Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Faktaark

Fakta om abort

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge og er framleis fallande. Nedgangen skuldast ein markant nedgang i talet på uynskte svangerskap blant kvinner under 25 år. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og nesten ni av ti abortar vert utført medikamentelt.

lege som snakker med ung kvinne på legekontor
Foto: Colourbox.com

Noreg har den lågaste abortrata i Norden for tenåringar. Denne trenden forflytter seg oppover i aldersgruppene etter kvart. Det ser ein som eit teikn på at ungdomskulla etter 2006 har vorte betre på å unngå uynskte svangerskap og tar den adferden med seg inn i vaksenlivet.

Svangerskapsavbrot i 2017

Det var utført 12 733 svangerskapsavbrot i Noreg i 2017. Rata går ned for alle aldersgrupper; frå 11,0 per 1000 kvinner (15–49 år) i 2016 til 10,6 i 2017. Av alle avbrot  var 95,7 prosent sjølvbestemte og 81,2 prosent av dei var utført før 9. veke.

Svangerskapsavbrot i Noreg 2015–2017 per 1000 kvinner

Alders-grupper

15-19 år

20-24 år

25-29 år

30-34 år

35-39 år

40-44 år

45-49 år

15-49 år

2015

8,3

21,1

21,1

16,4

11,3

4,3

0,5

11,7

2016

7,6

19,0

19,3

16,1

10,8

4,1

0,4

11,0

2017

6,3

18,0

19,1

15,6

11,0

3,9

0,3

10,6

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

Sjå også Rapport om svangerskapsavbrot for 2017

Talet på svangerskapsavbrot blant tenåringar er historisk lågt og framleis fallande

Talet på avbrot blant tenåringar (15–19 år) går stadig ned og er det lågaste sidan opprettinga av Abortregisteret. Det hadde eit ytterlegare fall frå 7,6 per 1000 kvinner i 2016 til 6,3 i 2017. Sidan 2013 har Noreg hatt abortrater for denne aldersgruppa på line med Finland. Abortratene i Finland har lenge vore i ei særstilling som dei lågaste i Norden.

Berre dei to nordlegaste fylka hadde ei rate over 10 per 1000 kvinner i aldersgruppa til skilnad frå 2011 då berre to fylke (Rogaland og Oppland) hadde ei rate under 10 per 1000 kvinner i aldersgruppa. I år hadde Finnmark den høgaste rata på 10,8 per 1000 kvinner mot 14,4 per 1000 i 2016 og Sogn og Fjordane den lågaste på 1,9 per 1000 kvinner.

Figur 1. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2017, per 1000 kvinner.
Figur 1. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2017, per 1000 kvinner.

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret). 

For tal fordelt på alder på fylkesnivå, sjå Norgeshelsa statistikkbank.

Svangerskapsavbrot i aldersgruppa 20–29 år

Fram til 2015 var abortrata høgast for kvinner tidleg i 20-åra, men også her har rata falt frå 30,2 i 2008 til 18,0 per 1000 kvinner i alderen 20–24 år i 2017. Aldersgruppa 25–29 år har overtatt som den aldersgruppa som har den høgaste abortrata med ei rate på 19,1 også i denne aldersgruppa er abortrata fallande (tabell).

Regional variasjon

Det er stor regional variasjon i rata for svangerskapsavbrot i Noreg. Det gjeld alle aldersgrupper. Finnmark, Oslo og Troms hadde dei høgaste ratane i 2017, med 13,6, 13,5 og 13,5 avbrot per 1000 kvinner i fertil alder. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Aust-Agder hadde dei lågaste ratane, med respektive 7,2, 7,9 og 8,0 avbrot per 1000 kvinner.

Medikamentell metode held fram med å auke

Sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utført medikamentelt. Det har vore ei gradvis auke sidan metoden vart innført i 1998. I 2017 vart 88,6 prosent av avbrota utført medikamentelt.

Figur 2. Svangerskapsavbrot i Noreg etter metode.
Figur 2. Svangerskapsavbrot i Noreg etter metode.

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret).

Fleirtalet av svangerskapsavbrot skjer i løpet av dei fyrste åtte vekene

Fleirtalet av svangerskapsavbrota vert utført tidleg i svangerskapet. I 2017 var 81,2 prosent av alle sjølvbestemte avbrot utført før 9. veke. Det er eit sprik mellom sjukehusa frå 69,2 prosent (St. Olavs Hospital) til 90,6 prosent (Stord sjukehus) når det gjeld mengda sjølvbestemte avbrot utført før 9. veke. Av alle avbrot var 95,7 prosent sjølvbestemte. Om abortlova og sjølvbestemt abort

Nemndbehandla svangerskapsavbrot etter 12. veke

Dersom kvinna er meir enn 12 veker gravid må begjæring om svangerskapsavbrot handsamast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnd vert automatisk vidaresendt til klagenemnd. Klagenemnda held til ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.

I 2017 vart det utført 546 nemndbehandla avbrot, som utgjer ca. fire prosent av alle avbrot, og 527 av desse vart innvilga i primærnemnd. Andelen nemndbehandla avbrot i forhold til sjølvbestemte held seg stabilt. Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader, sosiale forhold og/eller mors helse.

For statistikk over nemndbehandla avbrot etter abortlova § 2, 3 ledd bokstav c, sjå statistikkbanken til Medisinsk fødselsregister, Standardstatistikk, vel tabell M1: Medfødte misdannelser

Om abortstatistikken

Abortregisteret inneheld data frå 1979 og fram til i dag. Fram til 2006 hadde SSB ansvar for abortstatistikken, og etter det har Folkehelseinstituttet hatt ansvaret for drifta av registeret og for statistikken.

Førebyggjande tiltak

Det er eit uttalt mål for myndigheitene å førebyggje uynskte svangerskap. Ei rekke tiltak er satt i verk for å redusere talet på svangerskapsavbrot. Tiltaka gjeld fyrst og fremst å auka kunnskapen om kropp og seksualitet og betre tilgang til dei tenestene som er nødvendige for å ha eit godt og trygt seksualliv. I det ligg det mellom anna undervisning om kropp og seksualitet, lett tilgang til prevensjon, reseptfri naudprevensjon, og føreskrivingsrett av hormonell prevensjon til jordmødrer og helsesøstrer.

Ein har særleg fokusert på dei yngste aldersgruppene der ein har tiltak som subsidiert prevensjon, gratis kondom, gratis opplysningstelefon om seksualitet, styrking av studenthelsetenesta og fleire helsestasjonar for ungdom. Ein har antatt at ein av hovudårsakene til den store nedgangen i avbrot blant dei unge skuldast tilbodet om subsidiert prevensjon og at dei unge tar med seg prevensjonsadferden sin inn i vaksenlivet. Det er interessant å sjå at trenden med fallande avbrotsrate også gjer seg gjeldande for aldersgruppa 20–24 år. Fleire studier viser til at det er særleg ved bruk av langtidsvirkande prevensjon som til dømes p-stav og spiral at ein ser ein effekt på aborttala. I Reseptregisteret ser ein at talet på reseptar på til dømes p-stav har hatt ein eksponentiell vekst dei siste åra.

Forebygging av uønskede svangerskap og abort 2010–2015 – strategier for bedre seksuell helse (Helsedirektoratet)

Lett tilgjengelig prevensjon til unge kvinner – Helsedirektoratets vurdering og anbefalinger (Helsedirekoratet)

Internasjonalt

I dag har Noreg, Danmark og Sverige sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med 12 veker, medan lovene i Finland og Island krev godkjenning frå lege for å innvilge abortsøknaden. Sverige har sjølvbestemt avbrot til 18 veker. Finland har dei lågaste tala og den høgste andelen medikamentelle avbrot. Dei nordiske landa er på om lag same nivå som andre vesteuropeiske land når det gjeld talet på avbrot per 1000 kvinner. Russland og enkelte andre austeuropeiske land har betydeleg høgare tal avbrot per 1000 fødslar enn landa i Vest- og Sør-Europa.

Ifølgje WHO sin siste rapport om trygge og utrygge svangerskapsavbrot, estimerte ein at det vart utført om lag 43,8 millionar avbrot i 2008, og at 21,6 millionar var utrygge. Nesten alle utrygge avbrot skjer i utviklingsland og i land der svangerskapsavbrot er lite tilgjengeleg anten grunna restriktivt lovverk eller dårleg utbygd helsevesen. Dei regionane som har dei høgaste ratane er Latin-Amerika og Afrika, med 32 og 29 per 1000 kvinner i fertil alder. Om lag eit av fem svangerskap endar i avbrot på verdsbasis.

Les meir:

Relaterte saker

Eksterne lenker