Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Barnehelserapporten

5.1. Drikkevatn

I dei fleste fylka får meir enn 80 prosent av befolkninga vatn som tilfredsstiller krava til hygienisk kvalitet. Det er også lite uønskte, kjemiske stoff i norsk drikkevatn. Denne artikkelen inngår i ein rapport om barn, miljø og helse frå Folkehelseinstituttet.

Hovudpunkt:

  • Tilgang til reint vatn er avgjerande for liv og god helse.
  • I internasjonal samanheng er Noreg heldig stilt. I dei fleste fylka får meir enn 80 prosent av befolkninga vatn som tilfredsstiller kriteria til «god drikkevassforsyning».
  • Brot på røyrleidningar og drikkevassforsyning frå kjelder utanfor registrerte anlegg er framleis ei folkehelseutfordring.
  • Kartleggingar viser at nivået av miljøgifter, plantevernmiddel, tungmetall og andre uønskte stoff i norske vasskjelder er lågt.

Om trygt drikkevatn

Globalt sett er tilgangen til trygt drikkevatn ein viktig faktor for helsa til barn og unge. Med trygt vatn meiner vi vatn som ikkje inneheld fysiske, kjemiske eller mikrobiologiske komponentar som kan føre til helseskade i vanleg bruk (HOD, 2001). Vatn som er forureina med sjukdomsframkallande mikroorganismar, kan føre til mage-tarminfeksjonar med diaré og oppkast. Små barn er ei særleg sårbar gruppe fordi dei lettare enn vaksne blir dehydrerte (uttørka, væskemangel).

I tillegg til mikroorganismar kan òg kjemiske stoff i vatnet truge liv og helse og verke negativt på lang sikt. Slike stoff kan òg skape problem i den daglege bruken av vatn i hushaldet. Kjemiske stoff som blir nytta i vassbehandlinga, kan ved uhell eller feil bruk tilføre drikkevatnet uønskte komponentar. Material og belegg som drikkevatnet kjem i kontakt med, kan gje frå seg uønskte stoff til vatnet.

Kvaliteten på drikkevatnet

Folkehelseinstituttet måler kvaliteten på drikkevatnet ved å sjå på om innbyggjarane i kommunane får vatn frå eit vassverk som leverer trygt drikkevatn. Indikatorane ein nyttar for å vurdere kor trygt drikkevatnet er, er om det finst E.coli-bakteriar i vatnet og om leveringa er stabil. Leidningsbrot aukar risikoen for at forureiningar blir sogne inn i drikkevatnet.

Drikkevassforsyninga blir karakterisert som «god» dersom følgjande kriterium er oppfylte (FHI, 2016):

  • Minst 95 prosent av prøvene er utan påviste indikatorbakteriar. Vassverket må årleg ha levert 12 eller fleire prøver.
  • Det er årleg mindre enn 30 minutt med ikkje-planlagte avbrot i vassforsyninga.

Vassforsyninga er i Noreg regulert av Drikkevassforskrifta og har som formål å sikre forsyning av drikkevatn i tilfredsstillande mengde og av tilfredsstillande kvalitet, det vil seie sikre at drikkevatnet ikkje inneheld helseskadeleg forureining av noko slag og elles er helsemessig trygt (FOR 2001-12-04 nr. 1372)(HOD, 2001).

Status for drikkevatnet i Noreg

I eit internasjonalt perspektiv er Noreg godt stilt både med tilgang på nok vatn, og at vatnet generelt er av god kvalitet.
Ein stadig større del av befolkninga får drikkevatn som tilfredsstiller kriteria for «god drikkevassforsyning». Basert på definisjonen ovanfor av «god drikkevassforsyning» har vi kome fram til status på vassforsyninga i Noreg:

  • 89 prosent av befolkninga får drikkevatn frå vassverk som forsyner minst 50 fastbuande personar eller minst 20 husstandar. Til saman er det om lag 1560 slike vassverk i landet. I den delen av befolkninga som desse vassverka forsyner, var det i 2014 92 prosent som fekk drikkevatn frå eit vassverk med «god vassforsyning».
  • Dei resterande 11 prosent av befolkninga får anten drikkevatn frå eiga vassforsyning (brønn) eller frå små vassverk som forsyner færre enn 20 husstandar eller færre enn 50 personar. Vi har ikkje data om kvaliteten på drikkevatnet i denne delen av befolkninga.

Skilnadar mellom fylke

Når det bryt ut mage-tarminfeksjonar, er det ofte vanskeleg å slå fast om smitten er komen som følgje av drikkevatnet åleine, eller om det er fleire årsaker. Som oftast er det fleire faktorar som spelar inn, knytt til manglande hygiene og smitte frå andre personar.

Vassborne utbrot er oftare knytt til små vassverk og eigne vassforsyningssystem (til dømes einskilde husstandar). At vassborne utbrot oftare oppstår på slike stader kan kome av manglande oppfølging og drift av anlegga, eller at vassbehandlinga som skal sikre god hygienisk kvalitet er mangelfull (FHI, 2014).

Figur 32 viser vassforsyninga i ulike fylke. Diagrammet viser kor mange som får vatn som tilfredsstiller kriteria til «god drikkevassforsyning» i 2014, og kor stor del av befolkninga i fylket som har vassforsyning frå vassverk som forsyner minst 50 personar / 20 husstandar.

Kilde: Folkehelseinstituttet
Kilde: Folkehelseinstituttet

Figur 32. Geografisk oversikt over befolkning som har god drikkevassforsyning, basert på data om hygienisk kvalitet og leveringsstabilitet. Kjelde: Folkehelseinstituttet. 

I dei fleste fylka får meir enn 80 prosent av befolkninga vatn som tilfredsstiller kriteria til «god drikkevassforsyning». Oppland og Sogn og Fjordane er dei fylka der den største delen av befolkninga får drikkevatn frå små vassverk eller einskildvassforsyningar. Nordland skil seg ut med den lågaste prosentdelen «god drikkevassforsyning». Oslo,

Telemark og Aust-Agder har den høgaste prosentdelen «god drikkevassforsyning».

Internasjonal sammenligning

I internasjonal samanheng er Noreg heldig stilt når det gjeld drikkevatn og utbreiinga av mage- og tarmsjukdomar.
Mangel på vatn til drikke, personleg hygiene og sanitært bruk er ei av dei viktigaste årsakene til sjukdom og død over store delar av verda. Dei knappe vassressursane som finst er i tillegg ofte forureina frå naturlege eller menneskeskapte kjelder, og kan spreie alvorlege sjukdomar. FN rekna i 2012 ut at om lag 780 millionar menneske mangla tilgang på trygt drikkevatn, og at 2,5 milliardar menneske ikkje har tilfredsstillande sanitære forhold (WHO, 2012).

WHO reknar med at diaréliknande sjukdomar er den nest største dødsårsaka for barn under fem år. Om lag 760 000 barn døyr årleg av sjukdom forårsaka av utrygt drikkevatn og dårlege hygiene- og sanitærforhold (WHO, 2013).

Kva dette har å seie for barn og unge si helse

Tilgang til reint drikkevatn og reint vatn til matlaging er avgjerande for liv og ei god helse. Kroppen treng vatn for å fungere, og eit menneske kan berre klare seg utan væske i kort tid. Særleg små barn er ei sårbar gruppe når det gjeld væsketap som følgje av mage- og tarminfeksjonar.

Reint vann trengst òg for personleg hygiene og velvære. Kartleggingar viser at nivået av miljøgifter, plantevernmiddel, tungmetall og andre uønskte stoff i norske vasskjelder er lågt og utgjer ikkje helsemessige problem i dei vasskjeldene som blir brukte til produksjon av drikkevatn (FHI, 2014). I somme regionar kan likevel grunnvassbrønnar innehalde for mykje fluor, og i visse område er det problem med radon (ein radioaktiv gass) i grunnvatnet.

Førebyggingspotensial

Kvaliteten på drikkevassforsyninga i Noreg er generelt god. Det sentrale prinsippet i forvaltinga av drikkevatnet er å velje gode kjelder og, så godt det let seg gjere, verne desse mot forureining. Dette gir ei svært sikker og god vassforsyning og reduserer helsefarane til eit minimum.

Vi har likevel utfordringar knytt til leidningsnettet. Hendingar i drifta av vassforsyninga kan føre til at forureina vatn kjem inn på leidningsnettet og fram til forbrukaren. I tillegg er det om lag 11 prosent av befolkninga som får vatn frå små vassforsyningsanlegg som vi ikkje kjenner tilstanden til (FHI, 2014).

Dersom det blir oppdaga at vatnet er forureina, er det allereie for seint, fordi personar kan ha blitt eksponerte for vatn med smittestoff. God kontroll med vasskjelder, og god drift av vassbehandlingsanlegg og leidningsnett med rutinemessige analysar er derfor viktig for å sikre at vatnet er hygienisk trygt til ei kvar tid.

Referanser

FHI. Folkehelserapporten 2014: Helsetilstanden i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2014. 

FHI; Folkehelseinstiuttet. Om statistikken i folkehelseprofilene for kommunene 2016. 

HOD; Helse- og omsorgsdepartementet. Forskrift om vannforsyning og drikkevann (Drikkevannsforskriften). [hentet 07/03/2016]. Tilgjengelig fra: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2001-12-04-1372

WHO. Diarrhoeal disease: Fact sheet 330. Tilgjengelig fra: http://www.who.int/mediacentre/factsheets/fs330/en/

WHO and UNICEF. Joint Monitoring Program (JMP) Progress on drinking water and sanitation: 2012 update.