Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Barnehelserapporten

4.1. Kosthald

Kosthald hos barn og unge. Kapitlet viser at vi mellom anna har utfordringar når det gjeld vitamin D, sukker, frukt og grønsaker. Teksten er eit kapittel i rapporten Barn, miljø og helse.

Hovudpunkt:

  • Kosthaldet varierer med utdanningsnivået hos foreldra.
  • Dei aller fleste norske spedbarn får morsmjølk i kortare eller lengre tid. 35 prosent får framleis morsmjølk ved eitt års alder.
  • Dei fleste norske småbarn får nok vitamin og mineral.
  • D-vitaminnivået ser ut til å vere lågt hos mange unge.
  • Barn og unge får i seg for mykje sukker frå sukkerhaldige drikker og godteri. Sjølv om utviklinga har gått i rett retning, er salt og sukker framleis ei utfordring.
  • Frukt- og grønsaksinntaket har auka, men mange unge et framleis for lite frukt og grønsaker.
  • Mengda miljøgifter er redusert i morsmjølk.

I dei første to leveåra er kosthaldet viktig for normal vekst og kognitiv utvikling. I tillegg kan eit sunt kosthald i barne- og ungdomsåra redusere risikoen for overvekt, fedme, karies og ikkje-smittsame sjukdommar seinare i livet (Helsedirektoratet, 2014; WHO, 2015).

Kosthaldet hos barn og unge i dag

Det første leveåret

Når barnet er seks månader gammalt, må barnet få jern gjennom kosten fordi dei medfødde jernlagera no er tomme. Morsmjølk aleine vil ikkje gi nok jern i forhold til det høge behovet (Henriksen, 2010). Helsedirektoratet tilrår at spedbarn blir fullamma dei første seks levemånadene, og at amming held fram i kombinasjon med anna ernæring fram til eitt års alder. Med fullamming meiner ein at barnet berre får morsmjølk (Helsedirektoratet, 2014). Barn som ikkje får morsmjølk, kan starte med fast føde frå 4–6 månaders alder (Helsedirektoratet, 2011).

Hausten 2013 vart det gjennomført ei landsomfattande undersøking om amming og kosthald blant spedbarn (Helsedirektoratet, 2014). Resultata viser at:

  • 98 prosent av barna vart amma i kortare eller lengre tid. Berre 2 prosent hadde aldri fått morsmjølk i løpet av det første leveåret.
  • 35 prosent av barna fekk framleis morsmjølk ved 12 månaders alder.
  • 17 prosent vart fullamma ved 5,5 månaders alder.

Ei anna utfordring for barn i Norge er D-vitamin. Sollys er ein viktig kjelde til D-vitamin. Alle barn bør få D-vitamintilskot frå fire vekers alder i form av D-vitamindropar eller tran, slik at inntaket av D-vitamin blir tilstrekkeleg (Helsedirektoratet, 2011).

Kosthaldet hos små barn

Hos barn er jernbehovet spesielt høgt gjennom den intense vekstperioden i dei første leveåra. Jernmangel i dei to første leveåra er forbunde med forseinka mental og motorisk utvikling (Henriksen, 2010).

Kosthaldsundersøkingar frå 2000 (Ungkost) (Helsedirektoratet, 2002) og 2007 (Småbarnskost) (Helsedirektoratet, 2009) samt levekårsundersøkingar frå Statistisk sentralbyrå viser status for kosthaldet sett i forhold til anbefalingane frå Helsedirektoratet. Vi har per i dag ikkje nyare undersøkingar, men det vil komme tal frå nye kosthaldsunderøkingar i løpet av 2016.

2-åringar: I 2007 vart den landsomfattande kosthaldsundersøkinga Småbarnskost gjennomført blant 2-åringar (Helsedirektoratet, 2009). Undersøkinga viste at:

  • Mange hadde eit variert kosthald med brød- og kornvarer, frukt og grønsaker, kjøtt, fisk og mjølk.
  • Inntaket av dei fleste vitamin og mineral var i tråd med anbefalingane.

4-åringar: Den landsomfattande kosthaldsundersøkinga blant 4-åringar i Ungkost-2000 viste at kosthaldet i hovudsak samsvarar med anbefalingane frå Helsedirektoratet (Helsedirektoratet, 2002):

  • Det gjennomsnittlege, daglege inntaket av vitamin og mineral var høgare enn, eller på nivå med anbefalingane. Unntaka var ∝−tokoferol (E-vitamin), jern og D-vitamin for både jenter og gutar. Inntaket var nærare anbefalingane når kosttilskot (som vitamintilskot og tran) vart inkludert.
  • Undersøkinga viste at kosthaldet inneheldt for mykje feitt, metta feittsyrer og tilsett sukker, og for lite matvarer som er rike på kostfiber (grovt brød, poteter, frukt og grønsaker).

Kosthald hos unge

Hos unge jenter aukar jarnbehovet på ny når dei kjem i puberteten og menstruasjonen fører til et auka jerntap frå kroppen. Høgdeveksten held fram etter at menstruasjonen har komme, og dette aukar jernbehovet endå meir (Henriksen, 2010). Gjennomsnittleg alder for første menstruasjon i Noreg er 13,2 år (Júlíusson, 2009).

Ungdom og ikkje-vestlege innvandrarar er risikogrupper for D-vitaminmangel (Helsedirektoratet, 2015; Holvik, 2008). For desse gruppene kan kosttilskot vere nødvendig for å klare å dekkje D-vitaminbehovet.

Målinger blant vidaregående elevar i Tromsø (15-18-åringar) viser at 60 prosent av gutane og 49 prosent av jentene hadde blodverdiar som var under ønska nivå, 16,5 prosent hadde så låge verdiar at det kan karakteriserast som klar D-vitaminmangel (Oberg, 2014).

Ungkost-undersøkinga (Helsedirektoratet, 2002; Universitetet i Oslo, 2016) vart gjennomført blant 4.- og 8.-klassinger i 2000 og 2015 og viste at:

  • Kosthaldet samsvarte i stor grad med anbefalingane frå Helsedirektoratet.
  • Kosthaldet inneheldt for mykje metta feitt, for mykje sukker og for lite matvarer som er rike på kostfiber, slik som grovt brød, frukt og grønsaker.
  • Det gjennomsnittlege daglege inntaket av vitamin og mineral var høgare enn anbefalingane, med unntak av α-tokoferol (E-vitamin), jern og D-vitamin for både jenter og gutar på begge klassetrinn, og kalsium for jentene i 8. klasse. Når inntaket av kosttilskot blei inkludert, var det gjennomsnittlege inntaket av jern og D-vitamin nær anbefalingane.

Inntaket av metta feitt har endra seg lite frå 2000 til 2015, men vi ser ein betydeleg nedgang i inntak av matvarer med tilsett sukker. Nedgangen skuldast i stor grad lågare inntak av brus og sukkerhaldig saft. Ungkost 2015 viser at kosthaldet til barn og unge framleis inneheld for mykje metta feitt og sukker, og for lite grønsaker og fisk (Universitetet i Oslo, 2016). 

Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking frå 2012 vert gjennomført i aldersgruppa 16-69 år, men det er mogleg å få tal for aldersgruppa 16-24 år (SSB, 2012). Levekårsundersøkinga spør ikkje om matvaremengd, og det er derfor ikkje mogleg å rekne ut inntak av næringsstoff og enkeltmatvarer. Men undersøkinga gir informasjon om inntak av blant anna frukt, grønsaker og fisk. Resultata viser at:

  • Dei fleste unge ligg et godt stykke unna anbefalingane om 500 gram frukt og grønsaker om dagen (Helsedirektoratet, 2014; SSB, 2012).
  • 8 prosent av unge menn og kvinner i alderen 16 til 24 år åt fisk og sjømat kvar dag. Det vert tilrådd å ete fisk til middag to til tre gonger i veka og i tillegg fisk som pålegg. Rådet svarar til totalt 300-450 gram rein fisk i veka (Helsedirektoratet, 2016), men vi har ikkje tal for kor mange barn og unge som følgjer anbefalingane.

Utvikling over tid

Sjølv om dei aller fleste spedbarn får morsmjølk, viser resultat frå spedkostundersøkingar at det var færre som blei amma i andre levehalvår i 2013 enn i 2006–2007 (Helsedirektoratet, 2014). Når vi ser på utviklinga i kosthaldet hos 2-åringar (Småbarnskost-undersøkingane i 1999 og 2007)(Helsedirektoratet, 2009), ser vi at:

  • Inntaket av frukt, bær, grønsaker og poteter aukar.
  • Dagleg inntak av sukkerhaldig drikke og godteri går ned.
  • Fleire bruker magre mjølketypar framfor heilmjølk.

Ungkost 2015 viser ei liknande endring blant elevar i 4. og 8. klasse som hos 2-åringar (Universitetet i Oslo 2016). 

Når det gjeld ungdom og unge vaksne i aldersgruppa 16–24 år, viser tal frå levekårsundersøkingane i 2005, 2008 og 2012 (SSB, 2012) at:

  • Det er ein liten nedgang frå 2008 til 2012 når det gjeld andelen som et fisk kvar dag. I 2008 åt 11 prosent av unge menn og 9 prosent av unge kvinner fisk og sjømat kvar dag, mot 8 prosent i 2012.
  • Fleire unge kvinner enn menn åt frukt og grønsaker kvar dag (om lag 60 prosent kvinner mot om lag 50 prosent menn)i 2012. Det har vore ein liten auke i inntak av grønsaker frå 2008 til 2012 for både menn og kvinner (åtte mot sju prosent).
  • Fleire unge menn enn kvinner drakk sukkerhaldig drikke kvar dag i 2012, men tala er omtrent halvert sidan 2005, sjå figur 19.
  • Fleire kvinner (7 prosent) enn menn (3 prosent) åt godteri kvar dag i 2012, men det er ein stor nedgang frå 2005, sjå figur 19. 
Kilde: Norgeshelsa/SSB
Kilde: Norgeshelsa/SSB

Figur 19. Andelen med dagleg eller oftare inntak av sukkerhaldig drikke, søtsaker og snacks. Gjeld unge menn og kvinner i alderen 16-24 år i perioden frå 2005 til 2012. Kjelde: Norgeshelsa/SSB

Sukker og salt

Dei seinare åra har mengda sukker og salt i kosthaldet fått auka merksemd.

Sukker. I norsk kosthald utgjer tilsett sukker 13 energiprosent (Helsedirektoratet, 2015). Helsedirektoratet tilrår at inntaket av tilsett sukker blir avgrensa til 10 prosent av energiinntaket (Helsedirektoratet, 2014). Verdas helseorganisasjon (WHO) kom i 2015 med ei ny tilråding om at mengda fritt sukker blir avgrensa til 10 prosent av energiinntaket og dernest ein vidare reduksjon til under 5 prosent av energiinntaket (WHO, 2015).

Fritt sukker betyr både tilsett sukker og sukker som er naturleg til stades i matvarer som honning, juice samt fruktkonsentrat. Fruktkonsentrat blir ofte nytta som søting av barnemat og andre matvarer.

Bakgrunnen for tilrådinga frå WHO er spesielt auken i overvekt og fedme i mange land. Organisasjonen peikar også på at fluortilskot ikkje er eit tilstrekkeleg tiltak for å førebyggje karies. Eit redusert sukkerinntak vil både medverke til mindre risiko for karies og til eit meir næringstett kosthald. Barn under 18 år, som ikkje har fullt utvikla tenner, er særleg utsette for erosjonsskadar frå søte og sure drikker og matvarer (FHI, 2014).

I Noreg har vi sett ei positiv utvikling når det gjeld andelen som aldri har hatt karies. Det har vore ein nokså jamn nedgang i karies blant 12- og 18-åringar i dei siste 25 åra (SSB, 2015). Andelen med kariesfrie tenner har auka både hos 5-, 12- og 18-åringar. Mykje tyder på at sukker spelar hovudrolla i utvikling av karies (Sheiham, 2015). Kariesnedgangen kan difor ha samanheng med redusert sukkerinntak.

Vi har ikkje oppdaterte tal om mengda fritt sukker i kosthaldet til barn og unge. Men i dagens samfunn med lett tilgang til søte drikker, godteri, søte frukostblandingar, søtt pålegg og andre matvarer med mykje tilsett sukker, er det lett å komme over tilrådinga for både 5 og 10 prosent. Å avgrense sukkerinntaket er derfor framleis ei utfordring i kosthaldet til barn og unge.

Salt. Helsedirektoratet tilrår at saltinntaket per person blir redusert til 5-6 gram om dagen (svarar til 2,3 gram natrium)(Helsedirektoratet, 2015). I dag er inntaket rekna ut til 10 gram per person i gjennomsnitt(Helsedirektoratet, 2014). For barn under 2 år bør ikkje inntaket vere høgare enn 0,5 gram per MJ. Dette er for å unngå at små barn venner seg til eit kosthald med mykje salt, samt også fordi nyrene hos små barn ikkje er ferdig utvikla (Henriksen, 2010). For barn mellom 2 og 10 år er anbefalinga å avgrense saltinntaket til 3-4 gram om dagen (Helsedirektoratet, 2015). Mindre salt i kosten kan redusere risikoen for blant anna høgt blodtrykk og hjerneslag i vaksen alder.

Vi har ikkje tal om status og utvikling for saltinntaket hos barn og unge i Noreg. Men på same måte som for sukker er det eit stort tilbod av salte matvarer og salte snacks på marknaden. Det er lett for barn å venne seg til eit høgt saltinntak som på lang sikt kan få følgjer for helsa. Helsedirektoratet har eit samarbeid med blant anna bransjeorganisasjonar om å redusere saltkonsentrasjonen i matvarer (Helsedirektoratet, 2015).

Sosioøkonomiske, geografiske og etniske skilnader

Kosthaldet varierer med utdanning og økonomi hos foreldra. Ei undersøking blant 4-åringar i 2000 viste at inntaket av feitt og tilsett sukker var lågare hos gutar som hadde mødre eller fedre med høg utdanning enn hos gutar som hadde foreldre med låg utdanning (Helsedirektoratet, 2002). For jentene var inntaket av tilsett sukker lågare for dei som hadde mødrer med høgare utdanning enn hos dei som hadde mødre med låg utdanning (Helsedirektoratet, 2002).

Ungkostundersøkinga blant 4. og 8. klassingar i 2000 viste at både feittinntaket og sukkerinntaket hadde samanheng med foreldra si utdanning (Helsedirektoratet, 2002; Universitetet i Oslo, 2016). Ei nyare studie av 11-åringar frå Oslo-området viste også at utdanningslengda til foreldra hadde samanheng med forbruket av sukkerhaldige drikkevarer (Totland, 2013). Resultat frå SSB si levekårsundersøking i 2012 viste i tillegg at både feittinntaket og sukkerinntaket hadde samanheng med foreldra si utdanning (SSB, 2012).

Vi har ingen informasjon om geografisk variasjon i kosthaldet hos barn og unge.

Miljøgifter

Nivåa av dei mest kjende miljøgiftene er no historisk låge i alle land der tiltak har vore sette i verk, inkludert Noreg. Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har vurdert studiar som har undersøkt om miljøgiftene PCB, dioksinar, DDT, HCB og kvikksølv i morsmjølk påverkar helsa til barnet. Vitskapskomiteen meiner at mengda miljøgifter i morsmjølk i dag utgjer ein liten risiko for barn som vert amma (Meltzer, 2013).
Les meir om miljøgifter i kapittel om Miljø- og helse.

Skilnadar mellom land i Europa

I Noreg åt 47 prosent av unge nordmenn i alderen 16-24 år grønsaker kvar dag i 2008, men i 2012 hadde andelen auka til 54 prosent (SSB, 2012). Europakommisjonen har sett på inntaket av grønsaker og frukt i 16 europeiske land i aldersgruppa 15-24 år i 2008. Resultatet viser at (European Commission, 2008):

  • Det var berre Malta, Ungarn, Spania og Estland som hadde lågare inntak av grønsaker enn Noreg i 2008.
  • Befolkninga i Belgia hadde høgast inntak av grønsaker blant dei europeiske landa; 77 prosent i alderen 15–24 åt grønsaker kvar dag i 2008.

Når det gjeld frukt, ligg Noreg midt på treet i forhold til andre land i Europa. Tal frå Europakommisjonen si undersøking i 2008 viser at unge vaksne i åtte land hadde eit høgare fruktinntak, og at unge vaksne i åtte land hadde eit mindre fruktinntak enn unge vaksne i Noreg.

I dei fleste land et den yngre delen av befolkninga mindre frukt og grønsaker enn den eldre, bortsett frå i Romania og Bulgaria der dei yngre et meir frukt og grønsaker enn dei eldre.

Tiltak og utfordringar for å oppretthalde eit godt kosthald blant barn og unge

Helsedirektoratet har utforma praktiske tilrådingar for kosthald i barnehagar, skule og skulefritidsordningar. I tillegg er det oppretta nøkkelholsordning for matvarer. Det er også sett i verk kampanjar for å redusere saltinnhaldet i kosten, sjå ovanfor i avsnittet om salt og sukker. Målet er å påverke kosthaldet i gunstig retning både i barnefamiliar og hos ungdom samt å arbeide for at fleire spedbarn vert amma. Det er framleis ei utfordring å jamne ut sosiale forskjellar i kosthald (Helsedirektoratet, 2015).

Referanser

European Commission. Public Health - indicators. [hentet 02/02/2016]. Tilgjengelig fra: http://ec.europa.eu/health/indicators/indicators/index_en.htm

FHI. Folkehelserapporten 2014: Helsetilstanden i Norge. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2014. Tilgjengelig fra: http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=Main_6157&Main_6157=7239:0:25,8904

Helsedirektoratet: B Lande and A Helleve. Amming og spedbarns kosthold: Landsomfattende undersøkelse 2013. Oslo, Norway: Helsedirektoratet; 2014.

Helsedirektoratet. Anbefalinger om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet. Oslo: Helsedirektoratet; 2014. Tilgjengelig fra:https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/806/Anbefalinger-om-kosthold-ernering-og-fysisk-aktivitet-IS-2170.pdf

Helsedirektoratet: ML Pollestad, NC Øverby and L Frost Andersen. Kosthold blant 4-åringer: Landsomfattende kostholdsundersøkelse UNGKOST 2000. Oslo, Norway: Helsedirektoratet; 2002. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/324/Ungkost-2000-landsomfattende-kostholdsundersokelse-blant-4-aringer-IS-1067.pdf

Helsedirektoratet; Helsedirektoratet. Kostråd fra Helsedirektoratet. [hentet 30/3/2016]. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/kostrad-fra-helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kostråd: fem om dagen. [hentet 03/02/2016]. Tilgjengelig fra: https://helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/fem-om-dagen

Helsedirektoratet. Mat for spedbarn. Oslo, Norway: Helsedirektoratet; 2011. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/241/Mat-for-spedbarn-IS-1047.pdf

Helsedirektoratet; Helsedirektoratet. Næringsstoffanbefalinger – energi, karbohydrater, fett, protein, vitaminer, mineraler. [hentet 30/3/2016]. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/neringsstoffanbefalinger-energi-karbohydrater-fett-protein-vitaminer-mineraler

Helsedirektoratet; Helsedirektoratet. Salt og saltpartnerskapet. [hentet 20/03/2016]. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/salt-og-saltpartnerskapet

Helsedirektoratet; Helsedirektoratet. Trender i det norske kostholdet. [hentet 30/3/2016]. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/trender-i-det-norske-kostholdet

Helsedirektoratet: NC Øverby and L Frost Andersen. UNGKOST-2000: Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant elever i 4.-og 8. klasse i Norge. Oslo, Norway: Helsedirektoratet; 2002. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/833/Ungkost-2000-landsomfattende-kostholdsundersokelse-blant-elever-i-4-og-8-klasse-i-norge-IS-0447.pdf

Helsedirektoratet. Utviklingen i norsk kosthold. Oslo: Helsedirektoratet; 2015. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/1021/Utviklingen-i-norsk-kosthold-2015-IS-2382.pdf

Helsedirektoratet, Mattilsynet and Universitetet i Oslo: AL Kristiansen, L Frost Andersen, (UiO). and B Lande, (Helsedirektoratet). Småbarnskost - 2 år: Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant 2 år gamle barn. Oslo, Norway: Helsedirektoratet; 2009. Tilgjengelig fra: https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/702/Smabarnskost-2007-landsomfattende-kostholdsundersokelse-blant-2-ar-gamle-barn-IS-1731.pdf

Henriksen, C, Kvammen, JA and Thomassen, RA. Bare Barnemat! Riktig kosthold for gravide, ammende, barn og ungdom. 2. opplag. J.M Stenersens Forlag; 2010.

Holvik, K, Brunvand, L, Brustad, M and Meyer, HE. Vitamin D status in the Norwegian population. I: E Bjertness (Ed.). Solar Radiation and Human Health. Oslo, Norway: The Norwegian Academy of Science and Letters; 2008.

Júlíusson, P, Bjørndalen, H, Bjerknes, R and Veimo, D; Norsk barnelegeforening. Normal Pubertet. [hentet 22/03/2016]. Tilgjengelig fra: http://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/pediatri/endokrinologi/normal-pubertet

Meltzer, HM, Brandtzæg, P, Knutsen, HK, Løland, BF, Odland, JO et al. Benefit and risk assessment of breastmilk for infant health in Norway - opinion of the Steering Committee of the Norwegian Scientific Committee for Food Safety. Vitenskapskomiteen for mattrygghet 2013: 299. http://infactcanada.ca/pdf/breastmilk-assesment-norway.pdf

Oberg, J, Jorde, R, Almas, B, Emaus, N and Grimnes, G. Vitamin D deficiency and lifestyle risk factors in a Norwegian adolescent population. Scand J Public Health 2014; 42(7): 593-602.

Sheiham, A and James, WP. Diet and Dental Caries: The Pivotal Role of Free Sugars Reemphasized. J Dent Res 2015; 94(10): 1341-7.

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Statistikkbanken: helseforhold, levekårsundersøkelsen. [hentet 22/10/2015]. Tilgjengelig fra: https://www.ssb.no/statistikkbanken/selecttable/hovedtabellHjem.asp?KortNavnWeb=helseforhold&CMSSubjectArea=helse&checked=true

SSB; Statistisk sentralbyrå. Tannhelsetenesta, 2014. [hentet 21/12/2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/tannhelse/

Totland, TH, Lien, N, Bergh, IH, Bjelland, M, Gebremariam, MK et al. The relationship between parental education and adolescents' soft drink intake from the age of 11-13 years, and possible mediating effects of availability and accessibility. Br J Nutr 2013; 110(5): 926-33.

Universitetet i Oslo: Hansen LB, Myhre JB, Johansen AMW, Paulsen MM and A LF. Ungkost 3 Landsomfattende kostholdsundersøkelse blant elever i 4. -og 8. klasse i Norge, 2015. Oslo: Universitetet i Oslo; 2016.

WHO. Healthy diet: Fact sheet 394. [hentet 01/02/2016]. Tilgjengelig fra: http://www.who.int/mediacentre/factsheets/fs394/en/

WHO. Sugars intake for adults and children. Geneva, Switzerland: 2015. Tilgjengelig fra: http://who.int/nutrition/publications/guidelines/sugars_intake/en/