Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Melding

Oppdaterte tal for trivsel og mobbing i statistikkbankane

Publisert


Kommunehelsa og Norgeshelsa statistikkbank er oppdaterte med nye tal for trivsel og mobbing i skolen.

Kommunar og bydelar - Kommunehelsa statistikkbank

Andelen som oppgir at dei trivst på skolen, vist som femårige gjennomsnittstal og i tillegg som årlege tal for store kommunar. 

  • Tabell for 10. klasse, femårig snitt. Klikk på «Geografi» for å velje fylke og deretter kommunar. Klikk på «klassetrinn» for å velje 7. eller 10. klasse.
  • Tabell med årlege tal. Klikk på fylkesnamnet for å finne tal for store  kommunar og på klassetrinn for å velje 7. eller 10. klasse.

Andelen som oppgir at dei blir mobba, 10. klasse. Dette blir vist som treårig gjennomsnitt og i tillegg som årlege tal for store kommunar.. Desse tala finst berre for 10. klasse.

Fylke, helseregionar og landet totalt - Norgeshelsa statistikkbank

Andelen som oppgir at dei trivst på skolen, vist som årlege tal for fylka og landet. 

Andelen som oppgir at dei blir mobba. Du finn også tal for digital mobbing. Desse tala finst berre for 10. klasse.

Statistikken er oppdatert for skoleåret 2018-2019. Data er levert av Utdanningsdirektoratet. Folkehelseinstituttet har lagt statistikken til rette for visning i statistikkbankane.

Les meir:

Få meldingar om oppdateringar rett i innboksen: Meld deg på nyhetsbrev