Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Melding

No startar høgsesongen for omgangssjuke

God handhygiene er det beste førebyggande rådet for å unngå omgangssjuke grunna norovirus. Ved utbrot i helseinstitusjonar skal det gå varsel til Folkehelseinstituttet.

I Sverige er norovirus-sesongen godt i gang og her til lands har vi allereie fått melding om fleire utbrot i kommunale helseinstitusjonar.

Norovirus er svært smittsamt. Dei sjuke er mest smittsame når dei kastar opp og har diaré, men det er også auka smitterisiko  i ein kort periode før symptoma startar og eit par dagar etter at magesjauen er over.

Det beste smitteførebyggande tiltaket er å vaske hendene med såpe og rennande vatn. Alkoholbasert handdesinfeksjon har mindre effekt mot norovirus.

Utbrot av omgangssjuke i helseinstitusjonar skuldast ofte norovirus. I tillegg til god handhygiene er det viktig at institusjonen har planar som beskriv korleis utbrot av norovirus skal handterast. Desse prosedyrane skal inngå som ein del av infeksjonskontrollprogrammet til helseinstitusjonen.

Varsling av sjukdomsutbrot
Dersom ein helseinstitusjon får utbrot av omgangssjuke med norovirus, skal dette varslast til Folkehelseinstituttet. Varsling skjer med hjelp av Vesuv-CIM (vevsbasert system for utbruddsvarsling).