Hopp til innhold

Melding

Notat om sjukdomsutbrot i USA knytta til e-sigarettar

Publisert


I lys av det pågåande sjukdomsutbrotet i USA knytta til bruk av elektroniske sigarettar (e-sigarettar) har Folkehelseinstituttet på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet laga ei oppsummering av situasjonen og ei utgreiing for nokre relaterte spørsmål.

Sommaren 2019 blei det rapportert fleire hundre tilfelle av akutt alvorleg luftvegssjukdom knytta til bruk av fordampere i USA. Tilfella representerer ein liten prosentdel av dei som bruker fordampere, men sjukdommen er alvorleg. Alle pasientane har rapportert ei historie om bruk av dampeprodukt.

THC og vitamin E-acetat

Dei fleste tilfella har vore knytta til bruk av THC (tetrahydrocannabinol)-haldige produkt. Centers for Disease Control and Prevention (CDC) i USA utvikla nyleg ein metode for å analysere toksiske stoff i lungeskyljevæske frå lungesjuke e-sigarettbrukarar. Resultata viste at fortykningsmiddelet vitamin E-acetat kunne påvisast i lungeskyljevæska frå alle 29 undersøkte pasientar. I tillegg blei THC eller omdannelsesprodukt av THC påvist i lungeskyljevæska til dei aller fleste pasientane. Resultata er i samsvar med resultata frå FDA (Food and drug administration i USA) der dei har påvist vitamin E-acetat i produkt brukt av lungesjuke pasientar.

Det er viktig å merke seg at sjølv om vitamin E-acetat blei påvist i alle prøvene, er ytterlegare studiar nødvendig for å fastslå at dette stoffet er (den einaste) årsaka til dei rapporterte sjukdomstilfella. Det er fullt mogleg at meir enn ein forbindelse eller ingrediens kan vere ei årsak til lungeskadane. Dette er reflektert i beskrivingane av potensielle helseskadelege effektar som mange av ingrediensane i dampevæske og aerosol kan ha.

Bør ikkje brukast av ungdom og gravide

CDC sine anbefalingar er per dags dato at fordampere og liknande produkt ikkje skal brukast av ungdom eller gravide, og at vaksne som ikke brukar tobakksprodukt ikkje bør begynne med fordampere. Vidare anbefaler dei at det inntil forholdet mellom vitamin E-acetat og lungesjukdom er betre avklart, er det viktig at vitamin E-acetat ikkje blir tilsett fordamperprodukt.

Det er mange ulike bruksområde og brukarprofilar knytta til damping. Sidan damping av THC og mistanke om tilsetting av fortykningsmiddelet vitamin E-acetat er sannsynlege sentrale årsaksforklaringar for det akutte utbrotet av lungesjukdom i USA, vil regulering og overvaking av cannabismarkedet vere sentralt, samt endringar i brukskultur for cannabis.