Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Flere typer forskningsoversikter

Folkehelseinstituttet utarbeider ulike typar forskingsoversikter: systematisk oversikt, hurtigoversikt og fullstendig og hurtig metodevurdering (HTA-rapport). Vi støtter helsetenesta med kunnskapsoppsummering og forskingsoversikter.

Illustrasjonsfoto: Folkehelseinstituttet/Trond Nordahl, Medicineheads
Illustrasjonsfoto: Folkehelseinstituttet/Trond Nordahl, Medicineheads

Hopp til innhold

Dei ulike typane forskingsoversikter varierer med omsyn til tid og innsats. Oversiktene blir utarbeidde på oppdrag frå helsetenesta gjennom fleire forslags- og bestillingsprosessar. Dei ulike typane forskingsoversikter som kan bestillast, er lista opp nedanfor.

Systematisk oversikt

For å kunne kallast systematisk må ei oversikt oppfylle nokre krav:

  • Bruke og oppgi søkjestrategi ved søk etter relevant litteratur.
  • Bruke klare kriterium for inklusjon.
  • Vurdere kvaliteten på inkluderte studiar og oversikter.
  • Samanfatte og gradere dokumentasjonen

Forskingsoppsummering er gjort greie for i metodehåndboka "Slik oppsummerer vi forskning"

Folkehelseinstituttet produserer systematiske oversikter til nasjonale beslutningar og til bruk i klinisk praksis. For å byggje den globale basen av forskingsoversikter, publiserer Folkehelseinstituttet systematiske oversikter til databasane i Cochrane Collaboration og Campbell Collaboration.

Hurtigoversikt

Ei hurtigoversikt er resultatet av å samanfatte forskingsbasert kunnskap med kort tidsfrist og med mindre omfattande metode enn ved ei systematisk oversikt. Til dømes mindre omfattande søkjestrategi, søk i færre litteraturbasar, ingen gradering av studiekvaliteten, ikkje vurdert av ekstern fagfelle eller enklare intern kvalitetssjekk av prosjektplanen.

Metodevurdering (HTA-rapport)

Med metode forstår vi alle typar av tiltak i helsetenesta, både legemiddel, samansette kliniske tiltak og organisatoriske endringar. På engelsk kallar vi ei metodevurdering for Health Technology Assessment publication, i kortform HTA publication.

Folkehelseinstituttet leverer to ulike metodevurderingsprodukt innafor «Nasjonalt system for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta»:

Fullstendig metodevurdering

  • Folkehelseinstituttet utarbeider systematiske oversikter over effekt og tryggleik samt ei helseøkonomisk evaluering av den nye metoden. I tillegg ser ein, når det trengst, på andre konsekvensar av å innføre metoden. Alle fullstendige metodevurderingar innafor «Nasjonalt system» er det Folkehelseinstituttet som gjer.

Hurtig metodevurdering

  • Folkehelseinstituttet vurderer dokumentasjon for effekt, tryggleik og kostnadseffektivitet som oftast er samanfatta av produsenten av ein ny metode. Folkehelseinstituttet har ansvar for å utarbeide alle hurtige metodevurderingar for metodar som ikkje er legemiddel. Til vanleg skal metodevurderinga vere utarbeidd innan 180 dagar frå mottak av samanfatta dokumentasjon frå produsenten.

Det finst fleire internasjonale organisasjonar for samarbeid innan metodevurdering:

  • EUnetHTA (EUs nettverk for metodevurderingar)
  • HTAi (Health Technology Assessment international)

Helseøkonomiske evalueringar

Helseøkonomiske evalueringar samanliknar alternative helsetiltak og vurderer ressursbruk og effekt samla ved å presentere resultata i form av kostnad per gevinsteining. Evalueringane byggjer ofte på modellanalyser og blir utarbeida på bakgrunn av norske kostnader, risiko og førekomst av sjukdom i Noreg samt at effekten av tiltaket eller tiltaka under evaluering skal komme frå ei systematisk oversikt av høg kvalitet.

Helseøkonomiske evalueringar vil normalt inngå som ein del av dei fullstendige metodevurderingane. Slike evalueringar krevst også som ein eigen del av dei hurtige metodevurderingane.

Metodevarsel

Metodevarsel er korte, norske omtaler av nye metodar som ein går ut frå er særleg viktige og aktuelle for innføring i Noreg. Metodevarsla gjer greie for tilgjengeleg informasjon om effekt, tryggleik og helseøkonomiske konsekvensar av nye metodar. Eit metodevarsel inneheld ikkje ei vurdering av informasjonen, men undersøkjer om han kan gi grunnlag for ei metodevurdering.

MedNytt er den nasjonale databasen for metodevarsel.

Sjå òg Den nasjonale databasen for mini-metodevurdering, som inneheld forenkla metodevurderingar utført lokalt av tilsette i spesialisthelsetenesta.

Systematisk litteratursøk med sortering

Eit systematisk litteratursøk med sortering er resultatet av å søkje etter relevant litteratur om ei problemstilling ifølgje ein søkjestrategi og sortere dei relevante treffa frå søket i grupper presentert med referansar og vanlegvis eit samandrag.

Søkjestrategien er ei eksplisitt samanstilling av termar brukt for å finne relevant litteratur i oppgitte kjelder og definerte tidsrom.

Kvaliteten på litteraturen vi finn gjennom søket blir ikkje vurdert i eit systematisk litteratursøk, vi leser heller ikkje litteraturen i fulltekst.

Formidling av andres forsking

Folkehelseinstituttet lagar omtalar av forskingsoversikter henta frå Cochrane Library og Campbell Library, av metodevurderingar (Health Technology Assessments) henta frå søsterorganisasjonar i andre land gjennom nettverket  INAHTA og forskingsartiklar henta frå internasjonale tidsskrifter. Omtalene blir publiserte etter avtale i fagblad og på nettsidene våre. Omtalar av metodevarsel publiserer vi gjennom mednytt.no