Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Arkiv - Omkomne sjåfører har ofte brukt rusmiddel

Alkohol og andre rusmiddel er ofte ein medverkande årsak til dødsfall i trafikken. Det bekreftar ein studie som Folkehelseinstituttet har gjort i samarbeid med dei andre nordiske landa. Over fire av ti omkomne sjåførar hadde alkohol eller andre stoff i blodet.

trafikkulykker COLOURBOX2176656.
trafikkulykker COLOURBOX2176656.
Dei nordiske landa har samarbeidd om ein omfattande studie på sjåførar som omkom i trafikken i 2001 og 2002. Dei døde anten i kollisjonar, utforkøyringar eller andre typar ulykker. Til saman er blodprøver frå 1200 sjåførar analyserte for alkohol, legemiddel og ulovlege rusmiddel, i alt over 200 stoff.

Fleirtalet av omkomne sjåførar var menn i alderen 20-29 år. Berre om lag 15 prosent av dei omkomne sjåførane var kvinner.

42 prosent hadde stoff i blodet

Samla sett hadde om lag fire av ti eller 42 prosent av sjåførane alkohol og/eller andre stoff i blodet, medan 58 prosent ikkje hadde brukt alkohol, andre rusmiddel eller legemiddel like før ulykka.

Alkohol eller alkohol i kombinasjon med andre rusmiddel og legemiddel var mest vanleg. Ein lågare del hadde berre legemiddel eller ulovlege rusmiddel i blodet.

Dei mest vanlege ulovlege rusmidla som blei funne i dei nordiske landa, var amfetamin og THC frå cannabis. Det mest vanlege legemiddelet var benzodiazepiner, som tilhøyrer gruppa sovemiddel og middel for å roe ned.

Meir rusmiddel ved eineulykker

Forskarane har delt dødsfalla i to grupper – ulykker der berre éin bil er involvert, og ulykker med to eller fleire bilar.

Den første typen blir kalla eineulykker og er ofte utforkøyringar. Ulykker med to eller fleire bilar er som regel kollisjonar.

I dei såkalla eine-ulykkene hadde 60 prosent av sjåførane brukt alkohol og/eller andre stoff. I ulykker med to eller fleire involverte bilar hadde 30 prosent av sjåførane brukt alkohol og/eller andre rusmiddel.

Fleire unge sjåførar med stoff i blodet

Forskarane fann òg forskjellar mellom ulike aldersgrupper. I eine-ulykker hadde 66 prosent av omkomne sjåførar under 30 år brukt alkohol og/eller andre stoff. For dei over 50 år var delen 48 prosent.

Fleire med ulovlege rusmiddel blant omkomne sjåførar i Noreg

Totalt sett var delen av sjåførar som hadde brukt alkohol eller andre stoff, om lag den same i Noreg, Sverige og Finland. Når ein ser nærmare på kva for stoff sjåføren hadde brukt, kom det fram forskjellar mellom landa. I Noreg var det ein større del av omkomne sjåførar som hadde brukt legemiddel og ulovlege rusmiddel enn i dei andre nordiske landa.

- Dette kan tyde på at det blant dei norske sjåførane var fleire som hadde problem med misbruk enn i Sverige og Finland, skriv forskarane i artikkelen som er publisert i tidsskriftet Accident Analysis & Prevention.

Legemiddel og ulovlege rusmiddel var ofte brukt i kombinasjon med alkohol. Resultatet viser at det er viktig å undersøkje bruk av både alkohol, legemiddel og ulovlege rusmiddel i samband med trafikkulykker.

Førebygging?

- Kva kan gjerast for å førebyggje?

- Studien tek ikkje opp dette temaet, seier divisjonsdirektør Jørg Mørland som er førsteforfattar på studien. – Ei moglegheit er at det nye systemet som setjast i verk i Noreg frå 1.1.2012 kan bidra til å styrke merksemda overfor dette største problemet for sikkerheita på vegane, og dermed ha ein viss førebyggjande verknad.

Frå 1. januar 2012 blir det innført faste konsentrasjonsgrenser for stoff i blod, på same måte som vi i dag har promillegrenser for alkohol.

Den nordiske studien tek ikkje føre seg årsakene til ulykkene, men det er grunn til å tru at rusmiddelbruken medverka til ulykka i mange av tilfella. Stikkprøver frå ”vanleg trafikk” viser at berre 0,4 til 1,4 prosent av sjåførane har alkohol eller rusmiddel i kroppen, medan delen blant dei omkomne i den nordiske studien altså var 42 prosent i gjennomsnitt.

Representativt utval

I Finland og Sverige blei over 90 prosent av dei omkomne sjåførane obduserte, mot berre 47 prosent i Noreg. Sidan ein i Noreg kunne få blodprøve frå vel 70 prosent av sjåførane, kunne derfor den samla nordiske analysen gjerast på grunnlag av 71 prosent av dei omkomne i 2001 og 2002. Desse blir rekna for å vere representative for alle omkomne sjåførar. Sjåførar frå Danmark og Island er ikkje inkludert i alle analysane fordi ein her fekk prøver frå under halvparten av sjåførane.

Litteratur

Jørg Mørland, Anni Steentoft, Kirsten Wiese Simonsen, Ilkka Ojanperä, Erkki Vuori, Kristin Magnusdottir, Jakob Kristinsson, Gunnel Ceder, Robert Kronstrand and Asbjørg Christophersen. Drugs related to motor vehicle crashes in northern European countries: A study of fatally injured drivers.Accident Analysis & Prevention Volume 43, Issue 6, November 2011, Pages 1920-1926