Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Samarbeid om evalueringsforskning

Folkehelseinstituttet ynskjer samarbeid med andre samfunnsaktørar om evaluering av folkehelsetiltak.

Folkehelseinstituttet sitt arbeid med evaluering av folkehelsetiltak inneheld eigne prosjektinitiativ og prosjektsamarbeid med andre aktørar. Det kan vera snakk om bistand og rådgjeving ved uttesting og evaluering av lokale, regionale eller nasjonale tiltak, men det er også konkrete samarbeid der instituttet har ansvaret for å gjennomføre evalueringar.

Naturlege samarbeidspartar vil i fyrste omgang  vera kommunar, fylkeskommunar, direktorat, departement og frivillige organisasjonar. 

I tillegg ynskjer instituttet samarbeid med andre evalueringsmiljø og regionale forskingsmiljø.

Førespurnader om konkret prosjektsamarbeid vert vurdert etter om det aktuelle tiltaket er evaluerbart med tanke på tid, føremål og innhald; om ei evaluering vil bringe fram ny og fagleg relevant kunnskap; om tiltaket let seg effektevaluere; om overføringsverdien av resultata er god; om tiltaket er av ein viss storleik og ikkje minst om det er ledig intern kapasitet. 

Spørsmål og førespurnader kan rettast til: tiltaksevaluering@fhi.no