Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

The Campbell Collaboration

Campbell Collaboration er eit internasjonalt forskingsnettverk som produserer systematiske oversikter om forsking på effekten av tiltak innan felta sosial velferd, justis og utdanning.

Sidan 2008 har organisasjonen hatt hovudkontor hos Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, no Folkehelseinstituttet. Kontoret legg til rette arbeidet i Campbell sitt internasjonale nettverk.

Campbells formål og arbeid

Campbell Collaboration blei stifta i år 2000. Organisasjonen baserer seg på samarbeid mellom forskarar og har som mål å fremje positiv sosial endring ved å bidra til å gi beslutningstakarar og praktikarar eit betre avgjerslegrunnlag og betre kvalitet på offentlege og private tenester.

Ekspertar frå Campbell sine faggrupper innan utdanning, sosial velferd, justis og metode hjelper forskarar som ønskjer å forfatte ei systematisk oversikt. Den respekterte redaksjonelle prosessen og fagfellevurderinga til Campell gir forfattarane kvalifisert hjelp til mellom anna forskingsdesign, statistiske analysar og litteratursøk.

Hovedkontoret blir leidd av direktør Howard White.

Campbell Systematic Reviews og Campbell Library

Dei systematiske oversiktene til Campbell blir gitt ut i publikasjonsserien Campbell Systematic Reviews og ligg fritt tilgjengeleg i det elektroniske biblioteket til organisasjonen på www.campbellcollaboration.org.