Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Prosessevaluering av folkehelsetiltak

Ei prosessevaluering fokuserer på gjennomføringa av tiltaket.

Bumiljø
Scanpix.no

Ei prosessevaluering kan svare på  spørsmål om: 

  • korleis tiltaket vart motteke i målgruppa
  • gjennomføringa gjekk etter planen
  • uføresette hendingar kan ha verka inn på effekten av tiltaket 

Dersom eit tiltak til dømes bestod av fem ulike delar, vil ei prosessevaluering kunne fange opp dersom det berre var tre av desse delane som blei gjennomført som planlagt,

Ei prosessevaluering vil også kunne avdekkje om det var systematiske skilnader i kven som deltok i tiltaket, til dømes om det berre var kvinner og ikkje menn trass i at tiltaket var laga for begge kjønn. 

Ei prosessevaluering kan gjennomførast saman med ei effektevaluering, men kan også stå på eigne bein. Ei slik form for evaluering vil i stor grad gjere bruk både av kvalitative data (til dømes intervju, fokusgruppe og observasjonar) i tillegg til kvantitative data (teljingar, spørjeskjema med meir). 

I ei prosessevaluering vil ein vera interessert i synspunkt og haldningar frå dei mest sentrale aktørane som er involverte i tiltaket. Det kan vera brukarar og brukargrupper, dei som utfører tiltaket (til dømes lærarar) eller dei som har teke initiativ til det (til dømes lokale politikarar). Ofte vil opne intervju med representantar frå dei ulike aktørane vera ein god metode, gjerne supplert med direkte observasjonar.

Ei prosessevaluering av eit tiltak som også gjennomgår ei effektevaluering, vil mellom anna kunne gje godt grunnlag for hypotesar om korleis ein effekt oppstår (kva for mekanismar som er i sving) eller kvifor det ikkje  blei nokon effekt.