasjonal faglig retningslinje for spedbarnsernæring: Anbefalinger for tilførsel av energi og næringsstoffer til spedbarn 6-11 måneder. [nettside]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 20. november 2017.

Helsedirektoratet. (2016) Kostråd fra Helsedirektoratet. [nettside]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 15. november 2017.

Helsedirektoratet. (2015a) Næringsstoffanbefalinger – energi, karbohydrater, fett, protein, vitaminer, mineraler. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 30/3, 2016.

Helsedirektoratet. (2015b) Salt og saltpartnerskapet. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 20/03/2016.

Helsedirektoratet. (2015c) Utviklingen i norsk kosthold. Oslo: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet. B. Lande & A. Helleve. (2014a) Amming og spedbarns kosthold: Landsomfattende undersøkelse 2013. Oslo, Norway: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet. (2014b) Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet [rapport]. (IS-2170). Oslo, Norge: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet. Torunn Holm Totland, Benedicte Kjerpeseth Melnæs, Ninna Lundberg-Hallén, Kaja Marie Helland-Kigen, Nicolai Andre Lund-Blix, Jannicke Borch Myhre, Anne Marte Wetting Johansen, Elin Bjørge Løken, & L. F. Andersen. (2012) Norkost 3. En landsomfattende kostholdsundersøkelse blant menn og kvinner i Norge i alderen 18 - 70 år, 2010-11. [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet, Mattilsynet, & Universitetet i Oslo. A. L. Kristiansen, L. Frost Andersen, (UiO)., & B. Lande, (Helsedirektoratet). (2009) Småbarnskost - 2 år: Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant 2 år gamle barn. Oslo, Norway: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet. (2005) Nasjonale faglige retningslinjer: Retningslinjer for svangerskapsomsorgen [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Helsedirektoratet. (2004) Folat. Oslo: Helsedirektoratet. 

Henjum, S., Aakre, I., Lilleengen, A. M., Garnweidner-Holme, L., Borthne, S., Pajalic, Z., et al. (2018). Suboptimal Iodine Status among Pregnant Women in the Oslo Area, Norway. Nutrients, 10(3).

Henjum, S., Lilleengen, A. M., Aakre, I., Dudareva, A., Gjengedal, E. L. F., Meltzer, H. M., et al. (2017). Suboptimal Iodine Concentration in Breastmilk and Inadequate Iodine Intake among Lactating Women in Norway. Nutrients, 9(7).

HOD. (2017) Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold 2017-2021 [rapport]. Oslo: Helse- og omsorgsdepartementet. 

HOD. (2016). Fakta om helseministerens næringslivsgruppe. [nettside]. Oslo: Helse- og omsorgsdepartementet. Hentet 1. september 2017.

HOD. (2014). Forskrift om transfettsyrer i næringsmidler.  Oslo: Helse- og omsorgsdepartementet. 

Holvik, K., Brunvand, L., Brustad, M., & Meyer, H. E. (2008). Vitamin D status in the Norwegian population. I: E. Bjertness (red.), Solar Radiation and Human Health. Oslo, Norway: The Norwegian Academy of Science and Letters.

Júlíusson, P., Bjørndalen, H., Bjerknes, R., & Veimo, D. (2009) Normal Pubertet. Norsk barnelegeforening. Hentet 22.03.2016.

Madar, A. A., Gundersen, T. E., Haug, A. M., & Meyer, H. E. (2017). Vitamin D supplementation and vitamin D status in children of immigrant background in Norway. Public Health Nutr, 20(16), 2887-2892.

Madar, A. A., Meltzer, H. M., Heen, E., & Meyer, H. E. (2018). Iodine Status among Somali Immigrants in Norway. Nutrients, 10(3).

Madar, A. A., Stene, L. C., & Meyer, H. E. (2009). Vitamin D status among immigrant mothers from Pakistan, Turkey and Somalia and their infants attending child health clinics in Norway. Br J Nutr, 101(7), 1052-1058.

Meyer, H. E., Skram, K., Berge, I. A., Madar, A. A., & Bjorndalen, H. J. (2017). Nutritional rickets in Norway: a nationwide register-based cohort study. BMJ Open, 7(5), e015289.

Nasjonalt råd for ernæring. (2017) Bærekraftig kosthold - vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftperspektiv [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Nasjonalt råd for ernæring. (2016) Risiko for jodmangel i Norge: Identifisering av et akutt behov for tiltak [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Nasjonalt råd for ernæring. (2011) Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. 

Nordic Council of Ministers. (2014) Nordic Nutrition Recommendations 2012 [rapport]. (2014:002). Copenhagen, Denmark: Nordiska ministerrådet, Nordisk Ministerråds sekretariat. 

Slimani, N., Fahey, M., Welch, A. A., Wirfalt, E., Stripp, C., Bergstrom, E., et al. (2002). Diversity of dietary patterns observed in the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC) project. Public Health Nutr., 5(6B), 1311-1328.

SSB. (2016) Helseforhold: Levekårsundersøkelsen 2015. [database]. Oslo: Statistisk sentralbyrå. Hentet 15. juni 2017.

Totland, T. H., Lien, N., Bergh, I. H., Bjelland, M., Gebremariam, M. K., Klepp, K. I., et al. (2013). The relationship between parental education and adolescents' soft drink intake from the age of 11-13 years, and possible mediating effects of availability and accessibility. Br J Nutr, 110(5), 926-933.

Universitetet i Oslo. Hansen LB, Myhre JB, Johansen AMW, Paulsen MM, & A. LF. (2016) Ungkost 3 Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant elever i 4. -og 8. klasse i Norge, 2015. Oslo: Universitetet i Oslo. 

Universitetet i Oslo. Hansen LB, Myhre JB, Johansen AMW, Paulsen MM, & A. LF. (2017) Ungkost 3 Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant 4-åringer i Norge, 2016 [rapport]. Oslo: Universitetet i Oslo. 

Velasco, I., Bath, S. C., & Rayman, M. P. (2018). Iodine as Essential Nutrient during the First 1000 Days of Life. Nutrients, 10(3).

von Ruesten, A., Brantsaeter, A. L., Haugen, M., Meltzer, H. M., Mehlig, K., Winkvist, A., et al. (2014). Adherence of pregnant women to Nordic dietary guidelines in relation to postpartum weight retention: results from the Norwegian Mother and Child Cohort Study. BMC Public Health, 14(1), 75.

WCRF/AICR. (2007) Food, Nutrition, Physical Activity, and the Prevention of Cancer: a Global Perspective [rapport]. Washington DC: World Cancer Research Fund/American Institute for Cancer Research. 

WHO. (2003) Diet, nutrition and the prevention of chronic diseases. Geneva: World Health. Organization. 

Öberg, J., Jorde, R., Almas, B., Emaus, N., & Grimnes, G. (2014). Vitamin D deficiency and lifestyle risk factors in a Norwegian adolescent population. Scand J Public Health, 42(7), 593-602.