Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Helsetilstanden i Estland

Publisert

figur med tre kurver
Døde per 100.000 barn under 5 år, begge kjønn, alle årsaker. Utvikling 1990–2016. Estland, Noreg og gjennomsnittet for Europa-regionen. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington, USA.

Estland har hatt stor framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder ved fødsel auka med 2,2 år til 81,3 år for kvinner og nærma seg Noreg på 82,2 år. For menn er auken i samme tidsrom på 2,6 år til 75,4 år – mot 76,7 år i Noreg.


Auken i forventa levealder skuldast blant anna at langt færre spedbarn og småbarn dør no enn før. Estland har i fleire år lege på omtrent same nivå som Noreg når det gjeld dødsfall blant barn under 5 år. Jf. figuren over som viser utviklinga sidan 1990 for Estland samanlikna med Noreg og eit gjennomsnitt for Europa.

Viktigaste årsaker til for tidleg død

Estland ligg høgt på statistikken for tidleg død på grunn av hjarte- og karsjukdom, alkohol- og rusrelaterte lidingar, sjølv om talet no går ned, jf. figur 2.  
Dei siste elleve åra er det størst auke i tidlege dødsfall for hjartesjukdom som følge av høgt blodtrykk. Alzheimers sjukdom aukar òg, som i Noreg. Til gjengjeld har Estland hatt ein kraftig nedgang i for tidleg død av lungekreft, sjølvskading og dødsfall frå trafikkskadar og ligg der lågare enn snittet for europeiske land. 
 
Grafisk figur
 

Figur 2. Viktigaste årsaker til for tidleg død i Estland. Prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Viktigaste risikofaktorar for helsetap og tapte leveår

Høgt blodtrykk, usunt kosthald, alkohol- og rusmisbruk, høg kroppsmasseindeks, tobakk, høgt totalkolesterol, svekka nyrefunksjon, yrke og luftforureining er dei ti viktigaste risikofaktorane for tidleg død og dårleg helse. Alle desse risikofaktorane er i nedgang, og luftforureining mest, jf. figur 3.
 
Estonia_DALYs-2016.png

Figur 3. Dei ti viktigaste risikofaktorane for helsetap og tapte leveår i Estland i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.

Ungdom

Estiske helsemyndigheiter er opptatt av at dei unge ikkje er særleg fysisk aktive. Dei ser det som eit alvorleg teikn på framtidige helseproblem som fedme, hjerte- og karsjukdommar osb., men òg som teikn på komande problem med psykisk helse, lågare sjølvkjensle og tru på seg sjølv. Derfor er fysisk aktive skoler eit viktig område for det nye helseprogrammet deira, kalla Lokal utvikling og og reduksjon av fattigdom, som er finansiert av EØS-middel. 
 
Les meir om helsesituasjonen og helseutfordringar i Estland på nettsidene til Institute for Health Metrics and Evaluation.  

Referansar

GBD Compare: Estonia, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.