Hopp til innhold

Artikkel

Reseptfrie legemiddel selt i både daglegvare og apotek i 2019

Publisert

Salet av dei mest selde reseptfrie legemidlane som kan selges både i daglegvare og apotek auka frå 2018 til 2019.

Vann og paracetamol.jpg

Salet av dei mest selde reseptfrie legemidlane som kan selges både i daglegvare og apotek auka frå 2018 til 2019.


Salet av reseptfrie legemidlar, målt i doser, auka med fem prosent frå 2018 til 2019 basert på dei mest selde legemidla som er tilgjengeleg i både apotek og daglegvarehandelen (tabell 1). Salet av nikotinholdige legemiddel har gradvis auka over tid, og auka med nær fire prosent i 2019.

Røykeavvenningsmiddel med nikotin

Salet av nikotinholdige røykeavvenningsmiddel auka med 3,6 prosent i 2019 (tabell 1, figur 1). Halvparten av salet skjer i daglegvarehandelen (tabell 2). Tyggegummi er den mest brukte formen av nikotin legemidla, mens plaster og andre formuleringar brukas i mindre grad (figur 2). Aukande bruk av nikotinholdige røykeavvenningsmiddel kan ha samanheng med at andelen som røyker i Norge har gått kraftig ned over tid selv om andelen som snuser har økt (https://www.fhi.no/nettpub/tobakkinorge/).  Både snus og nikotinholdige legemiddel blir brukt som hjelpemiddel ved røykeslutt. Hvis stadig flere bruker nikotinholdige legemidler over mange år (lengre enn anbefalt) vil dette bidra til aukande sal. Meir informasjon om legemiddel ved røykeslutt kan finnes her.

Figur 1: Totalt sal, målt i dosar (DDD/1000 innbyggarar/døgn) av nikotinholdige legemiddel fordelt på legemiddelform (tyggegummi, plaster og andre variantar (munnspray, munnpulver, sugetabletter, inhalator)) 2010-2019

Figur 1.PNG

Smertestillande midlar

Paracetamol

Salet av reseptfrie pakningar av paracetamol, målt i doser (definerte døgndoser, DDD), auka med tre prosent i 2019 samanlikna med året før. Totalt blei det seld 9,6 millionar pakningar i 2019, som svarar til i underkant av to pakningar (40 tablettar) per innbyggar i løpet av eitt år. I 2019 vart 56 prosent av reseptfritt paracetamol seld i dagligvare og denne andelen har vært stabil dei siste 5 åra (figur 2 og tabell 2).

Totalt sal av paracetamol (reseptpliktig og reseptfritt) auka med 6,5 prosent i 2019 (målt i doser). Salet av reseptpliktige pakningar aukar mest, mens salet av reseptfrie pakningar utgjer ein stadig mindre del av totalt sal i doser av paracetamol, i 2019 utgjorde reseptfritt sal rundt ein tredel av totalen. Dette tydar på at auken i bruk av paracetamol i stor grad skyldas at fleire får utlevert større mengder på resept. Paracetamol brukas også ved langvarig behandling av kroniske smerter.

Figur 2.PNG

Figur 2: Total omsetning (reseptfritt og reseptbelagt) av paracetamol 2010 – 2019. Angitt i DDD/1000 innbyggarar/døgn.

Ibuprofen

Salet av reseptfrie pakningar av ibuprofen målt i doser auka med 1,6 prosent i 2019 samanlikna med 2018 (tabell 1). Andelen av ibuprofen i daglegvare var på 38 prosent. Denne andelen har vært stabil over fleire år (tabell 2).

Totalt sal av ibuprofen (reseptpliktig og reseptfritt) auka med 1,7 prosent i 2019. Reseptfrie pakningar utgjorde 54 prosent av det totale salet, ein del som har vært relativt stabil over tid.

Nasespray ved forkjøling

Salet av nasespray har auka gradvis over tid, i 2019 auka salet målt i doser med seks prosent. Salet auka med åtte prosent i dagligvare og andel i daglegvare auka derfor også i 2019. Totalt ble det seld 6,8 millionar nasespray i 2019, og to av tre vert kjøpt i butikk (tabell 1 og 2).
 
Slimhinneavsvellande nasespray skal berre brukast over kort tid (maks 10 dagar) ved tett nase ved forkjøling.
 
Auka sal kan også skyldas at mange bruker disse legemidla over lengre tid enn det som er anbefalt.
 

Middel mot allergi

Salet av reseptfrie pakningar av allergimedisin som inneheld virkestoffet cetirizin (antihistamin, Zyrtec® m.fl.) auka med 11 % i 2019 (tabell 1), dette kan som tidligare omtalt skyldast ein tidleg og kraftig pollensesong (https://www.fhi.no/nyheter/2019/legemiddelsalg-forste-halvar-2019/). Andelen seld i daglegvare auka med tre prosent frå 2018 og utgjorde 25 prosent av det reseptfrie salet i 2019 (tabell 2). Reseptfrie pakningar utgjorde berre ni prosent av totalt sal av allergitablettar (ATC gruppe R06A).

Andre legemiddel

Utvalet av legemiddel som tas inn av daglegvarekjedene endrar seg lite, sjølv om Statens legemiddelverk utvider lista over kva som tillates seld utanom apotek.  Legemidla i tabellane nedanfor utgjør 96 prosent av legemiddelomsetninga i dagligvarehandelen.

Tabell 1 viser salet av dei mest omsette reseptfrie legemidla angitt i antall pakningar og i antall doser per 1000 innbyggarar per døgn (definerte døgndoser, DDD), samt prosentvis endring i antall DDD i forhold til 2018.  Tabell 2 viser andel seld utanom apotek i perioden 2010 til 2019.

Tabell 1. Totalt sal av reseptfrie legemidlar i apotek og daglegvarehandelen 2019

Virkestoff

(ATC kode)
Bruksområde

Totalt antall pakningar seld i apotek og daglegvare 2019

(millionar)

Totalt reseptfritt sal i apotek og daglegvare i 2019

(vist i DDD/1000 innbyggarar/døgn)
Prosentvis endring i forhold til 2018 (vist i DDD reseptfritt sal)

Ibuprofen

(M01AE01)
Smerter 3,8 8,8 1,6

Paracetamol

(N02BE01)
Smerter 9,6 15,2 3,0

Nikotin

(N07BA01)
Røykeavvenning 2,0 8,2 3,6

Nasespray*

(R01AA05

R01AA07

R01AB06)
Nasetetthet ved forkjøling 6,8 42,3 6,1

Cetirizin

(R06AE07)
Allergimedisin 0,6 6,4 10,9

* Omfattar virkestoffa oksymetazolin og xylometazolin (inkludert kombinasjon med ipratropiumbromid)

Kilde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Tabell 2. Prosentandeler i dagligvare av reseptfritt sal i dosar (DDD), 2010–2019.

Virkestoff

(varemerke)

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Ibuprofen

(Ibux®)

39

38

39

38

38

40

39

39

38

38

Paracetamol

(Panodil®, Paracet®)

48

50

50

51

52

54

54

55

55

56

Nikotin

(Nicorette®/ Nicotinell®,

Zonnic®)

25

31

35

39

44

47

47

50

50

50

Xylometazolin

(Otrivin®)

57

61

62

64

65

67

68

69

70

71

Xylometazolin/ ipratropiumbromid
(Otrivin comp®)

-

-

-

20

30

35

32

33

32

33

Cetirizin (Zyrtec®)

8

10

19

23

23

26

23

23

22

25

Kilde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Figur 3: Prosentandeler av totalt sal for de mest omsette reseptfrie legemiddel (vist i tabell 1) målt i doser (DDD) fordelt på apotek og dagligvare i perioden 2010–2019.

Figur 3.PNG

Kilde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet