Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Melding

Globale tuberkulosetal for 2016

Globalt var det om lag like mange som fekk tuberkulose i 2016 som i 2015; rundt 10,4 millionar personar. Talet på dei som døydde av sjukdomen vart imidlertid redusert frå 1,8 til 1,7 millionar.

Tala går fram av den årlege globale tuberkuloserapporten frå WHO.

Rapporten inneheld også tal for andelen som har gjennomgått vellukka behandling. For medikamentfølsam tuberkulose, er andelen framleis 83 prosent. Vellukka behandling for multiresistent tuberkulose er derimot heilt nede i 54 prosent. WHO estimerer dessutan at berre 22 prosent av dei reelle tilfella av multiresistent tuberkulose blir diagnostisert og behandla.

Målet om å utrydde tuberkulose innan 2030 vil kreve ein forsterka innsats.

Den gjeldande globale planen for å utrydde tuberkulose, med mål og verkemiddel for perioden 2016–2020 finn du her: