Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Overvekt og fedme»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Overvekt og fedme

Overvekt og fedme i Noreg

Størstedelen av den vaksne befolkninga har overvekt eller fedme. Blant barn ser det ut til at den samla andelen med overvekt og fedme har stabilisert seg.

Størstedelen av den vaksne befolkninga har overvekt eller fedme. Blant barn ser det ut til at den samla andelen med overvekt og fedme har stabilisert seg.


temafigur
Sidan 1970-talet har det vore ein sterk auke i førekomsten av overvekt og fedme, noko som truleg har samanheng med miljøet vi lever i. Fedme er forbunde med auka risiko for fleire ikkje-smittsame sjukdommar. Tilrettelegging for sunt kosthald og fysisk aktivitet kan forebygge fedme i befolkninga. Illustrasjon: FHI/Fete typer.

Hovudpunkt

  • Andelen med overvekt og fedme i befolkningen har auka dei siste 50-60 åra. Det kan sjå ut som at andelen med overvekt og fedme blant barn og ungdom har stabilisert seg.
  • Til saman har mellom 15 og 21 prosent av barn og ungdom (8-15 år) overvekt og fedme (om lag 1 av 6).
  • Basert på data frå Helseundersøkingane i Trøndelag og Tromsø har om lag 1 av 4 menn og kvinner i aldersgruppa 40-49 år fedme. I tillegg kjem andelen med overvekt.
  • Den samla andelen med overvekt og fedme varierer etter landsdel og utdanningsnivå.
  • Det er først og fremst fedme som er forbunde med auka helserisiko. Høg BMI medverkar til anslagsvis 2800 årlege dødsfall i Noreg, og er knytta til ei rekke ulike sjukdomar som hjarte- og karsjukdom, diabetes og andre kroniske sjukdomar.  

Om overvekt og fedme

Overvekt og fedme er ein tilstand med overskot av kroppsfeitt. Det er fleire mål for overvekt og fedme:

Kroppsmasseindeks (BMI) er det målet ein vanlegvis brukar for å omtale vektforhold i befolkninga. BMI vert rekna ut ved å dividere kroppsvekta med kvadratet av kroppshøgde – kg/(høgde * høgde). For vaksne personer gjeld disse grensene:

  • BMI på 18,5-24,9 kg/m2 blir definert som normalvekt.
  • BMI på 25,0-29,9 kg/m2 blir definert som overvekt.
  • BMI på 30 kg/m2 og høgare blir definert som fedme.

For barn (5-18 år) nyttar ein eigne BMI-grenser for å definere ulike kategorier av vektstatus.

Midjemål blir brukt for å bestemma om en person har bukfedme. Midjemålet måles med eit målband rundt livet i navlehøgde. Midjemål blir brukt saman med BMI for å vurdere helserisiko, og kan nokre gonger gi eit betre bilete av fordeling av kroppsfeitt enn BMI.

For vaksne blir eit midjemål på over 88 centimeter hos kvinner og over 102 centimeter hos menn definert som bukfedme.

Overvekt og fedme hos barn og ungdom

Resultat frå kartleggingsstudier viser at samla sett har mellom 15 og 21 prosent av barn og ungdom overvekt eller fedme, det vil seie om lag 1 av 6 (Júlíusson et al., 2010; FHI, 2017; Øvrebø et al., 2021; FHI, 2021a).

Dei siste nasjonale førekomsttala vi har for overvekt og fedme blant barn og ungdom, er frå tre ulike undersøkingar gjennomført i tidsrommet 2015 til 2018.

Resultat frå Barnevekststudien viser at:

  • Blant tredjeklassinger målt i 2015 hadde 12 prosent overvekt, medan 3 prosent hadde fedme: Blant jentene hadde 14 prosent og blant gutane 11 prosent overvekt, medan 3 prosent av jentene og 2 prosent av gutane hadde fedme (FHI, 2017).

Tredjeklassingane var 7-8 år gamle når vekt og høgde blei målt om hausten i tredje klasse.

Resultat frå dei andre nasjonale kartleggingane viser at:

  • Blant fjerdeklassingar målt i 2018 i kartleggingsundersøkinga av fysisk aktivitet (UngKan), som også inkluderer kroppsmålingar, hadde 18 prosent overvekt og 3 prosent fedme. Det var ingen klare kjønnsforskjellar blant desse 9-åringane (FHI, 2021a).

Blant 8. klassingar målt i 2017 i Ungvekststudien hadde 13 prosent overvekt og 3 prosent  fedme. Det var heller ingen kjønnsforskjellar i overvekt eller fedme blant 13-åringane (Øvrebø et al., 2021).

Blant 10. klassingar målt i 2018 i UngKan-undersøkinga hadde 14 prosent overvekt og 3 prosent fedme. Delen med overvekt blant desse 15 åringane var høgare blant jentene enn gutane. Sytten prosent av jentene hadde overvekt medan 11 prosent av gutane, medan 5 prosent av jentene og 2 prosent av gutane hadde fedme (FHI, 2021a).

Utvikling over tid for barn og ungdom

Prosentdelen overvektige barn auka truleg fram mot starten av 2000-talet (Juliusson et al., 2007). Frå 2010 ser det derimot ut til at den samla prosentdelen av barn med overvekt og fedme har forandra seg lite – sjå figur 1 og 2.

Resultat for andel med overvekt og fedme i tredje klasse (7-8 år) fra Barnevekststudien i perioden 2008 til 2015 tyder på at utviklinga har stabilisert seg etter 2010, sjå figur 1. UngKan-undersøkinga viser heller ikkje tegn til økning i andelen med overvekt og fedme blant 9-åringer etter 2011, sjå figur 2.

Figur 1. Prosentdel (%) gutar og jenter i tredje klasse (7-8-åringar) som har overvekt eller fedme. Kjelde: Barnevekststudien 2008, 2010, 2012 og 2015, Folkehelseinstituttet.
Figur 1. Prosentdel (%) gutar og jenter i tredje klasse (7-8-åringar) som har overvekt eller fedme. Kjelde: Barnevekststudien 2008, 2010, 2012 og 2015, Folkehelseinstituttet.

Andelen ungdom med overvekt og fedme har auka dei siste 50 år, men det var heller ingen tegn til auke dei siste åra blant 15 åringene i UngKan-undersøkinga, sjå figur 2. Andelen med overvekt blant gutane var 12 prosent i 2011 og 11 prosent i 2018, mens andelen med fedme var 3 prosent i 2011 og 2 prosent i 2018. Blant jentene hadde 19 prosent overvekt i 2011 og 17 prosent i 2018, men andelen med fedme var noko høgare blant jentene i 2018 (5 prosent) enn i 2011 (3 prosent) (FHI, 2021a).

Figur 2. Utvikling i overvekt og fedme hos barn i hos 9- og 15-åringer i UngKan-undersøkinga. Kjelde:  FHI, 2021a.
Figur 2. Utvikling i overvekt og fedme hos barn i hos 9- og 15-åringer i UngKan-undersøkinga. Kjelde:  FHI, 2021a.

Enkelte studiar tyder på at over ein lengre tidsperiode har det gjennomsnittlege midjemålet auka i større grad enn den gjennomsnittlege BMI (McCarthy, Jarrett, Emmett, & Rogers, 2005), også i Noreg (Kolle et al., 2009). Men det var ingen endringar i midjemål frå 2011 til 2018 blant barn og ungdom som deltok i UngKan (Steene-Johannessen et al., 2019). Og ifølge Barnevekststudien var det små endringar i bukfedme definert som livviddeindeksen (livvidda delt på høgda over eller lik 0,5) i perioden frå 2008 til 2015, sjå figur 3.

Figur 3. Prosentdel (%) gutar og jenter i tredje klasse (7-8-åringar) med bukfedme. Bukfedme er definert som livviddeindeks (livvidda delt på høgda) over eller lik 0,5. Kjelde: Barnevekststudien 2008, 2010, 2012 og 2015, Folkehelseinstituttet.
Figur 3. Prosentdel (%) gutar og jenter i tredje klasse (7-8-åringar) med bukfedme. Bukfedme er definert som livviddeindeks (livvidda delt på høgda) over eller lik 0,5. Kjelde: Barnevekststudien 2008, 2010, 2012 og 2015, Folkehelseinstituttet.

Resultat frå Helseundersøkinga i Trøndelag (Ung-HUNT4) blant 13-19 åringar (ungdomsskule og vidaregående i tidlegare Nord-Trøndelag fylke) i 2017-2019 viser ein noko høgare andel med overvekt og fedme enn i dei nasjonale undersøkingane. Blant jentene hadde 18 prosent og blant gutane 17 prosent overvekt, medan rundt 7 prosent hadde fedme. Samla sett hadde om lag 1 av 4 ungdommar i alderen 13 til 19 år overvekt eller fedme i Trøndelag (Rangul & Kvaløy, 2020).

Fordelt på ungdomsskule og vidaregåande var andelen med overvekt i ungdomsskulane 15 prosent blant gutane og 17 prosent blant jentene, og andelen med fedme var 6 prosent for gutane og 4 prosent for jentene. Andelen med overvekt  i vidaregåande var 18 prosent for gutane og 20 prosent for jentene, og andelen med fedme 9 prosent for gutane og 8 prosent for jentene.

Figur 4a og 4b viser forekomsttall for ungdomsskole og videregående elever hver for seg frå 1995-1997 til 2017-2019. For gutana er andelen med overvekt og fedme stabil frå 2006-2008 til 2017-2019, sjå figur 4a, men denne tendensen gjelder ikkje for jentene, sjå figur 4b.

Figur 4a. Samla andel gutar med overvekt eller fedme i ungdomsskulen og vidaregåande skule i undersøkingane Ung-HUNT1 (1995-1997), Ung-HUNT3 (2006-2008) og Ung-Hunt4 (2017-2019). Kjelde: Ung-HUNT (HUNT Forskningssenter, personleg kommunikasjon) .
Figur 4a. Samla andel gutar med overvekt eller fedme i ungdomsskulen og vidaregåande skule i undersøkingane Ung-HUNT1 (1995-1997), Ung-HUNT3 (2006-2008) og Ung-Hunt4 (2017-2019). Kjelde: Ung-HUNT (HUNT Forskningssenter, personleg kommunikasjon) .
Figur 4b. Samla andel jenter med overvekt eller fedme i ungdomsskulen og vidaregåande skule i undersøkingane Ung-HUNT 1 (1995-1997), Ung-HUNT 3 (2006-2008) og Ung-Hunt 4 (2017-2019). Kjelde: Ung-HUNT (HUNT Forskningssenter, personleg kommunikasjon).
Figur 4b. Samla andel jenter med overvekt eller fedme i ungdomsskulen og vidaregåande skule i undersøkingane Ung-HUNT 1 (1995-1997), Ung-HUNT 3 (2006-2008) og Ung-Hunt 4 (2017-2019). Kjelde: Ung-HUNT (HUNT Forskningssenter, personleg kommunikasjon).

Resultat frå helseundersøkinga Fit Futures 2 i 2012-2013 blant videregåande skuleelevar i Tromsø og Balsfjord kommune viser at til saman hadde 21 prosent av unge kvinner og 28 prosent av unge menn i alderen 18-20 år overvekt eller fedme (Evensen et al., 2017).

Vi mangler målingar av høgde og vekt blant barn og ungdom i Noreg etter covid 19-pandemien, så det er derfor knyttet usikkert til utviklinga videre. Sesjonsdata frå Forsvaret tyder på at andelen med overvekt og fedme har halde seg nokolunde stabilt hos både gutar og jenter dei siste åra, sjå figur 5 (FHI, 2022). Tala er sjølvrapporterte og må difor tolkast med varsemd.

 Figur 5. Samla andel overvekt og fedme blant 17-åringar. Sjølvrapporterte tal frå sesjon 1. Kjelde: Forsvaret/Norgeshelsa.
 Figur 5. Samla andel overvekt og fedme blant 17-åringar. Sjølvrapporterte tal frå sesjon 1. Kjelde: Forsvaret/Norgeshelsa.

Overvekt og fedme hos vaksne

Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT, i tidlegare Nord-Trøndelag fylke) rapporterer at dei fleste vaksne har enten overvekt eller fedme, og at mindretalet har normal vekt. Vi har ikkje nasjonale tal basert på målt høgde og vekt, men desse to undersøkingane frå perioden 2015-2016 (Løvsletten et al., 2020) og 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) viser at:

  • Om lag 23 prosent av mennene og 42 prosent av kvinnene i alderen 40-49 år har BMI under 25.                           
  • Dei fleste mennene og kvinnene har altså overvekt eller fedme. Andelen er størst blant menn.
  • Om lag 27 prosent av mennene og 25 prosent av kvinnene i alderen 40–49 år har fedme, sjå figur 6. 
  • Sjølv om det er totalt sett ein større andel menn enn kvinner som har fedme, er prosentdelen med grad 2 eller grad 3 fedme (BMI ≥ 35 og 40 kg/m2) litt høgare blant kvinner enn blant menn (8,2 prosent blant kvinner og 6,8 prosent blant menn), sjå figur 6.

Vaksne og BMI

BMI = kroppsmasseindeks, som er eit uttrykk for vekta i forhold til kroppshøgda.

BMI vert rekna ut ved å dele kroppsvekta med kvadratet av kroppshøgde – kg/(høgde * høgde).

Overvekt:

  • BMI 25,0–29,9 kg/m2. Ein person som er 170 cm høg og veg 73 kg har så vidt passert grensa for overvekt på 25 kg/m2.

Fedme:

  • BMI ≥ 30 kg/m2

Fedme blir delt i tre undergrupper:

  • Fedme grad 1: BMI 30–34 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 87 kg for ein person som er 170 cm høg.
  • Fedme grad 2: BMI 35-39 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 101 kg for ein person som er 170 cm høg.
  • Fedme grad 3: BMI ≥ 40 kg/m2. Betyr i praksis at vekta er over 116 kg for ein person som er 170 cm høg.

Begrepet sjukeleg fedme blir brukt om BMI ≥ 40 kg/m2 eller KMI ≥ 35 kombinert med minst éin følgjesjukdom.

BMI og midjemål fungerer godt som mål for overvekt og fedme i ei befolkning, men brukt på enkeltpersonar kan det nokre gonger vere misvisande. For eksempel kan personar med mykje muskulatur og personar som har tapt kroppshøgde, bli definerte som overvektige sjølv om dei har normal mengde feittvev i kroppen. Analyser i Tromsøundersøkinga viser godt samsvar mellom enkle kroppsmål, som BMI og midjemål, og meir nøyaktige mål for overvekt og fedme  (Lundblad et al., 2021a).

Dersom vi overfører resultata til heile befolkninga i aldersgruppa 40-49 år, betyr det at om lag 53 000 personar har BMI ≥ 35 kg/m2 (grad 2 eller grad 3 fedme). 

Også livvidda og andelen som har bukfedme har auka over tid, og auken har vore større hos yngre samanlikna med eldre vaksne (Løvsletten et al., 2020; Midthjell et al., 2013).

En studie frå Tromsøundersøkinga 2001-2016 av utvikling over tid i generell fedme og bukfedme målt med meir nøyaktige målemetodar (DXA-målingar)  visar at andel kroppsfeitt og og andel visceralt feitt (bukfeitt) auka i den vaksne befolkninga. Det var ein større auke i kroppsfeitt i perioden 2007-2016 samanlikna med perioden 2001-2007, og en større auke blant dei yngre (40-49 år) samanlikna med dei eldre, særleg hos kvinner (Lundblad et al., 2021b).

Figur 6. Prosentdel (%) menn og kvinner 40–49 år med fedme i Tromsø (2015-16) og Trøndelag (2017-19). Blå viser prosentdel med grad 1 fedme (BMI 30–34,9 kg/m2), og rødt viser prosentdel med grad 2 eller 3 fedme (KMI ≥ 35 kg/m2). Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Ola Løvsletten, upubliserte data).
Figur 6. Prosentdel (%) menn og kvinner 40–49 år med fedme i Tromsø (2015-16) og Trøndelag (2017-19). Blå viser prosentdel med grad 1 fedme (BMI 30–34,9 kg/m2), og rødt viser prosentdel med grad 2 eller 3 fedme (KMI ≥ 35 kg/m2). Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Ola Løvsletten, upubliserte data).

Data frå HUNT tyder på at det blant vaksne med BMI ≥ 35 kg/m2 er nærare halvparten (40–50 prosent) som har sjukeleg fedme, det vil seie at dei enten har følgjesjukdomar eller BMI ≥ 40 kg/m2 (personleg kommunikasjon, Kristian Midthjell). Sjå også faktaboks over om dei ulike kategoriane av fedme. 

Utvikling over tid blant vaksne

Andelen vaksne med overvekt og fedme har auka dei siste 50 åra.

Menn:

  • På slutten av 1960-talet hadde berre ca. fem prosent av norske menn i 40-åra fedme.
  • Frå rundt 1970 har den gjennomsnittlege vekta auka kontinuerleg.

Kvinner:

  • Hos kvinner blei prosentdelen med fedme redusert frå 13 til 7 prosent i perioden frå 1960-talet til slutten av 1970-talet.
  • Frå rundt 1980 auka gjennomsnittsvekta på same måte som hos menn (Meyer & Tverdal, 2005)

Figur 7a og b viser korleis førekomsten av fedme har auka hos menn og kvinner i Tromsøundersøkinga og i Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT). Utviklinga har vore noko ulik i ulike aldersgrupper: Hos dei mellom 40 og 49 år, har det vore ein sterk auke dei sist ti-åra hos begge kjønn. Kvinner mellom 60 og 69 år starta med ein høgare andel med fedme samanlikna med menn, men andelen har halde seg relativt stabil over tid. Hos menn har andelen med fedme auka, og er no omtrent på same nivå som hos kvinner.

Figur 7a. Utviklinga over tid i andel med fedme i befolkninga, i Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT), for kvinner og menn 40-49 år. Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Løvsletten et al., 2020).
Figur 7a. Utviklinga over tid i andel med fedme i befolkninga, i Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT), for kvinner og menn 40-49 år. Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Løvsletten et al., 2020).
Figur 7b. Utviklinga over tid i andel med fedme i befolkninga, i Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT), for kvinner og menn 60-69 år. Kjelder: Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Løvsletten et al., 2020) .
Figur 7b. Utviklinga over tid i andel med fedme i befolkninga, i Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT), for kvinner og menn 60-69 år. Kjelder: Kjelder: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) 2017-2019 (Erik R. Sund, upubliserte data) og Tromsøundersøkinga 2015-2016 (Løvsletten et al., 2020) .

Forskjellar mellom grupper i befolkninga

Geografiske forskjellar

Andelen overvektige barn er 50 prosent høgare på landsbygda enn i byar. Prosentdelen med bukfedme følgjer det same mønsteret (Biehl et al., 2013).

Førekomsten av overvekt og fedme blant barn og ungdom er høgast i Helseregion Nord og lågast i Helseregion Sør-Øst og Vest, viser målingar frå Barnevekststudien og Ungvekststudien (FHI, 2014; Øvrebø et al., 2021).

Blant 17-åringar er andelen med overvekt og fedme størst i Nordland og Troms og Finnmark, og lågast i Oslo, sjå figur 8 (FHI, 2022). Sjølvrapportere data frå Den nasjonale folkehelseundersøkinga viser tilsvarande forskjellar hos vaksne i figur 9 (Abel & Totland, 2021).

Figur 8. Samla prosentdel med overvekt eller fedme blant 17-åringer etter kjønn. Sjølvrapporterte tal frå sesjon 1, 2021. Stipla linje er snitt for heile landet. Kjelde: Forsvaret/Norgeshelsa statistikkbank/FHI.
Figur 8. Samla prosentdel med overvekt eller fedme blant 17-åringer etter kjønn. Sjølvrapporterte tal frå sesjon 1, 2021. Stipla linje er snitt for heile landet. Kjelde: Forsvaret/Norgeshelsa statistikkbank/FHI.
Figur 9: Andel av befolkninga med fedme i dei norske fylkene. Stipla linje viser gjennomsnittet for landet. Tal frå 2020. Kjelde: Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS).
Figur 9: Andel av befolkninga med fedme i dei norske fylkene. Stipla linje viser gjennomsnittet for landet. Tal frå 2020. Kjelde: Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS).

Den samiske befolkninga

Data frå den samiske befolkninga er henta frå SAMINOR 1 undersøkinga i 2003-2004 og SAMINOR 2 i 2012-2014. Begge helseundersøkingane er gjort i område med både samisk og ikkje-samisk befolkning.

Resultata viser ein generell høg førekomst av fedme både blant samiske og ikkje-samiske deltakarar av begge kjønn. Ei samanlikning mellom undersøkingane i 2003-2004 og 2012-2014 viser at andelen med fedme har auka både blant samiske og ikkje-samiske menn, medan andelen har halde seg stabil eller gått noko ned for kvinner (Jacobsen, Melhus, Kvaløy & Broderstad, 2022).

Når det gjeld bukfedme, har den auka både blant samiske og ikkje-samiske menn og kvinner (Jacobsen, Melhus, Kvaløy & Broderstad, 2022; Michalsen, Kvaløy, Svartberg, Siri, Melhus & Broderstad, 2019). Tal frå 2003–2004 viser at:

  • Ein høgare andel samiske enn ikkje-samiske menn hadde BMI ≥30, medan det var ein lågare andel med bukfedme (midjemål ≥102 cm).
  • Blant samiske kvinner var det ein høgare andel både med fedme målt med BMI og med bukfedme enn blant ikkje-samiske kvinner (midjemål: ≥88 cm) (Nystad, Melhus, Brustad, & Lund, 2010).

Tal frå 2012-2014 tyder på dei same etniske forskjellane som ti år tidlegare (Jacobsen, Melhus, Kvaløy & Broderstad, 2022).

Analysar som inkluderer dei som møtte til både SAMINOR 1 og SAMINOR 2, viser at de yngre deltakarane hadde lagt på seg meir enn de eldre på dei ti åra som hadde gått mellom undersøkingane. Dette gjaldt både for samiske og ikkje-samiske kvinner og menn (Jacobsen, Melhus, Kvaløy, Siri, Michalsen & Broderstad, 2020).

Ein grunn til høgare fedmeandel blant samar, kan være  at samiske deltakarar i SAMINOR i gjennomsnitt er omlag 6–7 cm lågare enn ikkje-samiske deltakarar og at utrekninga av BMI ikkje fullt ut tar høgde for dette. Det er derfor usikkert kor vidt den høgare BMI-en målt blant samiske menn og kvinner reflekterer ein høgare grad av fedme (Michalsen, Coucheron, Kvaløy & Melhus, 2021; Siri & Michalsen 2021.).

Innvandrarbefolkninga

Sjølvrapporterte data frå Statistisk sentralbyrå sin levekårsundersøking blant innvandrarar i 2016 viste at førekomsten av overvekt og fedme varierer betydeleg mellom ulike grupper innvandrarar. Samanlikna med den generelle norske befolkninga hadde både kvinner og menn frå Pakistan, Irak, Kosovo, Tyrkia og kvinner frå Somalia og menn frå Polen og Bosnia-Hercegovina ein klårt høgare førekomsten av overvekt og fedme. Den lågaste førekomsten hadde kvinner og menn  frå Vietnam (Kjøllesdal et al., 2019). Tidlegare er det vist at kvinner frå Sri Lanka og Pakistan har ein høg førekomst av bukfedme samstundes med at dei har ein høg førekomst av diabetes (FHI, 2008).

Variasjon etter utdanning og familieforhold

Førekomsten av fedme og overvekt varierer med utdanning og familieforhold.

Vaksne: Sjølvrapportere data frå den Den nasjonale folkehelseundersøkinga 2020 viser klåre utdanningsforskjellar i fedme med nærare dobbelt så høg førekomst hos dei med grunnskule/vidaregåande utdanning samanlikna med personar med 4 år eller lengre høgskule/universitetsutdanning (figur 10).

Figur 10: Andel av befolkninga med fedme blant ulike utdanningsgrupper, og delt på kvinner og menn. Kjelde: Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS).
Figur 10: Andel av befolkninga med fedme blant ulike utdanningsgrupper, og delt på kvinner og menn. Kjelde: Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS).

Barn og unge: Også hos barn er det sosioøkonomiske skilnader i overvekt og fedme. Andelen med overvekt er 30 prosent høgare blant barn av mødre med kort utdanning enn blant barn av mødre med lang utdanning. Prosentdelen med bukfedme følgjer det same mønsteret (Biehl et al., 2013). Sosial ulikhet i barns BMI er tydelige allerede frå spedbarnsalder (Mekonnen et al., 2021).

I Barnevekststudien 2010 fann ein at andelen som hadde overvekt og fedme var over 50 prosent høgare blant barn med skilte foreldre samanlikna med barn med gifte foreldre (Biehl et al., 2014).

Også blant 15-åringar ser vi dei same forskjellane mellom barn som har føresette med kort og lang utdanning (Helsedirektoratet, 2012).

Internasjonale forskjellar

Vektauken som vi har sett blant både blant barn og vaksne i Noreg, har vore ein del av ein internasjonal trend der andelen med overvekt og fedme auka i mange land. For barn er det imidlertid tegn som tyder på at den stigende trenden har flata ut i ein del høg-inntektsland (NCD Risk Factor Collaboration, 2017).

Hos vaksne tyder data frå EUROSTAT (der norske data er samla inn av Statistisk Sentralbyrå) på at førekomsten av fedme er blant dei lågaste i Europa (figur 11).

Det er viktig å poengtera at dette er basert på sjølvrapport vekt og høgde, og ikkje målte verdiar. Dette vil gje ein noko lågare førekomst av fedme, men samanlikninga på tvers av Europa er styrka av at datainnsamlinga er gjort på same måte i alle land.

Figur 11: Andel med fedme i Europa i 2019 blant vaksne. Kjelde: EUROSTAT.
Figur 11: Andel med fedme i Europa i 2019 blant vaksne. Kjelde: EUROSTAT.

I land i sørlege delar av Europa er det ein mykje større prosentdel barn med overvekt og fedme enn i Noreg og andre nordiske land (Spinelli et al., 2021), sjå figur 12.

Figur 12. Førekomst av overvekt og fedme blant 7-9 åringer, frå runde 4 (2015-2017), WHO Europa, Childhood Obesity Surveillance Initiative (COSI). Kjelde: WHO COSI Runde 4 (2015-2017), basert på Spinnelli et al 2021.
Figur 12. Førekomst av overvekt og fedme blant 7-9 åringer, frå runde 4 (2015-2017), WHO Europa, Childhood Obesity Surveillance Initiative (COSI). Kjelde: WHO COSI Runde 4 (2015-2017), basert på Spinnelli et al 2021.

Helserisiko knytt til fedme

Fedme gir over tid auka risiko for utvikling av ei rekkje sjukdomar og plagar (Helsedirektoratet, 2011; WHO, 2022), mellom anna:

Risikoen for beinskjørheit og -brot er derimot lågare hos overvektige enn hos tynne (Søgaard et al., 2016).

Helserisiko hos barn

  • Overvekt og fedme blant barn og unge har samanheng med fleire helsekonsekvenser på både kort og lang sikt.
  • Barn som har overvekt og fedme, har aukt risiko for å ha overvekt og fedme som vaksne, med dei konsekvensane det inneber for helsa (Simmonds, Llewellyn, Owen, & Woolacott, 2016).
  • Å ha fedme som barn kan også føre til helsekonsekvenser som type 2-diabetes, astma, muskel og skjelettplager, risikofaktorer for hjerte- og karsykdom inkludert høyt blodtrykk og ugunstige fettstoffet i blodet, i tillegg til psykiske utfordringar (Pulgarón, 2013; Reilly & Kelly, 2011; Sinha et al., 2002; Weiss et al., 2004).

Sjukdomsbør og dødsfall

Høg BMI er ein viktig indikator for sjukdomsbør i befolkninga. På 10 år frå 2009 til 2019 auka sjukdomsbør knytta til høg BMI med 12,8 prosent (IHME, 2022a).

Høg BMI medverka i 2019 til anslagsvis 5 millionar dødsfall på verdsbasis, og om lag 2800 dødsfall i Noreg (IHME, 2022b). Det svarar til nær 7 prosent av dødsfalla i Noreg.

Hos vaksne ser det ut til at bukfedme heng sterkare saman med sjukdomar som type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdomar enn det som er tilfelle for generell fedme (BMI over 30). Også hos barn er bukfedme sett i samanheng med auka risiko for desse sjukdomane (Maffeis, Banzato, & Talamini, 2008).

Spesielt hos eldre er låg vekt også ein utfordring, og i aldersgruppa over 65 år finn vi lågast dødelegheit ved ein noko høgare BMI enn hos yngre (Kvamme et al., 2012).

Faktorar som kan auke risikoen for overvekt og fedme

Fødselsvekt og vektauke i småbarnsalderen

Høg fødselsvekt har sterkast samanheng med utvikling av fedme i vaksen alder dersom foreldra har høg BMI (Glavin et al., 2014; Kristiansen et al., 2015), elles ser det ut til at det kun er ein liten samanheng mellom høg fødselsvekt og utvikling av fedme i vaksen alder (Brisbois, Farmer, & McCargar, 2012; Evensen et al., 2017). Det kan difor tyde på at foreldra si vekt har større betydning for utvikling av fedme enn fødselsvekta til barnet.

Frå toårs-alderen er fedme hos barn tydeleg forbunde med auka risiko for fedme i vaksen alder (Evensen et al., 2017) (Glavin et al., 2014) (Johannsson, Arngrimsson, Thorsdottir, & Sveinsson, 2006) (Kvaavik, Tell, & Klepp, 2003) (Magarey, Daniels, Boulton, & Cockington, 2003) (Evensen, Wilsgaard, Furberg, & Skeie, 2016). Risikoen aukar med stigande alder og er endå større viss ein eller begge foreldre har fedme.

Inaktivitet og høgt energiinntak

Vekta er påverka av både arv og miljø. På befolkningsnivå er det truleg endringar i miljø og levevanar som kan forklare auken i førekomsten av overvekt og fedme dei seinare tiåra, og den største vektauken er observert hos dei som er mest genetisk predisponert til å legga på seg (WHO, 2022). Vi lever i eit samfunn som oppmuntrar til fysisk inaktivitet, og som har eit stort og freistande mattilbod, også kalt eit ‘fedmefremjande samfunn’ (obesogenic environment). Dette er to forhold som aukar risikoen for overvekt og fedme, sjå under forebygging nedanfor.

Samanheng mellom psykiske vanskar og overvekt

Psykiske vanskar kan påverke både appetitt, vilje og sjølvkontroll, som alle er viktige faktorar for å forklare utviklinga av fedme. Personar som er ramma av angst, depresjon og psykosar, er òg meir sårbare for å oppleve stress og hjelpeløyse når dei møter utfordringar. Dette kan føre til endra regulering av appetitt og mettheit og høgare inntak av mat som er rik på feitt, sukker eller salt.

Befolkningsstudiar blant vaksne viser at det er ein høgare andel som har psykiske plager som angst og depresjon blant personar med fedme enn i befolkninga elles (de Wit et al., 2010). Oppfølgingsstudiar har vist at angst og depresjon aukar risikoen for utvikling av fedme. På den andre sida aukar også fedme risikoen for angst og depresjon (Berkowitz & Fabricatore, 2011).

Biverknader av legemiddel kan òg forklare ein del av samanhengen mellom fedme og psykiske plager. Fleire medisinar mot alvorlege psykiske lidingar kan påverke hjernemekanismar som styrer matlyst og stoffskifte, som i sin tur kan føre til kraftig vektauke.  Dette gjeld særleg antipsykotiske medisinar. Men slike medisinar forklarer sannsynligvis ikkje alt når det gjeld auka kroppsvekt og ugunstig feittsammensetning hos menneske med psykoselidingar, då auka risiko for overvekt og metabolsk syndrom også er funne svært tidleg i forløpet av desse lidingane (Thakore, 2004). Dessutan er det vist i store populasjonsstudiar at menneske med psykoselidingar som bruker antipsykotikum har like lang eller lengre forventa levealder enn umedisinerte med psykoselidingar (Torniainen et al., 2015). I dei seinare åra er det sett fram hypotesar om at samanhengen mellom psykiske lidingar og overvekt kan komma av felles genetiske faktorar i tillegg til miljøfaktorar (Bahrami et al., 2020), noko som gjer biletet endå meir samansett.

Overvekt og fedme hos barn og unge har samanheng med dårlegare helserelatert livskvalitet og sjølvkjensle, depresjon, og emosjonelle tilstandar og åtferdsvanskar. Sjølvkjensle relatert til fysisk utsjånad ser ut til å bli dårlegare med aukande alder blant barn og unge som har overvekt og fedme. Det er uklart om psykisk plagar og lidingar er ei årsak til eller ein konsekvens av fedme. Det kan vera andre felles faktorar som forårsakar både fedme og psykiske tilstandar blant utsette barn og unge (Rankin et al., 2016).

Likevel er det vanleg at barn med høg vekt opplever stigmatisering (Puhl & Lessard, 2020), og vektrelatert mobbing ser ut til å forklara noko av samanhengen mellom høgare BMI og dårlegare psykisk helse (Blanco et al., 2020). Det er viktig at helsearbeidarar og andre er klar over å bruka støttande, forståingsfull og ikkje-stigmatiserande kommunikasjon med barn og unge og familiane deira for å redusera vektrelatert stigmatisering (Puhl & Lessard, 2020).

Førebygging og utfordringar

For å kunne gjere noko med overvekt og fedme på samfunnsnivå er det viktig med både befolkningsretta og individretta tiltak. Vi omtaler ikkje behandling av fedme i helsetjenesten her, men viser til retningslinjene frå Helsedirektoratet (Helsedirektoratet, 2011). Når det gjeld å førebygga vektauke og fedme er tiltak på samfunnsnivå særskilt viktige, ikkje minst hos dei i befolkninga som er mest disponert for å legga på seg. Slike befolkningsretta tiltak kan nå langt fleire og vere meir effektive enn individretta tiltak, slik som å oppfordre enkeltpersonar til å halde kontroll på vekta.

Når det gjeld kosthald og fysisk aktivitet er det vist at fiberrike matvarer, "middelhavskosthald", amming og fysisk aktivitet inklusiv gange reduserer risikoen for vektauke og overvekt/fedme, medan sukkersøta drikkevarer, energitett og næringsfattig mat inklusiv fastfood og mykje skjermtid aukar risikoen (World Cancer Research Fund International/American Institute for Cancer Research, 2018).

Internasjonalt ser vi ein aukande diskusjon om kva folkehelsetiltak som kan og bør brukast for å forebygga overvekt og fedme i befolkninga. Verdens helseorganisasjon sin rapport frå 2022 om fedme i Europa (WHO, 2022) beskriv følgande barrierar som kan forhindrar eller svekka oppstart av samfunnsretta tiltak:

  • At mange hevder at det er individet sitt ansvar å gjerna noko med vekta si, og at dette ikkje er storsamfunnet/politikarane sitt ansvarsområde.
  • Tiltak for å gjera noko med bakanforliggande faktorar for fedme er ofte ikkje prioritert.
  • Økonomiske omsyn blir ofte prioritet på bekostning av helse, inkl. politiske tiltak for å førebygga fedme.
  • Det er utfordrande med tiltak på tvers av samfunnssektorar.
  • Tiltak som går ut over matvareindustrien møter ofte stor motstand.

Barn og unge er spesielt prisgitt korleis omgivnadene, til dømes familien, barnehagen, skulen og nærmiljøet, legg til rette for eit sunt kosthald og fysisk aktivitet. Befolkningsretta tiltak som blir diskuterte i Noreg, er mellom anna redusert tilgang på næringsfattige og energirike matvarer som for eksempel sukra drikker i omgivnadane rundt barn og unge, samt betre tilrettelegging for fysisk aktivitet i skulen og nærmiljøet. Viktige tiltak kan vere økonomiske verkemiddel, regulering av marknadsføring, ikkje minst digital marknadsføring retta mot barn og unge, endra samansetning av industriproduserte matvarer og utvikling av nye produkt med ein sunnare samansetning, matmerking med til dømes nøkkelhullmerket, endring i porsjonsstørrelsar, tilrettelegging for sunt kosthald i skuler og barnehagar samt  medie- og opplysningskampanjar (FHI, 2017d).

Helseministeren knytta i 2014 til seg ei gruppe med aktørar frå matvarebransjen og næringslivet der målet var å sette i verk tiltak for å  betre kosthaldet i befolkninga. Dette førte til ein intensjonsavtale om tilrettelegging for eit sunnare kosthald som no er vidareført til 2025 (Helsedirektoratet, 2019).

Noreg har også slutta seg til Verdens helseorganisasjon sine mål om å redusere førekomsten av ikkje-smittsame sjukdomar i perioden 2010-2025. Her er eit av måla (i fyrste omgang) å stansa auken av fedme i heile befolkninga. Verken Noreg eller andre medlemsland har klart å oppfylla dette målet.

Datagrunnlag

Data om overvekt og fedme i Noreg er henta frå ulike studiar, mellom anna Barnevekststudien (7-8-åringar), UngKan-undersøkinga (9 åringer og 15 åringer), Ungvekststudien (12-13-åringer), Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) og UngHUNT (ungdom, vaksne), Tromsøundersøkinga (vaksne), Fit Futures (ungdom), SAMINOR (vaksne), Vernepliktsverket (unge vaksne), Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS) ved FHI, og Statistisk sentralbyrå. Omtala av Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) er delvis basert på upubliserte data.

I Barnevekststudien, Ungvekststudien, UngKan-undersøkingane, og helseundersøkingane HUNT, UngHUNT, Tromsøundersøkinga, Fit Futures og SAMINOR blei vekt og høgde målt av helsepersonell. Resultatene frå slike data er meir pålitelege enn sjølvrapporterte, fordi det i sjølvrapporterte data ofte blir rapportert for låg vekt. Sjølvrapporterte data, for eksempel frå Vernepliktsverket, kan likevel vere ei god kjelde for å studere utvikling over tid.

 

Referanser

Abel, M. H., & Totland, T. H. (2021). Kartlegging av kostholdsvaner og kroppsvekt hos voksne i Norge basert på selvrapportering  – Resultater fra Den nasjonale folkehelseundersøkelsen 2020 (Rapport 2021). Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2021/rapport-nhus-2020.pdf

Bahrami, S., Steen, N. E., Shadrin, A., O'Connell, K., Frei, O., Bettella, F., . . . Andreassen, O. A. (2020). Shared Genetic Loci Between Body Mass Index and Major Psychiatric Disorders: A Genome-wide Association Study. JAMA Psychiatry, 77(5), 503-512.

Berkowitz, R. I., & Fabricatore, A. N. (2011). Obesity, psychiatric status, and psychiatric medications. Psychiatr Clin North Am, 34(4), 747-764.

Biehl, A., Hovengen, R., Groholt, E. K., Hjelmesaeth, J., Strand, B. H., & Meyer, H. E. (2013). Adiposity among children in Norway by urbanity and maternal education: a nationally representative study. BMC Public Health, 13, 842.

Biehl, A., Hovengen, R., Groholt, E. K., Hjelmesaeth, J., Strand, B. H., & Meyer, H. E. (2014). Parental marital status and childhood overweight and obesity in Norway: a nationally representative cross-sectional study. BMJ Open, 4(6), e004502.

Blanco, M., Solano, S., Alcántara, A. I., Parks, M., Román, F. J., & Sepúlveda, A. R. (2020). Psychological well-being and weight-related teasing in childhood obesity: a case-control study. Eat Weight Disord, 25(3), 751-759.

Brisbois, T. D., Farmer, A. P., & McCargar, L. J. (2012). Early markers of adult obesity: a review. Obes Rev, 13(4), 347-367.

Carlat, D. (2012). Evidence-based somatic treatment of depression in adults. Psychiatr Clin North Am, 35(1), 131-142.

de Wit, L., Luppino, F., van Straten, A., Penninx, B., Zitman, F., & Cuijpers, P. (2010). Depression and obesity: a meta-analysis of community-based studies. Psychiatry Res, 178(2), 230-235.

Dvergsnes, K., & Skeie, G. (2009). Utviklingen i kroppsmasseindeks hos fireåringer i Tromsø 1980 – 2005. Tidsskrift for den Norske Laegeforening, 129(1), 13-16.

Evensen, E., Emaus, N., Kokkvoll, A., Wilsgaard, T., Furberg, A. S., & Skeie, G. (2017). The relation between birthweight, childhood body mass index, and overweight and obesity in late adolescence: a longitudinal cohort study from Norway, The Tromsø Study, Fit Futures. BMJ Open, 7(6), e015576.

Evensen, E., Wilsgaard, T., Furberg, A. S., & Skeie, G. (2016). Tracking of overweight and obesity from early childhood to adolescence in a population-based cohort - the Tromsø Study, Fit Futures. BMC Pediatr, 16, 64.

Ferno, J., Skrede, S., Vik-Mo, A. O., Jassim, G., Le Hellard, S., & Steen, V. M. (2011). Lipogenic effects of psychotropic drugs: focus on the SREBP system. Front Biosci (Landmark Ed), 16, 49-60.

FHI. (2008). The Oslo immigrant health profile [rapport]. (2008:7). Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/globalassets/migrering/dokumenter/pdf/rapport-20087-pdf3.pdf

FHI (2014). Barns vekst i Norge (Barnevekststudien).Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet 26/11/2015, fra http://www.fhi.no/studier/barnevekststudien

FHI. Overvekt og fedme, 8-åringer. [database]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet 31. august 2017, fra http://norgeshelsa.no/norgeshelsa/index.jsp?headers=AAR&KJONN_BGJsubset=0%2C1+-+2&stubs=GEO_LH&stubs=VEKTKATEGORI&stubs=KJONN_BGJ&measure=common&virtualslice=Prosent_value&layers=virtual&study=http%3A%2F%2F158.36.43.171%3A80%2Fobj%2FfStudy%2Fovervekt-8aar&VEKTKATEGORIsubset=3%2C1+-+2&mode=cube&virtualsubset=Prosent_value&v=2&GEO_LHsubset=0&AARsubset=2008+-+2015&measuretype=4&cube=http%3A%2F%2F158.36.43.171%3A80%2Fobj%2FfCube%2Fovervekt-8aar_C1&top=yes

FHI. (2021a). Overvekt og fedme blant ungdom (indikator 13) [nettdokument]. Sist oppdatert 24.11.221, hentet 03.06.2022, fra https://www.fhi.no/nettpub/ncd/overvekt/ungdom/?term=&h=1

FHI (2021b). Hjerte- og karsykdommer i Norge. I: Folkehelserapporten - helsetilstanden i Norge [nettdokument]. Hentet Folkehelserapporten - Helsetilstanden i Norge [nettdokument]. Oslo: Folkehelseinstituttet. Sist oppdatert 26.11.2021, hentet 29.06.2022 fra  https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/Hjerte-kar/

FHI. (2022). Norgeshelsa statistikkbank. Hentet 25.05.2022 https://www.norgeshelsa.no/norgeshelsa/

Glavin, K., Roelants, M., Strand, B. H., Juliusson, P. B., Lie, K. K., Helseth, S., & Hovengen, R. (2014). Important periods of weight development in childhood: a population-based longitudinal study. BMC Public Health, 14, 160.

Helsedirektoratet. (2011). Nasjonal faglig retningslinje for forebygging, utredning og behandling av overvekt og fedme hos voksne. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet fra http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/nasjonal-faglig-retningslinje-for-forebygging-utredning-og-behandling-av-overvekt-og-fedme-hos-voksne/Publikasjoner/nasjonal-faglig-retningslinje-for-forebygging-utredning-og-behandling-av-overvekt-og-fedme-hos-voksne.pdf

Helsedirektoratet. (2012). Fysisk aktivitet blant 6-, 9- og 15-åringer i Norge: resultater fra en kartlegging i 2011 [rapport]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet fra https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/710/Fysisk-aktivitet-blant-%206-9-og-15-aringer-i-norge-resultater-fra-en-kartlegging-i-2011-IS-2002.pdf

Helsedirektoratet. (16.08.2021). Intensjonsavtalen for et sunnere kosthold. [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet. Hentet 25.05.2022, fra https://www.helsedirektoratet.no/tema/kosthold-og-ernaering/matbransje-serveringsmarked-og-arbeidsliv/intensjonsavtalen-for-et-sunnere-kosthold

IHME (2022a). Norway. Country profiles. [nettdokument]. Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME) Hentet 27.06, 2022, fra https://www.healthdata.org/norway

IHME (2022b). GBD Compare.  Hentet 30.05.2022, fra Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME) https://vizhub.healthdata.org/gbd-compare/

Jacobsen, B. K., Melhus, M., Kvaløy, K., & Broderstad, A. R. (2022). Vekt og overvekt i SAMINOR. I: Guktie mijjine? Gåktu viedjep? Movt mii veadjit? Hvordan har vi det?. (s. 90-115). Tromsø: Senter for samisk helseforskning, UiT Norges arktiske universitet. 

Jacobsen, B. K., Melhus, M., Kvaloy, K., Siri, S. R. A., Michalsen, V. L., & Broderstad, A. R. (2020). A descriptive study of ten-year longitudinal changes in weight and waist circumference in the multi-ethnic rural Northern Norway. The SAMINOR Study, 2003-2014. PloS One, 15(2), e0229234.

Johannsson, E., Arngrimsson, S. A., Thorsdottir, I., & Sveinsson, T. (2006). Tracking of overweight from early childhood to adolescence in cohorts born 1988 and 1994: overweight in a high birth weight population. Int J Obes (Lond), 30(8), 1265-1271.

Júlíusson, P. B., Eide, G. E., Roelants, M., Waaler, P. E., Hauspie, R., & Bjerknes, R. (2010). Overweight and obesity in Norwegian children: prevalence and socio-demographic risk factors. Acta Paediatrica, 99(6), 900-905.

Juliusson, P. B., Roelants, M., Eide, G. E., Hauspie, R., Waaler, P. E., & Bjerknes, R. (2007). Overweight and obesity in Norwegian children: secular trends in weight-for-height and skinfolds. Acta Paediatrica, 96(9), 1333-1337.

Kjøllesdal, M., Straiton, M. L., Øien-Ødegaard, C., Aambø, A., Holmboe, O., Johansen, R., . . . Indseth, T. (2019). Helse blant innvandrere i Norge. Levekårsundersøkelse blant innvandrere 2016. Oslo: Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/publ/2019/helse-blant-innvandrere-i-norge-levekarsundersokelse-blant-innvandrere-2016/

Kolle, E., Steene-Johannessen, J., Holme, I., Andersen, L. B., & Anderssen, S. A. (2009). Secular trends in adiposity in Norwegian 9-year-olds from 1999-2000 to 2005. BMC Public Health, 9, 389.

Kristiansen, A. L., Bjelland, M., Brantsaeter, A. L., Haugen, M., Meltzer, H. M., Nystad, W., & Andersen, L. F. (2015). Tracking of body size from birth to 7 years of age and factors associated with maintenance of a high body size from birth to 7 years of age - the Norwegian Mother and Child Cohort study (MoBa). Public Health Nutr, 18(10), 1746-1755.

Kvamme, J. M., Holmen, J., Wilsgaard, T., Florholmen, J., Midthjell, K., & Jacobsen, B. K. (2012). Body mass index and mortality in elderly men and women: the Tromsø and HUNT studies. J Epidemiol Community Health, 66(7), 611-617.

Kvaavik, E., Tell, G. S., & Klepp, K. I. (2003). Predictors and tracking of body mass index from adolescence into adulthood: follow-up of 18 to 20 years in the Oslo Youth Study. Arch Pediatr Adolesc Med, 157(12), 1212-1218.

Lundblad, M. W., Jacobsen, B. K., Johansson, J., Grimsgaard, S., Andersen, L. F., & Hopstock, L. A. (2021a). Anthropometric measures are satisfactory substitutes for the DXA-derived visceral adipose tissue in the association with cardiometabolic risk- The Tromsø Study 2015-2016. Obes Sci Pract, 7(5), 525-534.

Lundblad, M. W., Johansson, J., Jacobsen, B. K., Grimsgaard, S., Andersen, L. F., Wilsgaard, T., & Hopstock, L. A. (2021b). Secular and longitudinal trends in body composition: The Tromsø Study, 2001 to 2016. Obesity (Silver Spring), 29(11), 1939-1949.

Løvsletten, O., Jacobsen, B. K., Grimsgaard, S., Njølstad, I., Wilsgaard, T., Løchen, M. L., . . . Hopstock, L. A. (2020). Prevalence of general and abdominal obesity in 2015-2016 and 8-year longitudinal weight and waist circumference changes in adults and elderly: the Tromsø Study. BMJ Open, 10(11), e038465.

Maffeis, C., Banzato, C., & Talamini, G. (2008). Waist-to-height ratio, a useful index to identify high metabolic risk in overweight children. J Pediatr, 152(2), 207-213.

Magarey, A. M., Daniels, L. A., Boulton, T. J., & Cockington, R. A. (2003). Predicting obesity in early adulthood from childhood and parental obesity. Int J Obes Relat Metab Disord, 27(4), 505-513.

McCarthy, H. D., Jarrett, K. V., Emmett, P. M., & Rogers, I. (2005). Trends in waist circumferences in young British children: a comparative study. Int J Obes (Lond), 29(2), 157-162.

Mekonnen, T., Papadopoulou, E., Arah, O. A., Brantsæter, A. L., Lien, N., & Gebremariam, M. K. (2021). Socioeconomic inequalities in children's weight, height and BMI trajectories in Norway. Scientific Reports, 11(1), 4979.

Meyer, H. E., & Tverdal, A. (2005). Development of body weight in the Norwegian population. Prostaglandins, Leukotrienes and Essential Fatty Acids, 73(1), 3-7.

Michalsen, V. L., Coucheron, D. A., Kvaløy, K., & Melhus, M. (2021). Sex-specific height-correction of weight in a population with ethnic groups that differ in stature - the SAMINOR 1 Survey: a cross-sectional study. Socialmedisinsk Tidsskrift, 98(5/6), 802 - 812.

Michalsen, V. L., Kvaloy, K., Svartberg, J., Siri, S. R. A., Melhus, M., & Broderstad, A. R. (2019). Change in prevalence and severity of metabolic syndrome in the Sami and non-Sami population in rural Northern Norway using a repeated cross-sectional population-based study design: the SAMINOR Study. BMJ Open, 9(6), e027791

Midthjell, K., Lee, C. M., Langhammer, A., Krokstad, S., Holmen, T. L., Hveem, K., . . . Holmen, J. (2013). Trends in overweight and obesity over 22 years in a large adult population: the HUNT Study, Norway. Clin Obes, 3(1-2), 12-20.

NCD Risk Factor Collaboration. (2017). Worldwide trends in body mass index, underweight, overweight, and obesity from 1975 to 2016: a pooled analysis of 2416 population-based measurement studies in 128·9 million children, adolescents, and adults. Lancet, 390(10113), 2627-2642.

Nystad, T., Melhus, M., Brustad, M., & Lund, E. (2010). Ethnic differences in the prevalence of general and central obesity among the Sami and Norwegian populations: the SAMINOR study. Scand J Public Health, 38(1), 17-24.

Puhl, R. M., & Lessard, L. M. (2020). Weight Stigma in Youth: Prevalence, Consequences, and Considerations for Clinical Practice. Curr Obes Rep, 9(4), 402-411.

Pulgarón, E. R. (2013). Childhood obesity: a review of increased risk for physical and psychological comorbidities. Clinical Therapeutics, 35(1), A18-32.

Rangul, V., & Kvaløy, K. (2020). Selvopplevd helse, kroppsmasse og risikoatferd blant ungdommer i  Nord-Trøndelag 2017-19 (Helsestatistikk-rapport nummer 1 fra Ung-HUNT4). Levanger: HUNT forskningssenter. Hentet fra https://www.ntnu.no/documents/10304/4902807/Delrapport1_Ung_HUNT4+_Mars2020.pdf/e7f7a922-906f-aa1c-9aed-4fa2d7bf14b9?t=1584711026088)

Rankin, J., Matthews, L., Cobley, S., Han, A., Sanders, R., Wiltshire, H. D., & Baker, J. S. (2016). Psychological consequences of childhood obesity: psychiatric comorbidity and prevention. Adolesc Health Med Ther, 7, 125-146.

Reilly, J. J., & Kelly, J. (2011). Long-term impact of overweight and obesity in childhood and adolescence on morbidity and premature mortality in adulthood: systematic review. Int J Obes (Lond), 35(7), 891-898.

Simmonds, M., Llewellyn, A., Owen, C. G., & Woolacott, N. (2016). Predicting adult obesity from childhood obesity: a systematic review and meta-analysis. Obes Rev, 17(2), 95-107.

Sinha, R., Fisch, G., Teague, B., Tamborlane, W. V., Banyas, B., Allen, K., . . . Caprio, S. (2002). Prevalence of impaired glucose tolerance among children and adolescents with marked obesity. N Engl J Med, 346(11), 802-810.

Siri, S. R. A., & Michalsen, V. L. (2021). Challenges with the interpretation of Sami ethnicity and the height differences in epidemiologic research comparing Sami and non-Sami population. Socialmedisinsk Tidsskrift, 98(5/6), 789 - 801.

Spinelli, A., Buoncristiano, M., Nardone, P., Starc, G., Hejgaard, T., Júlíusson, P. B., . . . Breda, J. (2021). Thinness, overweight, and obesity in 6- to 9-year-old children from 36 countries: The World Health Organization European Childhood Obesity Surveillance Initiative-COSI 2015-2017. Obes Rev, 22 Suppl 6, e13214.

Steene-Johannessen, J., Anderssen, S. A., Bratteteig, M., Dalhaug, E. M., Andersen, I. D., Andersen, O. K., . . . Dalene, K. E. (2019). Kartlegging av fysisk aktivitet, sedat tid og fysisk form blant barn og unge 2018 (ungKan3). Oslo: Norges Idrettshøgskole, Folkehelseinstituttet. Hentet fra https://www.fhi.no/globalassets/bilder/rapporter-og-trykksaker/2019/ungkan3_rapport_final_27.02.19.pdf

Sulo, G., Igland, J., Nygard, O., Vollset, S. E., Ebbing, M., & Tell, G. S. (2013). Favourable trends in incidence of AMI in Norway during 2001-2009 do not include younger adults: a CVDNOR project. Eur J Prev Cardiol.

Søgaard, A. J., Holvik, K., Meyer, H. E., Tell, G. S., Gjesdal, C. G., Emaus, N., . . . Omsland, T. K. (2016). Continued decline in hip fracture incidence in Norway: a NOREPOS study. Osteoporos Int, 27(7), 2217-2222.

Thakore, J. H. (2004). Metabolic disturbance in first-episode schizophrenia. British Journal of Psychiatry. Supplement, 47, S76-79.

Torniainen, M., Mittendorfer-Rutz, E., Tanskanen, A., Bjorkenstam, C., Suvisaari, J., Alexanderson, K., & Tiihonen, J. (2015). Antipsychotic treatment and mortality in schizophrenia. Schizophrenia Bulletin, 41(3), 656-663.

Weiss, R., Dziura, J., Burgert, T. S., Tamborlane, W. V., Taksali, S. E., Yeckel, C. W., . . . Caprio, S. (2004). Obesity and the metabolic syndrome in children and adolescents. N Engl J Med, 350(23), 2362-2374.

WHO. (2022). WHO European Regional Obesity Report 2022. Copenhagen: WHO Regional Office for Europe. Hentet fra https://apps.who.int/iris/bitstream/handle/10665/353747/9789289057738-eng.pdf

World Cancer Research Fund International/American Institute for Cancer Research. (2018). Diet, nutrition and physical activity: Energy balance and body fatness. The determinants of weight gain, overweight and obesity (CUP Continuous Update Project ). Hentet fra https://www.wcrf.org/wp-content/uploads/2021/02/Energy-Balance-and-Body-Fatness.pdf

Øvrebø, B., Bergh, I. H., Stea, T. H., Bere, E., Suren, P., Magnus, P. M., . . . Wills, A. K. (2021). Overweight, obesity, and thinness among a nationally representative sample of Norwegian adolescents and changes from childhood: Associations with sex, region, and population density. PloS One, 16(8), e0255699.

 

Historikk

31.08.2022: Feil betegnelse på figur er rettet, fra figur 4 til figur 6.

19.07.2022: Referanser som mangla, er lagt til i referanselista.

01.07.2022: Kapittelet er revidert og oppdatert. Forfattarar i 2022 er Haakon E. Meyer og Ingunn Holden Bergh. Bente Øvrebø, Knut Eirik Dalene, Martin Steen Tesli, Liv Elin Torheim og Senter for samisk helseforskning ved UiT Norges arktiske universitet har bidratt med innspill til revidering av innholdet og teksten. Fagfellevurdert av Laila Hopstock ved UiT Norges arktiske universitet.

Tidlegare historikk: 

Oppdatert 4. oktober 2017. Førre utgåve: Folkehelserapporten 2014.

Forfattarar: Haakon E. Meyer (leiar for skrivegruppa), Linn Bøhler og Margarete Vollrath. Takk til Bjarne K. Jacobsen ved Universitetet i Tromsø for bidrag til kapitlet.