Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Statistikk

Overvaking av luftvegsinfeksjonar gjennom Sjukdomspulsen

Sidan hausten 2016 har det vore ein auke i talet på legekonsultasjonar for luftvegsinfeksjonar i aldersgruppa 5-19 år. Dette heng sannsynlegvis saman med dei nye fråversreglane som vart innført i den vidaregåande skulen frå hausten 2016.


  • Overvaking av luftvegsinfeksjonar gjennom Sjukdomspulsen. Statistikk. Tilgjengelig på www.fhi.no

Artikkelen er oppdatert 10.10.2017 med statistikk til og med uke 36.   

Luftvegsinfeksjonar er ei sjukdomsgruppe  som omfattar diagnosekodane (ICPC-2) R05-Hoste, R74-Akutt øvre luftvegsinfeksjon, R78-Bronkitt/bronkiolitt og R83-Luftvegsinfeksjon IKA.  

Ein auke av luftvegsinfeksjonar er vanleg på vinterstid, spesielt hos barn og unge (figur 2).   

Sidan hausten 2016 har det vore ein auke i talet på legekonsultasjonar for luftvegsinfeksjonar i aldersgruppa 5-19 år. Dette heng sannsynlegvis saman med dei nye fråversreglane som vart innført i den vidaregåande skulen ved skulestart hausten 2016. Sjå artikkel i tidsskrift for Den norske legeforening 2017: Legesøkning og legemiddeluttak etter innføring av nye fraværsregler

Sesongen for Sjukdomspulsen omfattar veke 30 til veke 29 året etter. 

Diagram

Figur 1: Talet på konsultasjonar for luftvegsinfeksjonar, vist per veke i dei siste 6 sesongane. Sesongane er vist med ulike fargar, årets sesong er markert med svart linje. Talet på konsultasjonar er lågare i feriar og på heilagdagar. Dette er spesielt tydeleg rundt jul/nyttår og påske (markert med svarte stripla vertikale liner) og i sommarferievekene.

Diagram

Figur 2Talet på  konsultasjonar for luftvegsinfeksjonar i ulike aldersgrupper, vist per veke i dei siste 6 sesongane. Sesongane er vist med ulike fargar (sjå fargeforklaring i figur 1), årets sesong er markert med svart line. Talet på konsultasjonar er lågare i feriar og på heilagdagar. Dette er spesielt tydeleg rundt jul/nyttår og påske (markert med svarte stripla vertikale liner) og i sommarferievekene. Vêr merksam på at den vertikale skalaen (y-aksen) er ulik i dei fire diagramma.

Om statistikken i Sykdomspulsen

Sjukdomspulsen er eit overvakningssystem som innhentar anonyme diagnosedata frå primærlegane og legevakter. Føremålet med sjukdomspulsen er å kunne oppdage utbrot av smittsame sjukdomar så tidleg som mogleg slik at smitteverntiltak kan setjast i verk.

Tala frå Sjukdomspulsen viser kor mange konsultasjonar fastlegar og legevakter har hatt for ulike diagnosar . Tala viser ikkje kor mange personar som har ein viss diagnose i befolkninga, då nokre personar kan gå til lege fleire gonger med same diagnose, og mange ikkje gå til lege i det heile. Sjukdomspulsen viser difor trendar og utbrot som er av ein slik art at fleire går til lege.

Diagnosen som vert sett på legekontora og legevaktene er basert på pasienten sine symptom . Som oftast er ikkje diagnosen stadfesta med ein laboratorieundersøking.   

Fylkesrapportar

Klikk på pila til høgre i vedlegget nedanfor, då vil du få fram lista over fylkesrapportar for siste periode:

Vedlegg

Illustrasjonselementer: colourbox

Relaterte artikler