Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Barnehelserapporten

3.1. Skadar og ulukker hos barn og unge

Blant barn og unge er ulykker en viktig årsak til død og redusert helse. Ulykker og skader kan i stor grad forebygges. Denne artikkelen inngår i en rapport om barn, miljø og helse fra Folkehelseinstituttet 2016.

Hovudpunkt:

  • Ulukker er den viktigaste årsaka til dødsfall blant barn og unge i Noreg, sjølv om talet på dødsfall har blitt vesentleg lågare i perioden etter 1950.
  • Om lag 50 barn og unge under 20 år døyr årleg av ulukkesskadar. Dette utgjer om lag 25 prosent av alle dødsfall i denne aldersgruppa.
  • Trafikkulukker, forgiftingsulukker og drukningsulukker er dei viktigaste dødelege ulukkesskadane. Særleg menn i alderen 18–19 år har ein høg risiko for å omkomme i trafikkulukker.
  • Ulukker og skadar er òg ei viktig årsak til redusert helse hos barn og unge. Slike ulukkesskadar skjer først og fremst i heimen og i samband med idrett og trening.
  • Årleg blir om lag 166 500 barn og unge behandla for skade i sjukehus, primærhelseteneste og poliklinikkar.
  • Ulukker og skadar kan i stor grad førebyggjast.

Om skadar og ulukker

Skadar varierer i alvorsgrad og dekkjer eit vidt spekter frå bagatellmessige skrubbsår til meir omfattande skadar som kan føre til innlegging på sjukehus, varig mein eller i ytste konsekvens død.

Skadar som kjem av ulukker skil seg frå skadar som blir påførte med vilje (valdsskadar og vilja eigenskadar). I somme tilfelle kan det likevel vere vanskeleg å slå fast kva som er årsaka til at ein skade oppstår. Mellom anna hender det med jamne mellomrom at sjølvmord blir skjult som ulukker. I somme datakjelder er det heller ikkje mogeleg å skilje ulike årsaker til skadar. Dette kapittelet handlar i hovudsak om skadar og dødsfall der årsaka er ulukker.

Dødsfall som følgje av skadar

Ulukker er den viktigaste årsaka til dødsfall blant barn og unge i Noreg. I perioden 2009–2013 døydde kvart år i gjennomsnitt 51 barn og unge under 20 år (1–19 år) av ulukker (FHI, 2015). Dette utgjer om lag 25 prosent av alle dødsfall i denne aldersgruppa.

Bilulukker og andre transportulukker står for over halvparten av ulukkesdødsfalla, deretter følgjer forgiftingsulukker og drukningsulukker.

Skadar

Dei fleste ulukker har ikkje dødeleg utfall, men forårsakar kvart år mange personskadar av ulik alvorsgrad. Desse skadane påfører samfunnet store kostnader og kan føre til vesentleg helsetap og redusert livskvalitet (Hektoen, 2014; Lund, 2001; Veisten, 2007).

Figur 13 gir en beskrivelse av skadebildet blant barn og unge i Norge. Pyramiden gir en oversikt over antall skadde personer i alderen 1–17 år fordelt etter alvorlighetsgrad og ulike ledd i helsetjenesten. Alvorlighetsgraden ved skaden antas å øke mot toppen av pyramiden, med dødsfall helt i toppen.

Kilde: DÅR, NPR, KUHR
Kilde: DÅR, NPR, KUHR

Figur 13: Årleg blir om lag 166 500 barn og unge behandla for skade i primærhelsetenesta, poliklinikkar og sjukehus. Figuren viser talet på skadde personar i aldersgruppa 1–17 per år i gjennomsnitt i perioden 2009–2011: (1) talet på døde av skadar, (2) talet på skadepasientar behandla direkte på sjukehus, (3) talet på skadepasientar behandla både på og utanfor sjukehus (i primær- og spesialisthelsetenesta), og (4) talet på skadepasientar ferdigbehandla av lege i primærhelsetenesta. Kjelde: DÅR, NPR, KUHR.

I perioden 2009–2011 blei i gjennomsnitt om lag 166 500 barn og unge mellom 1 og 17 år kvart år behandla for skade i spesialisthelsetenesta og sjukehus. Skadane fordelte seg slik:

  • 78 000 barn og unge mellom 1 og 17 år vart behandla for skade i spesialisthelsetenesta (sjukehus og poliklinikk) kvart år. I dette talet inngår det både ulukkesskadar, valdsskadar og vilja eigenskadar.
  • Om lag 51 500 pasientar blei behandla direkte i spesialisthelsetenesta (dvs. utan tilvising frå fastlege), medan i underkant av 27 000 pasientar var til behandling både i primær- og spesialisthelsetenesta.
  • Den største gruppa av skadepasientar (om lag 88 000 barn og unge) blei ferdigbehandla i primærhelsetenesta.

Ulukker skjer alle stader der menneske oppheld seg og ferdast, og i ulike aktivitetar. For barn og unge gjeld det særleg:

  • 1 av 3 skadar hos barn (0-14 år) skjer i heimeulukker (FHI, 1989; FHI, 2009). I tillegg er det barn som skadar seg kvart år som følgje av ulukker i barnehagar og på leikeplassar.
  • Ungdom og unge vaksne (15-24 år) pådreg seg ofte skadar i samband med idrett og trening (FHI, 1989; FHI, 2009).
  • Om lag 30 prosent av alle førespurnader om akutte forgiftingar til Giftinformasjonen handlar om barn i alderen 1–4 år (Helsedirektoratet, 2014).

Analysar av registrerte skadediagnosar viser at små barn (0–4 år) er særleg utsette for brann- og etseskadar(FHI, 2014). Også skadar i hovud og ansikt (til dømes etter fallulukker) rammar ofte dei yngste barna. Vanlege skadar blant ungdom er overflate- og forstuvingsskadar, særleg i ankel, hand og olboge.

Utvikling over tid

Talet på ulukkesdødsfall blant barn og unge har gått vesentleg ned dei siste 50–60 åra. Særleg blant gutar har det vore ein formidabel framgang. I 1951 var det 46 per 100 000 gutar i alderen 0–17 år som døydde på grunn av ulukker. I 2012 var dødstala etter ulukker blitt reduserte til 2 per 100 000 gutar (sjå figur 14). Årsaka til nedgangen er først og fremst at færre døyr i trafikken, men også drukningsulukker tek langt færre unge liv enn tidlegare. 

Kilde: DÅR
Kilde: DÅR

Figur 14: Dødsfall etter ulukker blant barn (0–17 år), talet på døde per 100 000 personar per år. Kjelde: DÅR

Det er vanskeleg å gje ei tilsvarande skildring av utviklinga når det gjeld ikkje-dødelege personskadar, då Noreg ikkje har eit register over personskadar så langt tilbake i tid. Noreg har ikkje eit nasjonalt register med eintydig statistikk over skadebiletet, og dei fleste registra med opplysningar om skadar og ulukker er prega av underrapportering og mangelfull datakvalitet (FHI, 2014).

Tal frå levekårsundersøkinga til SSB viser at 14 prosent av barn i alderen 6–15 år hadde ein skade eller forgifting som førte til besøk hos lege eller tannlege dei siste 12 månadene i 2005 (SSB, 2015). Sju år seinare var dette talet nesten uendra (13 prosent). Delen som blei lagt inn på sjukehus for skade låg begge desse åra på éin prosent.

Tal frå Norsk pasientregister viser eit stabilt nivå for talet på innlagde (dag- og døgnopphald) for skadar på somatiske sjukehus i perioden 2008–2013. Talet på innlagde i aldersgruppa 0–14 år låg på om lag 8 per 1 000 innbyggjarar (FHI, 2015).

Vegtrafikkulukker

Barn og unge er ei utsett gruppe i trafikken, først som bilpassasjerar, deretter som mjuke trafikantar (fotgjengarar og syklistar) og seinare som urøynde førarar av moped, motorsykkel og bil. Dei siste fem åra har over 100 personar i aldersgruppa 0–19 år omkome på norske vegar (SSB, 2015). Ytterlegare 8 600 barn og unge har blitt skadde i denne perioden, av desse blei 600 hardt skadde.

Mange år med målretta førebyggjande arbeid har ført til at talet på dødsfall i trafikken har gått vesentleg ned. Denne reduksjonen har skjedd i ein periode med sterk trafikkvekst (tredobla sidan 1970). Risikoen for å døy i ei vegtrafikkulukke har dermed gått mykje meir ned enn det ulukkesstatistikken åleine gir inntrykk av.

Kilde: DÅR
Kilde: DÅR

Figur 15: Døde i vegtrafikken i aldersgruppa 0–17 år og 18–24 år, talet på døde per 100 000 personar per år. Glidande treårig gjennomsnitt (heiltrekt linje) og årlege ratar (stipla linje) Kjelde: DÅR

Figur 15 viser at det har vore ein markant nedgang i talet på dødsfall i trafikken blant barn og ungdom sidan byrjinga av 1970-talet. Det er fleire årsaker til denne nedgangen, mellom anna

  • påbod om bruk av bilbelte
  • betre sikring av barn i bil
  • lågare fartsgrenser (særleg i bustadstrøk)
  • betre vegar og sikrare bilar
  • meir utbreidd bruk av sykkelhjelm

I tillegg har ein ved å byggje ut gang- og sykkelvegar gjort det tryggare for barn og unge å ferdast i trafikken, ettersom barn i mindre grad enn før deler vegen med bilistane. I 2014 hadde kommunane ansvar for i alt 6 208 kilometer med gang- og sykkelveg. Kommunane i landet hadde i gjennomsnitt driftsansvar for 49 kilometer med sykkelvegar, gangvegar og turstiar per 10 000 innbyggjarar i 2014, ei dobling på dei siste ti åra (SSB, 2015).

Unge menn i alderen 18–24 år er ei gruppe med særleg mange trafikkdødsfall, men også her har det vore ein vesentleg nedgang i dødelegheit. I toppåret 1972 døydde 45 per 100 000 menn i denne aldersgruppa. I 2012 hadde dødelegheita falle til 7 per 100 000 menn (sjå figur 15).

Trass i redusert dødelegheit er unge vaksne framleis overrepresenterte i ulukkesstatistikken. Særleg menn i alderen 18–19 år har ein høg risiko for å omkomme i trafikkulukker. Viktige årsaker til den høge risikoen blant unge vaksne er (SINTEF, 2010; Vegdirektoratet, 2013):

  • at føraren manglar erfaring og dugleik
  • at føraren ikkje følgjer godt nok med
  • høg fart
  • bilbelte vert ikkje brukt
  • køyring i ruspåverka tilstand

Ei oversikt over politirapporterte trafikkulukker viser ein tilsvarande reduksjon i talet på personskadar (SSB, 2015). Figur 16 viser utviklinga i talet på skadde personar i perioden 1977–2014 i aldersgruppene 0–17 år og 18–24 år.

Barnehelserapporten_skaderulykker_antallskadde_nynorsk_figur16.
Barnehelserapporten_skaderulykker_antallskadde_nynorsk_figur16.

Figur 16: Talet på skadde i vegtrafikkulukker i aldersgruppene 0–17 og 18–24 år. Kjelde: SSB

Arbeidsulukker blant ungdom

På grunn av mangelfull rapportering finst det ikkje ei fullstendig oversikt over kor mange arbeidsskadar som oppstår i Noreg. Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har rekna ut at det er om lag 90 000 arbeidsskadar årleg (Gravseth, 2010), av desse har 60-70 dødeleg utfall. Det er nesten berre menn som døyr i ulukker på jobben.

Ein tredel av ungdom i alderen 15–19 år er registrerte som sysselsette, medan to av tre er sysselsette i aldersgruppa 20–24 år. Arbeidsulukker rammar ofte yngre arbeidstakarar, og slike ulukker kan føre til at den det gjeld tapar mange yrkesaktive år. Særleg unge menn er utsette for arbeidsskadar (Gravseth, 2010).

Den høge risikoen blant unge menn må vi sjå i samanheng med ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, ettersom denne gruppa i større grad er sysselsett i ulykkesbelasta yrke, til dømes jordbruk, skogbruk, fiske, bygg- og anlegg. I tillegg kan ei mangelfull risikoforståing og høgare risikoaksept gjere sitt til at yngre arbeidstakarar er særleg utsette (Arbeidstilsynet, 2012).

I 2013 rapporterte 2 prosent av sysselsette i alderen 16–24 år at dei i løpet av det siste året hadde vore utsette for ei arbeidsulukke som førte til skade. Dette viser tala frå Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø 2013 (SSB, 2015). Tilsvarande tal i 1989 var 5 prosent. På grunn av eit avgrensa datagrunnlag er det vanskeleg å seie om denne utviklinga vitnar om ein faktisk nedgang.

Skilnader i befolkninga

Fleire menn enn kvinner døyr i ulukker, dette gjeld alle aldersgrupper. I treårsperioden 2011–2013 var det i gjennomsnitt årleg 30 gutar og 16 jenter i aldersgruppa 0–19 år som døydde. Nedgangen i ulukkesdødelegheit har vore mest markant for gutar, og skilnaden mellom kjønna er no mykje mindre enn han var ved byrjinga av 1950-talet (sjå figur 14).

Gutar skadar seg også oftare enn jenter. Levekårsundersøkinga om helseforhold i 2012 (SSB, 2015) viser at 15 prosent av gutane i aldersgruppa 6–15 år hadde vore til behandling hos lege eller tannlege på grunn av skade eller forgifting dei siste 12 månadene. Tilsvarande del for jentene var 11 prosent. Tabell 2 viser at denne kjønnsskilnaden er mykje større frå 13-årsalderen enn i tidlegare barneår. 

Tabell 2: Andelen gutar og jenter som hadde vore hos lege eller tannlege på grunn av skade/forgifting dei siste 12 månadene, etter aldersgrupper. Kjelde: SSB (LKU).

 

Aldersgruppe

Gutar

Jenter

6-9 år

10

10

10-12 år

15

13

13-15 år

22

12

16-24 år

24

16

Hovudtrekka i skadebiletet gjeld i hovudsak alle fylka, men det kan vere lokale utfordringar som gjer at somme regionar skil seg ut. Figur 17 viser fylkesvise variasjonar i innleggingar på sjukehus på grunn av skade i aldersgruppa 0–14 år. Nord-Trøndelag, Finnmark og Sogn og Fjordane har flest innleggingar, medan Rogaland og Hordaland har færrast. Geografi er her knytt til pasienten si bustadadresse, ikkje kvar skaden skjedde eller blei behandla.

Kilde: NPR
Kilde: NPR

Figur 17: Pasientar i aldersgruppa 0-14 år innlagde på sjukehus med skade (ICD-10 kodar: S00-T35) per 1 000 innbyggjarar fordelt på fylke, 2013. Kjelde: NPR

Det har vore forska relativt lite på sosiale skilnader i skadar i Noreg. Internasjonal forsking har vist at somme skadar skjer oftare blant barn og unge i familiar med låg inntekt og lågt utdanningsnivå, samanlikna med barn og unge i familiar med høg inntekt og høgt utdanningsnivå (FHI, 2009; Laflamme, 2009). Det er grunn til å tru at førekomsten av skadar og ulukker hos barn og unge i Noreg varierer tilsvarande etter familien sin sosioøkonomiske posisjon.

Internasjonal samanlikning

Det er store internasjonale skilnader i dødsfall som følgje av ulukker. I mange låg- og mellominntektsland er dødelegheita ved ulukker på veg opp, mellom anna på grunn av ein kraftig trafikkvekst kombinert med manglande fokus på tryggleik.

I europeisk målestokk ligg Noreg i midtsjiktet når det gjeld dødelegheit av ulukker (WHO Regional Office for Europe, 2015). Figur 18 viser talet på døde per 100 000 i aldersgruppa 0–19 år i eit utval av europeiske land. Sverige og Nederland har dei lågaste dødstala ved ulukker blant barn og unge, medan Bulgaria, Romania og dei baltiske landa ligg høgast. Noreg kjem godt ut for trafikkulukker og drukningsulukker, men ikkje like bra for forgiftingsulukker og brannulukker.

Kilde: WHO
Kilde: WHO

Figur 18: Ulukkesdødsfall i aldersgruppa 0-19 år per 100 000 for ulike europeiske land, 2010 (eller siste tilgjengelege årgang). Kjelde: WHO

Tal frå WHO viser dessutan at utviklinga knytt til dødsfall ved ulukker for den yngre delen av befolkninga har vore dårlegare i Noreg enn i dei andre OECD-landa (FHI, 2014). Kva som ligg bak denne utviklinga er ukjent, men det kan henge saman med det høge talet på forgiftingsdødsfall (inkludert overdosedødsfall) i Noreg.

Kva dette har å seie for barn og unge si helse

Ulukker blant barn og unge kan få store og langvarige følgjer, både for kvar einskild og for samfunnet. Alvorlege skadar tidleg i livet kan mellom anna føre til nedsett funksjonsevne, redusert fysisk og psykisk helse og tapt arbeidsforteneste. I tillegg til kostnader til medisinsk behandling og rehabilitering kan alvorlege skadar påføre samfunnet store utgifter i form av sosialhjelp, uførepensjon og andre trygdeytingar. Kunnskapen om dei langsiktige følgjene av skadar blant barn og unge er likevel mangelfull.

Ettersom mange ulukker blant barn og unge skjer i heimen eller i nærområdet, vil tilhøva i buområdet påverke skaderisikoen. I levekårsundersøkinga om butilhøve (SSB, 2015) kartlegg ein mellom anna:

  • Tilgangen til trygge leike- og rekreasjonsområde – eit område på minst fem mål innan 200 meter frå bustaden som kan brukast til leik eller rekreasjon, og som det er trygt å kome fram til
  • Område som er trafikkfarlege for små barn – der trafikkforholda utanfor bustaden blir vurdert slik at «ein absolutt eller helst ikkje bør sleppe ut ein femåring åleine»

Då denne undersøkinga sist blei gjennomført i 2012, svarte 2 av 3 respondentar at det fanst eit trygt leike- og rekreasjonsområde i nærleiken av bustaden. Vidare meinte 1 av 3 at området utanfor bustaden var trafikkfarleg for små barn. Resultata frå undersøkinga viste òg at andelen barn som bur i trafikkfarlege område stig med aukande befolkningstettleik, og er høgast i Oslo og Akershus.

Bruk av rusmiddel verkar ofte inn ved ulukker blant ungdom og unge vaksne. I perioden 2001-2010 blei det gjennomført ei undersøking av blodprøver frå omkomne bilførarar. For rundt halvparten av dei omkomne bilførarane under 25 år blei det påvist alkohol, narkotika eller legemiddel i konsentrasjonar som var høgare enn forbodsgrensene (Christophersen, 2014).

Ein annan risikofaktor for ungdom i trafikken er mobilbruk (Caird, 2014; Caird, 2008; McEvoy, 2005). Særleg teksting medan ein køyrer aukar ulukkesrisikoen, ettersom slik aktivitet legg beslag på både visuelle, manuelle og kognitive ressursar.

Førebyggingspotensialet

Trass i ein vesentleg nedgang i dødelegheita ved ulukker dei siste 50–60 åra, er ulukker og skadar framleis ei stor helseutfordring for barn og unge i Noreg. Systematisk og målretta førebyggjande innsats er difor nødvendig for å redusere omfanget og følgjene av ulukker ytterlegare, særleg dei alvorlege skadane (Ytterstad, 2000). Samstundes må barn og unge få lov til å lære seg å meistre utfordringar i leik og annan aktivitet.

Førebygging av ulukker er eit felt som ingen eig, men som mange aktørar har eit ansvar for. Ein må difor arbeide på tvers av sektorar for å lukkast. Særleg på lokalt nivå er det viktig at ulike kommunale etatar og andre lokale aktørar (politi, vegstyresmaktene, brannvesen osv.) samarbeider.

Eit viktig verktøy i det lokale førebyggingsarbeidet er å registrere skadedata. Eit system for å registrere skadar kan nyttast til å få oversikt over ulukkesbiletet, prioritere førebyggjande tiltak og følgje utviklinga av ulukker over tid.
Førebyggjande tiltak kan ha som mål å hindre at ei ulukke skjer (strø sand på glatt føre, montere tryggleikskant på komfyr osv.) eller å redusere omfanget av skaden etter at ei ulukke er utløyst (bruke bilbelte og sykkelhjelm). Vidare kan ulukker delast inn i tre grove kategoriar, med kvar sin førebyggingsstrategi (FHI, 2009).

  1. Ulukker som oppstår fordi miljøet eller produktet er dårleg tilpassa menneskelege eigenskapar (asfalt under klatrestativ på leikeplass, bratt og smal trapp utan gelender osv.). Denne typen ulukker kan ein førebyggje ved å endre produktet eller omgivnadene.
  2. Ulukker som oppstår fordi mennesket si åtferd ikkje er tilpassa eigenskapane til produktet eller miljøet (til dømes når vaksne søler varm drikke over spedbarn som sit på fanget). Førebygging består her av å informere foreldre om farar og lære opp barn til å meistre omgivnadene sine (til dømes symje).
  3. Ulukker som er såpass tilfeldige og uføreseielege at dei må reknast som «hendelege uhell». Ein del ulukker i samband med barneleik kan plasserast her, sidan desse ofte skjer medan barnet utfordrar meistringsevnene sine (til dømes fall frå tre, idrettsskadar). I desse tilfella er det viktig å avgrense skadeomfanget, mellom anna ved å syte for rask og effektiv skadebehandling. Det er noko motstand mot å kalle ulukker uunngåelege, men somme ulukker er det vanskeleg å gardere seg mot.

Referanser

Arbeidstilsynet. En analyse av unge arbeidstakeres situasjon i arbeidslivet. Trondheim: Direktoratet for arbeidstilsynet; 2012.

Caird, JK, Johnston, KA, Willness, CR, Asbridge, M and Steel, P. A meta-analysis of the effects of texting on driving. Accid Anal Prev 2014; 71: 311-8.

Caird, JK, Willness, CR, Steel, P and Scialfa, C. A meta-analysis of the effects of cell phones on driver performance. Accid Anal Prev 2008; 40(4): 1282-93.

Christophersen, AS and Gjerde, H. Prevalence of alcohol and drugs among car and van drivers killed in road accidents in Norway: an overview from 2001 to 2010. Traffic Inj Prev 2014; 15(6): 523-31. http://www.tandfonline.com/doi/pdf/10.1080/15389588.2013.848981

FHI; Folkehelseinstituttet. Dødsårsaksregisteret. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: http://statistikkbank.fhi.no/dar/

FHI. Folkehelserapporten 2014: Helsetilstanden i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2014. Tilgjengelig fra: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=Main_6157&Main_6157=7239:0:25,8904

FHI. Nasjonal ulykkes- og skadestatistikk: Oversikt over ulykkes- og skademønsteret i Norge basert på ett års skadedata innsamlet ved sykehusene/legevaktene i Harstad, Trondheim og Stavanger 1/7 1985 – 30/6 1986. Oslo: Folkehelseinstituttet; 1989.

FHI; Folkehelseinstituttet. Norgeshelsa statistikkbank. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: http://www.norgeshelsa.no/norgeshelsa/

FHI. Miljø og helse - en forskningsbasert kunnskapsbase. Oslo, Norway: Folkehelseinstituttet; 2009.

FHI. Skadebildet i Norge: hovedvekt på personskader i sentrale registre. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2014, rapport: 2014:2.

FHI. Sosioøkonomiske forskjeller i ulykkesskader - en oppsummering av nordisk litteratur. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2009.

Gravseth, HM. Arbeidsskader og arbeidsrelaterte helseproblemer. Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt; 2010.

Hektoen, LF. Kostnader ved hoftebrudd hos eldre. Oslo: Høgskolen i Oslo og Akershus; 2014.

Helsedirektoratet. Giftinformasjonen Helsedirektoratet: Årsberetning 2013 Oslo: Helsedirektoratet; 2014. Tilgjengelig fra: http://docplayer.no/4512914-Hovedpunkter-2013-innledning-mal-og-hovedoppgaver-giftinformasjonen-helsedirektoratet-arsberetning-2013.html

Laflamme, L, Burrows, S and Hasselberg, M. Socioeconomic differences in injury risk: a review of findings and a discussion of potential countermeasures. Copenhagen: WHO Regional Office for Europe; 2009.

Lund, J and Bjerkedal, T. Permanent impairments, disabilities and disability pensions related to accidents in Norway. Accid Anal Prev 2001; 33(1): 19-30.

McEvoy, SP, Stevenson, MR, McCartt, AT, Woodward, M, Haworth, C et al. Role of mobile phones in motor vehicle crashes resulting in hospital attendance: a case-crossover study. Bmj 2005; 331(7514): 428.

SINTEF: D Moe, ME Nordtømme and LR Øvstedal. Aktiv og passiv risiko. Studie av høyrisikogruppene unge- og eldre bilførere med forslag til risikoreduserende tiltak. SINTEF Teknologi og samfunn,; 2010.

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsmiljø, levekårsundersøkelsen 2013. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/arbmiljo/hvert-3-aar/2014-07-03#content

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Boforhold, levekårsundersøkelsen 2012. [hentet 03.11.2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/statistikker/bo/hvert-3-aar/2013-02-05#content

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Helseforhold, levekårsundersøkelsen 2012. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/helse/statistikker/helseforhold

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Nærmiljøinnsats i kommuner og fylker, 2014. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: https://www.ssb.no/natur-og-miljo/statistikker/miljo_kostra/aar/2015-06-30#content

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Veitrafikkulykker med personskade. [hentet 30.10.2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/transport-og-reiseliv/statistikker/vtu

Vegdirektoratet: I Haldorsen. Dybdeanalyser av dødsulykker i vegtrafikken 2012. Oslo: Statens Vegvesen.; 2013, rapport: 196. Tilgjengelig fra: http://www.vegvesen.no/Fag/Publikasjoner/Publikasjoner/Statens+vegvesens+rapporter/_attachment/495368?_ts=13fa32a74a0&fast_title=SVV+rapport+196.pdf

Veisten, K and Nossum, Å. Hva koster skader pga hjemmeulykker, utdanningsulykker, idrettsulykker og fritidsulykker det norske samfunnet? Oslo: Transportøkonomisk institutt; 2007.

WHO Regional Office for Europe. European detailed mortality database (DMDB). (2015).

Ytterstad, B and Lund, J. Forebygging av barneulykker i Norge. Tidsskr Nor Lægeforen 2000; 120(28): 3375. http://tidsskriftet.no/article/215150/