Hopp til innhold

Melding

Antibiotikaveka i gang

Publisert


Den 18. november er starten for Antibiotikaveka. Dette blir markert både i Europa og elles i verda. Eit mål er å auke medvit og kunnskap om korleis vi kan stanse den utviklinga der fleire bakteriar blir motstandsdyktige (resistente) mot antibiotika. To viktige hovudtema for å hindre utvikling og spreiing av antibiotikaresistens er riktig antibiotikabruk og eit styrka smittevern. Utan vedvarande tiltak får vi ikkje løyst det som ofte blir kalla helsetenesta si «klimakrise».

Positive tal, men ikkje i mål enno
Tal frå FHI viser at vi er på god veg til å nå målet om å redusere antibiotikabruken med 30 prosent frå 2012 fram til 2020. Sidan 2012 har det vore ein reduksjon i uthenta reseptar i alle aldersgrupper. Målet i den nasjonale handlingsplanen på 250 reseptar per 1000 innbyggarar per år er allereie nådd for dei yngste aldersgruppene. Ein stor del av reduksjonen kan skuldast mindre bruk av antibiotika mot luftvegsinfeksjonar blant dei som er i dei yngre aldersgruppene. Men det er framleis eit behov for å redusere bruken blant dei eldre.

Rapporten NORM/NORM-VET 2018 gjer ein årleg status om antibiotikaforbruk og antibiotikaresistens blant menneske, dyr og i mat. 

Viktig med smitteverntiltak
Infeksjonsførebygging er viktig i arbeidet mot antibiotikaresistens. Ved å førebygge infeksjonar, reduserast óg behovet for å bruke antibiotika. Som enkeltpersonar kan vi til dømes bidra til dette med å ha god hand- og kjøkkenhygiene og følgje tilrådingar om vaksine. I helseinstitusjonar er krava til smittevern meir omfattande og ein treng tiltak både på system- og helsearbeidarnivå. For å styrke smittevernet i helseinstitusjonar, har Helse- og omsorgsdepartementet nyleg publisert Handlingsplan for et bedre smittevern med det mål å redusere helsetjenesteassosierte infeksjoner 2019 - 2023 (regjeringen.no)