Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Artikkel

Demensrisikoen går ned, men eldrebølgen gir likevel høge tall

Publisert Oppdatert

Demensrisikoen går ned, men eldrebølgen gir likevel høge tal. Levevanene som førebygger hjerte- og karsjukdomar, førebygger også demens. Ill.foto: Colourbox.com.
Demensrisikoen går ned, men eldrebølgen gir likevel høge tal. Levevanene som førebygger hjerte- og karsjukdomar, førebygger også demens. Ill.foto: Colourbox.com.

Talet personar med demens er mellom 80 000 og 100 000 og vil trolig auke i årene fremover, fordi stadig fleire av oss blir eldre. Samtidig viser ny forsking at demensrisikoen går ned, viser Folkehelserapporten 2018.


Har du funnet en feil?

Forventa levealder har stige raskt i Noreg dei siste tiåra. Det er bakgrunnen for at talet på personar med demens i Noreg truleg er mellom 80 000 og 100 000. Estimatet er basert på tal frå andre europeiske land, som igjen er estimert ut frå alderssammensetninga

Mange ukjende tilfelle

– Grunnen til at vi er usikre på talet, er at vi trur det er ein god del som har demens, men som ikkje har fått sett diagnosen, seier Anette Hylen Ranhoff. Ho er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet og professor i geriatri ved Universitetet i Bergen.

Alder er den største risikofaktoren for demens, og han kan vi ikkje gjera noko med. Men andre risikofaktorar kan påverkast.

Førebygging hjelper

Dei levevanene som førebygger hjarte- og karsjukdomar, førebygger også demens.

– Det er ein klar samanheng mellom demens og levevaner som fysisk aktivitet, sunt kosthald, ikkje-røyking og i tillegg unngå høgt blodtrykk, blodsukker og kolesterol. Det gjeld både for Alzheimers sjukdom og demens som skuldast tilstopping av blodårer i hjernen, seier Anette Hylen Ranhoff.

– Førebygging hjelper, understrekar ho.

Eit godt liv

Gode helsetenester som fangar opp og gjer tidleg diagnostikk av demens er viktig. Det finst i dag ikkje medisinar som kan kurera ulike former for demens, men det finst bremsemedisinar som kan stabilisere sjukdomen i opptil to år. Desse verkar best ved Alzheimers sjukdom.

– Vi ser pasientar som er stabile i mange fleire år enn det, og det er mange som har eit godt liv sjølv om dei har demens. Det er her helsevesenet har den største oppgåva med å bidra, støtte og hjelpe slik at dei som får demens får eit best mogleg liv etter diagnosen, seier Ranhoff.

Helsetenesta er viktig

Noreg har i dag både ein ny demensplan og nye nasjonale retningslinjer som er gode og oppdaterte.

– Viss alle kommunar følgjer demensplanen og retningslinjene, vert det god omsut både for personar med demens og deira pårørende. Eg tenkjer at mykje av utfordringa framover no for helse- og omsutstenestene vert å setja i verk og implementera desse plana, seier Anette Hylen Ranhoff.