Få varsel ved oppdateringer av «Litauens helseprogram»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Litauens helseprogram
Artikkel
EØS-programma om folkehelse
Litauens helseprogram
Publisert Oppdatert
Litauens folkehelseprogram for EØS-middel gjeld fram til 2023. Programmet skal støtte psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Litauen har mottatt EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004.
Litauens folkehelseprogram for EØS-middel gjeld fram til 2023. Programmet skal støtte psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Litauen har mottatt EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004.
Innhold på denne siden
Siste nytt
Ny ope utlysing av prosjektmiddel gjeld prosjekt som kan øke trivselen for barn og unge i lokalsamfunnet og inkludere barn og unge med høgrisikoatferd og/eller som er svakstilte i samfunnet. Dei siktar mot eit effektivt kvalitetssystem av nye metodar/støttemekanismar/arbeidsmodellar. Prosjektmiddel inkluderer innkjøp av leikar og utstyr, enkel ombygging av lokale og opplæring som sikrar gjennomføringa av integrerte sosial- og helsetenester for sårbare barn og unge.
Budsjettpotten er på 4 millionar euro. Søknadsfristen er 29. desember 2020.
Berre litauiske organisasjonar kan søke om prosjektmiddel, men dei blir oppmuntra til å finne norske partnarar å samarbeide med i planlegginga av søknader og gjennomføringa av prosjekta.
Kommande utlysingar
Det kjem opne utlysingar om trivselsrådgjevarar og tidleg heimebesøksmodell seinare i fjerde kvartal 2020.
Litauen ønsker norske partnarar også i desse prosjekta.
Historikk
Litauen har motteke EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde.
Litauen har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der finn du informasjon om korleis dei brukte EØS-midla fram til 2014 og planar for fianansieringsperioden 2014–2021.
Ny periode: Betre førebygging og minska ulikheit i helse
For finansieringsperioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovedsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom.
I Litauens helseprogram er hovudmålet betre førebygging og minska forskjellar i helse. Det er sett av 15 millionar euro frå EØS-potten, jf. figur under. I tillegg bidreg landet sjølv med 2,6 millionar euro. Gjeldande periode varar formelt fram til 2021, men midlane kan nyttast fram til og med april 2024.

Programmet vil dekke to programområde: Europeiske folkehelseutfordringar og Barn og unge i fare. Departementa for helse og for sikkerheit og arbeid er programpartnarar og skal sørge for utvikling og implementering av programmet. Folkehelseinstituttet er norsk programpartnar.
Programmet skal støtte psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Bakgrunnen for denne prioriteringa er at sjølvmord er den tredje viktigaste årsaka til for tidleg død i Litauen, og at psykiske lidingar og rusbrukslidingar er det som forårsakar tredje mest helsetap i landet.
Les meir om helsetilstanden i Litauen
Hovudmål
Det er to hovudmål med kvar sine tre delmål i programmet:
-
Lokalbasert førebygging og redusert ulikheit i helse for barn og unge i risikosonen
-
Styrka kompetanse i den kommunale tenesta
-
Rulla ut multi-dimensjonalt familieterapiprogram for barn med åtferdsutfordringar
-
Utvikla psykososiale program
-
-
Auka trivsel for barn og unge
-
Utvikla og innført kvalitetsrammeverk for effektive metodar og integrerte tenester for sårbare barn og unge
-
Bygd kapasitet for personell og foreldre i programmet Dei utrulege åra
- Utvikla og innført ein intervensjonsmodell for tidleg heimebesøk
-
Fem predefinerte prosjekt
Undervegs i førebuingane av det nye helseprogrammet blei det peika ut fem såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søkjer å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing der ein ber om framlegg til prosjekt.
Fem prosjekt er vedtatt, og alle gjeld trivsel og psykisk helse for barn og unge:
-
Tilpassing og samordning av nasjonale modellar for ungdomsvennleg helseteneste (0,26 mill. euro – 36 månader)
- Multidimensjonal tilnærming til barn og unge med åtferdsproblem gjennom innføring av MDFT-programmet (Multidimensional Family Therapy) (1,2 mill. euro – 24 månader)
-
Utvikling av treningsprogram og rådgjevarar i trivsel (0,21 mill. euro – 45 månader)
-
Tilpassing og trening for lærarar, foreldre og barn i programmet Dei utrulege åra, med Institute of Hygiene som prosjektpromotør og NORCE (RKBU Vest) som norsk prosjektpartnar (1,15 mill. euro – 36 månader, i gang frå 2019)
-
Utvikling og gjennomføring av tidleg intervensjonsmodell med heimebesøk (0,22 mill. euro – 45 månader)
To delegasjonar frå helsedepartementet i Litauen og Lithuanian University of Health Science var på besøk i Noreg i mai 2019 og fekk innføring i program som gjeld nr 3 og nr. 5 av dei predefinerte prosjekta.

Den første delegasjonen vitja «Nye familiar», eit heimebesøksprogram for alle nybakte familiar, og «Familie for første gang», eit oppfølgingsprogram for førstegangsfødande med behov for ekstra støtte i graviditeten og dei to første leveåra til barnet.
Den andre delegasjonen besøkte Modum Bad og Trivselshuset, frisklivssentralen i Modum.
Bilaterale ambisjonar
Programmet skal styrke dei bilaterale tilhøva mellom Litauen og givarlanda. Gjennom programaktivitetane vil ein knyte kontaktar og leggje grunnlag for partnarskap og seinare aktivitetar. Folkehelseinstituttet vil hjelpe til å få i stand desse kontaktane.
Det er satt av 100.000 euro til partnarsøk, utvikling av predefinerte prosjekt og andre partnarskapsinitiativ.
Eit innføringsseminar i helseøkonomisk evaluering av folkehelsetiltak blei arrangert via internett i desember 2020 med støtte frå bilaterale middel.
Tidsplan framover
Det kjem informasjon her om utlysingar og anna etter kvart. For dei som abonnerer på det elektroniske nyheitsvarselet vårt om internasjonalt arbeid, vil det komme melding i e-postkassa. Du kan melde deg på her: Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet. Hugs å hake av for Internasjonalt arbeid.
Meir lesestoff:
Inngår gjerne nye partnerskap.
Spørreundersøking om erfaringane blant norske partnarar frå tidlegare samarbeidsprosjekt.
Sammen om et grønt, konkurransedyktig og inkluderende Europa (pdf).
Regjeringas omtale av korleis EØS-midla vert fordelte innafor hovudprogramma i Litauen i den nye perioden 2014–2021.
Sammen for å redusere ulikheter i helse (pdf).
Informasjonsbrosjyre med eksempel på helseprosjekt frå ti land som mottok EØS-middel i perioden 2009–2014.