Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Helsetilstanden i Tsjekkia»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Helsetilstanden i Tsjekkia

Artikkel

Helsetilstanden i Tsjekkia

Tsjekkia har hatt stor framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder auka med 6,3 år til 81,9 år for kvinner og nærma seg Noregs 82,2 år. For menn er auken på 8,1 år til 76,2 år – mot 80,1 år i Noreg.

Døde per 100.000 barn under 5 år, begge kjønn, alle årsaker. Utvikling 1990–2016. Tsjekkia, Noreg og gjennomsnittet for Europa-regionen. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington, USA.
Døde per 100.000 barn under 5 år, begge kjønn, alle årsaker. Utvikling 1990–2016. Tsjekkia, Noreg og gjennomsnittet for Europa-regionen. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington, USA.

Tsjekkia har hatt stor framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder auka med 6,3 år til 81,9 år for kvinner og nærma seg Noregs 82,2 år. For menn er auken på 8,1 år til 76,2 år – mot 80,1 år i Noreg.


Auken i forventa levealder skuldast blant anna at langt færre spedbarn og småbarn dør no enn før. For dødsfall blant barn under 5 år kom Tsjekkia ned på Noregs nivå i 2009, det vil seie blant dei lågaste i verda.  Jf. figuren over som viser utviklinga sidan 1990 for Tsjekkia samanlikna med Noreg og eit gjennomsnitt for Europa.

Viktigaste årsaker til for tidleg død

Hjarte- og karsjukdommar, lungekreft og endetarmskreft er dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Tsjekkia, sjølv om omfanget går ned, jf. figur 2. 
På rask veg opp som årsaker til for tidleg død sidan 2005 er Alzheimers sjukdom (29 prosent oppgang) og kols (22 prosent oppgang). 
Sidan 2005 har Tsjekkia hatt klar nedgang i dødsfall som følge av vegtrafikkulykker (43 prosent nedgang) og brystkreft (18 prosent nedgang). 
Grafisk figur

Figur 2. Dei ti viktigaste årsakene til for tidleg død i Tsjekkia i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Viktigaste risikofaktorar for helsetap og tapte leveår

Usunt kosthald, høgt blodtrykk og tobakk er dei viktigaste risikofaktorane for tidleg død og dårleg helse kombinert, sjølv om dei er i nedgang sidan 2005. Vaksne tsjekkarar røyker meir enn gjennomsnittet for EU-landa. 
Alkohol- og rusmisbruk og luftforureining er òg på veg ned som risikofaktorar. Vaksne konsumerte 11.9 liter alkohol i snitt i  2014, nær 2 liter mer enn snittet for EU. Men det er mindre fylledrikking blant tsjekkarar enn snittet for EU.
Høg kroppsmasseindeks, ein indikator for fedme, held seg stabilt, men aukar blant ungdom, og er no på fjerdeplass blant risikofaktorane for helsetap og tapte leveår, jf. figur 3. 
Grafisk figur

Figur 3. Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Tsjekkia i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Les meir om helsesituasjonen og helseutfordringar i Tsjekkia på nettsidene til Institute for Health Metrics and Evaluation.   

Referansar

GBD Compare: Czech Republic, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.