Artikkel
Overvaking av luftvegsinfeksjonar (forkjølelse), månadsrapport
Publisert Oppdatert
Sidan hausten 2016 har det vore ein auke i talet på legekonsultasjonar for luftvegsinfeksjonar (forkjølelse) i aldersgruppa 5-19 år. Dette heng sannsynlegvis saman med dei nye fråversreglane som vart innført i den vidaregåande skulen frå hausten 2016. Oppdateres månedleg på lands- og fylkesnivå.

Sidan hausten 2016 har det vore ein auke i talet på legekonsultasjonar for luftvegsinfeksjonar (forkjølelse) i aldersgruppa 5-19 år. Dette heng sannsynlegvis saman med dei nye fråversreglane som vart innført i den vidaregåande skulen frå hausten 2016. Oppdateres månedleg på lands- og fylkesnivå.
Artikkelen er oppdatert med statistikk til og med veke 41.
Luftvegsinfeksjonar er ei sjukdomsgruppe som omfattar diagnosekodane (ICPC-2) R05-Hoste, R74-Akutt øvre luftvegsinfeksjon, R78-Bronkitt/bronkiolitt og R83-Luftvegsinfeksjon IKA.
Under kan du sjå generelle tendensar på landsnivå som og i stor grad gjeld fylka. Detaljar om fylka kan du sjå i eigne PDF-rapportar nederst på sida.
Svingningar i løpet av året
Midten av juni og utover juli var det sommarferie for fleire av skulane i landet. Talet på lege- og legevaktkonsultasjonar er ofte lågare i feriar og heilagdagar, sjå figurane.
Ein auke av luftvegsinfeksjonar er ellers vanleg på vinterstid, spesielt hos barn og unge (figur 2).
Auke i legekonsultasjonar etter endra fråversreglar
Sidan hausten 2016 har det vore ein auke i talet på legekonsultasjonar for luftvegsinfeksjonar i aldersgruppa 5-19 år. Dette heng sannsynlegvis saman med dei nye fråversreglane som vart innført i den vidaregåande skulen ved skulestart hausten 2016. Sjå artikkel i tidsskrift for Den norske legeforening 2017: Legesøkning og legemiddeluttak etter innføring av nye fraværsregler

Figur 1: Talet på konsultasjonar for luftvegsinfeksjonar, vist per veke i dei siste 6 sesongane. Sesongane er vist med ulike fargar, årets sesong er markert med svart linje. Talet på konsultasjonar er lågare i feriar og på heilagdagar. Dette er spesielt tydeleg rundt jul/nyttår og påske (markert med svarte stripla vertikale liner) og i sommarferievekene.

Figur 2: Talet på konsultasjonar for luftvegsinfeksjonar i ulike aldersgrupper, vist per veke i dei siste 6 sesongane. Sesongane er vist med ulike fargar (sjå fargeforklaring i figur 1), årets sesong er markert med svart line.
Talet på konsultasjonar er lågare i feriar og på heilagdagar. Dette er spesielt tydeleg rundt jul/nyttår og påske (markert med svarte stripla vertikale liner) og i sommarferievekene. Vêr merksam på at den vertikale skalaen (y-aksen) er ulik i dei fire diagramma.
Sesongen for Sjukdomspulsen omfattar veke 30 til veke 29 året etter.
Fylkesrapportar
Se vedlegg for fylkesrapportar for siste periode: