Om symptometer
Artikkel
|Publisert
Symptometer er eit verktøy som Folkehelseinstituttet skal bruka til å følgje med på kor stor andel av innbyggjarane som til eikvar tid har symptom som kan skuldast koronaviruset.
Verktøyet fangar opp symptom blant innbyggjarane uavhengig av testing og anna kontakt med helsetenesta. Symptometer er derfor eit verdifullt supplement til overvaking av koronavirusepidemien i Noreg.
Folkehelseinstituttet (FHI) har invitert om lag 150 000 personar til å delta i Symptometer. Dei inviterte er tilfeldig trekte frå Folkeregisteret, men uttrekket er gjort slik at det speglar innbyggjarane med tanke på alder, kjønn, bustadkommune og fødeland.
Gjennom Symptometer kan Folkehelseinstituttet følgje med på kor stor andel av befolkninga som til eikvar tid har symptom som kan skuldast covid-19. Ved hjelp av verktøyet kan endringar i koronavirusepidemien komme til syne tidleg. I tillegg skal data frå Symptometer brukast til forsking.
Kva inneber det å delta i Symptometer?
- Du må svara på eit innleiande elektronisk spørjeskjema om eiga helse. Etterpå fyller du kvar veke ut eit kort spørjeskjema om du har eller ikkje har hatt symptom som kan skuldast covid-19.
- Du får kvar veke varsel frå Helsenorge.no om å svara på spørjeskjemaet.
- Du loggar inn med BankID eller anna sikker pålogging.
- Du kan bruke smarttelefon, pc eller nettbrett.
- Du kan melda deg ut av Symptometer når du måtte ønskje det.
- Du får ikkje helseråd eller anna helsehjelp gjennom å delta.
Symptometer-undersøkinga held fram så lenge det er nødvendig å følgja med på koronasituasjonen i Noreg.
Publisering av resultata
Oppdaterte resultat frå Symptometer vil kvar veke bli publisert på FHI sine nettsider, fhi.no. I tillegg vil dei inngå i vekerapporten for covid-19 og på nettstaden Sykdomspulsen for kommunehelsetjenesten.
Personvern
Opplysningane frå deltakarane blir oppbevart og handsama i tråd med gjeldande reglar for personvern.