Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Artikkel

Vi drikk nesten 7 liter rein alkohol i året

Nordmenn drikk mindre alkohol no enn for ti år sidan. Men vi drikk framleis nesten sju liter i året, og det er meir enn vi drakk både på 1980- og 90-talet, viser Folkehelserapporten.

Vinposer ved vinmonopolet
Foto: scanpix.no

I gjennomsnitt drikk nordmenn i alderen 15 år og eldre nesten sju liter rein alkohol per år, viser tala i Folkehelserapporten. Det tilsvarar 78 flasker med vin eller 310 halvliter med øl.  

Menn drikk i gjennomsnitt dobbelt så mykje alkohol som kvinner.  

– Det er bra for folkehelsa at alkoholforbruket ikkje lenger aukar, fordi det er ein klar samanheng mellom totalforbruket i befolkninga og omfanget av sjukdomar og skader. Det viser forskinga frå mange land, seier seniorforskar Ingeborg Rossow.

Sjukdomar og skadar

I 2016 hadde litt over 80 prosent av dei vaksne drukke alkohol siste år. Dei ti prosenta som drikk mest, står for om lag halvparten av det totale forbruket. Bruk av alkohol og illegale rusmiddel er blant dei viktigaste risikofaktorane for å døy før fylte 70 år i Noreg.

Alkoholbruk er ein medverkande årsak til mange ulike sjukdomar og helseskadar, og 10-15 prosent av sjukdomsbyrden (det vil seie tap av friske leveår) i Noreg kan tilskrivast alkoholbruk.

– I tillegg til helseproblema og belastningar på helsetenester, forårsakar høgt alkoholbruk ei rekke sosiale problem og belastningar for familiar, arbeidsplassar, politi og rettsvesen og velferdstenester, seier Ingeborg Rossow.

Usikkert kvifor forbruket går ned

– Kvifor drikk vi mindre enn for 10 år sidan?

– Det er vanskeleg å seie, men ein mogleg forklaring er inntektsutviklinga. Toppunktet i forbruket kom samtidig med finanskrisa, og vi veit frå forskingslitteratur at alkoholkonsum i nokon grad speglar konjunkturutvikling og kjøpekraft i befolkninga. Frå 2008 til 2016 har realinntekta til hushaldningane gått ned med 12 prosent, seier Rossow.

Alkoholforbruk Folkehelserapporten 2018

Årleg registrert forbruk av alkohol per innbyggjar 15 år og eldre (liter rein alkohol) 1980-2016 . Med uregistrert forbruk på 0,76 liter drakk nordmenn på 15 år og eldre i gjennomsnitt 6,79 rein alkohol i året 2016. Kilde: SSB/FHI

Også når vi samanliknar oss med resten av Norden, kjem Noreg godt ut. Nordmenn er blant dei som drikk minst, med unntak av Island som ligg enda lågare i forbruk. Danskane ligg på topp med eit forbruk på 9,4 liter per person over 15 år.

Eldre drikk meir

Samstundes som nordmenn i gjennomsnitt drikk noko mindre enn tidlegare, drikk eldre noko meir, viser hovudtrekk frå befolkningsundersøkingar.

– Eldre drikk framleis relativt lite. Men færre er avholds. Eldre drikk oftare alkohol i dag enn tidlegare, men dei drikk seg ikkje ofte rusa slik som mange yngre gjer , seier Ingeborg Rossow.

Mens ungdom drikk mindre

Fleire undersøkingar viser at alkoholkonsumet til ungdom har gått ned dei siste åra. Mens berre litt over 20 prosent av 15- og 16-åringane sa dei hadde drukke alkohol dei siste 30 dagane i 2015, låg tilsvarande tal på over 50 prosent i 1999. Ein tilsvarande  trend ser ein også i mange andre land, seiar Ingeborg Rossow.

– Det som er interessant, er at vi ser same trenden i den rike delen av verda, kor vi også har mesteparten av statistikken frå. I Noreg har nokre spekulert på om nedgangen kan skuldast påverking frå  ungdom med ikkje-vestleg bakgrunn. Det kan vera ei moglegheit, men det stemmer ikkje for land som Island, som har hatt ein dramatisk nedgang av alkohol blant ungdom sidan midten av 1990-talet. Det er nærliggande å tenke seg at globale fenomen har betydning for nedgangen. Har for eksempel tida ungdom brukar framfor skjermar noko å seie, eller er det andre relasjonar mellom ungdom og foreldre no enn før? Ein har også spekulert på om helseideal- og kroppsideal på tvers av landegrensar kan ha betydning. Men om dette er gode og tilstrekkelege forklaringar på nedgangen er enno ikkje avklart.

Også cannabisbruk blant  ungdom går ned. I tiande klasse i 2015 sa 2 prosent av dei spurde at dei hadde brukt cannabis den siste månaden mot 4 prosent i 1999.

– Teorien om at ungdom brukar cannabis dersom alkohol vert vanskeleg tilgjengeleg, stemmer ikkje. Den aller største delen av ungdom i Norge som brukar cannabis, gjer dette i samanheng med alkohol, seiar Rossow.

Overdosedødsfall

Noreg har hatt eit vedvarande høgt tal overdosedødsfall med eit gjennomsnitt på 264 dødsfall per år sidan 2003. Ni av ti dødsfall som er utløyst av narkotika, er knytt til akutte forgiftingar. Fleire narkotiske stoff og legemidlar blir som hovudregel påvist. Samla sett var 87 prosent av dødsfalla knytt til bruk av opioidar i 2016, som er ei samlegruppe for naturlege og syntetiske stoff med opphav i opium. For første gong var ikkje heroin lenger den hyppigaste dødsårsaka.