Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Omfattande evaluering av helseberedskapen i Ghana gjennomført

Publisert

Health advertising sign in a suburb
In February 2017, Ghana completed a joint external evaluation of the health system coordinated by the World Health Organization. Photo: NIPH

På oppmoding frå Ghana gjennomførte Verdas helseorganisasjon ein beredskapsevaluering i februar 2017 i hovudstaden Accra. Evalueringa viste at landet hadde fleire mekanismar på plass for å oppdage, respondere og førebygge helsekriser, men òg at fleire beredskapsområde må styrkast, inkludert samarbeid på tvers av sektorar, at dyrehelse og miljøhelse må med og at det er manglar i systemet for å sende laboratorieprøver og i beredskapsplanar for kjemiske hendingar.


Korleis skjer ein JEE-evaluering?

JEE-prosessen støtter land i å setje i verk det internasjonale helsereglementet (IHR 2005) ved å bidra med informasjon om styrke og veikskap ved helseberedskapssystema i landet gjennom ei ekstern evaluering. Evalueringsmetoden legg vekt på kor viktig det er med multisektorielle planar. 

Evalueringa gjennom ein JEE-prosess er frivillig, og landa må sjølv søke om å få gjennomført kartlegginga. Alle land som er med, forpliktar seg til å lage ein nasjonal handlingsplan for å styrke kjernekapasitetane innan IHR basert på funna frå evalueringa. 

Ein fleirsektoriell metode
JEE-metoden legg vekt på at evalueringa av beredskapssystema skal gjerast i samarbeid mellom fleire sektorar, både i dei eksterne ekspertgruppene og hos styremaktene i landet. Under prosessen blir dei oppmoda til å vise transparens og åpenheit om data og dele informasjon på tvers av sektorar. 


Har du funnet en feil?

Kva er Joint External Evaluation

For at land skal kunne styrke iverksettinga av det internasjonale helsereglementet (IHR) og slik bli betre i stand til å handtere helsekriser, må dei kartlegge veikskap og styrke i dei nasjonale systema for beredskap og respons i landa sine.  Ein metode å gjere denne kartlegginga på, er gjennom ein såkalla Joint External Evaluation (JEE) der eksterne ekspertar hjelper myndigheitene i landet med å gjennomføre ei beredskapsevaluering.
 
JEE blei utvikla gjennom den globale helsesikkerhetsagendaen, eit globalt initiativ som starta i 2014, og som jobbar for at verda skal sikre seg mot helsetruslar. Arbeidet deira vert samordna av Verdas helseorganisasjon (WHO), som brukar JEE-verktøya i sine evalueringar av IHR.  

Sjølvevaluering først 

Før sjølve evalueringa der dei internasjonale ekspertane deltek, startar landet med å rangere sin eigen beredskapskapasitet. Denne sjølvevalueringa er ein viktig del av prosessen.

Dei eksterne ekspertane bruker denne evalueringa i tillegg til sine eigne vurderingar når dei kartlegger beredskapssystemet i landet

Frivillig evaluering

JEE-evalueringa er frivillig for deltakarlanda, og dei må sjølve ønske at ho vert gjennomført. Ghana spurde WHO om å få delta i ein JEE-prosess, og evalueringa skjedde mellom 6. og 10. februar 2017 i hovudstaden Accra.

WHO var ansvarleg for samordninga og gav fagleg støtte til gjennomføringa av JEE-oppdraget. I tillegg deltok internasjonale ekspertar på beredskapsarbeid, ekspertar som er med i WHO si beredskapsgruppe av fagpersonar som kan stille opp etter ekspertise og kven som har tid.

Folkehelseinstituttet bidro med ein fagperson frå programmet for global helseberedskap ettersom Ghana er eit av samarbeidslanda i programmet. I tillegg bidro ekspertar frå WHO, det amerikanske smittevernsenteret (CDC), den tyske organisasjonen for utvikling (GUZ), den japanske organisasjonen for utviklingssamarbeid (JICA) og FNs organisasjon på mat og jordbruk (FAO).


Deltakarane i evalueringa vitja behandlingssenteret for ebola i Accra.

Hovudfunna

Hovudfunna frå den omfattande evalueringa i Ghana viste at landet hadde fleire mekanismar på plass for å oppdage, respondere og førebygge helsekriser. Evalueringa avdekka òg at fleire beredskapsområde må styrkast inkludert samarbeid på tvers av sektorar for å oppnå ein einskapleg tilnærming som anerkjenner at det er naudsynt å inkludere både dyrehelse og miljøhelse i folkehelsearbeid. I tillegg blei det peika på manglar i systemet for å sende laboratorieprøver og beredskapsplanar for kjemiske hendingar.

Rapporten frå JEE-evalueringa i Ghana er tilgjengeleg for alle.
Joint External Evaluation of IHR Core Capacities REPUBLIC OF GHANA (pdf)

Oppfølging

Landa som blir evaluerte, forpliktar seg til å lage ein nasjonal plan for å styrke manglane som er blitt identifiserte for å styrke iverksettinga av IHR.

Folkehelseinstituttet støtter helsemyndigheitene i Ghana saman med WHO sitt landkontor gjennom programmet for global helseberedskap. Der samarbeider vi for å styrke nokre av områda som peika seg ut i evalueringa. Programmet vil hovudsakeleg jobbe for å styrke beredskapsplanar på kjemiske hendingar og transportsystem for forsending av laboratorieprøver i landet.