Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Evaluering av folkehelsetiltak i kommunane

Artikkelen gir rettleiing for kommunar som skal planleggje og gjennomføre evalueringar av folkehelsetiltak.

Scanpix.no
Scanpix.no

Hopp til innhold

Bakgrunn

Systematikken i folkehelsearbeidet er skildra i folkehelselova og folkehelsemeldingar. Kommunane si sentrale rolle i dette arbeidet inneber at ein skal: 

  • ha oversikt over helsetilstanden til befolkninga og faktorar som påverkar denne
  • identifisere  utfordringar og ressursar relatert til helse og trivsel
  • setje seg mål for å løyse utfordringane og integrere desse i kommunale planar
  • setje i verk  tiltak for å nå dei måla ein har sett seg
  • evaluere tiltak og om ein når måla 

Kommunane skal vurdere om tiltak skal evaluerast, eventuelt korleis det skal gjerast og kven som skal ha ansvaret for gjennomføringa.

I mange tilfelle må kommunane gjennomføre evalueringar ved bruk av eigne ressursar, mens i andre tilfelle kan det vera tenleg å samarbeide  med eksterne aktørar som har spisskompetanse på evaluering.

Folkehelseinstituttet har som oppgåve å  gje råd og rettleiing  til kommunar  i dette arbeidet. Instituttet har derfor laga denne enkle rettleiaren for kommunane til hjelp i prosessen deira med å planlegge og gjennomføre evalueringar. 

Val og utarbeiding av tiltak – grunnlaget for god evaluering 

Kommunane si oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar, identifiserte utfordringar og  eigne folkehelsemål er utgangspunkta for å setje i verk eit folkehelsetiltak.

Etter at ein har bestemt seg for kva som skal vera føremål og målgruppe, må ein undersøkje om det fins kunnskap og informasjon om tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføre. Slik informasjon kan ein finne i forskingslitteraturen i form av kunnskapsoppsummeringar og studiar, men også rapportar og anna informasjon kan vera nyttig. 

Målet med å søkje etter kunnskap er å setje i gang/utvikle tiltak basert på tiltak som har synt positive resultat i andre samanhengar og ikkje minst unngå tiltak som andre har prøvd ut utan resultat.

I vurderinga av tiltak bør ein også vurdere den moglege sosialt utjamnande effekten. Utjamning kan skje gjennom universelle tiltak som når alle grupper, men bidrar til å løfte særleg utsette grupper, eller ved at tiltaket fyrst og fremst rettast mot særlege grupper. 

Helsedirektoratet har laga vegvisarar i lokale folkehelsetiltak innanfor ulike innsatsområder. Desse vegvisarane har med referansar til kunnskapsgrunnlag, aktuelt regelverk og  gjev dømer på tiltak som er gjennomført.  

Vurdere behov for evaluering

Før ein startar opp tiltaket må ein ta stilling til kva type evaluering som trengs. Evaluering av folkehelsetiltak kan seie noko om  effekt, gjennomføring, brukarerfaringar og deltaking. Samstundes vil tid, kompetanse og tilgjengelege ressursar leggje føringar på kva som er mogleg å få til. Det er ikkje slik at alle tiltak treng evaluerast. Evaluering bør prioriterast når det er snakk om: 

  • utprøving av nye tiltak
  • tiltak med stor overføringsverdi
  • kostbare tiltak
  • tiltak med risiko for negative effektar
  • tiltaket er forankra i regionale eller nasjonale strategiar og handlingsplanar

Har tiltaket (eller andre liknande tiltak) tidlegare blitt evaluert og gjeve eintydige funn, kan det vera ein grunn til å gjennomføre eit mindre omfattande evalueringsopplegg. 

Ulike former for evaluering

Eit folkehelsetiltak vil kunne evaluerast på ulikt vis,  avhengig av kva spørsmål ein ynskjer svar på, og kor sikre svar ein vil ha.

Effektevaluering

Ei forskingsbasert effektevaluering vil gje kunnskap om kor stor  effekt  tiltaket har hatt. Slike evalueringar stiller krav til design og gode målingar/data. Les meir om effektevaluering.

Prosessevaluering

Prosessevaluering er evalueringar der ein ser på deltaking,  sjølvrapportere effektar, om tiltaket er gjennomført som planlagt, og kor mykje det kosta. Slike evalueringar kan gjennomførast saman med ei effektevaluering, eller åleine. Les meir om prosessevalueringar.

Følgjeevaluering

I nokre tilfelle kan det vera aktuelt å ha ei følgjeevaluering medan tiltaket går. Følgjeevalueringar kan vera spesielt nyttig dersom innhaldet i tiltaket er ein utviklingsprosess der det er aktuelt å gjera justeringar og endringar undervegs i gjennomføringa. 

Kven skal gjennomføre evalueringa?

Evalueringar kan gjennomførast av kommunane sjølv, i samarbeid med andre eller som eksterne oppdrag.

Evalueringar som er gjennomført av andre enn kommunen sikrar distanse som gjev funna eit meir objektivt preg,  særleg når ein eventuelt rapporterer om positive sider ved tiltaket. Samstundes vil tid og ressursar naturleg avgrense kva ein kan få til.

Evalueringar som kommunane gjennomfører sjølve vil også ha ein verdi, men det vil i slike tilfelle vera viktig med ei open tilnærming som også sikrar at negative funn vert rapportert (t.d. i form av ingen eller uynskte effektar). 

Skal ein knytte til seg eksterne aktørar, kan det vera mest relevant å involvere lokale og/eller regionale aktørar som kompetansesenter, forskingsinstitutt, høgskular og universitet. Desse vil kunne ha ein del lokal og regional kunnskap som både er relevant og nyttig, i tillegg til metodekunnskap og generell erfaring med denne type oppgåver. I somme tilfelle er det aktuelt å samarbeide med nasjonale institutt og forskingsinstitusjonar.  

Folkehelseinstituttet vil i særskilte tilfelle kunne gå inn i evaluering av konkrete folkehelsetiltak. Instituttet vil prioritere prosjekt med tiltak av ein viss storleik, med potensiell stor overføringsverdi og der tiltaket er tematisk og fagleg relevant. Det vil t.d. særleg gjelde når det er snakk om nye og innovative tiltak som det er gjort lite evalueringar av tidlegare. 

Kostnader og budsjettering 

Kostnader til å gjennomføre ei evaluering vil variere mykje, spesielt avhengig av kor omfattande evalueringsopplegget er og korleis evalueringa er planlagt. Uavhengig av kven som har ansvar for evalueringa, vil det kunne føre med seg kostander knytt til slikt som datainnsamling, datakjøp og eventuelt kjøp av dataanalyse.

Samarbeid med lokale og regionale kompetansesenter og forskingsinstitusjonar kan opne moglegheiter for å søkje om ekstern finansiering. 

Relaterte temasider