Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Melding

Nye tal for befolkning i kommunar og fylke

Publisert


Kor mange 100-åringar var det i kommunen din 1. januar i år, og kor mange av desse var kvinner og menn? 

Folkehelseinstituttet sine to store statistikkbankar er no oppdaterte med befolkningstal per 1.januar 2019.

I Kommunehelsa statistikkbank finn du oppdaterte tal for kommunar og bydelar, sjå lista nedanfor. I statistikkbanken klikkar du "Geografi" og dernest pluss-teiknet ved fylkesnamnet for å velje kommune:

I Norgeshelsa statistikkbank finn du tal for fylke, helseregionar og landet totalt. Følgjande tabellar om befolkninga i fylka og landet er oppdaterte med tal per 1.1.2019:

I statistikkbankane kan du lage tabell, søyle- eller kartdiagram. Kartdiagram fungerer best som fylkeskart i Norgeshelsa. Eksempel på kartdiagram:

norgeskart 100-åringer
Talet på 100-åringar i fylka, menn. Diagram: FHI, Norgeshelsa.no

I Folkehelseinstituttet sine statistikkbankar bør du bruke Google Chrome, Firefox eller ein annan nettlesar enn Explorer.

Befolkningstala i Norgeshelsa og Kommunehelsa statistikkbank er levert av Statistisk sentralbyrå og tilrettelagt av Folkehelseinstituttet.

Kontakt og hjelp for å bruke statistikkbankane, send e-post til: kommunehelsa (alfakrøll) fhi.no