Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Barnehelserapporten

1.1. Barne- og ungdomsbefolkninga i Noreg

22 prosent av befolkninga er barn og unge under 18 år, i alt vel 1,1 millioner personer. Artikkelen inngår i en rapport om barn, miljø og helse fra Folkehelseinstituttet.

Hovudpunkt:

  • 22 prosent av befolkninga er barn og unge under 18 år, i alt vel 1,1 millionar personar.
  • 3 av 4 barn og unge bur saman med begge foreldra, men andelen fell med alderen.
  • I barne- og ungdomsbefolkninga er ein stor andel innvandrarar og barn av innvandrarforeldre, til saman 15 prosent av barnebefolkninga under 18 år.
  • Rogaland er fylket der størst andel av barna bur saman med søsken.

Barne- og ungdomsbefolkninga i Noreg

I Noreg passerte folketalet 5 millionar i 2012.

I barne- og ungdomsbefolkninga inngår barn og unge i aldersgruppa 0-17 år. Barne- og ungdomsbefolkninga omfattar ikkje personar i aldersgruppa 0–17 år som har flytta heimanfrå. Personar som har gifta seg eller fått eigne barn før fylte 18 år, blir heller ikkje inkluderte i statistikken (SSB, 2015).

  • I Noreg budde det per 1. januar 2016 i alt 1 127 000 personar under 18 år, desse utgjorde 22 prosent av befolkninga (SSB, 2016).
  • I dag er det meir enn 1,6 millionar personar i alderen 0–24 år som bur i Noreg (SSB, 2016).
  • Innvandrarar og norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre utgjorde 15 prosent (om lag 170 000) av barne- og ungdomsbefolkninga (0-17 år) per 1. januar 2015 (SSB, 2015).
  • Dei fleste innvandrarar under 18 år har bakgrunn frå Polen, Somalia og Irak (SSB, 2015).

Andelen barn og unge har gått ned sidan 1960-talet hvor 30,5 prosent av befolkninga var barn i alderen 0-17 år.

Cirka 60 000 barn blir fødde kvart år

I 2014 vart det født 59 937 barn i Norge. Det blir født flest gutar, dei utgjer 51,4 prosent av alle fødde (FHI, 2015).

Dei fleste barn bur saman med begge foreldra

Per 1. januar 2014 var det i Noreg 640 000 privathushald med barn i alderen 0–17 år. I gjennomsnitt budde 75,3 prosent av barna i desse familiane saman med begge foreldra. Andelen var 88 prosent for barn under eitt år og 61 prosent for barn i 17-årsalderen.

Litt over halvparten (55 prosent) av barna hadde gifte foreldre, medan 20 prosent hadde sambuande foreldre.
25 prosent av barna budde saman med berre éin forelder eller éin forelder med ny partnar. Denne andelen var mindre hos dei yngste barna, sjå figur 1 (SSB, 2015).

Andelen som bur saman med søsken, varierer mellom fylka

Færre barn bur saman med søsken enn for ti år sidan. 45 prosent av barna som hadde heimebuande søsken, hadde 1 søsken, 27 prosent hadde 2 søsken og 9 prosent hadde 3 eller fleire søsken.

Kvart fjerde barn i Oslo budde i 2014 utan søsken, medan Rogaland hadde den største andelen barn med søsken (83 prosent).

Søsken i barne- og ungdomsstatistikken omfattar heil-, halv- og stesøsken. Berre søsken som bur på same adresse, og som høyrer til i det same hushaldet som barnet sjølv, er rekna med i statistikken (SSB, 2015). 

Kilde: SSB
Kilde: SSB

Figur 1. Barn i alderen 0–17 år som bur saman med éin eller begge foreldre, 2014. Både biologiske barn og adoptivbarn er inkludert i datagrunnlaget, men ikkje fosterbarn. Kjelde: SSB.

Flyttevanar

Mange barnefamiliar flyttar ein eller fleire gonger, sjå figur 2 nedanfor. Dei fleste flyttingane skjer når barna er i alderen 0–4 år. Foreldre med barn i alderen 5–14 år er meir etablert og vil kanskje ikkje flytte på grunn av barna. I aldersgruppa 15–19 år flyttar unge heimefrå for å gå på skule eller finne seg jobb. Dette er eit vanleg mønster i alle land (SSB, 2015). 

Kilde: SSB
Kilde: SSB

Figur 2. Flyttingar mellom kommunar i 2005, 2010 og 2014, antal per 1000 basert på middelfolkemengde for barn og unge i alderen 0–20 år. Kjelde: SSB.

Barn og unge som flyttar kan kjenne meir rotløyse enn barn og unge som ikkje flyttar, særleg dersom familien flyttar fleire gongar medan barna veks opp. Enkelte barn og unge likar derimot å flytte og føler at det er ein ny start. For andre kan det vere eit problem, fordi dei har sterke bindingar til heimstaden og får stressreaksjonar i samband med flyttinga (NHI, 2014).

Referansar

FHI; Folkehelseinstituttet. Medisinsk fødselsregister. [hentet 21/9/2015]. Tilgjengelig fra: http://www.fhi.no/helseregistre/medisinsk-fodselsregister

NHI; Norsk helseinformatikk. På flyttefot? - Hjelp barnet på plass i nytt miljø. [hentet 21/12/2015]. Tilgjengelig fra: http://nhi.no/foreldre-og-barn/barn/livsstil/barn-og-flytting-26816.html?page=all

SSB; Statistisk sentralbyrå. Demografisk bilde av norske barn. [hentet 21/9/2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/a/barnogunge/2015/bef/

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Statistikkbanken. [hentet 7/1/2016]. Tilgjengelig fra: https://www.ssb.no/statistikkbanken

SSB; Statistisk Sentralbyrå. Statistikkbanken. [hentet 10/12/2015]. Tilgjengelig fra: https://www.ssb.no/statistikkbanken

SSB; Statistisk sentralbyrå. Tre av fire barn bor med begge foreldre. [hentet 12/10/2015]. Tilgjengelig fra: http://www.ssb.no/a/barnogunge/2015/familie/