Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Melding

To av tre sjukdomsutbrot meldt frå helseinstitusjonar

Publisert


I 2018 blei det varsla 216 utbrot med totalt 3 547 rapporterte sjukdomstilfelle. Nær 65 prosent av alle utbrota blei varsla frå helseinstitusjonar.

Dette er høgare enn det som blei rapportert i 2017. Auken kan i stor grad forklarast med mange utbrot av Norovirus i helseinstitusjonar vinteren og våren 2018, og at det blei varsla fleire næringsmiddelbårne utbrot i 2018 enn året før.

Talet på sjuke varierte frå 2 til 148 registrerte smitta per utbrot. Ved 52 utbrot var det mistanke om smitte frå næringsmiddel. Av alle varsla utbrot var nesten 65 prosent i helseinstitusjonar.

Dette er dei vanlegaste smittestoffa ved utbrot i helseinstitusjonar:

  • norovirus – 82 utbrot
  • influensavirus –17 utbrot
  • meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA) – 13 utbrot
  • coli (ESBL produserande) – 7 utbrot

Dette er dei vanlegaste smittestoffa ved næringsmiddelbårne utbrot:

  • norovirus – 17 utbrot
  • enterohemoragisk E. coli (EHEC) – fire utbrot
  • Salmonella – fire utbrot

Det er antakeleg framleis stor underrapportering av utbrot. Rask og meir fullstendig varsling av utbrot gjer at sentrale styresmakter kan sjå det enkelte utbrot i nasjonal og internasjonal samanheng. Dermed kan ein danne seg eit bilde av sjukdomsutbreiinga i landet som heilskap, om nødvendig varsle internasjonale instansar og gje råd og informasjon når det er behov for det.

Årsrapport utbrudd av smittsomme sykdommer i 2018