Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «EØS – Tsjekkia: Status for utvelging av helseprosjekt»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • EØS – Tsjekkia: Status for utvelging av helseprosjekt

Artikkel

EØS – Tsjekkia: Status for utvelging av helseprosjekt

Tsjekkia blei medlem av EU og EØS i 2004 og har motteke EØS-middel sidan da. I inneverande EØS-periode, 2014-2021,  har dei igjen hatt god respons på alle opne utlysingar til helseprosjekt.

Tsjekkia blei medlem av EU og EØS i 2004 og har motteke EØS-middel sidan da. I inneverande EØS-periode, 2014-2021,  har dei igjen hatt god respons på alle opne utlysingar til helseprosjekt.


Innhold på denne siden

Siste nytt

I årsrapporten for 2021 melder den tsjekkiske programleiinga at trass i koronapandemien har dei klart å finne nye løysingar når det har vore naudsynt, takka vere god kommunikasjon og fleksibilitet mellom samarbeidspartane. Det er mykje å lære om å tilpasse seg hyppige endringar av tidsskjema og aktivitetar.

Det har vore god respons på alle dei opne utlysingane av prosjektmiddel.

  • Den første utlysinga, som gjaldt mental helse for barn og unge, førte til 13 utvalde prosjekt som no er i gang.
  • Den andre utlysinga, som gjaldt førebygging av  smittsomme og ikkje-smittsome sjukdommar, førte til to utvalde prosjekt som òg er i gang.
  • Den tredje utlysinga, som gjaldt små prosjekt om mental helse for barn og unge, retta mot friviljuge organisasjonar, gav 64 søknader der 13 har norsk partnarskap. Men det trange budsjettet tillot berre fem prosjekt, og kontraktar for desse vart signert i desember 2021. Desse prosjekta er òg starta.
  • Den fjerde utlysinga, som gjaldt små prosjekt om nevrodegenerative sjukdommar, også retta mot friviljuge organisasjonar, gav ti søknader. Tre prosjekt vart valde ut og kontraktar signerte i desember 2021 og er no i gang.  
  • Den femte utlysinga gjaldt styrking av pasientorganisasjonar. Det kom inn 48 søknader, av dei var 11 med islandsk eller norsk partnar. Det var berre rom for 15 prosjekt, og kontraktar for desse vart signerte i tida frå desember 2021 til januar 2022.

Historikk

Tsjekkia har motteke EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt, og sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde. I ein annan artikkel har vi sett tilbake på samarbeidet om folkehelse i budsjettperioden 2009─2014.  

Festdeltakarar og ballongar på båt
Ambassaden markerte 15 år med Norway Grants i Tsjekkia med båttur på Vltava med tidlegare prosjektdeltakarar. Foto: Folkehelseinstituttet

Tsjekkias folkehelseprogram har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei har brukt EØS-midla i perioden 2009–2014. Dessutan er nettsida nå utvida med eksempel på god praksis. Nettsida blir stadig oppdatert med nye eksempel. 

«Eg er imponert over det som tsjekkarane har oppnådd og engasjementet på sjukehusa, og ser at midla har gått til viktige område som vil komme mange pasientar til gode.» Det sa dåverande statssekretær Anne Grethe Erlandsen etter å ha besøkt to sjukehus i Praha 19. september 2019 og sett kva som er oppnådd innan behandling og diagnostisering av for tidleg fødte barn og barn med sjeldne lidingar.

Tsjekkias nasjonale strategi, Helse 2020, har òg gitt føringar for  EØS-programmet. Dei legg særleg vekt på å:

  • utvikle folkehelsesystemet vidare
  • stabilisere systemet for sjukdomsførebygging, helsevern og helsefremming
  • få i gang effektive og berekraftige mekanismar for å betre folkehelsa
  • gi offentleg sektor meir kraft ved å involvere samfunnet, lokalmiljø og personar meir i avgjerdsprosessane

I samarbeid med Verdas helseorganisasjon har dei jobba for å få til ein samanheng mellom sine eigne målindikatorar for Helse 2020 og FNs berekraftsmål for helse. 

Lanseringskonferansen i Praha i 2019

Tre personer sittende ved møtebord
Lanseringskonferanse i det staselege Velkoprevorsky-palasset. Frå venstre: Adam Vojtech, helseminister, Lenka Dupáková, viseminister i Finansdepartementet, og statssekretær Anne Grethe Erlandsen. Foto: Folkehelseinsitituttet

Tsjekkia lanserte helseprogrammet sitt for EØS-middel 19. september 2019. Deltakarane fekk vite korleis dei kan finansiere prosjektplanane sine og få til partnarskap.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen helste forsamlinga:

«Helse har vore eit viktig område for EØS-midla heilt frå starten av. Eg er veldig glad for at vi har blitt samde med tsjekkarane om viktige satsingar, som psykisk helse hos barn og ungdom, tiltak mot antibiotikaresistens, brukarmedvirknad og styrking av pasientrollen.»

Programmet skal førebygge og minske ulikskap i helse

For EØS-perioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovudsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom. Det er sett av 14 millionar euro frå EØS-midla til det tsjekkiske programmet. I tillegg har Tsjekkia sjølv satt av 2,43 mill. euro slik at samla sum er på 16,47 mill. euro. Prosjekta må vere avslutta innan 30. april 2024.

Programmet kallast berre for Helse og tar utgangspunkt i helseutfordringane Tsjekkia har. Det overordna siktemålet er betre førebygging og redusert ulikskap i helse.  
Sjå eigen artikkel om helsetilstanden i Tsjekkia. 

Seks programområde

Etter konsultasjonar med nasjonale interessentar valde Tsjekkia ut desse seks arbeidsområda for programmet: 

  • Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusmisbruk 
  • Førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
  • Førebygging og kontroll med smittsame sjukdommar i samsvar med det internasjonale helsereglementet 
  • Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde 
  • Utvikling av helsesystemet, inkludert informasjons- og overvakingssystem
  • Helseteneste for alle (Universal access to health care) 

Det er det tsjekkiske helsedepartementet som har ansvaret for å sette i verk og følge opp programmet. Dei understrekar at:

  • ein skal legge særleg vekt på barns psykiske helse og trivsel
  • sjukdomsførebygging omfattar òg antibiotikaresistens
  • brukarmedverknad og pasientrollen skal styrkast
  • ulikheit i helse skal òg omfatte romfolket, og programmet skal spesifisere kva tiltak og ressursar som gjeld romfolket

Mål 

Tsjekkia vil bli målt på desse delmåla under hovudmålet betre førebygging og redusert ulikskap i helse:

Delmål 1: Betre støtte til psykisk helse og trivsel for barn 

1.0 Auka trivsel for barn og unge
1.1 Foreldreomsorg / handlingar for betre psykisk helse
1.2 Tiltak om psykisk helse som er utført for barn og unge og familiane deira
1.3 Opplæring i psykisk helse / kompetansekurs tilbydt
1.4 Bevisstgjeringsaktivitetar for psykisk helse utført

Delmål 2: Styrka tiltak for sjukdomsførebygging

2.1 Etablert rammeverk for ein forvaltningsmodell mot antibiotikaresistens 
2.2 Utvikla/tatt i bruk verktøy for betre førebygging / tidleg diagnose av sjukdom blant marginaliserte grupper, inkludert romfolk
2.3 Tilbydt trening/opplæring i å oppdage/behandle sjukdom
2.4 Bevisstgjeringstiltak utført

Delmål 3: Sterkare rolle for sivilsamfunnet i helsesektoren 

3.1 Utført tiltak for å styrke kapasiteten blant pasientorganisasjonane
3.2 Etablert pasientsenter
3.3 Utført bevisstgjeringstiltak 

Bilateralt mål: Betre samarbeid mellom mottakar- og givarlandsorganisasjonar som er med i programmet

4.1 Gjere samarbeidet enklare mellom givar- og mottakarlandseiningar 

Tre predefinerte prosjekt

portrett
Jana Hlavácova frå Helsedepartementet leier det predefinerte prosjektet om pasientsenter. Foto: Folkehelseinstituttet

Det er peikt ut tre såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søker å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke behova i staden for å bruke ope utlysing.

Dei predefinerte prosjekta er:

  1. Implementere programmet "The Triple P – Positive Parenting Program" som gjeld psykisk helse, med Motol University Hospital som prosjektleiar, som skal samarbeide med National Institute for Education og Universitetet i Tromsø ( RKBU Nord) (1,8 millionar euro; tidsperiode 48 månader, i gang frå sommaren 2020).
    Status: Fem sentre er valde ut og 18 førelesarar er trente opp.
  2. Førebygging av antibiotikaresistens, med det tsjekkiske folkehelsinstiuttet som prosjektleiar og FHIs avdeling for resistens og informasjonsforebygging som norsk prosjektpartnar (2,5 millionar euro; tidsperiode 48 månader, kom i gang i januar 2020).
    Status: Ein PR-kampanje er lansert. Opplæringsbiten av prosjektet er delvis oppfylt. Ekstremt arbeidspress med covid-19 har forseinka utarbeidinga av retningslinene for eigna bruk av antibiotika, men dei skal vere ferdige før sommaren 2022.
  3. Etablere eit pasientsenter, med det tjsekkiske helsedepartementet som prosjektleiar og Norsk Revmatikerforbund som norsk prosjektpartnar (0,95 millionar euro; tidsperiode 48 månader, kom i gang i 2019).
    Status: Senteret har vore tilgjengeleg for publikum sidan mai 2021, og opplæring er i godt gjenge mens kampanjar for å styrke pasientrettane er under planlegging og vil bli lansert i 2023. Da pandemien kom, valde dei klokeleg å prioritere arbeidet med digitale løysingar, og desse har vorte nyttige verktøy i kommunikasjonsarbeid for pasientorganisasjonane. 

Bilaterale ambisjonar

Programmet skal styrke dei bilaterale tilhøva mellom Tsjekkia og givarlanda. Gjennom programaktivitetane vil ein knyte kontaktar og leggje grunnlag for partnarskap og seinare aktivitetar. Folkehelseinstituttet vil hjelpe til å få i stand desse kontaktane.

Til dømes vart eit studiebesøk ved FHI om smittevernarbeidet i Noreg for medisinstudentar frå Tsjekkia f arrangert 26. november 2021 med støtte frå bilaterale middel.

Arbeidsprosessen vidare

Programmet blir gjennomført ved hjelp av tre ordningar:

  1. Dei tre predefinerte prosjekta omtalt over 
  2. To ope utlysingsrundar av prosjektmiddel (Calls for proposal), omtala under Siste nytt
  3. Ei eiga ordning med såkornmiddel (Small Grant Schemes) , omtala under Siste nytt

Eit matchmaking-seminar vart halde i januar 2019 i Praha for moglege prosjektsøkarar og prosjektpartnarar frå Noreg og Island. 

Gruppearbeid
Seminar i Praha i januar 2019 der deltakarar frå inviterte partnarorganisasjonar i Tsjekkia, Island og Noreg kunne utforske mogleg samarbeid. . Foto: Folkehelseinstituttet

Her er informasjon frå seminaret, på engelsk:

Oppsummering av Praha-seminaret (brosjyre, pdf) 

Kva diskuterte dei på Praha-seminaret (pdf)

Kven deltok på Praha-seminaret (pdf)

Nyhetsvarsel frå Folkehelseinstituttet

Du kan abonnere på nyheitsvarsel og få melding om utlysingar og andre nyheiter om EØS-midla på e-post ved å klikke på "Få siste nytt" øverst på temasida

Historikk

05.05.22: Lagt inn ny statusinformasjon under kapitla Siste nytt og Tre predefinerte prosjekt. Kjelda er den årlege programrapporten for 2021.

19.12.21: Lagt til informasjon om bilaterale ambisjonar.

22.06.21: Oppdatert statusen for opne utlysingar av prosjektmiddel. Oppdatert informasjonen om nyhetsvarsling.

13.10.20: Oppdatert informasjon om opne utlysingar av prosjektmiddel.

05.08.20: Lagt til informasjon om respons på første utlysing av prosjektmiddel.

24.07.20: Lagt til informasjon om åpen utlysing av prosjektmiddel for smittsomme og ikkje-smittsomme sjukdommar.

30.04.20: Endra tidspunkt og innhald for planlagde åpne utlysingar. Lagt til prosjektpartnarar for predefinerte prosjekt.