Hopp til innhold

Melding

Høgsesongen for omgangssjuke er her – hugs handvask

Publisert


Haust og vinter er tida for omgangssjuke med norovirus. God handhygiene minskar sjansen for at du blir smitta og beskyttar mot vidare spreiing av viruset.

Norovirus er svært smittsamt. Det tek 12-48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine.

Dei sjuke er mest smittsame dersom dei kastar opp og har diaré. Men det er og risiko for smitte etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff. Fram til dette bør dei som jobbar med mat eller i helseinstitusjonar halde seg heime frå jobb. Dette gjeld og barn som går i barnehagar. Andre personar kan vende tilbake til jobb når dei kjenner seg friske.

Dei som har omgangssjuke eller mistenkjer at dei er smitta, til dømes etter å ha vore i kontakt med personer som er sjuke bør vere ekstra nøye med handvask. Dei bør ikkje tilberede og servere mat som andre skal spise.

− God handhygiene er det beste rådet for å unngå at noroviruset spreier seg, seier lege Hilde Marie Lund ved Folkehelseinstituttet.

Handvask med såpe og rennande vatn er meir effektivt mot norovirus enn alkoholbasert handdesinfeksjon som er mindre effektivt:

Slik førebygger du omgangssjuke som kjem av norovirus – hygieneråd til publikum (PDF) 

Tiltak ved utbrudd av norovirus i barnehager, på hoteller eller og andre overnattingssteder.

Helseinstitusjonar
Når det oppstår utbrot av omgangssjuke i helseinstitusjonar, skuldast dette ofte norovirus. I tillegg til god handhygiene er det viktig at det finns planer og prosedyrar som beskriver korleis helsepersonell skal handtere utbrot av norovirus.

Norovirus – anbefalinger ved utbrudd av magetarminfeksjoner i helseinstitusjoner utenfor sykehus (PDF)

Varsling av sjukdomsutbrot
Dersom det oppstår utbrot av omgangssjuke med norovirus i helseinstitusjoner, skal dette varslast til Folkehelseinstituttet. Varsling kan skje ved hjelp av CIM-VESUV (vevsbasert system for utbruddsvarsling): Slik varsler du om utbrudd gjennom Vesuv-CIM