Kva er forventa og faktisk levealder
Artikkel
|Oppdatert
Med uttrykket "forventa levealder ved fødselen" spår vi om framtida for dei som blir fødde i dag. Først om mange tiår kan vi få vite faktisk levealder for eit årskull barn.
Forventa levealder er det talet på år ein person kan vente å leve under gjeldande dødelegheitsforhold, og er ein prognose for levealderen i befolkninga. Oftast bruker vi t.d. berre uttrykket levealderen i 2005.
Dersom vi for eksempel ønskjer å vite forventa levealder for norske kvinner og menn i 2005, tar vi utgangspunkt i alderen på dei som døde året før (i 2004) og dei som overlevde 2005. Då kan det reknast ut kor gammal ein gutt og ei jente som blei fødde i 2005, vil bli i gjennomsnitt. Dette kallast forventa gjenståande levetid ved fødselen eller forventa levealder ved fødselen, og er ein prognose for levealderen i befolkninga. Oftast bruker vi berre uttrykket ”levealderen i 2005”. Statistisk sentralbyrå gjer kvart år slike utrekningar.
Forventa levealder kan også reknast ut for ulike aldersgrupper eller for eit fylke, ein bydel eller ein kommune. Men innbyggjartalet i det geografiske området må ha ein viss storleik for at utrekningane skal vere pålitelege.
Vi kan også rekne ut kor lenge vi har igjen å leve på ulike alderstrinn, for eksempel kor lenge ein 30- og 60-åring kan forvente å leve før dei døyr. Dette vert kalla forventa gjenståande levetid for 30-åringar, 60-åringar og så vidare.
Faktisk levealder for eit årskull kan vi først finne når alle i årskullet er døde. Ved dei noverande dødelegheitsforholda vil det ta meir enn 100 år; derfor må vi t.d. vente til minst 2100 for å få vite den faktiske levealderen for dei som vart fødde i 2000.
Internasjonalt statistikk
- Gapminder: levealder etter landområde - diagram viser økning i levealder internasjonalt fra år 1800 (svensk)