Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel
Sal av reseptfrie legemidlar

Rekordsal av nasespray i 2017

Aldri før har folk kjøpt så mykje nasespray som i 2017. Då vart det selt seks millionar flasker. Sju av ti flasker vert no kjøpt i butikk, kiosk eller på bensinstasjon, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.

Nesesprayflaske
Illustrasjonsfoto: colourbox.com

Salet av nasespray i og utanom apotek har auka gjennom fleire år, men i 2017 var aukinga på heile 11 prosent målt i dosar (definerte døgndosar, DDD), ifølgje Folkehelseinstituttet sine nye tal for sal av reseptfrie legemiddel.

Nasespray skal brukast berre i avgrensa periodar – maksimalt ti dagar samanhengande.

– Nasespray lindrar raskt symptoma, men bruk over lenger tid kan mellom anna føre til vedvarande tett nase, advarar seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, Solveig Sakshaug.

 Legemiddelverket på helsenorge.no: Rett bruk av nasespray

Dobla på 18 år

Figur 1 viser at salet av nasespray er dobla sidan 1999. Det har aldri vore så høgt som i 2017.

Figur 1. Sal av nasespray som vert brukt ved tett nase, vist i dosar (definerte døgndosar, DDD) per 1000 innbyggjarar per døgn, fordelt på sal i og utanom apotek i perioden 1999–2017.

nasespray.JPG

Sakshaug understrekar at sesongvariasjonar av influensa og pollenallergi påverkar salet av nasespray.

– Pollenspreiinga starta tidligare enn normalt i 2017 på grunn av ein mild vinter. Dette kan ha medverka til at aukinga i 2017 var større enn tidligare, seier Sakshaug.

Samla sal i og utanfor apotek

Tabell 1 viser dei mest selde reseptfrie legemidla i butikk, kiosk, bensinstasjonar og apotek sett under eitt.

Tabell 1: Totalt reseptfritt sal i og utanom apotek i 2017. Oversikta viser mengda av selde reseptfrie pakningar, sal i dosar (definerte døgndosar – DDD) og prosentvis endring i dosar i forhold til 2016.

Verkestoff

(ATC-kode)

 

 

 

Bruk

Totalt mengd
pakningar 2017

(millionar)

Sal i 2017

(vist som DDD/1000 innbyggjarar/døgn)

Prosentvis endring frå 2016

(mengd DDD reseptfritt sal)

Ibuprofen

(M01AE01)

Smerter

4,0

9,3

1

Paracetamol

(N02BE01)

Smerter

9,2

14,8

-1

Nikotin

(N07BA01)

Røykeavvenning

1,8

7,8

7

Nasespray*

(R01AA05, R01AA07, R01AB06)

Tett nase ved forkjøling

6,3

39,6

11

Cetirizin

(R06AE07)

 

Allergimedisin

0,5

5,8

8

*omfatter verkestoffa oxymetazolin og xylometazolin (inkludert kombinasjonen med ipratropiumbromid)

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Sal berre utenom apotek

Tabell 2: Prosentdelar av reseptfritt sal utanom apotek i perioden 2010–2017

Verkestoff

(varemerker)

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Ibuprofen

 (Ibux®)

39

38

39

38

38

40

39

39

Paracetamol

 (Paracet®)

48

50

50

51

52

54

54

55

Nikotin

(Nicorette®/Nicotinell®)

25

31

35

39

44

47

47

49

Xylometazolin

 (Otrivin®)

57

61

62

64

65

67

68

69

Xylometazolin/

ipratropiumbromid

 (Otrivin comp®)

-

-

-

20

30

35

32

33

Cetirizin

 (Zyrtec®)

8

10

19

23

23

26

23

23

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Auka sal også av nikotinhaldige legemiddel

Dei nye tala viser at salet av nikotinhaldige røykeavvenningsmiddel i 2017 auka med seks prosent målt i dosar. Også salet av nikotinhaldige legemiddel har gradvis auka over tid. 

Salet utanom apotek har auka jamt sidan det vart lov å selje desse legemidla i butikk i 2003 (figur 2), og i 2017 vart rundt halvparten av dosane selde der.

Nikotinhaldige legemiddel finst i mange ulike variantar, til dømes tyggegummi og plaster. Tyggegummi som finst i mange smaksvariantar, er dei mest selde. Dei utgjorde 80 prosent av salet av nikotinhaldige legemiddel i 2017.

Figur 2. Totalt sal av nikotinhaldige røykeavvenningsmidler, vist i dosar (definert døgndosar, DDD) per 1000 innbyggjarar per døgn fordelt på sal i og utanom apotek i perioden 1999–2017.

nikotin.JPG

Smertestillande midler

Paracetamol

Salet av reseptfrie pakningar av paracetamol målt i dosar, gjekk ned med ein prosent i 2017, medan delen som vart seld utanom apotek har vore ganske stabil dei siste fem åra (tabell 2). I 2017 vart det seld meir enn ni millionar pakningar med reseptfri paracetamol. Det svarar til at kvar innbyggjar dette året i snitt kjøpte nesten to esker med 20 tablettar.

Totalsalet av paracetamol (reseptpliktig og reseptfritt) auka med fem prosent i 2017. Reseptfrie pakningar utgjer ein stadig synkande del av totalsalet i dosar av paracetamol. Andelen dette året var 35 prosent.

Ibuprofen

Sal av reseptfrie pakningar av ibuprofen, målt i dosar, auka med ein prosent frå 2016 til 2017, medan delen seld i butikk var stabil (tabell 2).

Totalt sal av ibuprofen (reseptpliktig og reseptfritt) auka med to prosent i 2017 i forhold til 2016.

Middel mot allergi

Sal av reseptfrie cetirizin (antihistamin) tablettar auka med åtte prosent i 2017. Delen som vart seld utanom apotek var stabil på 23 prosent dette året (tabell 2). Totalsalet av alle typar allergitablettar (reseptfrie og reseptpliktige), målt i dosar, auka med vel fem prosent frå 2016 til 2017. Reseptfrie allergitablettar utgjorde ti prosent av totalsal målt i dosar, ein del som har vore stabil over tid.

Naudprevensjon

Totalt vart det seld 122 500 dosar med naudprevensjon i 2017. Av dette vart 8 400 dosar (sju prosent) kjøpte i butikk. Totalt selde dosar av naudprevensjon vart redusert med fem prosent i 2017.

Andre legemiddel

Utvalet av legemiddel som vert tatt inn av daglegvarekjedane endrar seg lite sjølv om Statens legemiddelverk utvider lista over kva som vert tillate seld utanom apotek.  Legemidla i dei to tabellane ovanfor utgjorde 97 prosent av legemiddelomsetninga utanom apotek i 2017.

Legemiddelsal utanom apotek

Frå januar 2003 vart det lov å selge nikotinhaldige legemiddel utanom apotek.

Reseptfrie legemiddel som nasespray og smertestillande vart tillatne frå 2004.

Ordninga med legemiddelsal utanom apotek (LUA-ordninga) tillét slikt sal på desse utsalsstadane:

  • daglegvarebutikkar
  • kioskar
  • bensinstasjonar

Kvart halvår lager Folkehelseinstituttet statistikk for salet av legemiddel, fordelt på sal i og utanom apotek.

Kjelde: Folkehelseinstituttet