Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Health Technology Assessment international HTAi»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Health Technology Assessment international HTAi

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Artikkel

Health Technology Assessment international HTAi

Publisert

HTAi er ein internasjonal organisasjon for alle som utfører og bruker metodevurderingar (HTA).

HTAi er ein internasjonal organisasjon for alle som utfører og bruker metodevurderingar (HTA).


HTAi blei stifta i 2003 og utgjer ein møteplass for alle med interesse innan HTA, forskarar som produserer HTA, avgjersletakarar som bruker HTA, og pasientorganisasjonar og produsentar av helsetiltak. Det overordna formålet for HTAi er å støtte og oppmuntre bruken av HTA internasjonalt for å kunne bidra til at det blir teke betre avgjersler i helsetenesta. Målgruppa er helsetenesta generelt, men òg helseføretak og akademiske miljø. HTAi gir ut eit eige tidsskrift, International Journal of Technology Assessment in Health Care (IJTAHC).

HTAi er uavhengig av styresmakter, industri, andre organisasjonar og interessegrupper. HTAi har fleire interessegrupper, såkalla «interest sub-groups», som arbeider med problemstillingar som er blitt vurderte som spesielt viktige, for eksempel vilkårsrefusjon eller såkalla «conditional coverage», pasientinvolvering og samarbeid, utfasing av unyttige metodar i helsetenesta, informasjonsgjenfinning for HTA og HTA i utviklingsland. 

Kvart år blir HTAi-konferansen arrangert med workshops både før og etter.

HTAi Policy Forum

HTAi Policy Forum (PF) består av representantar for styresmakter, industri, HTA-organisasjonar og HTAi-styret. Forumet kjem saman for å diskutere felles problemstillingar knytte til bruk og utvikling av HTA.

Tema som blir drøfta, blir arbeidde med og publiserte som ein artikkel i HTA-tidsskriftet IJTAHC. Gjennom dette har ordningar som «Coverage with evidence development» og «Managed entry Schemes» blitt sette på dagsorden. Andre tema er utfasing av utdaterte metodar og forholdet mellom HTA-miljøa, avgjersletakarane og industrien.

Ein kan bli medlem i forumet gjennom å få eit direkte tilbod frå HTAi-styret. Styret sørgjer for at det er likevekt mellom medlemer som er avgjersletakarar eller knytte til avgjersleprosessar i det offentlege, medlemer knytte til helsevesenet eller finansieringa av helsevesenet og medlemer som representerer industrien. Ei liste over dei noverande medlemene kan finnast på HTAi sin nettstad. Kunnskapssenteret har vore medlem av HTAi PF sidan 2008.