Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

EUnetHTA

Europeisk samarbeid om metodevurderingar (Health Technology Assessment - HTA)

Medium EUnetHTA logo.jpg

EUnetHTA, European Network for Health Technology Assessment, er eit vitskapleg og prosjektbasert nettverk som har som mål å utvikle eit system for effektivt og berekraftig samarbeid om metodevurderingar (HTA) i Europa. Føremålet er å utvikle felles verktøy og utarbeide HTA-rapportar som er av høg kvalitet, pålitelege, transparente, moglege å overføre til nasjonalt gjenbruk og produsert til riktig tid. Prosjektet skal bidra til å vidareutvikle HTA-samarbeid  i Europa, og støtte nasjonale og regionale avgjerdstakarar.

Område for helsetenester har vore med i nettverket sidan det starta opp i 2006 . Arbeidet har vore organisert i tre prosjektperiodar (Joint Actions) som er støtta av EU-kommisjonen.

Vi er no inne i den tredje prosjektperioden (EUnetHTA Joint Action 3 (2016-2020)) der 81 organisasjonar frå 29 land deltek. Alle organisasjonane er oppnemnde av styresmaktene, nasjonale eller regionale non-for-profit-organisasjonar som utfører metodevurderingar eller på andre måtar bidreg i HTA-arbeid.

Arbeidet omfattar metodevurderingar både for legemiddel og andre metodar (tiltak som blir brukt for å førebygge, greie ut, diagnostisere og handsame sjukdom, tiltak for rehabilitering av pasientar og organisering av helsetenester).

Målet i Joint Action 3 er å auke nytta, forbetre kvaliteten og auke effektiviteten for felles HTA-arbeid i Europa. Dette skal støtte ei kunnskapsbasert, berekraftig og rettferdig fordeling av ressursar i helsesektoren. EUnetHTA skal i tillegg fremme gjenbruk av HTA-rapportane og andre verktøy for å unngå å duplisere arbeid. Prosjektet skal òg definere og implementere ein berekraftig modell for HTA-samarbeid i Europa etter 2020.

Prosjektet er delt inn i sju arbeidspakkar kor FHI leiar éin; Joint Production (felles produksjon). Hovudmålet for arbeidspakka er:

  • Produsere HTA-rapportar (relative effectiveness assessments) som er føremålstenlege, utarbeidd til rett tid, av høg kvalitet og omfattar både legemiddel og medisinsk utstyr

Arbeidspakka skal i tillegg

  • Vidareutvikle og forbetre produksjonsprosessen av felles HTA-rapportar
  • Utvikle eit system for metodevarsling og prioritering av tema for felleseuropeiske HTA-rapportar
  • Utvikle ein prosess for å oppnå nasjonal og regional nytte av HTA-rapportane
  • Komme med innspel til endelege prosessar og tilrådingar for ein berekraftig modell for europeisk HTA-samarbeid etter 2020

I Folkehelseinstituttet føregår EUnetHTA-arbeidet i område for helsetenester. Legemiddelverket og Helsedirektoratet er òg involvert i EUnetHTA, og dei er partnarar i arbeidspakka vi leier.

Du kan lese meir på EUnetHTAs nettsider her

Om du har spørsmål, send  gjerne ein e-post til WP4.LP_EUnetHTA.JA3@fhi.no

Lovforslag frå EU-kommisjonen om permanent HTA-samarbeid

EU-kommisjonen ønsker et permanent samarbeid i framtida og kom derfor med eit lovforslag i januar 2018 om eit felles system for HTA i Europa. Bakgrunnen for forslaget er at nye metodar skal bli raskare tilgjengeleg for pasientar, og eit meir transparent og eins system for vurdering av nye metodar før ei eventuell innføring i helsetenesta. I tillegg skal eit samarbeid mellom HTA-organisasjonar føre til at vi unngår dobbeltarbeid og føre til meir effektiv bruk av ressursar.

Lovforslaget inneberer blant anna felles evaluering av klinisk effekt og sikkerheit for legatmidlar og medisinsk utstyr. HTA-organisasjonane skal nytte same verktøy, prosedyrar og metodikk som vil byggje på det som er utvikla i tidlegare EUnetHTA Joint Actions. For nasjonale metodevurderingar vil det bety at dersom det førelegger ei felleseuropeisk evaluering av klinisk effekt og sikkerheit, skal denne brukast i det nasjonale arbeidet. I de nasjonale metodevurderingane, blir det lagt til ei helseøkonomisk evaluering og eventuelt vurderingar av andre aspekt (etiske, sosiale, organisatoriske eller juridiske konsekvensar) som er viktige for ei avgjerd om innføring.

Om nasjonale metodevurderingar

EU-kommisjonen si nettside om å styrke arbeidet med HTA 

Relaterte saker