Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Meldingsgangen i registeret

Legen som skriv dødsmeldinga skal sende den til den lokale tingretten eller lensmannen som så sender den til kommunelegen for kvalitetskontroll. Det er kommunelegen som sender dødsmeldingane på papir til Dødsårsaksregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Flytskjema dødsmeldinger. Folkehelseinstituttet
Flytskjema dødsmeldinger. Folkehelseinstituttet

Meldingsflyten etter dødsfall

Dette er dagens meldingsflyt etter eit dødsfall

- Legen skriv ei erklæring om dødsfall (dødsmelding/«dødsattest») som vert send til tingretten eller lensmannen.
- Ved unaturleg dødsfall eller ynskje om kremasjon, vert dødsmeldinga også send til politiet.
- Tingretten sender melding til mellom andre Folkeregisteret, NAV og kommunelegen.
- Kommunelegen sender melding til Dødsårsaksregisteret.
- Dødsårsaksregisteret kan be kommunelege/lege, Kreftregisteret og Medisinsk fødselsregister om ytterlegare informasjon dersom det er naudsynt.

Dødsmeldingane blir samla i Dødsårsaksregisteret, der opplysningane blir arbeidde vidare med og koda etter den internasjonale statistiske klassifikasjonen for sjukdomar og relaterte helseproblem (ICD).

 Anonymiserte data kan utleverast til statistikkarbeid og forskning, mellom anna til produksjon av statistiske rapportar, statistikkbankar, forskning, norske styresmakter og institusjonar og internasjonale organisasjonar, slik som Verdens helseorganisasjon (WHO).

Dødsårsaksregisteret
Folkehelseinstituttet
Boks 973, Sentrum
5808 Bergen