Hopp til innhold

Artikkel

EØS-programma om folkehelse

Estlands helseprogram

Publisert

Estland er eit av samarbeidslanda som har valt å prioritere folkehelse innanfor EØS-programma. Dei kallar programmet for "Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom".

Estland er eit av samarbeidslanda som har valt å prioritere folkehelse innanfor EØS-programma. Dei kallar programmet for "Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom".


Siste nytt

Estland har lansert sitt program

Den 12. november 2018 lanserte Estland programmet Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom der folkehelse inngår. Sjå nettportal om programmet på engelsk. 

Historikk

Estland har motteke EØS-pengar sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde. Estland har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei har brukt EØS-midla i perioden 2009–2014. 

Estland understrekar kor viktig helse er for velstand og vekst, men òg for sosial inkludering, samanheng og motstandsdyktigheit i samfunnet. Nasjonalt er estisk helsepolitikk rimeleg velstrukturert med ein eigen helseplan for perioden 2009–2020.  I førebuingane til det førre EØS-programmet (2009–2014) hadde dei avdekka gap som EØS-midla vart brukte til å tette, mellom anna innan psykisk helseteneste for barn og unge.  

I åra 20152017 gjennomførte Estland ein lokalstyrereform for å møte utfordringane med ein aldrande befolkning og fråflytting. Tallet på kommunar er redusert frå 213 til 79, mens innbyggartallet per kommune i snitt (median) har auka frå i underkant av 8000 til 17000. Fire øykommunar vart haldne utanfor reformen.

Det nye programmet bygger opp under kommunereformen. 

Ny periode: Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom

For den nye EØS-perioden fram til 2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovedsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom.

For Estland er det satt av 4,5 millionar euro frå EØS-midla til det estiske folkehelseprogrammet for denne perioden. Det estiske helsedepartementet (Ministry of Social Affairs) er programoperatør. 

Estland kallar programmet for Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom. Estlands hovudstrategi med det nye programmet er å bygge opp under den nyleg gjennomførte kommunereformen gjennom støtte til lokal utvikling bygd på kunnskapsbasert praksis. Dei har derfor gått inn for desse fire områda:

  • Helseteneste for alle (Universal access to health care)
  • Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde (Reduction of social inequalities in health and the burden of diseases)
  • Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusmisbruk (Mental health, including mental disorders associated with alcohol and drug abuse
  • Sunn og aktiv aldring (Healthy and active ageing)

Særskilt vekt er lagt på minoritetar, og då særleg russiskspråklege i det nordaustlege Estland og fattige grupper i det søraustlege Estland. 

Les meir om helsetilstanden i Estland

Programoperatørens nettportal (engelsk)

Tre predefinerte prosjekt

For å svare til den nasjonale strategien er det satt av til saman 3,9 millionar euro til såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søkjer å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing der ein ber om framlegg til prosjekt. 

Dei predefinerte prosjekta er:

  1. Auka fysisk aktivitet blant skolebarn, med Tartu universitet som prosjektpromotør (2,298 millionar euro; tidsperiode 48 månader).

  2. Auka kompetanse og kapasitet innan folkehelse i kommunane, med National Institute for Health Development som prosjektpromotør (1,41 millionar euro, tidsperiode 48 månader).  

  3. Utvikling av evalueringsmodellar og handlingssystem for kronisk psykisk sjuke pasientar, med Viljandi Hospital foundation som prosjektpromotør (0,32 millionar euro, tidsperiode 36 månader)

Alle dei tre predefinerte prosjekta skal ha ein norsk partnarinstitusjon som dei skal jobbe saman med i prosjektperioden. 

I tillegg til dei predefinerte prosjekta er det satt av 0,65 millionar euro til ei prosjektutlysing innanfor kunnskapsbaserte lokale folkehelsetiltak og heimebesøksmodellen. Prosjektutlysing vil komme i 2020 og bli publisert på programmets heimeside og våre nettsider.

Folkehelseinstituttet er såkalla donorprogrampartnar (DPP) for folkehelseprogrammet i Estland og samarbeider tett med det estiske sosialdepartementet om utvikling, etablering og gjennomføring av programmet.

Folkehelseutfordringar – mål og indikatorar

Estland vil bli målt på følgjande seks delmål og tilhøyrande indikatorar under programmet Lokal utvikling og reduksjon av fattigdom:

1. Betre kvalitet på integrerte tenester og folkehelsetiltak lokalt

  • Tallet på skular som tek i bruk modellen for fysisk aktive skuler
  • Tallet på skular med russisk som instruksjonsspråk når dei tar i bruk modellen for fysisk aktive skuler
  • Tallet på lokalstyre som tek i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
  • Tallet på operative multi-sektorteam som tar i bruk integrert tenestemodell
  • Årleg tall på pasientar med langtids psykiske helseproblem som har mottatt tvangsbehandling utan å vere innlagd
  • Årleg tall på rettsmedisinsk ekspertise tilgjengeleg i sivile rettssaker
  • Tallet på jobbar skapt

2. Lokalstyresmakter er trent opp i og gitt råd om å ta i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak

  • Tallet på lokalstyre som har mottatt trening/råd
  • Tallet på lokalstyre som har tatt i bruk kunnskapsbaserte folkehelsetiltak for å motvirke risikoatferd

3 Integrert tenestemodell er utvikla og testa ut

  • Den integrerte tenestemodellen er utvikla
  • Den integrerte tenestemodellen er testa ut

4. Modell for å kvalitetsforbetre rettspsykiatrisk evaluering er utvikla

  • Modellen for tverrfaglig rettspsykiatrisk komité er tilpassa og testa ut for Estland

5. Modell for fysisk aktive skular er utvikla

  • Tallet på kursmateriell for aktive skular utvikla for ulike målgrupper
  • Tallet på øvingar og seminar for å formidle modellen for fysisk aktive skular

6. Heimebesøksmodell for tidlege tiltak er utvikla

  • Heimebesøksmodellen pilotert i Estland
  • Tallet på spesialistar trent i å utføre risikovurdering i heimen, inkludert jordmødre og familiesjukepleiarar (etter kjønn)

Bilaterale ambisjonar

Estland samarbeider med Folkehelseinstituttet om planlegging, etablering og gjennomføring av folkehelseprogrammet på overordna nivå. 

Bilateralt samarbeid på prosjektnivå er ønskjeleg og oppfordra til.  Ei kjelde til å dele kunnskap og erfaringar er fondet for bilaterale relasjonar, som gir støtte til studiebesøk, fellesseminar og ekspertbesøk eller konsultasjonar.   

Tidsplan framover

Første utlysing av prosjektmiddel frå folkehelseprogrammet er venta i 2020 med 500.000 euro og gjeld den integrerte tenestemodellen for helse og sosial.  Prosjekt kan vare opptil 30 månader, og dei ser for seg maksimalt to prosjekt. Vi vil legge ut informasjon her når det kjem nytt.

Du kan abonnere på det elektroniske nyheitsvarselet vårt om internasjonalt arbeid og få melding om utlysingar og andre nyhende på e-post. Sjå Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet. Hugs å hake av for Internasjonalt arbeid. 

Hopp til innhold

Om EØS-midla

Gjennom EØS-avtalen er Noreg ein del av den indre marknaden i Europa. Avtalen inkluderer eit felles mål om å redusere sosial og økonomisk ulikskap i Europa og styrke samarbeidet mellom landa. EØS-midla er Noregs bidrag til dette. Det er i Noregs interesse at forskjellane i Europa vert mindre. Det vil føre til eit meir velfungerande Europa, både økonomisk og sosialt. 

Kjelde: Regjeringa.no